tirsdag 5. april 2011

Våt skoddetur

 MMS bilder frå Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg hadde med meg fjellklede i bilen på jobb i dag, og tok turen oppom Gjelsvikefjellet på veg heim. Vèret var slett ikkje det verste. Iallefall sidan det var meldt store nedbørsmengder. Regnet såg eg lite til. Unnateke ei solid byge oppe på toppen med kulingkast og skodde så tjukk som graut. 

Elles var det skikkeleg blautt opp gjennom etter alt regnet i natt. I tillegg til snøsmeltinga sjølvsagt. Stien fløymde over av vatn og elvar, og myrane var søkk våte. Som rimeleg er på denne tid. I partiet før Selvikestølen og til Gjelsvikestølen brukte eg trugar. Perfekt i den rotne og blaute snøen. Men sjølve stigninga opp gjennom skoddehavet til toppen, brukte eg berre føtene. 

Eg kom meg sjølvsagt frå toppen igjen så fort som svint. I den dårlege sikta tok eg to vardar feil og var på veg vestover, før eg oppdaga fadesen, og kom meg austover igjen til nedstigninga til Gjelsvikestølen. Litt skummelt dette i tjukk skodde at det er varda i to retningar....

Snøbrua over elva ved Selvikestølen er no borte vekk. Og ein to, tre meter høg kant ved elva var litt tricky å komme seg både opp og ned utan å ramle i elva. Det gjekk med noko tolmod og nokre trinn i snøen. Etterpå småsprang eg ned heile Fesselia, første stykket med trugar, gjennom myr, væte og elvar heilt til bilen. Godt sveitt køyrde eg heim til 5 speileegg og stekt laks...! Perfekt...:-)


Fra Gjelsvikefjellet 050411_1
 Unngjekk såvidt elva ved Selvikestølen...:-)

Ingen kommentarer: