lørdag 30. april 2011

Som ein flott sommardag













Fin morgonstund på Fløien i dag

Det var arrangert tur til Heileberget frå Rivedal i dag som Olaug ville vere med på. Den starta klokka 10. For at vi begge ikkje skulle vere vekke frå Peter det meste av dagen, valde eg å gå same turen relativt tidleg før dei andre. Eg var difor på plass i Rivedal ganske nøyaktig klokka 8, medan dei andre starta klokka 10. 

I lette klede, goretex-joggesko, knallvèr og vindstille vart det raske koseturen innover Heileberget. Delvis springande nådde eg ganske kjapt inn. Eg bytta ei skjorte, tok nokre bilder, åt to skiver, drakk litt saft og sprang ut igjen same vegen. Aldeles herlig å springe på dei tørre, gode berga ut igjen. Det ligg lite snø igjen no. Den var stort sett bra hard. Eg heldt meg stort sett tørr på føtene i joggeskoa heile turen. 

Følgjet med Edvin H i spissen traff eg ute igjen på Hundeheia. Delte nokre ord med Edvin og fruen, fekk teke eit bilde av "patruljen", og ynskte dei god tur vidare. 















Følgjet som gjekk over Hundeheia på Heileberget i dag
med retur ut att Rimma. 
 
Eg var heime gjen i Stongfjorden ca 11.30. Supertur. Så vart det tid til altanliv, vask av bil og trapper etc resten av dagen. Det er greitt å vere tidleg ute...:-)

Fra Heileberget 300411

fredag 29. april 2011

Årets første kviting













Fantastisk varmt og fint på Gjelsvikefjellet i ettermiddag (MMS)

Årets raskaste på Gjelsvikefjellet i ettermiddag. På direkten på veg heim etter jobb. Faktisk i bar overkropp både opp og ned. Du verden kor herleg. Men eit lite aber å måtte hoppe i fjellskorna igjen etter den lette turen med joggesko på onsdag. Sjølv om det berre er nokre få snøfonner igjen oppe ved Gjelsvikestølen, er det framleis så vått og myrlendt her oppe at eg valde fjellsko.

No er det fantastiske meldingar til helga. Spørsmålet er om eg får ta meg ein tur til opp i snøen. Får grunde litt på det med familien i kveld.

onsdag 27. april 2011

Trailrunning

MMS Jamneheiane igjen

Det var ein nytelse å få springe i joggesko på Jamneheiane i ettermiddag. I tillegg til lette klede.... SÅ lett i forhold til fjellsko. Som ein turbo injection i motabakkane. Og så mindre energikrevjande på flatene ved fjorden. Herlig. Det gir slik ekstra lyst dette når vårvèret skin meg i møte og eg kan lette på klede og sko. Med nye og ubrukte Inov 8 i kjellaren skal dette bli moro framover...:-)

tirsdag 26. april 2011

Room with a view

Ei herleg lita stund på toppen av Jamneheiane i ettermiddag. Flott vèr, litt vind og nydeleg utsikt til ein sølvblenkjande hav. Fin og rask tur opp frå Fisma. Til å bli i godt humør av. Våryr. For ei nydeleg tid dette er.... 

mandag 25. april 2011

Maroder















Utsikt ut Dalsfjorden frå Fløien 22/4

Olaug brukar av og til eit uttrykk ho visst har lært av mor si der ho seier at kroppen er heilt "maroder". I dag var det min tur å bruke denne nemninga, utan at eg heilt visst kva det betydde. Så eg tok å googla det, og jammen fekk eg tilslag på "trett, utmattet, syk, arbeidsufør...". No var vel kanskje dette noko overdrive for min tilstand, men likevel var eg ganske trøtt i kroppen i dag tidleg. Det stod forresten i stil med skodda ute òg som hang nesten i fjorden. No er det vel diverre eit faktum at di eldre ein blir di meir tid treng ein til restitusjon. 

Nokre store sprett var det difor ikkje i dag. Vel, store og store fru Blom - at eg klauv opp på framsida (søraust) av Gjelsvikefjellet var kanskje litt galskap i seg sjølv. Men eg fekk berre så lyst å prøve noko nytt der oppe, etter ein roleg tur opp. For det var med naud og neppe eg ikkje gjekk meg i skorfeste. Og vegen opp som skulle bli kortare, vart både lengre og meir kronglut enn eg hadde tenkt meg. Ja, ja den som intet våger og så vidare.... Men det losna iallefall såpass at eg sprang heile vegen ned igjen... Så får vi sjå kor maroder eg er i morgon når kvardagen startar igjen... Det har jo blitt nokre turar i påska...:-)

søndag 24. april 2011

Fin tur på Heileberget igjen













Fløien i dag
Eg gjekk inn igjen Heileberget i dag frå Rivedal. Via Hundeheia og Driveknolten. Sjølv om det skya til då eg var omlag midt inne på fjellet, og det bles ganske mykje inn etter kanten, var det ein storarta tur. Temperaturen var bra og utsikta strålande. Ja, ferja tok til og med sjarmørruta bak Øyna til ære for meg med panoramautsikta... 













Ferja tok sjarmøretappen bak Øyna til ære for turisten på toppen

Etter ein liten siesta på toppen inkludert eit par skiver, drikke og ein neve rosiner bar det ut igjen same vegen til Rivedal. Ned skaret ved Høgholten og vestetter Hundeheia. Tyngste stykket heim igjen er i grunn oppstigninga til Driveknolten frå austsida. Sjølv om det psykiske med å halde farten oppe i bortimot 4-5 timar krev mest.  


Fra Heileberget 240411

Fløien med Laukelandshesten og Storehesten t.v.

lørdag 23. april 2011

Varme bakkar













Eidsvika i dag 
(legg merke til steingarden midt i bildet...)

I det fantastiske vårvèret tok eg meg like godt ein tur på Jamneheiane òg ut på dagen. Sola steikte i bakkane bortover fjorden frå Nordeide til Fisma. Og eg gjekk like godt i bar overkropp og sykkelbukse... Fantastisk å kjenne sola på kroppen igjen. 

Oppover frå Fisma rann sveitten i strie straumar. Men oppe på kanten av fjellet var det litt meir fjelltrekk. Nesten varm i draget den òg. Utrulig kor det tørkar i bakkane no. Det gule og tørre fjorårsgraset var glatt ned igjen dei bratte bakkane. Eg sigla fleire meter på dette underlaget eine gongen. Som nemnt før i dag er det utrulig kjekt å høyre fuglesongen i liene no. Det vart vår i år òg...

Fra Jamneheiane 230411

Frisk start på dagen...

Ålfotbreen og Håsteinen

På veg oppover på Gjelsvikefjellet i dag tidleg begynte eg å tenke på at jammen er det godt å sleppe is og snø, kulde og frost. For etter å ha gått i fjellet i fleire månader denne lange vinteren, konstant under slike forhold, er det så umåteleg godt å kjenne varm fønvind, varme snøfrie bakkar og herleg fuglesong. I berre superlette klede og ei softshell bukse gjekk det så lett så lett. Ja, eg var til og med skikkeleg varm i buksa.... :-) Rett til topps og springmars ned igjen. Og snart er det tid for joggesko. Det går rette vegen som far min brukar å seie....

Fra Gjelsvikefjellet 230411

Mot Markavatnet og Skjerlia

fredag 22. april 2011

Strålande Langfredag















Utsikt på toppen av skaret ved Høgknolten i dag.
Vi ser ut Dalsfjorden mot Rivedal, Straumsnes og Holmedal.

Eg var på plass i Rivedal i 7.30 tida i dag for å gå på Heileberget og Fløien. Det var ein fantastisk morgon. Noko disig, 4 grader og skodda låg inn Flekkefjorden. På veg oppover kraftvegen til demma var det såvidt eg heldt varmen. Elvatrekken var kald, og eg gjekk som vanleg med lite klede. (Sveitten renn fort på meg....) Eg var sterkt i stuss om eg skulle dra på trugane. Dei veg trass alt litt. Iallefall kostar det litt å bere på dei i fleire timar. Eg valde til slutt å ta dei med meg. Det var unødvendig. Eg nytta dei ei. 

Det var heilt snøfritt heile vegen opp over Hundeheia og forbi skaret ved Høgknolten. Sørvendt som det er her. Første skikkelege snøen låg ovanfor skaret. Men den gjekk heilt fint å gå på med berre føtene. Fast og fin. Og så mykje snø låg det heller ikkje vidare innover. Og heile sørkanten på Heileberget var heilt snøfri. Så det gjekk heilt fint å gå til fots. På nordsida derimot låg det snø heile vegen.

   


 









Frå vestsida av Heileberget ser vi mot Driveknolten. Blegja t.v.
Klokka er 8.47.

Det var praktfullt austover Heileberget. Klokka var endå ikkje 9, men like fullt varma sola. Vinden var nesten ikkje-eksisterande. Fast og fin snø den som var. Til og med eit heilopar var på plass så høgt oppe. Og årets første steinskvett flaug opp - avslørt av sin karakteristiske kvite overgump og tekk-tekk... Ja, det gjekk lett innover. Sjølv med ein godt utrusta sekk med broddar og trugar som vog nokre kilo. (Den nye, lette, 45 l Black Diamond sekken er perfekt...) Eg fekk blanda meg noko drikke inne i tjørna ved Driveknolten som gjorde godt. 















Eg fekk blanda meg noko drikke frå sprekkene på tjørna ved Driveknolten

Eg klauv deretter opp skaret mellom toppane (i bildet ovanfor) og sigla ned hi sida på skorna. Det var ei åpenbaring innover. Sørkanten var heilt snøfri.





 









Fint å gå kanten innover Heileberget på skorna

Det var berre å gje på austover Heileberget. Dale låg disig der nede ved fjorden i motlyset. Og ferja var på veg innatt frå Eikenes etter dagens første tur. 

Eg nådde greitt inn til toppen. Fann meg ein god vindtørka bakke med fjorårsgras. I ly for vinden og med fin utsikt ned til Dale. Bytte nokre klede. 4 skiver gjekk ned med heimelaga saft att til. Ein neve rosiner til dessert. Eg var i mitt ess. Livet var perfekt. Det skein omkapp med sola i Dalsfjorden. 















Flott utsikt ned til Dale frå Fløien

Eg låg lenge i graset og dorma, før eg pakka saman og tok same vegen ut igjen. Det gjekk ikkje så mange minuttane før eg såg to personar kome på ski lenger vest. Litt spanande å sjå kven som dukka opp. No i desse påsketider er det ikkje så godt å vite. Men det viste seg at det var kjenningane Anita og Dag-Tore. Dei hadde gått inn Vagstaddalen til vestenden av Atlevatnet og opp. Vi vart pratande nokre minuttar før vi skilde lag. 















Dag-Tore knipsa Anita og meg på Heileberget

Lenger vest under skaret på Høgknolten kom det to personar til. Desse passerte under meg i skaret, men tredje mann i følgjet gjekk eg på nede på Hundeheia. Det var bror til Magne S. Hyggjeleg 72-åring. Vi hadde oss ein god prat der. Ved demma sat det meir folk. Og opp sjølve kraftvegen, var det reine vårsleppet med folk. Det var ein perfekt Langfredag. Den varmaste og mest vårlege på lang tid. Ja, det var omlag sommar. Og turen min stod heilt i stil med resten. Strålande...!

