lørdag 19. februar 2011

Kjapt på Middagsnipa

 Soloppgang ved Kringla og Fossedalshengenipa

Ja, så vart det berre tid til ein rask tur på Middagsnipa i dag tidleg. Bestefaren må trå til som barnevakt. Så no blir det fire barnebarn her i helga. Mine sine og Olaug sine... To av kvar... (Fleire som treng barnevakt...?) 

Når det er sagt, vart det no ein flott tur opp på Middagsnipa. Minus 6 på Osland og sola dukka opp ved Indrevågefjellet. Eg var framme på Middagsnipa akkurat klokka 09. Tidleg og greitt.

Eg tok snuren ned om toppane på nordsida mot Flokeneset på veg ut igjen. På plassar eg ikkje hadde vore før. Det var litt kjekt å sjå nordsida av kommunen frå ein ny vinkel. Elles er det vel ikkje så mykje å seie anna enn at eg må hoppe i bilen i staden for å blogge. So isst dass Leben...



Fra Middagsnipa 190211

2 kommentarer:

Janne's Photography sa...

Snill du som tilbyr deg å passe alle desse små!! hadde eg bare vist det litt før, så skulle du fått låne nokre små av meg og:-D flotte bilder Gustav!:)

Unknown sa...

Takk Janne. Det er betre å få samle ungane på ei helg enn å få nokre kvar helg...:-) Du får vente til neste oppsamlingsheat så vi kan behandle dei etter samlebandprinsippet...:-)