lørdag 5. mars 2011

To raske fjell...


Foto frå Gjelsvikefjellet og Middagsnipa i føremiddag

Eg køyrde heime i frå i ei forleggjande snøbyge i dag tidleg ei stund før klokka 8. Eg tok sikte på Gjelsvikefjellet. Men eg såg vindretningen var frå nordvest, og då rekna eg med det berre var ei byge og at det letta opp igjen. Og det stemte ganske så godt.

Det var lite snø opp gjennom Fesselia. Iallefall til å begynne med. Men det låg noko gamal is med eit lett snøhinne på, og den var skummel glatt. Litt lenger opp gjennom gjekk eg gjennom enkelte snøparti, før det låg såpass mykje av han at eg kunne ta trugane i bruk. Det gjekk som smurt.... Raskt og effektivt kom eg meg opp til Selvikestølen. Her i frå og vidare oppover mot Gjelsvikestølen og fjellet, låg det ein heil del skodde. Grauttjukk var ho ikkje, og med ein stadig friskare nordvestvind var det ingen ting å bry seg om. 

Det låg ein heil del snø frå første stølen til den andre, men vidare oppover fjellet, og oppe ved toppen, var det veldig avblese. Isete og hard skare. Stegjerna på trugane er heilt topp på dette underlaget. Så utan problem nådde eg toppen klokka 09.15. Det bles kaldt, men jammen var eg såpass heldig at skodda letta slik at eg fekk teke nokre bilder. M.a. av Håsteinen og ut fjorden. Men her var det intet blivende sted som det heiter, så det bar rett ned igjen same vegen. Småluffande på trugane. 

Trugar er eit godt trimmiddel. Du må løfte føtene litt høgre enn vanleg gange. Du får aldri "fred" som på ski, og må sjølvsagt gå ned bakkane òg... Men i slike vekslande snø-, is- og skare forhold som det er her på fjellet på vestlandskysten om vinteren, er trugar eit kjempeflott hjelpemiddel. Det erstattar sjølvsagt ikkje ski, men er eit flott substitutt vinterdagen....! Eg har hatt mykje glede av trugar siste åra. 

Turen ned igjen gjekk heilt problemfritt. Det var endå tidleg på dag, og eg bestemte meg undervegs heim igjen at eg like godt kunne ta med meg Middagsnipa i same snuren. Eg var egentlig berre nett komen i gong. 

Som sagt så gjort. Eg skifta nokre klede nede i Vågeskardet, og tok opp den vanlege ruta, som eg  seinast gjekk på torsdag etter arbeid. I første delen av bakken var det snøfritt, men litt lenger oppe viste dei gamle spora godt. Her var forresten snøen så knallhard at spora gjorde ekstra god nytte for seg. Eg kom meg såleis fort opp på kanten av fjellet. 

Veret vart stadig betre. Og no skein tidvis sola. Men vinden som kom inn frå nordvest frå Florøkanten skapte snøføyke. Kald var han i kantane òg. Eg hadde lagt frå meg alt av utstyr i bilen. Trugar og sekk låg igjen. Og hadde akkurat nok klede til ein kjapp tur opp og ned. Det gjekk heilt som planlagt. Eg toppa ut der oppe klokka 11.15. Godt var det likevel å ha med seg vottar, ekstra hue og ein buff. Det bles om sola delvis skein. 

Føret her oppe var heilt perfekt for fjellsko. Vinden hadde polert snøen til skare som var super å springe på. Så ned igjen sprang eg mesteparten av vegen... Det var nesten betre enn sommarsdagen. Slapp omlag å sjå seg føre.... Eg var komen fram på kanten av fjellet igjen på nokre minuttar. Her i frå og ned må ein ta det meir piano. Men eg slappa sjølvsagt så av i kroppen at eg tryna nede i steinslukta og raspa opp eine handa så blodet sila. Det var likevel heilt overfladisk. Piece of cake, og ikkje meir enn ein må forvente. 

Så då var to turar og to fjell i boks. Og tid for norsk gull i langrenn....:-) Perfekt opplading med andre ord...


Fra Gjelsvikefjellet_Middagsnipa 050311_1

Ingen kommentarer: