onsdag 9. februar 2011

Om ikkje å gå i spikje

Varden på Middagsnipa 2/1-11

Eg har ikkje vore mykje gira på å ta opp i fjellet på kveldstid desse dagane. Det kom ny forsyning med laussnø tidleg i veka, og då veit eg korleis det er opp på Svarthamrane. Kort og godt eit slit. Og i mørkna, etter ein dag på jobb, gjer dette ikkje meir lysteleg. Så eg får ta helgane til hjelp til det lysnar meir på ettermiddagane. Og det skjer jo fort no.... Til helga er det visst meldt brukande vèr òg. Eg har difor ein plan på lur...!

For ikkje å gå heilt i spikje, knytte eg difor på meg joggeskorna og sprang til gruvene på Osland og heim igjen i stad. Ca mila. Det var hardt nok opp bakkane til demma med ein god sørausttrekk midt i mot.... Eg måtte prate litt med meg sjølv for ikkje å stoppe. Eg merkar at jogging ikkje er heilt mi greie, som det heiter. Eg treng ein ekstra positiv tankegong for å halde det gåande. Noko særleg trøtt blir eg ikkje, men jogging blir i det heile nokså stakkato og kjedeleg. Belastninga på ein halvgamal kropp er sikkert ikkje særleg bra heller. Iallefall på ledda. Men, men dette har eg heller ingen intensjon om å overdrive. Eit par mil i veka må vere nok....!  I naudsfall...

2 kommentarer:

Janne's Photography sa...

Flott banner bilde Gustav!:) Og heilt enig med deg, jogging er kjedeligt:-D mykje kjekkare med fjellturer!

Unknown sa...

Takk Janne. Var vel på tide eg gjorde litt endringar her. Har hatt bloggen uendra sidan 2006! Og no er det så mange nye finesser å teste ut. Når det er sagt ynskjer eg å ha bloggen min mest mogeleg "rein" utan for mykje "støy".