Facebook

torsdag 31. mars 2011

Tankar om restitusjon

 Stongfjorden i dag

Vèret hadde diverre snudd til overskya med litt nedbør i lufta i dag, men eg valde likevel å gå opp igjen på Middagsnipa etter arbeid i 17-tida. Nest siste turen - på denne sida av sommaren iallefall. No står nokre andre fjell på programmet... 

Ein frisk søraust vind midt imot austover gjorde turen inn ganske tung. I dag gjekk eg på trugar då eg rekna med snøen var blitt våt. Det stemde heilt. Sjølv med trugar steig eg ein del gjennom snøen enkelte parti. 

Så mykje anne er det vel ikkje å seie enn at eg treng ein kveld pause no. Dei tre siste turane sit i kroppen. Eg må berre innrømme at kroppen treng litt tid til restitusjon etter som åra går.....


Fra Middagsnipa 310311

onsdag 30. mars 2011

Kvitt i kvitt

 Blegja frå Gjelsvikestølen i ettermiddag

Eg var ein relativt tung tur opp på Gjelsvikefjellet etter arbeid i dag. Men eg gjekk faktisk på føtene heilt til Selvikestølen då ein kvan hadde gått hit og tilbake med trugar. Snøen var difor bra fast i desse spora. Vidare opp til Gjelsvikestølen var det djup nysnø. Og der var trugar eit godt framkomstmiddel. Det låg relativt sett mindre snø i stigninga opp på fjellet, der det mange plassar var bra avblese. 

Opp og austover Fesselia var det reine påskestemninga. Klukkande vatn og ei varm ettermiddagssol. Stilt og fint. Lenger oppe mot fjellet var det meir austatrekk. Og med nokre minusgrader i tillegg var det friskt.Men du verda kor fint det var. Alt i alt ein god treningstur under desse forholda.
 

Fra Gjelsvikefjellet 300311
Fløien, Heileberget og Fossedalshengenipa frå d.s.

tirsdag 29. mars 2011

Drivkvite dyner...


 Foto frå Middagsnipa i ettermiddag

Det klårna flott opp igjen i dag. Eg var difor ikkje sein om å ta avgarde på Middagsnipa då Peter heller ville male med mora, enn å reise på trening. Det var nemleg min dag å reise med han til Askvoll. Enkelte gonger står lukka den kjekke bi - heiter det visst. 

No vart eg likevel teken litt på senga av dei nye snømengdene som var komne oppe i høgda. Sikkert 20-30 cm til. Og eg hadde lagt att trugane heime. Ja, ja det her er god trening tenkte eg med meg sjølv, og såg det positive i det, for jammen fekk eg køyrt meg litt. Spesielt austover fjellet. Godt at forma no er under vegs etter ein forholdsvis roleg vinter. Iallefall samanlikna med dei to, tre førre vintrane... 

Vèret var perfekt. Vindstille. Og sola keik fram rett som det var og spegla dei drivkvite dynene. Fantastisk vakkert, sjølv om det er greitt at det vårast no snart. Super tur igjen. Og flott at vi no har stilt klokka og får lengre kveldar. For dette gir meirsmak...:-)


Fra Middagsnipa 290311_1

søndag 27. mars 2011

Trippel Middagsnipa

Endå er det vinter....

Det vart eit lite vèrvindauge ut på dagen i dag, akkurat nok til at eg kom meg opp på Middagsnipa for tredje dagen på rad. Eg skjønte at vèret ikkje ville halde lenge så eg gjekk på det eg hadde. Det var ganske sleipt i første bakken. Våt snø på gras og stein i motabakke er ein litt tricky kombinasjon. Di meir ein glippar di meir energi går med.

Lenger oppe var det komme ein 10-15 cm med tørrare snø i løpet av natta. Somme plassar var det fòke bra til og rakk til knea, men for det meste var det like hardt og avblese som før. Der vinden tek, legg snøen seg aldri her oppe. Steinryggar og hamrar stikk opp same kor mykje det snøar. Men fonnene blir sjølvsagt berre djupare og djupare.... Egentleg er det full vinter oppe i høgda. Litt annleis enn nede ved den snøfrie bygda. Fort gjort å gå på ei blemme for den som ikkje er rett og godt utrusta... 

I dag var eg heldig og kom meg raskt opp og ned og unngjekk verste nordabygene. Eg var ikkje før komen ned igjen får alt vart kvitt. Til og med skodda seig fort på. Det gjeld å sleppe alt og springe når ein kan...:-) 


Fra Middagsnipa 270311

lørdag 26. mars 2011

To turar - to fjell

 MMS Gjelsvikefjellet med fruen i dag.

Olaug hadde lyst å bli med meg på Gjelsvikefjellet idag, men på grunn av Peter måtte vi vente til 10.30. Det var såpass seint at eg fekk rennt av meg noko energi på Middagsnipa først. 

Det var 4 minus i Stongfjorden då eg starta. Bilruta var frosen. Og bakkane opp frå Osland låg unnasols så tidleg på dag. Snøen i toppen på bakken var knallhard. Difor var spora frå i går ettermiddag jammen gode å ha. Nå går det an å gå utanom snøen i eineren på nordsida òg for å komme opp, men det raskast er å gå beint på og opp snøen der. 

Inn til Indrevågefjellet og vidare austover var det ikkje eit vindpust i lufta. Og sola varma allereie. Utrulig flott etter alt det dårlege vèret i det siste. Skaren var perfekt å gå på sko på. Og eg følte eg var inne på toppen av Middagsnipa på ein-to-tre. Eg filma ein video, tok eit par bilder og sprang for det meste ned igjen til toppen av bakken over Vågeskardet. Og med litt varsemd var eg fort nede igjen til bilen. 

Eg putla med forskjellig heime, og sparka litt fotball med Peter, før Olaug og eg køyrde opp mot Skjerlia. Det stod to bilar parkerte der. Vi gjekk så inn Fesselia på hard snø, og kom oss fort inn på Selvikestølen. Her møtte vi Mona R og John N som var komne opp på stølen i det flotte vèret. Vi slo av ein god prat der i solskinnet. 

To skispor gjekk vidare oppover til Gjelsvikestølen. Men Olaug og eg gjekk fort og greitt på skorna. Eit tynt lag nysnø lå opp på den harde skaren og gjorde det perfekt framkommeleg. Vi trefte to ukjende gutar på ski ved stølen på veg ned igjen. 

Vi tok beint opp fjellet over stølen og inn på toppen. Her var det noko vind, så det var godt å få på seg nokre tørre klede. Sidan eg gløymde igjen fotoapparatet heime i organiseringsprosessen til den andre turen, vart det berre mobilbilder i dårleg kvalitet frå denne turen. Men, men, betre enn ingen ting. 

Deretter bar det ned igjen same vegen. Så mykje er det vel ikkje å seie om returen, bortsett frå at eg hadde meg ein skikkeleg rumpesiglingstur ned til Gjelsvikestølen. Det gjekk som eit skot, over ein snøhaug i lause lufta, landa på rumpa igjen og heldt fram heilt til stølshuset... Åtgaum og lått. Paramo-buksa mi går som eit olja lyn!! Og den er visst begynt å bli sliten bak....

Dermed var to turar og to fjell i boks. Det fekk halde for i dag...:-)


Fra Middagsnipa_Gjelsvikefjellet 260311

fredag 25. mars 2011

Ingen vår endå...

 Osland i ettermiddag
 
Mot Stongfjorden frå Middagsnipa i ettermiddag

Det er vel ein floskel å seie at det ikkje er så mykje som minner om vår om dagen. Men det kan eg iallefall skrive under på etter å ha vore opp på Middagsnipa igjen i ettermiddag. Skodde, sno, nokre minusgrader og ein isande kald nordvest vind var omlag som før i vinter. Fornuftig å ikkje bli freista til å gå opp utan ekstra klede. I tillegg til ei ekstra hue var ei tørr ulltrøye og ein dunsmock veldig gode å ta på seg der i vinden. Det var faktisk så rufsete at eg sprang heile vegen ned igjen til toppen av brattbakken ovanfor Osland.

Elles var det godt å kjenne på overskotet eg har opparbeidd etter ein relativt roleg periode. Greitt å ha litt å gå på framover no når ettermiddagen og kveldane blir lysare.

torsdag 24. mars 2011

Tilbakeblikk


Sidan sol og vår let vente på seg, har eg funne fram ein video frå Kemer i Tyrkia i fjor sommar. Vi reiser tilbake sommaren 2011. Fint å sjå fram til etter ein lang vinter...:-)


tirsdag 22. mars 2011

Fin trimtur

 Disig ved Svanøya i ettermiddag

Det var opplett og rimeleg lett i vèret då eg kom heim frå arbeid i stad, så eg tok meg ein tur opp igjen på Middagsnipa. Snøen hadde minka betydeleg i løpet av helga, og spesielt sist natt forsvann det òg mykje kan eg tenke meg. Eg hadde med trugane, men nytta dei ikkje - det var nemleg heilt kurant å gå berre på skorna. Litt variabelt snødekka var det, litt blautt og somme plasser framleis hardt. Diverre var det snø i lufta, og meldingane seier det same. Det blir nok ein sein vår i år. Men trimmen var iallefall god. 


