fredag 22. april 2011

Strålande Langfredag















Utsikt på toppen av skaret ved Høgknolten i dag.
Vi ser ut Dalsfjorden mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal.

Eg var på plass i Rivedal i 7.30 tida i dag for å gå på Heileberget og Fløien. Det var ein fantastisk morgon. Noko disig, 4 grader og skodda låg inn Flekkefjorden. På veg oppover kraftvegen til demma var det såvidt eg heldt varmen. Elvatrekken var kald, og eg gjekk som vanleg med lite klede. (Sveitten renn fort på meg....) Eg var sterkt i stuss om eg skulle dra på trugane. Dei veg trass alt litt. Iallefall kostar det litt å bere på dei i fleire timar. Eg valde til slutt å ta dei med meg. Det var unødvendig. Eg nytta dei ei. 

Det var heilt snøfritt heile vegen opp over Hundeheia og forbi skaret ved Høgknolten. Sørvendt som det er her. Første skikkelege snøen låg ovanfor skaret. Men den gjekk heilt fint å gå på med berre føtene. Fast og fin. Og så mykje snø låg det heller ikkje vidare innover. Og heile sørkanten på Heileberget var heilt snøfri. Så det gjekk heilt fint å gå til fots. På nordsida derimot låg det snø heile vegen.

   


 









Frå vestsida av Heileberget ser vi mot Driveknolten. Blegja t.v.
Klokka er 8.47.

Det var praktfullt austover Heileberget. Klokka var endå ikkje 9, men like fullt varma sola. Vinden var nesten ikkje-eksisterande. Fast og fin snø den som var. Til og med eit heilopar var på plass så høgt oppe. Og årets første steinskvett flaug opp - avslørt av sin karakteristiske kvite overgump og tekk-tekk... Ja, det gjekk lett innover. Sjølv med ein godt utrusta sekk med broddar og trugar som vog nokre kilo. (Den nye, lette, 45 l Black Diamond sekken er perfekt...) Eg fekk blanda meg noko drikke inne i tjørna ved Driveknolten som gjorde godt. 















Eg fekk blanda meg noko drikke frå sprekkene på tjørna ved Driveknolten

Eg klauv deretter opp skaret mellom toppane (i bildet ovanfor) og sigla ned hi sida på skorna. Det var ei åpenbaring innover. Sørkanten var heilt snøfri.





 









Fint å gå kanten innover Heileberget på skorna

Det var berre å gje på austover Heileberget. Dale låg disig der nede ved fjorden i motlyset. Og ferja var på veg innatt frå Eikenes etter dagens første tur. 

Eg nådde greitt inn til toppen. Fann meg ein god vindtørka bakke med fjorårsgras. I ly for vinden og med fin utsikt ned til Dale. Bytte nokre klede. 4 skiver gjekk ned med heimelaga saft att til. Ein neve rosiner til dessert. Eg var i mitt ess. Livet var perfekt. Det skein omkapp med sola i Dalsfjorden. 















Flott utsikt ned til Dale frå Fløien

Eg låg lenge i graset og dorma, før eg pakka saman og tok same vegen ut igjen. Det gjekk ikkje så mange minuttane før eg såg to personar kome på ski lenger vest. Litt spanande å sjå kven som dukka opp. No i desse påsketider er det ikkje så godt å vite. Men det viste seg at det var kjenningane Anita og Dag-Tore. Dei hadde gått inn Vagstaddalen til vestenden av Atlevatnet og opp. Vi vart pratande nokre minuttar før vi skilde lag. 















Dag-Tore knipsa Anita og meg på Heileberget

Lenger vest under skaret på Høgknolten kom det to personar til. Desse passerte under meg i skaret, men tredje mann i følgjet gjekk eg på nede på Hundeheia. Det var bror til Magne S. Hyggjeleg 72-åring. Vi hadde oss ein god prat der. Ved demma sat det meir folk. Og opp sjølve kraftvegen, var det reine vårsleppet med folk. Det var ein perfekt Langfredag. Den varmaste og mest vårlege på lang tid. Ja, det var omlag sommar. Og turen min stod heilt i stil med resten. Strålande...!

Fra Heileberget 220411

Dag-Tore og Anita på Heileberget i dag

Ingen kommentarer: