søndag 13. februar 2011

Friske februarvindar

 Utsikt mot Svanøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden
 og Hovden frå stigninga mot Indrevågefjellet i dag tidleg.

Forsyne meg vart det bra vèr i dag òg. Det måtte sjølvsagt nyttast ute. Og sjølv om kroppen bar eit visst preg av rangelen på fjellet i går, tok eg likevel turen opp på Middagsnipa i dag. 

I ein sur austavind gjekk eg frå Osland og opp den vanlege ruta. Det låg lite snø nede, men lenger oppe i dei bratte bakkane låg det noko meir. Eg kjende fort at turen i går sat i kroppen. Eg måtte puste på fleire gonger mot toppen nedanfor Indrevågefjellet. Snøen var veldig variabel i djupne og bar berre sånn delvis. Men opp kom eg meg, til ein endå surare austavind. Eg måtte på med buff og hette, og skjule ansiktet mest mogeleg for den stikkande vinden. 

Her i frå og vidare opp og austover gjekk eg med trugar i dag. Det var heilt topp. Med is, skavlar og foksnø var trugane perfekt som framkomstmiddel. Dei kvasse jarna under sit som støpt på is og skare. Dei er òg gode i skrånande og ikkje altfor bratt terreng. Eg kom meg såleis fint inn på Middagsnipa.

Det var surt her inne i dag tidleg i 10-tida. Om ikkje det var så mange kuldegrader, så gjorde vinden desse gradene ekstra kalde. Men eg fann meg eit hammarslag litt i ly for vinden og fekk på meg tørre og varme klede. Ei ull Devold og dunjakka var nok. Pluss balaklava, buff og ny vindtett  hue på hovudet. 

Eg tok turen bortom Indrevågefjellet på veg ned igjen. Det er fin utsikt her i frå mot nordvest til m.a. Svanøy, og vestover Stongfjorden. Deretter gjekk eg beint ned igjen, og gledde meg til ein varm dusj og god fyr i ovnen. Det var nok vinterfjell for denne helga...:-) 

Fra Middagsnipa 130211



Ingen kommentarer: