tirsdag 4. januar 2011

Slitexit

Varden på Middagsnipa i rosa morgonlys 2. januar

Det er vel gjerne ikkje så ofte eg gir opp eit fjell. Men i kveld måtte eg bite i graset, eller rettare sagt i snøen. Og av ein eller annan grunn var eg nesten førebudd på det. Etter dei enorme snømengdene som var komne i høgda siste dagane, var det jo ikkje anna å vente at handkleet måtte kastast inn. 

Eg vassa i blytung snø forbi den gamle fotballbana, opp Gjerdedalen og Brekka, med Svarthamrane som mål. 759 moh. Snøen rakk meg etterkvart til knea opp den bratte Brekka. Eg prøvde trugane eit stykke, men det var nesten like tungt. Dei seig gjennom den våte snøen, og med på kjøpet låg eit tungt lass blaut snø til det neste steget. Og så vidare. Det var nok. Over og ut. Exit. Fjellet ville ikkje ha meg. Etter ein time, og berre halvveges, var eg pumpa. I tillegg var eg småkvalm. Adrenalinet var vekke... 

5 kommentarer:

Janne's Photography sa...

Flott bilde!
Ikkje ofte eg høyrer at du har gitt opp å nå målet;-)

Unknown sa...

Takk Janne. Nei, det er nok rett. Men å gå nedst i kjellaren for å nå opp på eit fjell ein har vore x-antal gonger før er berre dumt.

Gratulerer med bloggen forresten. Den er skikkeleg bra. Lukke til!

Janne's Photography sa...

Det er eg heilt einig i ;-)))

Takk for at du likar bloggen min, det setter eg pris på!!:)))

Fin torsdag til deg!

Marie sa...

Hei :)
Eg kom heilt tilfeldig inn på bloggen din då eg søte på sysvorte på google. Nydeleg og koseleg blogg du har :)

Mvh Marie

Unknown sa...

Sysvorte(svarttrast) er vanleg kring om her ja. Eg har fleire i matfatet i vinter òg. Som medlem av NOF(Norsk Ornitologisk Forening) i mange år, er eg rimeleg fugleinteressert.

Takk for kompliment Marie. Koseleg at du var innom sida mi. Hald gjerne fram med det...:-)