Fra Heileberget 220411

Dag-Tore og Anita på Heileberget i dag

torsdag 21. april 2011

Havutsikt i dag òg...














MMS Jamneheiane i dag

Fordelen med å stå tidleg opp er åpenbar. Dagen blir lenger og ein når over meir. Så etter å ha slappa av heime ei stund med litt mat og kaffi, bar det vidare på Jamneheiane frå Fisma. Same turen som i går. Denne gongen hadde eg bra flaks for det starta å silregna omlag då eg nådde ned igjen til bilen. 

Elles var det ein grei tur opp. Turen ser ut til å ta mindre og mindre tid etter som eg no er godt kjend på denne ruta. Så mykje meir er det vel ikkje å nemne anna enn at eg høyrde årets første gransongar. Den kjem litt tidlegare enn den meir vanlege løvsongaren. Fuglelivet er i rute...

Kjapp Skjærtorsdag















Gjelsvikefjellet Skjærtorsdags-morgon

Eg var som vanleg tidleg oppe i dag. Og vèret var betre enn forventa. Faktisk opplett, stilt og 11 grader. Eg fekk i meg havregrynsgrauten, og sette kursen mot Gjelsvikefjellet for ein tidleg morgontur medan dei andre i huset sov. 

I dag gjekk eg kun ei Devold-ulltrøye. Og klarte meg berre med den på overkroppen heilt til topps. Men oppe mot toppen begynte det å småregna så då måtte den tynna Rab-jakka fram. Det var alt eg hadde med meg utanom beinkleda. Dette heldt akkurat til å nå fort opp og springe ned igjen. Eg var heime igjen klokka 9.30...:-) Kjapt og godt.... Fin start på påska. Veret skal visst bli supert utover, så dette kan bli moro...!

onsdag 20. april 2011

God trening


MMS Jamneheiane i dag

Etter å ha gjødsla plenane og vaska utstyrsrommet mitt, tok eg meg ein tur på Jamneheiane frå Fisma igjen i dag. Overskya, tendens til sol og litt vind på toppen. Spesielt det siste relativt bratte stykket opp i myr er god trim, sjølv om det er brattare lenger nede.  Forsåvidt er det rett opp frå fjorden til 456 moh. Ikkje allverda, men likevel bra trening. Har funne ut at det er ganske greitt å  komme godt i gong ved å gå det småkupperte terrenget frå Eidsvika til Fisma først, før oppstigninga startar. På den måten får kroppen god oppvarming. Grei rute dette...:-) 

tirsdag 19. april 2011

Ein til og ein til....














Selvikestølen i dag

Eg var i grunn ikkje tenkt meg opp igjen på Gjelsvikefjellet i dag òg, tredje dagen på rad. Men sidan eg miste ein felgkapsel på vegstrekninga opp mot Skjerlia i går, tok eg turen. Kapselen fann eg ikkje, og det er vel tvilsamt at eg går den vegen opp og ned for å sjå etter han. Men turen opp på fjellet vart flott den. Opplett, overskya, fin temperatur, men litt vind på toppen. Raskt opp og springmarsj ned igjen. 













Fossedalshengenipa m/Nipevatnet midt i bildet
Heileberget bak.

Artig var det å få ein tlf. frå ein bekjent, som lurte på forholda til Nipebu, akkurat då eg sat på toppen. Med panoramautsikt bort på Fossedalshengenipa og Nipevatnet kunne eg formidle live-utsikta. Endå artigare var det at årets første fjellvåk dukka opp under samtalen..... Slikt gjer seg på direkten...! Fin tur.  

Fra Gjelsvikefjellet 190411

Kvammen, Gryta, Engebøfjellet, Keipen og Ålfotbreen

mandag 18. april 2011

Vått og godt del 3













Gjelsvikefjellet i dag i skodde og yr

Eg har ferie desse dagane mellom palmehelga og påske. Så etter å ha fått lagt på sommardekk på bilen gjekk turen opp igjen på Gjelsvikefjellet i dag òg. Det skulle bli lettare ut på dagen, men eg gjekk truleg litt for tidleg for det. Det var nemleg yr og skodde i lufta der oppe. Elles var turen omlag som i går, med unntak av at eg kom over 4 heilo på toppen. Sjå bilder med litt dårleg zoom. Kjempekjekt!

Fra Gjelsvikefjellet 180411_1
Lite snø igjen på Selvikestølen no

søndag 17. april 2011

Vått og godt del 2














MMS Gjelsvikefjellet i dag
 
Det vart ingen tur i går sidan vi slo i hop og feira 4 gebursdagar i Førde hjå eldste dotter mi. Eit sulig liv med alle 6 barnebarna mine, foreldra mine, pluss, pluss... 

I dag hølja det ned då eg vakne. Den sedvanlege skodda i fjella låg tjukk som graut. Som vanleg i slikt vèr. Og slik heldt vèret seg ut over føremiddagen. Eg slo difor frå meg tur i dag tidleg òg. Men så viste det seg at Peter reiste til Rivedal til ein kompis, Olaug fòr til Sissel og ville veve, og eg vart staurande i dørene heime åleine. Så etter å ha dorma av på sofaen, gått fram og tilbake gjennom stova eit par gonger, bestemte eg meg for at regn og skodde fekk vere regn og skodde, og hoppa i goretexen i kjellaren. Deretter bar det strake vegen til Gjelsvikefjellet igjen. 


Var det vått fredagen, var det berre førbokstaven mot i dag. Det fløymde vatn overalt. Markavatnet rann over demma, og stien var ei einaste elv. Søkk våte myrar. Men pytt, var ein først komen ut og i gong, var det strak bane til topps uansett. Det var berre å gi på oppover.

Snøen hadde minka mykje mellom stølane sidan fredag. Ein forfjamsa kvit hare hoppa opp framfor meg og virra hit og dit. Ein orrhane brasa opp så det sokk i meg. Og fuglelivet er begynt å bli eit heilt anna no enn berre for kort tid sidan. Trillane til raudstrupen er alltid kjekke å høyre på.

Det låg tjukk skodde frå Gjelsvikestølen og opp på toppen. Men no har eg varda så godt at det var ingen problem med å finne fram. Hustrig på toppen gitt. Vind og plaskande regnver. Hue og hanskar var gode å tre på seg. Så var det springmarsj ned igjen, gjennom myrar og elvar over røter og stein. Middagen og dusjen venta... Vel, det er godt å kome seg ut, men kanskje er det lov å håpe på betre påskevèr enn dette etter kvart...

fredag 15. april 2011

Vått og godt...


















MMS Gjelsvikefjellet i ettermiddag


Eg tok meg ein tur på Gjelsvikefjellet på veg heim etter jobb i dag òg. Brukbart vèr oppover til eg nesten nådde toppen. Då slo det til med ei skikkeleg regnbyge og vind. Så då var det berre å skunde seg opp, og komme seg ned igjen frå det verst eksponerte fjellet. Det er nemleg så flatt og vindutsett på toppen at det er null livd å finne. 

Det regna bra heile vegen ned igjen òg, men her sprang eg mesteparten av vegen og vart våt både av sveitte og regn. Friskt...:-)

onsdag 13. april 2011

Flott kveldssol
















Utsikt austover frå Jamneheiane i kveld
Søreiddalen t.v. Gjølanger og Lihesten (777moh) opp t.h
Ramsgrønova (590moh) m/snø på i sør. Ringstad i midten.

Eg tok meg ein fin tur frå Nordeide til Fisma, opp skaret på nordsida av elva frå Fismavatnet, og til Jamneheiane i kveld. Grei, men noko bratt rute opp. Det er flott sti nordover Eidsfjorden til Fisma. Nydeleg inn med stranda her. Fin utsikt bort til Nordeide, Eidselva med fossane, Sørdalen, Kalderasnipene, Dokka, Stigeberget og Langeberget. . .


Fin sti nordover på vestsida av Eidsfjorden til Fisma.
Den fråflytta garden midt i bildet.

Eg tok å varde litt oppe ved toppen og austover og ned til elva og skaret, så det går an å treffe ned igjen her i dårleg vèr og skodde.

Sola stod nesten beint i vest og bada havet i sølv. Kjempeflott utsikt her i frå. Eg var bort på den austlege toppen òg for å ta ein kikk heim å ta nokre bilder. Super tur!

Fra Jamneheiane 130411
Heim er omlag midt i bildet t.h. for den grøne bøen (større foto på link)


tirsdag 12. april 2011

Fin ettermiddagstur

MMS Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg stakk oppom Gjelsvikefjellet igjen ein tur på veg heim etter arbeid i dag. Fantastisk flott vårvèr med sol og bra terperatur. Snøen hadde minka mykje berre sidan søndag. Og den ligg no hovudsakleg mellom stølane. Tildels ganske blaut. Han reiser nok fort denne snøen òg om ein får meir mildvèr. Skiføre til påske er det rett og slett ikkje igjen på dette fjellet no. Fin springmarsj ned igjen med berre ei tryning... Forma er stigande...:-)

MMS Det ligg noko snø igjen på Selvikestølen.
Snøen minkar i høgda no. MMS mot Blegja i ettermiddag.

søndag 10. april 2011

Nye vegar 2

Heggøyna og Smelværet frå Jamneheiane i dag

Eg gjekk opp igjen same turen i dag som i går. Temperaturen hadde gjort til at skaren ikkje heldt der eg gjekk greitt på han i går, men i dag hadde eg sjølvsagt lagt trugane igjen heime. Så det vart eit lite bal i midtpartiet mellom stølane. God trening...:-) 

Årets første snøsporvpar var komne på plass oppe på toppen av fjellet. Gledeleg. Snøsporven er sjeldan her, men enkelte sporadiske par er å finne på dei høgste toppane. No var det ikkje berre snøsporv eg observerte i dag, for ringtrasta var òg komen på plass i fjellet. Den har nydelege songtriller om våren. I tillegg høyrde eg både måltrast, bokfink og raudstrupe. Så no er fuglane i full gang med vårsongen sin og revirhevding. Kjekt. 

Etter Gjelsvikefjellet køyrde eg på direkten til Nordeide, gjekk nordatt på vestsida av Eidsfjorden til Fisma, og opp ruta eg fann meg i går. Vèret vart berre betre og betre. Ja, det vart reint varmt i solhellinga. Nydeleg. Ruta er bratt opp frå Fisma, men godt overkommeleg om du er litt i form. Flott utsikt frå Jamneheiane nordover til Florøkanten og til Heggøyna, Smelværet, Staveneset, Høgeheia og Mjåset. Frå høgda lenger nordvest er det fin utsikt heim til Yndestad og Toreheia. Flott plass dette. 

Ja, då var det gjort, så då bar det ned igjen same vegen. Eg varda litt undervegs til fjorden for dei som kan tenke seg å prøve denne vegen. Det er fint her ved Eidsfjorden og Fisma. 

lørdag 9. april 2011

Nye vegar

 Selvikestølen i dag tidleg

Eg var som vanleg tidleg avgarde i dag. Og sidan eg konsentrerer meg ein del om Gjelsvikefjellet no, var dette eit naturleg val. Det fine er at snøen nesten er forsvunnen opp hit no. Berre litt ligg att før Selvikestølen og opp til Gjelsvikestølen. Snøen var sånn nokolunde hard i konsistensen, så eg sette like godt i frå meg sekken og trugane ovanfor første stølen. Lenger nede i lendet er det heilt snøfritt, men temmeleg blautt. Men det vart likevel eit kjapp tur til topps.... Vindstille og fint, men temmeleg disig. Så mange solstrålane var det ikkje. 

Eg gav bra på ned igjen for å få litt trening ut av det. Deretter bar det heime igjen for skifte av jakke og litt drikke. 

På direkten, utan å ta av skorna, køyrde eg ned til Nordeide. Eg har studert lendet på Fismasida ei stund, og funne ut at det går greitt å komme seg opp på Jamneheiane her i frå. Då slepp eg turen heilt ned til Askvoll og den lange Askdalen opp.  

Eg fann greitt stien gjennom Smettet og til Fisma. Men det viste seg fort at retningen eg hadde valt var feil. Gjennom eit granfelt hamna eg midt opp i ein bratt og våt hammar. Eg prøvde å komme over, men heldt på å gå meg i skårfeste, og gav meg på han medan leiken var god. Hadde eg glidd så kunne det gått skikkeleg gale.... Eg snudde difor ned igjen, kryssa elva, og fann ein perfekt trassè bratt opp, og var på "no time" ved Fismavatnet. Faktisk ein plass eg aldri har vore før. Fjelltrimposten gjekk eg meg rett på. Den låg rett nord og oppom vatnet. Kjempefint. Eg tok meg ei runde rundt på dei andre utsiktspunkta òg for å studere landskapet. Artig var det å registrere at eg såg beint heim igjen til Yndestad...! Så gjekk eg ned igjen same ruta. 

Flott og grei rute opp her. Sikkert ein trassè som har vore brukt frå gamalt av, sjølv om det er ganske bratt opp..... Eg vil nok gå denne ruta framover no. 

Fra Gjelsvikefjellet_Fisma_Jamneheiane 090411

fredag 8. april 2011

Ein god vask...

Morgonbilde under Eitrenipa kl 05.31 med første solstrålane for dagen.
Bildet syner Leknesvatna som no er konsesjonssøkt for utbygging.

Eg køyrde Peter på årets første fotballtrening på kunstgraset i Askvoll i går kveld sidan drama-samlinga i Stongfjorden ikkje vart. Olaug spelar trompet der nede kvar torsdag, men tidene høvde ikkje med hennar. (Trompeten er heilag...) Så trass i seinvakt i Førde, eit relativt tungt hovud, var det berre å køyre i veg igjen. Det blir mykje farting når ein bur ute i periferien....

Men for å få noko fornuftig ut av tida, tok eg like godt å kledde meg vårleg iført joggesko, og sprang frå hallen i Askvoll og til Holmedal og ut igjen. Ei solid byge og motavind ut att Hellesetmyrane og Ringstad-flata sette motivasjonen på prøve. Her er jo paddeflatt og vèrutsett, så eg fekk vaska både det eine og det andre... Slikt gjer no egentleg berre godt, iallefall etterpå...:-) Men kanskje er det lov å håpe på litt betre vèr til helga...

tirsdag 5. april 2011

Våt skoddetur

 MMS bilder frå Gjelsvikefjellet i ettermiddag

Eg hadde med meg fjellklede i bilen på jobb i dag, og tok turen oppom Gjelsvikefjellet på veg heim. Vèret var slett ikkje det verste. Iallefall sidan det var meldt store nedbørsmengder. Regnet såg eg lite til. Unnateke ei solid byge oppe på toppen med kulingkast og skodde så tjukk som graut. 

Elles var det skikkeleg blautt opp gjennom etter alt regnet i natt. I tillegg til snøsmeltinga sjølvsagt. Stien fløymde over av vatn og elvar, og myrane var søkk våte. Som rimeleg er på denne tid. I partiet før Selvikestølen og til Gjelsvikestølen brukte eg trugar. Perfekt i den rotne og blaute snøen. Men sjølve stigninga opp gjennom skoddehavet til toppen, brukte eg berre føtene. 

Eg kom meg sjølvsagt frå toppen igjen så fort som svint. I den dårlege sikta tok eg to vardar feil og var på veg vestover, før eg oppdaga fadesen, og kom meg austover igjen til nedstigninga til Gjelsvikestølen. Litt skummelt dette i tjukk skodde at det er varda i to retningar....

Snøbrua over elva ved Selvikestølen er no borte vekk. Og ein to, tre meter høg kant ved elva var litt tricky å komme seg både opp og ned utan å ramle i elva. Det gjekk med noko tolmod og nokre trinn i snøen. Etterpå småsprang eg ned heile Fesselia, første stykket med trugar, gjennom myr, væte og elvar heilt til bilen. Godt sveitt køyrde eg heim til 5 speileegg og stekt laks...! Perfekt...:-)


Fra Gjelsvikefjellet 050411_1
 Unngjekk såvidt elva ved Selvikestølen...:-)

søndag 3. april 2011

To fine søndagsturar...

Foto ved Indrevågefjellet i dag. Vi ser f.v. N & S Kringla, Fossedalshengenipa og t.h. Portafjellet.
Legg merke til forma på fjella: slake ryggar mot nord og bratt mot sør. Derav ordet nipe/nipa...
 Foto frå Gjelsvikefjellet: Førdefjorden mot Naustdal i dag tidleg

Eg gjekk oppover Fesselia mot Selvikestølen, Gjelsvikestølen og Gjelsvikefjellet i 7-tida i dag tidleg. Og gjekk vel nesten til førstnemnde berre på skorna. Fantastisk kor snøen hadde minka dei par siste dagane. No brukte eg rett nok trugar opp til Gjelsvikestølen, men derifrå og opp berre føtene igjen. Fin skare å gå på. Og oppe på toppartiet var det ikkje snø igjen. No ligg dette så utsett til for vèr og vind at det meste fyk vekk, men det vesle av is og skare som låg her er fordufta. 

Frå toppen av Gjelsvikefjellet i dag... snøen er borte vekk her!
Vi ser Eitrenipa t.v. og Fossedalshengenipa t.h.

Eg hadde sjekka timevarsla for vèret og det stemde. Sola kikka til og med fram. Men nokon hete var det ikkje akkurat no tidleg på morgonen. Ein litt sur søraust vind gjorde det ikkje akkurat mildare. Så eg gjekk ganske fort ned igjen same vegen. Eg verken såg eller høyrde eit levande vesen. No gjekk eg likevel inn i dei to første spindelveva for året, så det er no liv på gang nede i furuskogen....

Eg køyrde ein tur heimom og høyrde om dei andre ville vere med på noko fjell. Men det var negativt svar. Eg skifta difor sokkar og ei jakke og køyrde opp på Osland. Eg gjekk så over Vågeskardet og opp den vanlege ruta eg har laga meg, beint opp fjellet. Austover forbi Indrevågefjellet mot Middagsnipa var snøen minka mykje òg. No hadde eg lagt att trugane heime, og gjekk beint inn på føtene. På god skare, snaue hamrar og fjellrabbar. Heilt supert. Vèret heldt seg framleis bra, som meldt, men ein tjukk blågrå himmel i sør og vest tyda på at regnet var på gang - igjen. 

Mektige skyer over Svanøy, Tansøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden og Hovden

På veg ned igjen, rett sør av Indrevågefjellet, traff eg folk! Det er andre gongen på turane i det siste... John L med frue på veg oppover. Eg slo av nokre ord med førstnemnde. Og som dei òg hadde tenkt, etter alt regnet i det siste og ganske kaldt i natt, var det flotte forhold å gå på sko opp hit. Så no er det sikket tid for andre òg å ta turen opp. Eg for min del siktar meir mot andre fjell framover... 

Ja, og så kom regnet....


Fra Gjelsvikefjellet_Middagsnipa 030411