lørdag 1. januar 2011

Nyttårsinferno

 Oppe på kanten av fjellet med litt sikt mot sør

Vèret såg ut til å lysne litt ut på føremiddagen i dag 1. Nyttårsdag, så eg fekk eit akutt behov for å komme meg ut av dørene. Eg køyrde difor opp på Osland og tok opp standardruta til Middagsnipa. 

Det låg ei blanding av ny/gamal blaut snø over Vågeskardet, og oppover første delen av fjellet. Noko glatt der telen sat i underlaget, og der det meste av snøen var regna vekk. Men øvst oppe mot kanten av fjellet, var det meir isete skare kombinert med fòksnø. 

Eg tok på meg trugane på den faste plassen og gjekk raskt opp og austover. Eg såg då at det svartna skikkeleg til ute i vest og i nord, så det var tydeleg kva som var på gang. Og rett aust av Indrevågefjellet var helsike laust. Nordaustkuling, snøbyger og rennefòk. Eg såg nesten ikkje framfor føtene. Reine white-outen. Heldigvis fekk eg drevet dels på venstre sida og mest i ryggen. Ved hjelp av nokre vardar og kjennskap til terrenget klarte eg omsider å komme meg inn på toppen. Men i dag var dette simpelthen ikkje lett. Eg tok meg heller ikkje tida til å byte klede, men gjekk beint ut igjen før alle trugespora bles igjen. Det vart sjølvsagt verre no med drevet nesten midt i mot. Heldigvis hadde eg med meg brillene. Dei var til god hjelp.

Ute ved Indrevågefjellet letta det såpass igjen at eg såg litt landskap. Eg stogga likevel ikkje mykje på før eg igjen stod ved bilen på Osland. 

Dette var mildt sagt ein  temmeleg ryskjen start på det nye året. Men i morgon er visst allereie meldingane betre.


Fra Middagsnipa 010111

Ingen kommentarer: