lørdag 15. januar 2011

Elendig helgavèr

Sidan det vart eit så elendig vèr i dag, og ingen fjelltur, legg eg ut dei to siste dikta frå Lysande Stemningar. Dette er ei sone på Origo som eg brukar til litt amatørmessig dikting i ledige stunder.


Hi sida av gjerdet
Tekst og foto G.Skaar

Han fraus og skalv av is og fòk
Det kvein av vind eit sulig bråk
Ei hand og tær var kjenslelaus
Då høyrde han ei røyst så taus


Kva gjer du nord i dalane
Reis no sør om Alpane
Varmt og godt i kvar ein krok
Og fargerik ei bildebok


Som tenkt så gjort han flaug avstad
Til langt mot sør og herleg bad
Han brann som omn frå gloheitt sol
Eit rosa skinn ved swimmingpool


Då høyrde han ei røyst så taus
No er du jammen giddalaus
Finn igjen litt snø og is
Nok er nok av varm chablis


Ja, livet er eit paradoks
Frå brennheitt sol til fryseboks
Gleda er kvar enn du går
Stien er du sjølv som rår


Seglturen
Tekst og foto G.Skaar

Eg drøymde meg inn i ei reise så lang
At havet det lokka med sjømannens sang
Båten var kvit han og blå var mitt namn
Eit hjarte som segla frå hamner til hamn


Eg møtte på ferda så mangt eit kjekt folk
Og aldri eg trengde einkvan som min tolk
Det lyste frå auger av godhuga sjarm
Eit smil låg på lur med ein neve så varm


Som konge eg segla til land etter land
Vi dansa og lo i frå strand og til strand
Eg lærte meg songar eg aldri forstod
Men kva gjorde det når heilt like vi stod


Eg skjønte som så i ei stund der om bord
At alle var gode på moder vår jord
For handa og blikket er nett likedan
Frå Dale til Playa og aust osean


Eg vakna av draumen med smil om min munn
Og livet var herleg og tanken min sunn
For alle vi seglar i nett same lei
Frå vogga til grava er gjort i ein fei

Ingen kommentarer: