lørdag 12. februar 2011

Fenomenal og slitsom februartur

Utsikt frå Heileberget i dag
 
Laurdagen kom akkurat slik som meldt. Fint og kaldt vèr. Minus 7 grader på Yndestad. Eg hadde allereie pakka sekken kvelden før, og var klar for ein fjellrangel.  Eg hadde utstyrt meg godt med både trugar, ski og fjellsko i sekken. Broddar låg òg med. Klar for nesten kva det skulle vere.

Eg kom fram til Timrevikja i Skjerlia akkurat kl 08. Tok med meg siste, flotte nyhenda frå Egypt og vèrvarselet. Tilskyande til kvelden. Perfekt for min del. 

Det var forbausande lite snø i Skjerlia. Her brukar det å ligge bra mengder. Men eit stykke lenger oppe, omlag ved myra, vart snødjupna ei heilt anna. Tung laussnø å ta seg oppover i. Og i berget oppe ved brua i ura, vart det ein heil seanse. Det var som å trakke i storkorna mjøl. Tilslutt måtte eg berre ta av skia for i heile teke å komme meg opp. Denne snøtypen vart eit bal mange plassar i dag der det var bratt.  Ikkje rart dei snakkar om snøskredfare. Eit tjuk lag snø som går omlag som på klinkekular. 

 Ved Markavatnet i dag tidleg

Ein sur trekk i lag med alle kuldegradene svei godt i kjakane på veg opp forbi Krokavatnet og mot Fossedalshengenipa. Då dukka sola opp med eit gyldent skin over fjella. Nydeleg. Positiv effekt med vintersola. Så gjekk turen over dei islagde vatna. Nipevatnet først og deretter Langevatnet. Piano. Nipebu fekk første solstrålane på taket akkurat då eg kom fram. 

Nokon varme var det ikkje akkurat i dei strålane. Gradestokken på hytta viste minus 13, og ein sur trekk i tillegg gjorde det bikkjekaldt! Eg spadde vekk minst ein meter med snø som rakk over dørklinka. Litt klureri for å få inn nøkkelen i den frosne låsen, men med eit klikk gjekk døra opp. Her var dei ei stund sidan det hadde vore folk. Eg skifta på meg nokre nye, tørre klede og la att trugane, fjellskorna og dei sveittevåte kleda. Deretter gjekk eg vidare sørover. 

 Nipebu klokka 10 i dag

I første bakken bort med vassslangen, låg det ein kjempefonn som eg måtte gå langt nedom. Og i skaret bortom, til nedstigninga til Dalsstoredalen, låg det vanvittig med snø. Eg tenkte med meg sjølv at her skal det bli moro å kome seg opp igjen.... 

På turen vidare sørover over dalen tok eg eit stykke aust for Svartevatnet, omlag i grensa på bjørkekjerra. Det var tungt. I djup snø som hadde lagt seg til ro. Ei forskrekka kvitkledd rype skratta slik at eg  hoppa. Elles var det så stilt så stilt. Ikkje ein lyd. Som om eg var åleine i verda...

Eg tok peiling opp på Heileberget i skaret aust for Driveknolten. Det gjekk lettare eit stykke oppe i bakkane då snøen var fastna litt til av vinden. Eg skrådde meg deretter opp vidare austover, og tok peiling på Nonsholten på 739 og 752 moh. Og kom meg fint opp hit trass i eit virrvarr av småfonner. Sjølv om bølgjene gjekk kvite i austatrekken på Dalsfjorden der nede, tok vinden heldigvis mindre her oppe enn eg hadde frykta. Vind kombinert med mange minusgrader er ikkje å spøkje med. 

Siste stykket inn på Fløien. Dale t.h.

Seigaste stykket på Heileberget vestfrå Rivedalstraktene, er austover frå Nonsholten og inn på toppen. Du er komen opp på rette høgda her no, men det er eit godt stykke inn på Fløien på 761 moh. Det er kuppert terreng her framme på kanten mot Dalsfjorden. Og det tek si tid å nå fram til varden. Du kjenner turen i føtene, men må sjølvsagt inn på høgste punktet. Men så luftig og fritt som siste stykket er, gløymer du fort ømme føter. Det er fantastisk utsikt ned til Dale og inn og ut Dalsfjorden. For ikkje å snakka om panoramautsikta til alle fjella i vest, nord og aust. Nydeleg. Ikkje minst ein fullverdig vinterdag...!

Eg hadde med meg endå eit klesbyte på overkroppen i dag. 3 sett! Herlig å få på seg ny hue, buff, varmaste Brynje Artic og Rab dun. Perfekt. Eg var så varm som eg kunne bli. Tok nokre bilder og ein videosnutt, men fjelltrimboka gav eg opp å finne. Den låg under 1 meter med snø, skare og is. Og spade og hakke hadde eg ikkje med.... (Får ta ei innføring ein gong seinare...) 


 Underteikna og Dale frå Fløien i dag

Eg luffa ut igjen same vegen, med broddar under føtene, og fann att skia eg hadde sett igjen litt lenger ute. Det gjekk fint å renne ned igjen same vegen. Vel, fint og fint. Snø, fonner og skare sette føtene på prøve. Eg måtte stoppe opp eit par, tre gonger med føtene fulle i syre... Pinn stiv! Det var jo første gongen eg hadde ski på føtene denne vinteren.....

Som eg nemnde tidlegare vart skaret opp igjen frå Dalsstoredalen ei stor prøve. Eg fann fort ut at skia måtte av. Problemet var berre at eg stod til livet i laussnø i bratte bakken. Og eg var etterkvart begynt å gå tom for næring. Eg pusta og pesa, kraup på alle fire med leggene som støtte, men seig likevel gjennom en meter med snø - minst. For eg køyrde skia gjennom snøen til tuppen var under. Men opp måtte eg, og etter mykje bal stod eg på toppen. Skikkeleg møyr. Heldigvis var det berre ein liten bit bort att på Nipebu. No var det på høg tid med ei matykt...!

 Tilbake på Nipebu. Tid for matykt...!

Eg sette meg på spaden ute i snøhaugen. Sola varma, men trekken beit. Det var godt med mat ja. Hadde nok gått litt for lenge utan. Eg pakka deretter alle kleda i sekken, der nesten alt no var fuktig og vått, festa trugane på sekken og vinka farvel til Nipebu i denne omgang. 

Borte ved elva mellom Nipevatnet og Langevatnet skar det seg noko. Her var det ein opning i isen  i elva som eg ville fylle vassflaska frå. Eg trakka sjølvsagt gjennom snøen og ned i vatnet... No vart eg ikkje våt då, men skorna fraus under og det gjorde bindingane på skia òg. Dette er eit stort drawback med bc-bindingar. No hadde eg smurt dei med vaselin før eg reiste, men under skikkeleg kalde forhold i fjellet, er desse bindingane nesten ubrukelege. Det er på høg tid at eg skiftar til vanlege Kandahar-bindingar og andre sko. Det vart eit heilt styr å få sko og ski på gang igjen......

Deretter gjekk turen vidare ned igjen til Skjerlia. I minkande ettermiddagssol og i lette skyer var dagen no på hell. Det kjende eg i kropp og sjel. Ein eineståande dag på over 7 timar i vinterfjellet var over..... Eg vil kalle meg priviligert som får oppleve slikt...!

Fra Heileberget 120210

Ingen kommentarer: