onsdag 30. mars 2011

Kvitt i kvitt

 Blegja frå Gjelsvikestølen i ettermiddag

Eg var ein relativt tung tur opp på Gjelsvikefjellet etter arbeid i dag. Men eg gjekk faktisk på føtene heilt til Selvikestølen då ein kvan hadde gått hit og tilbake med trugar. Snøen var difor bra fast i desse spora. Vidare opp til Gjelsvikestølen var det djup nysnø. Og der var trugar eit godt framkomstmiddel. Det låg relativt sett mindre snø i stigninga opp på fjellet, der det mange plassar var bra avblese. 

Opp og austover Fesselia var det reine påskestemninga. Klukkande vatn og ei varm ettermiddagssol. Stilt og fint. Lenger oppe mot fjellet var det meir austatrekk. Og med nokre minusgrader i tillegg var det friskt.Men du verda kor fint det var. Alt i alt ein god treningstur under desse forholda.
 

Fra Gjelsvikefjellet 300311
Fløien, Heileberget og Fossedalshengenipa frå d.s.

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Mange flotte turer og som vanlig - mange fantastiske bilder fra deg Gustav! :) Kos deg og nyt fjellturene. Jeg ser frem til at snøen forsvinner. Har ikke ski ser du, men nye fjellsko står klar for en ny fjellsesong til bens ;)

Unknown sa...

takk for kommentaren Eli Kristin.

Ja, eg nyt fjellturane og glede av å halde meg i form. Det gir velvære, og pendling og jobb går lettare.

Eg har gått mest på sko og trugar i vinter. Det gir ekstra trim:-) Samtidig har eg valt dei toppane som har vore lettast tilgjengeleg utan ski (ofte skare, is, avblesne hamrar og rabbar). Det er berre å hive seg i det Eli Kristin. Sunt hjerte i ein sunn kropp.....:-)