torsdag 24. februar 2011

Tøff utfordring

 Under hammaren nedanfor skaret 
på Svarthamrane etter ein vellukka tur på toppen. 
Letta, etter infernoet der oppe....

Eg hadde ein dag ferie i dag sidan Peter har vinterferie. Men då både Olaug og eg må på jobb igjen i morgon, vart det til at Peter reiste til Margunn i Førde, og blir der til i morgon. Margunn er eldste dotter mi frå første ekteskap. Sidan eg såleis vart fri og frank, tok eg siste turen på Svarthamrane... i denne omgang. 

Vèret bydde ikkje akkurat opp til nokon solfest. Det bles så det dura oppe i Yndestadfjellet. Rennefòket stod som ein vegg ut frå Størdalsstauren og Skålefjellet. Eg bestemte meg likevel for eit forsøk på å nå fjelltrimposten på Svarthamrane. 

Det hadde snøa litt i løpet av natta. Og opp Gjerdedalen hadde det fòka seg til ein god del meir med laussnø. Spesielt under tregrensa. Og lenger oppe i Brekka fekk eg første skremmeskotet for dagen. For brått small det som 17.mai salutten i Dale i gamle dagar, og heile bakken med snø losna i nokre digre sprekker. Heldigvis rasa ikkje den snøfylte lia ut. No heldt eg på å snu. Staven min botna ikkje i snøen. og eg hadde eit svara strev med å kome meg laus igjen der i frå. Etter å ha vurdert situasjonen, snudde eg tilbake og tok opp lenger oppe under ein hammar. 

Første skremmeskotet for dagen var i denne hellinga som eg her
er komen over. Ei snøsprekke t.v.

Andre skremmeskotet for dagen fekk eg berre eit lite stykke lenger oppe. Akkurat på same måten. Nokre svære sprekker i snøen i hellinga ovanfor meg og vidare rundt. Eg følte eg bevega meg på tunn is... men heldt nok ein gong fram. 

Det siste skotet kom i vesthellinga ved Dalselva, i bakken opp snarvegen på Skålefjellet. Det small høgt gjennom ylinga av vind og rennefòk. Men sjølv om eit digert og tjukt flak av snøen lòsna nokre centimeter ovanfor meg heldt han seg likevel på plass, og eg kom meg på trygg grunn bort til Alteret. 

No var eg ganske skeptisk på å halde fram. Vinden og fòket rundt øyra var ein ting, men den bratte vestvende bakken ovanfor noko heilt anna. For ikkje å nemne sjølve skaret lenger oppe. Her er det bratt! Eg tykte likevel at det var fortærande å ha gått så langt og måtte snu. Det ville gi ein dårleg smak i munnen etterpå.... Eg heldt difor fram, og tok opp heilt under fjellet i bakken ovanfor Alteret. Eg vart noko meir optimistisk til sinns då snøen virka til å ha sett seg litt meir her oppe. Likevel var det ein klar fordel å gå på trugane som eg hadde teke på meg lenger nede. 

Mot Stongfjorden ved Alteret
Her i frå og vidare opp var vinden voldsom...

Oppe under hamrane før skaret, tok vinden og fòket noko enormt. Spesielt ned sjølve skaret. Eg bestemte meg for å sette frå meg trugane, og gå på broddar resten av vegen opp. Det var eit rett val. For etter å ha runda kanten på hammaren, var det omlag som å bli treft av ein vegg. Vinden var så kraftig at eg vart slått tilbake og hadde store problem med å fote meg. Heldigvis var underlaget ikkje glasert, men gav brukbart fotfeste dei fleste plassar. 

Eg heldt kanten på nordsida av skaret opp. Det var blytungt. Spesielt av den sterke vinden midt i mot... Men eg kom meg vidare opp mot toppen. Her låg det ei kjempestor fonn på høgre sida, medan det på venstre sida var danna ei slukt. Hadde vinden og fòket vore voldsomt nedanfor, var det bagatellar mot kva det var på toppen av skaret. Eit inferno, verken meir eller mindre. Gòvet stod rundt øyra. Hadde eg ikkje hatt brillene hadde det vore umulig å sett nokon ting. Eg måtte krype på alle fire over kanten på toppen av skaret. Underlaget bestod av hard fòksnø og avblesne, islagde steinar. Noko særleg høg i hua var eg nok ikkje.... Dette var krefter som slett ikkje var å spøkje med. Men å snu no, så nær toppen, ville vere eit reint nederlag. Eg runda difor hamrane på nordsida, der vinden var litt spakare, og fekk summa meg litt. Rennefòket fauk ut frå hamrane over hovudet på meg. 

Eg gjekk vidare nord om Svarthamrane, og tok opp på sjølve det eksponerte topplatået. Snøen var blitt til blåis mange plassar. Jammen godt eg hadde broddane på elles kunne dette ha blitt reine sjanseseglasen. 

Eg visste kva som vente meg over kanten på nordsida. Igjen. Eg snøra i hop alt eg hadde på meg. Festa brillene ekstra godt, og verna ansiktet så godt eg kunne med det eg hadde på meg. Bang - midt i planeten. Eg vart slått tilbake to gonger av vinden, delvis pga islagde steinar, men kom meg over. Vinden var enorm akkurat ved kanten. Ingen tvil om at det var storm. Og vidare bort på toppen hadde eg stadig problem med å halde meg på føtene. Likevel kom eg meg bort til varden omgitt av glaserte hamrar. 

Det hadde vore eit sant slit. Og nokon nytelse hadde det ikkje vore akkurat.... Kanskje litt sjansespel? Noko anna situasjon enn kontorstolen på jobb. Blodet koka! Adrenalinnivået var på topp. Og opp var eg komen. Det var det viktigaste. 

  Bak ein hammar ved toppen ser vi mot Dalsfjorden og Vårdal
Vanvittig vind på turen i dag. Her frå toppen... Blåfjellssåta og Dokka bak.

På toppen var det sjølvsagt kul umulig å halde kameraet i ro. Godt med bildestabilisator! Eg låg bak den vesle varden, i skjul, så godt det lèt seg gjere. Vinden hylte rundt øyra. Eg bytte ut hanskane med dei gode vottane, men resten av klesbytet fekk berre vere. Arcteryx Theta jakka fungerte heilt topp. Heldigvis hadde eg teke denne i dag, og ikkje den tynne Rab-jakka. Dunjakka fekk berre ligge i sekken. Etter nokre fotoknips kom eg meg så fort som det lèt seg gjere der i frå. 

Første utfordringa ned igjen var å komme seg heilskinna over kanten på nordsida. Eg formeleg kraup over og ned på lèsida, der det var noko meir livd for vinden. Så var det den glaserte bakken ned mot skaret. Heldigvis tok vinden litt mindre her, så det gjekk fint. Deretter var det kanten over toppen på sjølve skaret, og ned på nordvestsida mot Mannsskaret. Fytti rakkaren kor det bles. Likevel gjekk det nokså greitt bokstaveleg tala ved å krype over her òg med vinden i ryggen. Turen ned skaret til under hammaren der trugane stod, gjekk utan problem. Godt det ikkje var blåisen ned bratta her...! 

 Denne T-steinen står oppå ein svær stein som er minst 2 m høg
Eg pusta letta ut og tok eit par bilder her i lè for vinden (m.a. sjølvportrettet øvst). Turen vidare ned Brekka og dalen gjekk greitt. No hadde eg vinden og rennefòket i ryggen. Spora opp var sjølvsagt fòkne igjen, men eg tok over bakkane med skremmeskota der eg hadde gått opp. Eg merka ingen ting til nokre snøskot no, og kom meg utan problem ned til skogsvegen og vidare ned til bilen. Puhhh - dette hadde vore ei utfordring. Godt å vere komen ned igjen frå "galskapens teater"...

(P.S. eg veit ikkje om bilda egentleg fortel så godt korleis det var der oppe i dag, men dei kan no gje ein liten smak likevel...) 


Fra Svarthamrane 240211_1


2 kommentarer:

AG sa...

Godt du kom deg heil ned att

Unknown sa...

Takk for det Arild. Det var i grenseland dette i dag. Spesielt å oppleve at heile bakkane sleppte med djup snø. Og steik kor det small... Det var som eit djupt drønn langt borte i frå! Eg følte meg med eitt ganske usikker då... Eg hadde ikkje teke denne turen opp igjen, for å seie det slik...!