Fra Middagsnipa 220311_1



mandag 21. mars 2011

Flott Bergens-helg















Utsikt frå Den Nationale Scene i Bergen lørdag kl 17.38















A walk in the park

Det vart som nemnt lite fjell i helga. Men ei dessto meir familienær helg. Olaug, Peter og eg budde hjå Kirsten (søster til Olaug) og Arnt i Åsane. Sedvanleg shoppingrunde på Ikea og Åsane senter på lørdags-føremiddag. Og avslutning av dagen med bytur, og teaterframsyninga "Peder Påske" av Stålesen om kvelden. Peter fekk besøke Markus, kompisen, på Eidsvåg i fleire timar. Og lørdagskvelden, Helge, son til Kirsten og Arnt. Perfekt for han.

Fint vèr, utekonsert for krafttak mot kreft, buekorps og mykje folk ute, gjorde marshelga flott og vårleg. Takk til vertskapet for ei kjekk helg.

fredag 18. mars 2011

Teaterhelg

Soloppgang i Løvika, Førdefjorden 16/3 kl 07.15 

Det blir Bergens-tur i helga med bl.a besøk i teateret, så bloggen
blir tidlegast oppdatert søndag...
God helg!

onsdag 16. mars 2011

Ny (etter) Middagsnipa

 Middagsnipa kl 17.47 i dag

Eg "stakk oppom" Middagsnipa i dag òg etter arbeid. Snøen hadde minka litt i nederste delen av bakken. Den blaute som låg att oppover, var ganske glatt. Så det vart ein del glipptak til å begynne med. Lenger oppe låg det meir snø, delvis blaut, og noko tung å ta seg opp i. Innover flatene frå Indrevågefjellet gjekk det supert med trugar igjen. Jarna under trugane er gode å ha, sidan det ligg ein heil del is og skare i hellingane. Sit på som støypt. Men eg ser snøen minkar rundt hamrane no, så vi får håpe at snøen forsvinn snart. Ned igjen delvis sprang eg på trugane.... Trass i noko vind midt i mot oppover, var det ein topp ettermiddagstur.... Herlig trim...:-)


Fra Middagsnipa 160311+tre morgonbilder

mandag 14. mars 2011

Nydeleg marskveld

Foto frå turen på Middagsnipa i ettermiddag.
Stongfjorden ligg spegla i ettermiddagssol og
isjuklane til fjells gjer det same...

Sidan meldinga for dagen var så flotte, tok eg med meg klede og sko til ein fjelltur på direkten før eg køyrde heim frå jobb. Så eg stoppa på Osland og gjekk opp igjen spora frå i går på Middagsnipa. Og for ein flott kveld det vart. Rett nok var det noko vind på toppen, men du verden kor flott sola skein der ute i vest av Stongfjorden. Sola bada heile fjorden inn i sølv, med fjella i nysnø kransa ikring. Fantastisk! Nydeleg tur.... For ei flott tid vi går i møte...:-)

Fra Middagsnipa 140311

søndag 13. mars 2011

Ei hard økt...

Motiv vest av Indrevågefjellet i dag

Vi har hatt eit par dagar med feiring av Peter sin 11-årsdag. Ei vøle med 10-åringar med høg gutefaktor var her fredag. I tillegg kom mi mellomste dotter, Kristine og Rudi med tvillingane på snart 3, etterpå. Kjekt! Så kom det ei ny ferd frå Dale og Førde i går. Kjekt 2! Eg må takke mi fru som primus motor i slike høve. 

I dag vart det høve til ei lita fjellykt igjen. Det var kome alvorleg med snø, spesielt natt til lørdag. Difor var det med naud og neppe eg klarte å kare meg opp den lange og bratte bakken frå Osland og Vågeskardet til vest av Indrevågefjellet. Med snø til skrevet i brattaste bakken, var det blytungt. Pusten gjekk som ein blåsebelg og sveitten sila. Eg måtte stoppe fleire gonger for å ta meg litt igjen. Steik kor tungt det var!! Motivasjonen til å komme meg opp steig likevel etter kvart som eg sakte men sikkert nærma meg toppen. 

Vidare austover gjekk det veldig fint med trugar på føtene. Her låg det mindre snø, det var meir avblese mange stadar og underlaget litt fastare. Iallefall virka det slik med trugane på... Så eg kom meg raskt og greitt forbi Indrevågefjellet og austover hamrane til Middagsnipa. 

På toppen trekte vinden litt frå søraust, ganske kald, og sola var såvidt synbar gjennom skylaget. Isete hamrar og godt med snø. Det er lite som minner om vår i fjellet. I røynda er det full vinter... 

Eg skifta nokre klede, skreiv meg inn i boka, tok nokre bilder og gjekk ned igjen same vegen. No så lett som ingen ting. Eg sigla til og med ned heile den lange bakken frå toppen av fjellet ovanfor Osland på rumpa. Som eit skot gjennom nysnøen med drevet rundt øyra, minst 100 meter, til lått og løye... (sjekk foto). Eigenkos...:-)


Fra Middagsnipa 130311

onsdag 9. mars 2011

Asfaltsliting

Eitrenipa, Fløien, Heileberget og Fossedalshengenipa
frå Gjelsvikefjellet 6/3

Intet fjellvèr endå. Denne veka ser dårleg ut. Men eg hadde meg ein stri joggetur til Osland i tett snødrev og motavind i stad. Det gjekk rimlegvis tungt opp bakkane til demma, men likevel var det forfriskande og godt - iallefall etter å ha fullført. Eg nektar nemleg meg sjølv å gå. Det skal springast for å få litt effekt ut av det.

No får vi berre sjå fram til helga og kanskje litt lettare vèr lørdag iallefall. Så får vi sjå kva det blir til. Noko særleg vår er iallefall ikkje i sikte - så då blir det vel meir snøbilder....:-)

tirsdag 8. mars 2011

Litt fugleliv

Soloppgang over Blegja 6/3 frå Gjelsvikefjellet

Lite fjell å rapportere om dei to siste dagane. Vèret har vore mildt sagt elendig med mykje vind og nedbør, så no får vi håpe på betre tider. Eg kan heller rapportere om bruk av 75 kg solsikkefrø til fuglane "mine" på Yndestad. Det er greitt å handle 25 kg sekker på Felleskjøpet. Litt kostnad er det med det. Men kjekt å sjå at fuglane trivst og har det godt, trass ein lang og hard vinter. 

Songsvanene i Sagevatnet i Rørvika har det bra òg. Eg matar dei regelmessig på veg heim frå jobb. Brødkuttaren på Coop`en i Førde har alltid skalkar og skiver i avkappskuffa som eg bryt opp og serverer. Eg innbiller meg at dei syng eit stille "HURRA" når dei ser den blå bilen stoppe... Dei er nok sikkert glade svanene òg at det lir mot vår.   

Elles er det berre å gratulère alle jenter med dagen! Hipp hurra for alle jenter....:-)

søndag 6. mars 2011

Tidleg morgon på Gjelsvikefjellet

Gjelsvikefjellet i dag tidleg

For at Olaug skulle få gå tur med Anne og Audun på Jamneheia, ordna eg meg slik at eg reiste på Gjelsvikefjellet klokka 07 i dag tidleg. Fantastisk flott morgon med minus 5 grader og stille. Det hadde kome eit lite dryss av tørr nysnø i løpet av natta. Det flotte med desse minusgradene var at snøen opp gjennom Fesselia og heilt til topps var såpass hard at den var perfekt å gå på berre i sko. Så sjølv om eg hadde trugane med meg, tok eg dei ikkje i bruk. 

Eg gjekk berre i ei tynn Devold ulltrøye under den lette og syltynne skalljakka. Kulden reiv godt i kroppen då eg gjekk ut av bilen, men etter eit kvarters tid var det heilt supert med så lite klede. Eg kunne berre fosse på opp gjennom lia og til topps. Her skifta eg på meg ei tynn dunjakke i tillegg til ei nye ulltrøye. Perfekt! 


Eg knipsa villig vekk soloppgangen ved Blegja, Førdefjordsia i nord, mot Markavatnet, Portafjellet, Middagsnipa og øyane i vest. Det er flott utsikt frå Gjelsvikefjellet, sjølv om toppartiet er ganske flatt. I god fart bar det deretter ned igjen same vegen.


