tirsdag 21. desember 2010

Fullmåne på Svarthamrane


 

 
Foto frå Svarthamrane 759 moh i kveld.
Bilde1: Austover mot Blegja
Bilde 2: Toppen på Svarthamrane t.v.
Bilde 3: Mot Holmedal
Bilde 4: Snøformer mot Blåfjellsåta t.v.
Bilde 5: Stongfjorden og mot Flørø 
(hvis nokon lurer på streken t.h. så er det Coastair:-))

Eg vart teken litt på senga oppe i skaret ovanfor Mannsskaret i kveld. Det var klink is under eit lag med 5 cm nysnø. Eg hadde verken broddar eller stegjern i sekken. Og her oppe er det bratt. Det var klin umogeleg å sparke hol i isen. Etter å ha rasa ned igjen eit stykke ein gong, var eg faktisk inne på tanken om å snu, for eg visste utmerka godt med meg sjølv at problema vart større ned igjen. Men toppen og månen der oppe var for fristande. Eg kom meg merkeleg nok opp ved hjelp av nokre steinar som stakk fram og eit par refleksstenger til å halde i.

Du verda kor fint det var på toppen. DEN månen som spegla det snøfylte landskapet i millionar av iskrystallar. Eg slapp faktisk å nytte hovudlykta, så lyst var det. Og etter at eg fekk på meg tørre og varme klede, vart det ei fantastisk kveldsstund.

Eg brukte delvis trugar opp. Av og på eit par tre gonger. Trugane er det gode jern under, så eg forsøkte dei ned igjen skaret. Men dei fungerte nesten som miniski. Og etter å ha sigla mot nokre steinar, tok eg dei av. No var berre flate skorna ikkje noko særleg betre, men etter å ha kryssa meg hit og dit, rasa eit stykke utan kontroll, kom eg meg inn igjen på spora midt nede i skaret. Her er det ikkje er fullt så bratt. Litt av problemet var at hovudlykta ikkje lyste langt nok til å sjå om det låg steinar nedanfor i sigleretningen hvis fotfestet forsvann. No gjekk det greitt til slutt i kveld òg, men det var iallefall ein god lærepenge om å få med seg utstyr i sekken. Utstyr som ein kanskje ikkje trur ein har bruk for. Det var ikkje heilt gode tilhøve der oppe i kveld! 

Heilt enkelt var det heller ikkje nedanfor. Det var skare og is under nysnøen og temmeleg glatt. Så eg tok det heilt piano heile vegen. Temmeleg matt kom eg meg endeleg ned på skogsvegen igjen. Heldigvis fekk eg meg nokre særeigne bilder i premie...

Forøvrig var det 10 minus ved fjorden då eg kom ned igjen. Sikkert noko meir der oppe... Men kulden er overhode ingen problem med. Eg var godt sveitt både opp og ned...:-)

Fantastisk fullmåne på Svarthamrane i kveld,
men kanskje streifar det ein tanke om turen ned igjen....
Iallefall rimeleg vill i blikket frå blitzlyset...:-)

3 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Er alle dei øverste bilda tekne i måneskin? Utruleg lyse! Kor lang lukkartid brukar du?

Unknown sa...

Ja, det var flott fullmåne der oppe ii går kveld. Dei to første er teke mot månen og difor litt grå. Dei andre er teke meir i frå månen. Månen stod nesten beint i aust. Eg brukar innstilling for "stjernehimmel". Dei to første er teke med 15 sekund lukketid, dei andre med 1 minutt.

Unknown sa...

Eg fekk ei tilbakemelding om at det var noko kunstig lys på desse bilda - til det kan eg seie at det er kunst i lys...:-) Iallefall i måneskinn.

Bilda er sjølvsagt noko lysare enn det var i røynda.