Facebook

søndag 27. februar 2011

Skoddefull helg

Snøen har minka mykje i bakkane ovanfor Osland no. Foto 27/2.

Vi har hatt besøk frå Bergen i helga, men eg  har likevel vore oppom Middagsnipa både i går og i dag. Merkeleg kva ein får tid til når ein vil.... No var det ikkje akkurat så mykje å sjå desse dagane. Skodde, regn, vått og blaut snø. I går var det skikkeleg tjukt, til tider noko betre i dag.  Eg tok nokre bilder i dag, i går hadde eg berre med mobilen, men nokre blinkskot er det nok neppe...:-)

Jammen hadde snøen minka mykje. Opp den lange og bratte bakken ovanfor Osland, var det snøfritt heilt til toppen. Og vidare innover låg fjellnakkane bare. Elvane rann friskt. Det er absolutt vår i lufta. Ei flott tid vi går i møte no... 


Fra Middagsnipa 26_270211

torsdag 24. februar 2011

Tøff utfordring

 Under hammaren nedanfor skaret 
på Svarthamrane etter ein vellukka tur på toppen. 
Letta, etter infernoet der oppe....

Eg hadde ein dag ferie i dag sidan Peter har vinterferie. Men då både Olaug og eg må på jobb igjen i morgon, vart det til at Peter reiste til Margunn i Førde, og blir der til i morgon. Margunn er eldste dotter mi frå første ekteskap. Sidan eg såleis vart fri og frank, tok eg siste turen på Svarthamrane... i denne omgang. 

Vèret bydde ikkje akkurat opp til nokon solfest. Det bles så det dura oppe i Yndestadfjellet. Rennefòket stod som ein vegg ut frå Størdalsstauren og Skålefjellet. Eg bestemte meg likevel for eit forsøk på å nå fjelltrimposten på Svarthamrane. 

Det hadde snøa litt i løpet av natta. Og opp Gjerdedalen hadde det fòka seg til ein god del meir med laussnø. Spesielt under tregrensa. Og lenger oppe i Brekka fekk eg første skremmeskotet for dagen. For brått small det som 17.mai salutten i Dale i gamle dagar, og heile bakken med snø losna i nokre digre sprekker. Heldigvis rasa ikkje den snøfylte lia ut. No heldt eg på å snu. Staven min botna ikkje i snøen. og eg hadde eit svara strev med å kome meg laus igjen der i frå. Etter å ha vurdert situasjonen, snudde eg tilbake og tok opp lenger oppe under ein hammar. 

Første skremmeskotet for dagen var i denne hellinga som eg her
er komen over. Ei snøsprekke t.v.

Andre skremmeskotet for dagen fekk eg berre eit lite stykke lenger oppe. Akkurat på same måten. Nokre svære sprekker i snøen i hellinga ovanfor meg og vidare rundt. Eg følte eg bevega meg på tunn is... men heldt nok ein gong fram. 

Det siste skotet kom i vesthellinga ved Dalselva, i bakken opp snarvegen på Skålefjellet. Det small høgt gjennom ylinga av vind og rennefòk. Men sjølv om eit digert og tjukt flak av snøen lòsna nokre centimeter ovanfor meg heldt han seg likevel på plass, og eg kom meg på trygg grunn bort til Alteret. 

No var eg ganske skeptisk på å halde fram. Vinden og fòket rundt øyra var ein ting, men den bratte vestvende bakken ovanfor noko heilt anna. For ikkje å nemne sjølve skaret lenger oppe. Her er det bratt! Eg tykte likevel at det var fortærande å ha gått så langt og måtte snu. Det ville gi ein dårleg smak i munnen etterpå.... Eg heldt difor fram, og tok opp heilt under fjellet i bakken ovanfor Alteret. Eg vart noko meir optimistisk til sinns då snøen virka til å ha sett seg litt meir her oppe. Likevel var det ein klar fordel å gå på trugane som eg hadde teke på meg lenger nede. 

Mot Stongfjorden ved Alteret
Her i frå og vidare opp var vinden voldsom...

Oppe under hamrane før skaret, tok vinden og fòket noko enormt. Spesielt ned sjølve skaret. Eg bestemte meg for å sette frå meg trugane, og gå på broddar resten av vegen opp. Det var eit rett val. For etter å ha runda kanten på hammaren, var det omlag som å bli treft av ein vegg. Vinden var så kraftig at eg vart slått tilbake og hadde store problem med å fote meg. Heldigvis var underlaget ikkje glasert, men gav brukbart fotfeste dei fleste plassar. 

Eg heldt kanten på nordsida av skaret opp. Det var blytungt. Spesielt av den sterke vinden midt i mot... Men eg kom meg vidare opp mot toppen. Her låg det ei kjempestor fonn på høgre sida, medan det på venstre sida var danna ei slukt. Hadde vinden og fòket vore voldsomt nedanfor, var det bagatellar mot kva det var på toppen av skaret. Eit inferno, verken meir eller mindre. Gòvet stod rundt øyra. Hadde eg ikkje hatt brillene hadde det vore umulig å sett nokon ting. Eg måtte krype på alle fire over kanten på toppen av skaret. Underlaget bestod av hard fòksnø og avblesne, islagde steinar. Noko særleg høg i hua var eg nok ikkje.... Dette var krefter som slett ikkje var å spøkje med. Men å snu no, så nær toppen, ville vere eit reint nederlag. Eg runda difor hamrane på nordsida, der vinden var litt spakare, og fekk summa meg litt. Rennefòket fauk ut frå hamrane over hovudet på meg. 

Eg gjekk vidare nord om Svarthamrane, og tok opp på sjølve det eksponerte topplatået. Snøen var blitt til blåis mange plassar. Jammen godt eg hadde broddane på elles kunne dette ha blitt reine sjanseseglasen. 

Eg visste kva som vente meg over kanten på nordsida. Igjen. Eg snøra i hop alt eg hadde på meg. Festa brillene ekstra godt, og verna ansiktet så godt eg kunne med det eg hadde på meg. Bang - midt i planeten. Eg vart slått tilbake to gonger av vinden, delvis pga islagde steinar, men kom meg over. Vinden var enorm akkurat ved kanten. Ingen tvil om at det var storm. Og vidare bort på toppen hadde eg stadig problem med å halde meg på føtene. Likevel kom eg meg bort til varden omgitt av glaserte hamrar. 

Det hadde vore eit sant slit. Og nokon nytelse hadde det ikkje vore akkurat.... Kanskje litt sjansespel? Noko anna situasjon enn kontorstolen på jobb. Blodet koka! Adrenalinnivået var på topp. Og opp var eg komen. Det var det viktigaste. 

  Bak ein hammar ved toppen ser vi mot Dalsfjorden og Vårdal
Vanvittig vind på turen i dag. Her frå toppen... Blåfjellssåta og Dokka bak.

På toppen var det sjølvsagt kul umulig å halde kameraet i ro. Godt med bildestabilisator! Eg låg bak den vesle varden, i skjul, så godt det lèt seg gjere. Vinden hylte rundt øyra. Eg bytte ut hanskane med dei gode vottane, men resten av klesbytet fekk berre vere. Arcteryx Theta jakka fungerte heilt topp. Heldigvis hadde eg teke denne i dag, og ikkje den tynne Rab-jakka. Dunjakka fekk berre ligge i sekken. Etter nokre fotoknips kom eg meg så fort som det lèt seg gjere der i frå. 

Første utfordringa ned igjen var å komme seg heilskinna over kanten på nordsida. Eg formeleg kraup over og ned på lèsida, der det var noko meir livd for vinden. Så var det den glaserte bakken ned mot skaret. Heldigvis tok vinden litt mindre her, så det gjekk fint. Deretter var det kanten over toppen på sjølve skaret, og ned på nordvestsida mot Mannsskaret. Fytti rakkaren kor det bles. Likevel gjekk det nokså greitt bokstaveleg tala ved å krype over her òg med vinden i ryggen. Turen ned skaret til under hammaren der trugane stod, gjekk utan problem. Godt det ikkje var blåisen ned bratta her...! 

 Denne T-steinen står oppå ein svær stein som er minst 2 m høg
Eg pusta letta ut og tok eit par bilder her i lè for vinden (m.a. sjølvportrettet øvst). Turen vidare ned Brekka og dalen gjekk greitt. No hadde eg vinden og rennefòket i ryggen. Spora opp var sjølvsagt fòkne igjen, men eg tok over bakkane med skremmeskota der eg hadde gått opp. Eg merka ingen ting til nokre snøskot no, og kom meg utan problem ned til skogsvegen og vidare ned til bilen. Puhhh - dette hadde vore ei utfordring. Godt å vere komen ned igjen frå "galskapens teater"...

(P.S. eg veit ikkje om bilda egentleg fortel så godt korleis det var der oppe i dag, men dei kan no gje ein liten smak likevel...) 


Fra Svarthamrane 240211_1


tirsdag 22. februar 2011

Solnedgang på Middagsnipa

 Utsikt mot Stongfjorden frå Middagsnipa i ettermiddag.

Eg avspasserte ein time på jobb i ettermiddag for å ta ein siste tur opp på Middagsnipa før omslaget i vèret set inn. Eg hadde med meg klede på jobb og skifta der. Det har vore fint å gått opp på føtene no i det siste. Mildvèret som kjem set vel ein stoppar for det - i ei eller anna lei. At det er vèrskifte på gong merka eg godt på søraust vinden. Den svei skikkeleg i kjakane. Kombinert med nokre minusgrader var det ganske kaldt ja. 

Det gjekk fort og greitt inn på toppen. Eg skifta nokre klede, tok nokre bilder, og returnerte same vegen. På veg ned igjen gjekk uttrykket "Når sola går ned i ein sekk, er den neste dag vekk" opp for meg. Om det stemmer vil tida vise. Det vart iallefall temmeleg fort mørkt. Men då var eg nesten komen ned igjen på kanten av fjellet ovanfor Osland. Fin ettermiddagstur eller kanskje førmiddagstur er det rette.

Fra Middagsnipa 220211


søndag 20. februar 2011

Dobbel Middagsnipa

Kunstneriske snøformasjonar ved Middagsnipa

Eg er i grunn glad for at eg er vaksen forbi stadiet som småbarnsfar. Det er nok med ein snart 11-åring i huset. Det krev sin mann å ha to 2-åringar og to 3-åringar ei helg. No var det ikkje heile helga for alle ungane då, men likevel. Sanninga er likevel at eg kunne gått i fjellet heile helga og biltt omlag like trøtt. Men kanskje ikkje akkurat på same måten då. Det er nok å vere bestefar og goffa for ei helg, om ikkje det er kvar dag.... 

Olaug, snill som ho er, gav meg likevel såpass permisjon at eg fekk suse opp på Middagsnipa i dag òg. Vèret var jo praktfullt og vinden så  totalt fråverande at det nærast hadde vore eit slag under beltestadiet for fjellomane å ikkje fått kome seg ein liten tur opp i fjellet i allefall. Det var påskestemning i ettermiddag nemlig. Blikkstille på toppen og flott sikt. I går var det meir disig. Elles er det no stor forskjell å vere på toppen klokka 09 som i går, i forhold til 13.30 som i dag. Himmelvid forskjell egentleg både i lys og varme. Så jammen har vi mykje å takke sola for. For å seie det på den måten. 

Eg traff forresten Vigdis ilag med gemalen oppe i bakkane på motsett kurs av meg. Eg på veg opp. Første gongen eg har treft folk oppe i her. Eit lite vårslepp i solbakken. Så vi slo naturlegvis av ein liten prat. Så no er det berre å håpe på mange liknande dagar framover ettersom det lysnar meir og meir om ettermiddagane.    


Fra Middagsnipa 200211

lørdag 19. februar 2011

Kjapt på Middagsnipa

 Soloppgang ved Kringla og Fossedalshengenipa

Ja, så vart det berre tid til ein rask tur på Middagsnipa i dag tidleg. Bestefaren må trå til som barnevakt. Så no blir det fire barnebarn her i helga. Mine sine og Olaug sine... To av kvar... (Fleire som treng barnevakt...?) 

Når det er sagt, vart det no ein flott tur opp på Middagsnipa. Minus 6 på Osland og sola dukka opp ved Indrevågefjellet. Eg var framme på Middagsnipa akkurat klokka 09. Tidleg og greitt.

Eg tok snuren ned om toppane på nordsida mot Flokeneset på veg ut igjen. På plassar eg ikkje hadde vore før. Det var litt kjekt å sjå nordsida av kommunen frå ein ny vinkel. Elles er det vel ikkje så mykje å seie anna enn at eg må hoppe i bilen i staden for å blogge. So isst dass Leben...



Fra Middagsnipa 190211

torsdag 17. februar 2011

Daglege plikter

Utsikt ut Dalsfjorden frå Heileberget forrige lørdag

I tillegg til jobb, har denne veka stort sett vore fylt med plikter på den eine eller andre måten. Fjellturar på kveldstid har det rett og slett ikkje blitt tid til. Men no nærmar heldigvis diverse oppussingsprosjekt seg heime slutten, fruen blir blidare og blidare for kvar dag og vèrmeldingane betre og betre, så no kan ikkje helga kome raskt nok. Elles er det no så utrulig kjekt å sjå kor det lysnar om ettermiddagane... Så snart er det full køyr!

I kveld er det dag for Håvard, eldste til Olaug, med middag. Eg får ta ein joggetur etterpå for å få ut litt rusk av systemet.  







søndag 13. februar 2011

Friske februarvindar

 Utsikt mot Svanøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden
 og Hovden frå stigninga mot Indrevågefjellet i dag tidleg.

Forsyne meg vart det bra vèr i dag òg. Det måtte sjølvsagt nyttast ute. Og sjølv om kroppen bar eit visst preg av rangelen på fjellet i går, tok eg likevel turen opp på Middagsnipa i dag. 

I ein sur austavind gjekk eg frå Osland og opp den vanlege ruta. Det låg lite snø nede, men lenger oppe i dei bratte bakkane låg det noko meir. Eg kjende fort at turen i går sat i kroppen. Eg måtte puste på fleire gonger mot toppen nedanfor Indrevågefjellet. Snøen var veldig variabel i djupne og bar berre sånn delvis. Men opp kom eg meg, til ein endå surare austavind. Eg måtte på med buff og hette, og skjule ansiktet mest mogeleg for den stikkande vinden. 

Her i frå og vidare opp og austover gjekk eg med trugar i dag. Det var heilt topp. Med is, skavlar og foksnø var trugane perfekt som framkomstmiddel. Dei kvasse jarna under sit som støpt på is og skare. Dei er òg gode i skrånande og ikkje altfor bratt terreng. Eg kom meg såleis fint inn på Middagsnipa.

Det var surt her inne i dag tidleg i 10-tida. Om ikkje det var så mange kuldegrader, så gjorde vinden desse gradene ekstra kalde. Men eg fann meg eit hammarslag litt i ly for vinden og fekk på meg tørre og varme klede. Ei ull Devold og dunjakka var nok. Pluss balaklava, buff og ny vindtett  hue på hovudet. 

Eg tok turen bortom Indrevågefjellet på veg ned igjen. Det er fin utsikt her i frå mot nordvest til m.a. Svanøy, og vestover Stongfjorden. Deretter gjekk eg beint ned igjen, og gledde meg til ein varm dusj og god fyr i ovnen. Det var nok vinterfjell for denne helga...:-) 

Fra Middagsnipa 130211



lørdag 12. februar 2011

Fenomenal og slitsom februartur

Utsikt frå Heileberget i dag
 
Laurdagen kom akkurat slik som meldt. Fint og kaldt vèr. Minus 7 grader på Yndestad. Eg hadde allereie pakka sekken kvelden før, og var klar for ein fjellrangel.  Eg hadde utstyrt meg godt med både trugar, ski og fjellsko i sekken. Broddar låg òg med. Klar for nesten kva det skulle vere.

Eg kom fram til Timrevikja i Skjerlia akkurat kl 08. Tok med meg siste, flotte nyhenda frå Egypt og vèrvarselet. Tilskyande til kvelden. Perfekt for min del. 

Det var forbausande lite snø i Skjerlia. Her brukar det å ligge bra mengder. Men eit stykke lenger oppe, omlag ved myra, vart snødjupna ei heilt anna. Tung laussnø å ta seg oppover i. Og i berget oppe ved brua i ura, vart det ein heil seanse. Det var som å trakke i storkorna mjøl. Tilslutt måtte eg berre ta av skia for i heile teke å komme meg opp. Denne snøtypen vart eit bal mange plassar i dag der det var bratt.  Ikkje rart dei snakkar om snøskredfare. Eit tjuk lag snø som går omlag som på klinkekular. 

 Ved Markavatnet i dag tidleg

Ein sur trekk i lag med alle kuldegradene svei godt i kjakane på veg opp forbi Krokavatnet og mot Fossedalshengenipa. Då dukka sola opp med eit gyldent skin over fjella. Nydeleg. Positiv effekt med vintersola. Så gjekk turen over dei islagde vatna. Nipevatnet først og deretter Langevatnet. Piano. Nipebu fekk første solstrålane på taket akkurat då eg kom fram. 

Nokon varme var det ikkje akkurat i dei strålane. Gradestokken på hytta viste minus 13, og ein sur trekk i tillegg gjorde det bikkjekaldt! Eg spadde vekk minst ein meter med snø som rakk over dørklinka. Litt klureri for å få inn nøkkelen i den frosne låsen, men med eit klikk gjekk døra opp. Her var dei ei stund sidan det hadde vore folk. Eg skifta på meg nokre nye, tørre klede og la att trugane, fjellskorna og dei sveittevåte kleda. Deretter gjekk eg vidare sørover. 

 Nipebu klokka 10 i dag

I første bakken bort med vassslangen, låg det ein kjempefonn som eg måtte gå langt nedom. Og i skaret bortom, til nedstigninga til Dalsstoredalen, låg det vanvittig med snø. Eg tenkte med meg sjølv at her skal det bli moro å kome seg opp igjen.... 

På turen vidare sørover over dalen tok eg eit stykke aust for Svartevatnet, omlag i grensa på bjørkekjerra. Det var tungt. I djup snø som hadde lagt seg til ro. Ei forskrekka kvitkledd rype skratta slik at eg  hoppa. Elles var det så stilt så stilt. Ikkje ein lyd. Som om eg var åleine i verda...

Eg tok peiling opp på Heileberget i skaret aust for Driveknolten. Det gjekk lettare eit stykke oppe i bakkane då snøen var fastna litt til av vinden. Eg skrådde meg deretter opp vidare austover, og tok peiling på Nonsholten på 739 og 752 moh. Og kom meg fint opp hit trass i eit virrvarr av småfonner. Sjølv om bølgjene gjekk kvite i austatrekken på Dalsfjorden der nede, tok vinden heldigvis mindre her oppe enn eg hadde frykta. Vind kombinert med mange minusgrader er ikkje å spøkje med. 

Siste stykket inn på Fløien. Dale t.h.

Seigaste stykket på Heileberget vestfrå Rivedalstraktene, er austover frå Nonsholten og inn på toppen. Du er komen opp på rette høgda her no, men det er eit godt stykke inn på Fløien på 761 moh. Det er kuppert terreng her framme på kanten mot Dalsfjorden. Og det tek si tid å nå fram til varden. Du kjenner turen i føtene, men må sjølvsagt inn på høgste punktet. Men så luftig og fritt som siste stykket er, gløymer du fort ømme føter. Det er fantastisk utsikt ned til Dale og inn og ut Dalsfjorden. For ikkje å snakka om panoramautsikta til alle fjella i vest, nord og aust. Nydeleg. Ikkje minst ein fullverdig vinterdag...!

Eg hadde med meg endå eit klesbyte på overkroppen i dag. 3 sett! Herlig å få på seg ny hue, buff, varmaste Brynje Artic og Rab dun. Perfekt. Eg var så varm som eg kunne bli. Tok nokre bilder og ein videosnutt, men fjelltrimboka gav eg opp å finne. Den låg under 1 meter med snø, skare og is. Og spade og hakke hadde eg ikkje med.... (Får ta ei innføring ein gong seinare...) 


 Underteikna og Dale frå Fløien i dag

Eg luffa ut igjen same vegen, med broddar under føtene, og fann att skia eg hadde sett igjen litt lenger ute. Det gjekk fint å renne ned igjen same vegen. Vel, fint og fint. Snø, fonner og skare sette føtene på prøve. Eg måtte stoppe opp eit par, tre gonger med føtene fulle i syre... Pinn stiv! Det var jo første gongen eg hadde ski på føtene denne vinteren.....

Som eg nemnde tidlegare vart skaret opp igjen frå Dalsstoredalen ei stor prøve. Eg fann fort ut at skia måtte av. Problemet var berre at eg stod til livet i laussnø i bratte bakken. Og eg var etterkvart begynt å gå tom for næring. Eg pusta og pesa, kraup på alle fire med leggene som støtte, men seig likevel gjennom en meter med snø - minst. For eg køyrde skia gjennom snøen til tuppen var under. Men opp måtte eg, og etter mykje bal stod eg på toppen. Skikkeleg møyr. Heldigvis var det berre ein liten bit bort att på Nipebu. No var det på høg tid med ei matykt...!

 Tilbake på Nipebu. Tid for matykt...!

Eg sette meg på spaden ute i snøhaugen. Sola varma, men trekken beit. Det var godt med mat ja. Hadde nok gått litt for lenge utan. Eg pakka deretter alle kleda i sekken, der nesten alt no var fuktig og vått, festa trugane på sekken og vinka farvel til Nipebu i denne omgang. 

Borte ved elva mellom Nipevatnet og Langevatnet skar det seg noko. Her var det ein opning i isen  i elva som eg ville fylle vassflaska frå. Eg trakka sjølvsagt gjennom snøen og ned i vatnet... No vart eg ikkje våt då, men skorna fraus under og det gjorde bindingane på skia òg. Dette er eit stort drawback med bc-bindingar. No hadde eg smurt dei med vaselin før eg reiste, men under skikkeleg kalde forhold i fjellet, er desse bindingane nesten ubrukelege. Det er på høg tid at eg skiftar til vanlege Kandahar-bindingar og andre sko. Det vart eit heilt styr å få sko og ski på gang igjen......

Deretter gjekk turen vidare ned igjen til Skjerlia. I minkande ettermiddagssol og i lette skyer var dagen no på hell. Det kjende eg i kropp og sjel. Ein eineståande dag på over 7 timar i vinterfjellet var over..... Eg vil kalle meg priviligert som får oppleve slikt...!

Fra Heileberget 120210

onsdag 9. februar 2011

Om ikkje å gå i spikje

Varden på Middagsnipa 2/1-11

Eg har ikkje vore mykje gira på å ta opp i fjellet på kveldstid desse dagane. Det kom ny forsyning med laussnø tidleg i veka, og då veit eg korleis det er opp på Svarthamrane. Kort og godt eit slit. Og i mørkna, etter ein dag på jobb, gjer dette ikkje meir lysteleg. Så eg får ta helgane til hjelp til det lysnar meir på ettermiddagane. Og det skjer jo fort no.... Til helga er det visst meldt brukande vèr òg. Eg har difor ein plan på lur...!

For ikkje å gå heilt i spikje, knytte eg difor på meg joggeskorna og sprang til gruvene på Osland og heim igjen i stad. Ca mila. Det var hardt nok opp bakkane til demma med ein god sørausttrekk midt i mot.... Eg måtte prate litt med meg sjølv for ikkje å stoppe. Eg merkar at jogging ikkje er heilt mi greie, som det heiter. Eg treng ein ekstra positiv tankegong for å halde det gåande. Noko særleg trøtt blir eg ikkje, men jogging blir i det heile nokså stakkato og kjedeleg. Belastninga på ein halvgamal kropp er sikkert ikkje særleg bra heller. Iallefall på ledda. Men, men dette har eg heller ingen intensjon om å overdrive. Eit par mil i veka må vere nok....!  I naudsfall...

søndag 6. februar 2011

Dobbel Svarthamrane

Voldsomt blindeføre i dag....
Vi ser Svarthamrane (høgste toppen litt bakom midten av bildet) og Mannsskaret frå Alteret.
Ruta opp føl under ura og mot høgre til nesten i toppen på skaret,
der det går eit nytt og brattare skar opp til venstre.

Så vart det ein dobbel Svarthamrane denne helga. Eg gjekk i dag opp igjen spora frå. Eller det vil seie - spora var berre synlege opp til skoggrensa. Ovanfor låg snøen som ei barnerumpe. Og i visse parti var det eit slikt blindeføre at eg knapt såg noko som helst nede ved føtene. Igjen var trugane eit godt hjelpemiddel på midterste delen av turen.

Medan eg var heldig med bygene på toppen i går, og fekk oppleve ei sjeldan sol, var det stikk motsett i dag. På toppen var landskapet utviska. Ei nordabyge med snødrev, skodde og vind gjorde det ufyseleg. Eg tok meg likevel tida til å skifta til varme og tørre klede, før eg såg meg ned igjen i låglandet. Det var ikkje forhold for varmblodige der oppe i 10.30 tida. Men slik har det vore denne helga. Frå ganske fint til eit inferno på nokre minuttar. Iallefall oppe i fjellet. Likevel var det herlig å få bryne seg ein gong til på denne turen denne helga. Og no manglar eg berre ein tur opp hit før eg ser meg ferdig med dette fjellet.....i denne omgang...:-)

Fra Svarthamrane 060211

lørdag 5. februar 2011

Håp i hangande snøre

Utsikt mot Moldura frå Svarthamrane i dag tidleg
Då kom eg meg opp igjen på Svarthamrane denne lørdagen òg. Faktum er jo av dagen vart ganske fin. Mykje betre enn meldingane tilsa. Og då eg stod opp litt før 07 var det stjerneklårt ute med antydning til frost. Eg var ikkje sein om å få i meg grauten. Deretter å pakke sekken. Og i gong opp Gjerdedalen før 08. 

No tok det ikkje mange minuttane før det kom ei skikkeleg snøbyge inn fjorden. Og eg såg verken bygda eller Skålefjellet nett ovanfor i det heile teke. Men så lenge tok det ikkje før eg såg lysning i vest. Å snu var aldri eit alternativ i dag.

Eg kom fort opp i ganske tung snø. Eg gjekk ei stund utan trugar, men lenger oppe, forbi det brattaste partiet, seig eg gjennom til langt opp på anklane. Då var trugane gode å ta på....! Det ligg no alvorleg med snø lenger oppe i dalen ved Alteret og vidare opp. Omlag 1,5-2 meter. Litt varierande kor snøen har lagt seg til ro i vinden. Nokre av merkestikkene mine ser eg berre toppen av, medan andre er skjulte i snøen. 

Eg hadde ikkje sjanse å fote meg med trugane på opp det bratte skaret. Ein halvmeter storkorna snø gjorde det umogeleg. Eg glei like mykje tilbake som stega eg tok fram. Difor var eg nøydd å gå opp på skorna. Det var eit sabla slit. Ei snøbyge dreiv inn med nokre vindkast frå nordvest og traff meg i ryggen. Men allereie opp på topplatået letta den, og eg såg Holmedal i godvèr. Faktisk keik sola fram òg. Fantastisk flott. Skikkeleg flaks igjen. Så eg fekk teke nokre vinterbilder frå fjellet denne helga òg. 

Vel tilfreds bar det ned igjen same vegen. I øverste delen av dalen var det igjen godt å ta på trugane. Her seig eg langt gjennom snøen. Med trugane på bar det så godt at eg småsprang til Alteret. Men i bakkane nedst måtte dei av. 
Herlig tur. Godt å kome litt igang igjen etter dvalen.... Og no har eg nesten dei turane opp hit som eg hadde tenkt meg på førehand....!
Fra Svarthamrane 050211

onsdag 2. februar 2011

Elendig januarvèr

Frå siste fjellturen på Svarthamrane

Vintervèret lèt vente på seg. Nok ei veke med regn, sludd og vind. Og eg har sett det lite føremålstenleg å gå opp i fjellet i mørkna etter arbeid når vèrgudane har vore så ilskne. Det er no ikkje berre berre heller på desse eksponerte fjelltoppane i mørkna...!

Eg har heller pusla med ymse anna innandørs i påvente av lysare tider. Og stikk du innom sona mi "Lysande Stemningar" på Origo, finn du litt amatørmessige forsøk på å spele skald.... Berre for moro skuld altså...:-)