Eg tok nokre bilder ned igjen òg, for no var det litt meir lys enn i stad. Det vart reine påskestemninga ein tidleg morgon. Eg stoppa for å ta meg nokre slurkar vatn i elva ved Selvikestølen. Her hadde frosten laga nokre kunstferdige istappar som måtte forevigast. 

 Nokre kalde slurkar vatn ved desse istappane gjorde seg...

Etter det sprang eg heile lia til bilen igjen, slik at fruen fekk kome seg til fjells òg.... Og nokre minuttar deretter køyrde eg Peter på gutebesøk i Grimelia...:-)  Så då var det berre å få stelt seg litt og gjere seg klar for fem mila i VM.

Fra Gjelsvikefjellet 060311

lørdag 5. mars 2011

To raske fjell...


Foto frå Gjelsvikefjellet og Middagsnipa i føremiddag

Eg køyrde heime i frå i ei forleggjande snøbyge i dag tidleg ei stund før klokka 8. Eg tok sikte på Gjelsvikefjellet. Men eg såg vindretningen var frå nordvest, og då rekna eg med det berre var ei byge og at det letta opp igjen. Og det stemte ganske så godt.

Det var lite snø opp gjennom Fesselia. Iallefall til å begynne med. Men det låg noko gamal is med eit lett snøhinne på, og den var skummel glatt. Litt lenger opp gjennom gjekk eg gjennom enkelte snøparti, før det låg såpass mykje av han at eg kunne ta trugane i bruk. Det gjekk som smurt.... Raskt og effektivt kom eg meg opp til Selvikestølen. Her i frå og vidare oppover mot Gjelsvikestølen og fjellet, låg det ein heil del skodde. Grauttjukk var ho ikkje, og med ein stadig friskare nordvestvind var det ingen ting å bry seg om. 

Det låg ein heil del snø frå første stølen til den andre, men vidare oppover fjellet, og oppe ved toppen, var det veldig avblese. Isete og hard skare. Stegjerna på trugane er heilt topp på dette underlaget. Så utan problem nådde eg toppen klokka 09.15. Det bles kaldt, men jammen var eg såpass heldig at skodda letta slik at eg fekk teke nokre bilder. M.a. av Håsteinen og ut fjorden. Men her var det intet blivende sted som det heiter, så det bar rett ned igjen same vegen. Småluffande på trugane. 

Trugar er eit godt trimmiddel. Du må løfte føtene litt høgre enn vanleg gange. Du får aldri "fred" som på ski, og må sjølvsagt gå ned bakkane òg... Men i slike vekslande snø-, is- og skare forhold som det er her på fjellet på vestlandskysten om vinteren, er trugar eit kjempeflott hjelpemiddel. Det erstattar sjølvsagt ikkje ski, men er eit flott substitutt vinterdagen....! Eg har hatt mykje glede av trugar siste åra. 

Turen ned igjen gjekk heilt problemfritt. Det var endå tidleg på dag, og eg bestemte meg undervegs heim igjen at eg like godt kunne ta med meg Middagsnipa i same snuren. Eg var egentlig berre nett komen i gong. 

Som sagt så gjort. Eg skifta nokre klede nede i Vågeskardet, og tok opp den vanlege ruta, som eg  seinast gjekk på torsdag etter arbeid. I første delen av bakken var det snøfritt, men litt lenger oppe viste dei gamle spora godt. Her var forresten snøen så knallhard at spora gjorde ekstra god nytte for seg. Eg kom meg såleis fort opp på kanten av fjellet. 

Veret vart stadig betre. Og no skein tidvis sola. Men vinden som kom inn frå nordvest frå Florøkanten skapte snøføyke. Kald var han i kantane òg. Eg hadde lagt frå meg alt av utstyr i bilen. Trugar og sekk låg igjen. Og hadde akkurat nok klede til ein kjapp tur opp og ned. Det gjekk heilt som planlagt. Eg toppa ut der oppe klokka 11.15. Godt var det likevel å ha med seg vottar, ekstra hue og ein buff. Det bles om sola delvis skein. 

Føret her oppe var heilt perfekt for fjellsko. Vinden hadde polert snøen til skare som var super å springe på. Så ned igjen sprang eg mesteparten av vegen... Det var nesten betre enn sommarsdagen. Slapp omlag å sjå seg føre.... Eg var komen fram på kanten av fjellet igjen på nokre minuttar. Her i frå og ned må ein ta det meir piano. Men eg slappa sjølvsagt så av i kroppen at eg tryna nede i steinslukta og raspa opp eine handa så blodet sila. Det var likevel heilt overfladisk. Piece of cake, og ikkje meir enn ein må forvente. 

Så då var to turar og to fjell i boks. Og tid for norsk gull i langrenn....:-) Perfekt opplading med andre ord...


Fra Gjelsvikefjellet_Middagsnipa 050311_1

torsdag 3. mars 2011

Middagsnipa etter arbeid
















Bilder frå ettermiddagsturen på Middagsnipa i dag

Eg rakk oppom fjelltrimposten på Middagsnipa etter arbeid i dag. For å spare litt tid hadde eg med høvelege klede på jobb. Det gjekk såleis greitt å kome seg opp og ned før det vart mørkt. Men eg måtte gi skikkeleg på opp gjennom. Etter eit par dagar i ro var det godt å få køyrt seg igjen. 

Det var kome nokre centimeter med våt nysnø høgre oppe i lendet, men ikkje verre enn at det gjekk fint å gå inn på berre skorna. Det låg ein heil del skodde frå Indrevågefjellet og inn, og sjølv om den var ganske tett, fann eg ganske greitt inn til varden. Delvis springande ned igjen, følgde eg berre spora som var avsette i snøen opp.... 

Kjempekjekt at det har lysna såpass om ettermiddagane no at eg kjem meg til fjells etter arbeid utan hovudlykt. Du ser jo litt meir av omgjevnadane då, iallefall når ikkje skodda ligg tjukk... Herlig trimtur...:-)


onsdag 2. mars 2011

Valet er ditt... eller til Jens-øydar


Eg vil skrive til den naive, – den blåøygde, ærlege, små
Som lever sitt liv heilt i live, utan tankar for dagen derpå
Som ler, – og som grin
Som blunkar til alle
Som dansar på line
Utan frykt for å falle

Eg vil kviskre eit Vivre! til den vare, som umerkande går meg forbi
Ho kjem aldri med vondord om andre, fordi ho – vel, berre fordi
Det siste ho ville
Var å såre ein venn
Og – ganske stille -
Let ho dører igjen

Eg vil trøyste og stelle den såra, som strevar med å forstå
At verda vår er ein jungel, der den sterkastes rett lyt få rå
Reis deg og stå!
Du er god som du er!
Treng du hjelp til å gå
Skal du finne ho her

I harme rettar eg pennen, mot han som er kynisk og kald
Som kalkulerande kviskrar og trugar, og planlegg sin medmann sitt fall
Som foraktar det svake
Og ler av det vare
Som dyrkar det digre
Som myrdar det tandre
frå sitt Adlerreir av is
Som aldri ser seg tilbake
Som let godheita fare
Som let det lægste sigre
Som trakkar ned andre
på realistens grimme vis

Mitt selskap skal vere dei vare, – og dei leande barn av i dag
Som ynskjer meg vèl, og vel aldri, vil drøyme om svik og bedrag
Min avsmak for orm skal eg skjule
Og dømming er ikkje mi sak
Eg kjenner dei stripete, gule
For baken blir alltid bak

tirsdag 1. mars 2011

Langs landevegen

Foto frå Eidsfjorden mot Heggøy

I den flottte og vårlege solnedgangen i Stongfjorden i går ettermiddag, hadde eg meg ein god joggetur til Osland og heim igjen. Fantastisk raudleg lèt i solstrålane før sola gjekk i havet. Skålefjellet spegla seg i ny, kvit drakt i den raude kveldssola. Portafjellet i aust på same måten. Og fjorden låg blikkstille med eit badande, gullskimrande solskjer inn frå vest. Kjøtmeisa sang, spettmeisa hamra på holet i fuglekassen og snøklokkene blomstrar sikkert i løynd. Nydeleg vårstemning. Eg synest nesten litt synd i dei som no slit med eit par meter snø lenger inne i landet. For her på kysten er det vår i lufta! 

I lette joggeklær gjekk turen nesten av seg sjølv. Kjensla av vår virka til på same måten. Det var lett å puste i livgjevande lys. Det har vore ein lang vinter. 

Eg var forresten innom Friluftsliv-sona på Origo, der eg har lagt inn nokre turruter før. Dei kan vere aktuelle å ta fram igjen no når det lir til vår. Her er eit par, tre linkar for dei som er interesserte i tur på nokre flotte Askvoll-fjell...