onsdag 1. desember 2010

Ein million diamantar

MMS på Svarthamrane i kveld 0 - 759 moh

Eg tok meg ein flott hovudlukt-tur opp igjen på Svarthamrane i kveld. Kaldt, friskt og fantastisk flott. 10 minusgrader nede i bygda. Men i kveld var heldigvis ikkje vinden så veldig sterk. 

Det glitra i snøkrystallar overalt, og stjernehimmelen var praktfull. Eit naturens gnistrande lysshow. Ei framføring frå øverste hylle her i livet. Til å bli religiøs av. For fjellet er eit naturens underverk vinterstid òg. Kanskje ekstra mykje no når mørket og kulden gjer det meir utilgjengeleg. Du går på en måte ekstra i eitt åleine med omgjevnadene og naturkreftene.

Spora frå fleire turar har blitt til ei god rås oppover no. Opp til skaret vel og merke. Her bles det meste til frå gong til gong. Slik er det oppe på det småkupperte topplatået òg. Fokksnø, hard og laus om eitt anna. Litt vassing i snø må du rekne med. I den øverste bratte delen av skaret var fokksnøen blitt skikkeleg hard. Men det gjekk greitt utan broddar. Fekk bra feste. Snøen og isen er jo ikkje så glatt når det er så beinkaldt. 

I dag gjekk det 1,5 time opp. Noko særleg fortare går det ikkje no. Det er ganske tungt med tilnærma kneløft for kvart steg i all snøen. Dei eldste spora er djupe, her har jo ikkje vore nedbør på aldri den tid... Ekstra byteklede, sekk og utstyr tyngjer ein jo noko ned òg. 

Eg fann meg eit lite hammarslag i ly for vinden oppe under toppen, vrengde av meg alt på overkroppen og fekk på meg gode, varme og tørre klede. Knall. Kjenne varmen komme i kroppen. Høgt til fjells i svarte natta. Eg og diamantane mine. Og i skaret ned igjen sigla eg på rumpa. Paramobuksa gjekk som eit skot, så eg måtte bremse med skohælane. Snøspruten stod meg i fleisen.... Herleg. Lått og løye... Du verden for ein flott tur.... nok ein gong...!


Ingen kommentarer: