lørdag 29. januar 2011

Takk for sist

På Svarthamrane i dag. 
Vi ser Dokka og Moldura i sørvest.

Endeleg vart det ein fridag med nokolunde vèr, så det gjekk an å komme seg til fjells igjen. Januar har vore ein sørgjeleg månad slik sett. Og endeleg kom eg meg opp igjen på Svarthamrane òg, etter eit par mislukka forsøk kveldsforsøk grunna djup snø.

I Stongfjorden er det ikkje snøfilla igjen no. Men opp skogsvegen i Gjerdedalen låg det ein heil del is i dag. Ikkje at det betydde noko, det gjekk heilt greitt opp. Og opp sjølve bakkane gjekk det òg heilt fint, sjølv om det låg litt is og var tele i marka. Eg kom meg såleis fint opp til partiet der eg har snudd eit par gonger for to-tre veker sidan.
Eit stykke nedanfor Alteret og vidare oppover låg det snø. Snøen var stort sett god å gå på. For det meste bar han. Iallefall eit stykke opp mot skaret. Og det gjekk difor radig oppover. Eg hadde med meg trugane, men dei bar eg både opp og ned utan å bruke. 

Ved Dalselva frå Skålefjellet såg det sørgeleg ut. Elva og eit ras hadde lagt flatt bjørkene rundt elvefaret, og svære is- og snøhaugar låg strødd nedetter. Eg støkte ei orrhøne som iakttok det same som meg. Eg skvatt til. Og litt lenger oppe tre lirryper på same måten. Kjekt å sjå at det framleis står til liv. 

 Kaotisk ved Dalselva frå Skålefjellet

Broddane måtte på oppe i det bratte skaret som tek av frå Mannskaret. Klok av skade frå ein gong tidlegare hadde eg dei med i sekken. Og omlag midt i skaret var det nesten rein is igjen. Men noko betre i den brattaste delen heilt på toppen. Det gjekk likevel heilt fint å komme seg opp. Fleire av merkestengene ved toppen såg eg ingenting til. Nokre var nok flata ut og snøa ned. For her er det skikkeleg vèrhardt kan eg fortelje....!

Det bles kraftig på topplatået. Ein isande kald vind. Men trur du ikkje at sola stakk fram nokre minuttar og helste på akkurat då eg nådde toppen. Skikkeleg flaks. Så vart det nokre bilder i dag òg. 

Eg kom meg berre litt i skjul for den kalde nordvestvinden, og fekk skifta nokre klede. Nevane vart til is med ein gong. Vottane eg har er fantastiske. Med dei på får eg fort varmen igjen i nevane. Men både i operasjonar med kamera og trimbok må dei av. Vind og minusgrader kjøler ufatteleg fort ned bar hud.... 

 Varden såg kunstferdig ut i dag...

Etter å ha fått skifta til gode klede brukte eg faktisk ei heil stund her i dag. Knipsa bilder og naut utsikta. Fantastisk flott med snø og snøformasjonar, skavlar, isdekte steinar og sol. Drivande kvitt. Og så eit flott syn til alle dei andre fjella og bygdene rundt fjordane. Kjempefint! 

Etter eit bèl gjekk eg ned igjen same vegen. Og i skaret var eg ytterst forsiktig for ikkje å miste fotfestet. Då kunne det lett ha skore seg... Turen ned dalen og bakkane under skoggrensa gjekk heilt fint. Men eg heldt fram med broddane under skorna heile vegen ned. 

Dette var fantastisk kjekt etter gamalt. Litt anna enn å tròve etter asfalten...:-)

Fra Svarthamrane 290111
Sola stakk fram aust om Blåfjellssåta

Ingen kommentarer: