lørdag 26. mars 2011

To turar - to fjell

 MMS Gjelsvikefjellet med fruen i dag.

Olaug hadde lyst å bli med meg på Gjelsvikefjellet idag, men på grunn av Peter måtte vi vente til 10.30. Det var såpass seint at eg fekk rennt av meg noko energi på Middagsnipa først. 

Det var 4 minus i Stongfjorden då eg starta. Bilruta var frosen. Og bakkane opp frå Osland låg unnasols så tidleg på dag. Snøen i toppen på bakken var knallhard. Difor var spora frå i går ettermiddag jammen gode å ha. Nå går det an å gå utanom snøen i eineren på nordsida òg for å komme opp, men det raskast er å gå beint på og opp snøen der. 

Inn til Indrevågefjellet og vidare austover var det ikkje eit vindpust i lufta. Og sola varma allereie. Utrulig flott etter alt det dårlege vèret i det siste. Skaren var perfekt å gå på sko på. Og eg følte eg var inne på toppen av Middagsnipa på ein-to-tre. Eg filma ein video, tok eit par bilder og sprang for det meste ned igjen til toppen av bakken over Vågeskardet. Og med litt varsemd var eg fort nede igjen til bilen. 

Eg putla med forskjellig heime, og sparka litt fotball med Peter, før Olaug og eg køyrde opp mot Skjerlia. Det stod to bilar parkerte der. Vi gjekk så inn Fesselia på hard snø, og kom oss fort inn på Selvikestølen. Her møtte vi Mona R og John N som var komne opp på stølen i det flotte vèret. Vi slo av ein god prat der i solskinnet. 

To skispor gjekk vidare oppover til Gjelsvikestølen. Men Olaug og eg gjekk fort og greitt på skorna. Eit tynt lag nysnø lå opp på den harde skaren og gjorde det perfekt framkommeleg. Vi trefte to ukjende gutar på ski ved stølen på veg ned igjen. 

Vi tok beint opp fjellet over stølen og inn på toppen. Her var det noko vind, så det var godt å få på seg nokre tørre klede. Sidan eg gløymde igjen fotoapparatet heime i organiseringsprosessen til den andre turen, vart det berre mobilbilder i dårleg kvalitet frå denne turen. Men, men, betre enn ingen ting. 

Deretter bar det ned igjen same vegen. Så mykje er det vel ikkje å seie om returen, bortsett frå at eg hadde meg ein skikkeleg rumpesiglingstur ned til Gjelsvikestølen. Det gjekk som eit skot, over ein snøhaug i lause lufta, landa på rumpa igjen og heldt fram heilt til stølshuset... Åtgaum og lått. Paramo-buksa mi går som eit olja lyn!! Og den er visst begynt å bli sliten bak....

Dermed var to turar og to fjell i boks. Det fekk halde for i dag...:-)


Fra Middagsnipa_Gjelsvikefjellet 260311

Ingen kommentarer: