tirsdag 28. desember 2010

Den rosa timen

Nydeleg solnedgang over Skålefjellet i ettermiddag. 
Stongfjorden t.h. Foto kl 15.11.

Eg avspasserte ein time på jobb i dag, og køyrde ut igjen i Stongfjorden klokka 13.30. Eg kledde meg om i Førde, og hadde med meg det eg trong for ein tur opp igjen på Middagsnipa. Planen var å komme meg opp og ned før det vart mørkt. Og kanskje nå att sola på toppen før ho gjekk ned. 

Siste strålane for dagen oppe på kanten av fjellet.
Sola skin akkurat ned "rumpeakebakken" min
(med største oppløysing ser du spora)
Dette er første delen opp på ruta til Indrevågefjellet og Middagsnipa.

Då eg kom ut igjen på Osland, såg eg siste solstrålane oppe på kanten av fjellet. Men eg rekna som so at sola heldt seg ei stund til lenger og høgre oppe. Med det i tankane tok eg i litt ekstra opp den lange og tildels stupbratte bakken. Det fekk eg svi for lenger oppe mot toppen. For her var spora frå 2. juledag fòkne til med meir snø. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Eg måtte stogge å puste på. 

 Den rosa timen over kjende fjell i aust.
Foto frå Middagsnipa kl 15.11.

Etter å ha kome meg vidare oppover slik at eg fekk toppen av Indrevågefjellet i syne, såg eg att sola. Ho skein endå. Rosa i lèten. Og strålane heldt seg akkurat til eg kom aust på toppen av Middagsnipa. Berre nokre minutt etterpå, gjekk ho ned aust av Skålefjellet. Flaks. Men jammen hadde eg stått på for å nå ho...

På veg ned igjen, vart himmelen rosa og raud der ute i vest. Og ikkje berre der. Om litt i aust og i nord òg. Den rosa timen.....! Perfekt tima. Det var som om varmen frå fargane på himmelen trengde rett i sjela....

Eg nådde ned igjen til bilen ei lita stund før det vart heilt mørkt. Nydeleg ettermiddagstur!

Fra Middagsnipa 281210

søndag 26. desember 2010

Nydeleg 2.juledag-morgon


Første solstrålane for dagen på Ytrevågefjellet. Kulden riv i kjakane.
Foto vest av Indrevågefjellet i dag tidleg.

Etter ein lang og sein julefrukost i går med familie, barn og barnebarn, tok eg tidleg av garde frå Osland og Vågeskardet mot Indrevågefjellet og Middagsnipa i dag. Målaren i bilen viste minus 14 grader då eg parkerte der oppe litt over klokka 08. Det var sjølvsagt rimeleg mørkt, så hovudlykta måtte tennast. Ein gamal måne stod rett i vest av Stongfjorden og spegla seg ut fjorden. Eg kunne skimte omgjevnadane i månelyset. Med dagslyset i vente innan timen, var det med andre ord ein perfekt vintermorgon for litt fjellrangling. 

Det lysnar i sør ved Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova

Spora frå julaftan var vegvisar opp brattene. Litt glipptak og litt glatt, men det gjekk sjølvsagt lettare no enn då. Kulden reiv i fjeset. Eg gjekk heller ikkje i dag med stillongs. Men fekk fort varmen i meg iført Paramo Cascade-buksa og Brynje alpinpulleytrøya under den lette Rab Drillium jakka. (Minst mogeleg med klede oppover er tingen....)  

Etter ein god halvtime, oppe på sjølve kanten av fjellet, kjende eg rett nok austatrekken bite godt frå seg. Kor mange minus det var her oppe kan eg berre gisse på.... Men med ei balaclava, vindtett hue og hetta på jakka ut igjen på, heldt eg bra varmen opp gjennom. Så mykje i ro kunne eg likevel ikkje stå. No var det blitt såpass lyst at eg pakka vekk hovudlykta. Og trugane var gode å ha på vidare austover. 

F.v. Portafjellet, Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova.

Etter kvart vart himmelen i sør og aust raud, lilla og oransje. I vest og nord rosa i lèten. Og mannen i månen kikka halvfull ned ute i vest, sør av Ytrevågefjellet. Eit utruleg skue å kunne oppleve natt gå mot dag så langt oppe på fjellet. Åleine. Bitande kaldt og krystall-klårt. Eit og anna harespor snirkla seg hit og dit. Eit revespor kryssa frå nord til sør. Nokre mys hadde stadig vore opp på den kalde og tørre puddersnøen og leika seg blant snørkrystallane. Ein glitrande vintermorgon. 

Eg følgde ganske konsekvent trugespora frå hin dagen til toppen av Middagsnipa der aust. Det gjekk lett. Veldig lett. Eg røska av meg jakka som var islagd av kondens innvendig, ei sveittevåt brynjetrøye og våte hovudplagg, og tok på meg Brynje Antartica trøya og Rab Endurance dunjakka. Og sjølvsagt nye hovudplagg. Det var ei kald avrivning i bar overkropp nokre sekund, men du verda kor varmen strøymde gjennom kroppen igjen etter nokre minuttar. Det kunne vore mange minus til for den del....

 Flott morgonlys over Svanøy, Askrova, Kinn, Reksta, Skorpa og Storebatalden.


Eg la merke til at det var endå ei stund til sola stod opp ved Portafjellet, så eg bestemte meg for å gå vest att til Indrevågefjellet for å få morgonsola der i staden. Så etter å ha knipsa nokre bilder frå toppen gjekk eg ut igjen dit.

Det passa nesten perfekt. Først kom sola i søraust hellinga på Ytrevågefjellet, og etter 5 minutt venting, stakk sola seg fram vest av Portafjellet. Det kvitdekte landskapet vart bada i eit rosa skin, før det etter nokre minuttar gjekk over i reinaste gullfargen. Fantastisk vakkert! Opplevingar frå øverste hylle i livet....


Soloppgang ved Portafjellet i dag tidleg

Eg snura meg vidare nedover og fann att trugespora frå turen opp. Etter nokre minutt var eg framme på kanten av fjellet igjen, tok av meg trugane, og sigla på rumpa ned første delen som eit skot. Endå nokre minutt seinare stod eg på flat mark i Vågeskardet. Så sulla eg meg over dei skuggelagde og beinfrosne myrane til bilen. Minus 13 her no, og eg var sveitt og god. Klokka var 11.30... Eg hadde ikkje akkurat skunda meg heller! Super juletur...

Fra Middagsnipa 261210
Soloppgang ved Portafjellet 26/12.
Foto ved Indrevågefjellet.


fredag 24. desember 2010

God Jul

Dagens juletur til Middagsnipa

Eg gjekk ein tur oppom Middagsnipa i dag tidleg frå Vågeskardet på Osland. Den lange og bratte bakken opp mot Indrevågefjellet var steinhard i dag. Med snø i knehøgde sa jo dette seg sjølv. Noko glatt var det under òg. Men etter at eg kom meg opp her, gjekk det fint på trugar austover den meir kuperte strekka forbi Indrevågefjellet og til Middagsnipa.

Det var noko snøfnugg i lufta og delvis skya oppover. Men medan eg var der oppe, stod faktisk sola opp ved Portafjellet og skein gjennom skylaget der i sør. Det vart retteleg fint. Reine kosen. Flott rosa skjer over den pudderaktige nysnøen. Nydelege snøformasjonar. Kaldt og fint. Og ingen vind i dag. Perfekt. Det kunne ikkje bli finare ein julaftan-morgon.

Eg gjekk stort sett ned igjen same vegen, men var ein tur bortom den sørlege varden òg. Flott utsikt mot Svelia og fjella i sør, og vestover til Stongfjorden, Ytrevågefjellet, Svanøya og Florøkanten. Mot nord til Førdefjorden og Håsteinen. 

Eg såg om litt at det kom ei ny byge inn frå vest av Stongfjorden. Så då gjekk meg meir radig ned igjen. Og sigla på rumpa så latteren ljoma det første stykket ned bakken. Snøspruten flaug delvis over hovudet, men tilslutt stoppa eg i ei gedigen fonn. Nysnø får guten fram i ein....

God jul til alle i hop! 

Fra Middagsnipa 241210



P.S. Ser du ferdig snutten ligg det fleire eldre videoar tilgjengeleg

tirsdag 21. desember 2010

Fullmåne på Svarthamrane


 

 
Foto frå Svarthamrane 759 moh i kveld.
Bilde1: Austover mot Blegja
Bilde 2: Toppen på Svarthamrane t.v.
Bilde 3: Mot Holmedal
Bilde 4: Snøformer mot Blåfjellsåta t.v.
Bilde 5: Stongfjorden og mot Flørø 
(hvis nokon lurer på streken t.h. så er det Coastair:-))

Eg vart teken litt på senga oppe i skaret ovanfor Mannsskaret i kveld. Det var klink is under eit lag med 5 cm nysnø. Eg hadde verken broddar eller stegjern i sekken. Og her oppe er det bratt. Det var klin umogeleg å sparke hol i isen. Etter å ha rasa ned igjen eit stykke ein gong, var eg faktisk inne på tanken om å snu, for eg visste utmerka godt med meg sjølv at problema vart større ned igjen. Men toppen og månen der oppe var for fristande. Eg kom meg merkeleg nok opp ved hjelp av nokre steinar som stakk fram og eit par refleksstenger til å halde i.

Du verda kor fint det var på toppen. DEN månen som spegla det snøfylte landskapet i millionar av iskrystallar. Eg slapp faktisk å nytte hovudlykta, så lyst var det. Og etter at eg fekk på meg tørre og varme klede, vart det ei fantastisk kveldsstund.

Eg brukte delvis trugar opp. Av og på eit par tre gonger. Trugane er det gode jern under, så eg forsøkte dei ned igjen skaret. Men dei fungerte nesten som miniski. Og etter å ha sigla mot nokre steinar, tok eg dei av. No var berre flate skorna ikkje noko særleg betre, men etter å ha kryssa meg hit og dit, rasa eit stykke utan kontroll, kom eg meg inn igjen på spora midt nede i skaret. Her er det ikkje er fullt så bratt. Litt av problemet var at hovudlykta ikkje lyste langt nok til å sjå om det låg steinar nedanfor i sigleretningen hvis fotfestet forsvann. No gjekk det greitt til slutt i kveld òg, men det var iallefall ein god lærepenge om å få med seg utstyr i sekken. Utstyr som ein kanskje ikkje trur ein har bruk for. Det var ikkje heilt gode tilhøve der oppe i kveld! 

Heilt enkelt var det heller ikkje nedanfor. Det var skare og is under nysnøen og temmeleg glatt. Så eg tok det heilt piano heile vegen. Temmeleg matt kom eg meg endeleg ned på skogsvegen igjen. Heldigvis fekk eg meg nokre særeigne bilder i premie...

Forøvrig var det 10 minus ved fjorden då eg kom ned igjen. Sikkert noko meir der oppe... Men kulden er overhode ingen problem med. Eg var godt sveitt både opp og ned...:-)

Fantastisk fullmåne på Svarthamrane i kveld,
men kanskje streifar det ein tanke om turen ned igjen....
Iallefall rimeleg vill i blikket frå blitzlyset...:-)

søndag 19. desember 2010

Vinterselskap

Flott tur på Middagsnipa i dag tidleg

Det var ein perfekt søndagsmorgon. Frisk og ikkje altfor kaldt. 7-8 minusgrader. Klårt vèr med nokre høge skyer. Men viktigast av alt, vindstille. I dag ville òg Vigdis slå følgje. Så saman starta vi frå Vågeskardet og opp litt etter 9.30. Vi hadde begge med oss trugar til å ta på oss lenger oppe. For den lange bratte bakken mot første toppen, vest om Indrevågefjellet, er nesten snøfri. Med berre nokre centimeter nysnø.

Ho grein litt på nasa, følgjet mitt, då eg tok opp snarvegen min, gjennom nokre einerkavar, opp ei slukt, over nokre islagde hamrar og luks til himmels. Over stokk og stein..... Men eg har funne ut at eg sparer litt tid på dette, samstundes så kjem eg godt igang, tynnkledd som eg også var i dag. Ned på fire nokre gonger gjer seg det.... Med dette kom vi oss fort opp på kanten der vi fekk teke på oss trugane. 

 Soloppgang ved Portafjellet og Vardenova

Det var som sagt ein nydeleg morgon. Og når dei første solstrålane nådde oss rett nedanfor Indrevågefjellet, skjedde dette akkurat som planlagt. Perfekt følgje i sola austover til Middagsnipa. Nesten ikkje vind, og flott trugeføre. Noko skare, litt laussnø og fonner. Du ser på landskapet kor vèrhardt her er. Vinden feier ytene og mange fjellrabbar ligg bare i dagen. Polerte med is. Temmeleg vilt, og ikkje særleg gjestmildt hvis ein ikkje er kledd for det slike vinterdagar. 

Største problemet for ein halvgammal fyr i dag, var å høyre kva selskapet som var med, ytra seg om. Skare og trugar er ikkje akkurat ein lydlaus kombinasjon. Så det vart litt ekstra hææ og haa undervegs. Kunne jo ikkje godt stikke nasen opp i fjeset på sidemannen heller... Men vi nådde raskt og effektivt inn til varden. Vel nøgde.

 Vigdis på Middagsnipa i dag. Ytrevågefjellet.v.

Her skifta vi ein del sveittevåte klede, knipsa nokre bilder, og sette kursen vestover igjen. Framleis vindstille med solskinn sør frå Portafjellet. Sola laga fine skuggar i vindforma snøfonner. Perfekt vinterdag. Det var som eg sa til Vigdis -  vinterfjellet er fantastisk. Så lett å puste i den klåre og kalde lufta. 

Frå kanten og ned igjen tok vi av oss trugane. Og i den øvste snøfylte bakken sigla vi ned på rumpa. Liv og løye og snøsprut i andletet. Godt å kjenne gutungen i seg av og til. 

 Rumpesigling med snøsprut fjeset i minus 10 er friskt...:-)

Ein flott tur var over. Fin oppladning til familiebesøk og utveksling av presangar i Dale seinare på dagen. 

Fra Middagsnipa 191219

lørdag 18. desember 2010

Bitande kald vind

Isande vindar på Gjelsvikefjellet i dag tidleg

Eg vog litt fram og tilbake på om eg skulle gå på Middagsnipa eller Gjelsvikefjellet i dag. Det enda med sistnemnde. Det såg nemleg ut som om skydekket var lettare lenger inne i landet enn her uteved kysten. Så eg pakka sekken med gode og varme klede, trugane utanpå og tok sjølv på meg dei vanlege lette kleda. 

Nokre centimeter med nysnø var faktisk berre av det gode. Det dekka effektivt isen i stien oppover. Og eg gjekk raskt opp Fesselia og til Selvikestølen. Herlig å kjenne overskotet i kroppen og tilsvaret den gav tilbake. Etter å ha gått litt mindre i haust enn før, kjenner eg at overskotet er på plass når eg først går....

På Selvikestølen tok eg på meg trugane. Som på mandag. Litt meir nysnø gjorde ingen ting frå eller til. Men austavinden fekk skikkeleg tak her i frå. Rett sør om Gjelsvikestølen stod rennefòket som ein vegg nedover skaret her og mitt i fleisen på meg. Hadde det vore nokre kuldegrader kaldare, kunne det lett blitt skikkeleg tøft oppover mot toppen. No var det røfft som det var. Blankpolerte hamrar og berg, og fòket stod over rabbane. Eg måtte til å verne ansiktet, men fekk etter kvart vinden i ryggen. Eg kom meg så godt som mogeleg i skjul bak ein stor stein og fekk av meg dei sveitte klede. eVent-jakka fraus til flatbrød. Nevane var kjenslelause på eit minutt.... Men livet fortona seg heilt annleis nokre minuttar seinare med supre vottar og 3 lag varme og vindtette klede på, vindtett hue med buff rundt hovudet med ei super dunhette over til slutt....! Det var som å gå frå helvete til himmels på to minutt! 

 Soloppgang ved Yksnefjellet og Blåegga

Medan eg fekk namnet i boka flaksa toppen av syrekannna vestover det polerte fjellet med meg til palings etter (fjelltrimbøkene ligg ofte i botnen av ei avkappa syrekanne med den avskorne toppen på same kanna over, som skjul for vèr og vind) . Heldigvis stoppa toppen av kanna eit stykke bortanfor utan å fare ut for fjellet, så eg fekk heile stasen på plass igjen trygt under ein solid stein. Så fekk eg teke nokre bilder av den fantastisk raude og flotte himmelen i søraust der sola såvidt kikka fram, før ho forsvann bak skyer igjen. Inne ved Blegja og traktene rundt stod rennefòket som ein skoddevegg over fjellet. 

Eg gjekk så ned igjen same vegen mot Gjelsvikefjellet. Stor var overraskinga då eg såg einkvan kome på ski opp same vegen. Det viste seg å vere Dag Tore. Så vi fekk oss ein prat ilag rett vest om stølen. Her nede tok vinden mykje mindre enn lenger oppe. Medan han etter litt heldt fram mot toppen, gjekk eg strake vegen til bilen igjen, berre med eit lite stopp for å ta av meg trugane. 

Flott og frisk morgontur med ein nydeleg morgonhimmel i søraust var i boks. Kjempe!




fredag 17. desember 2010

Skålefjellsnissen

Underkjølt regn på Skålefjellet

Sidan det vart litt magert med fjellvandring denne veka,
har eg dykka i arkivet og funne tilbake til møtet
med Skålefjellsnissen 22/12-2007.
Som vi veit er jula tid for tradisjonar, så her følgjer historia:

Etter det vellukka besøket hjå Skylefjellsnissen i går kveld, måtte eg sjå oppom Skålefjellsnissen òg før jul. Kunne ikkje gjere forskjell på nissane heller. No har det seg slik at nissen på Skålefjellet bur endå høgre og meir vilt til enn Skylefjellsnissen. Så eit besøk opp hit må gjerast i dagslys. Av den grunn er han dessto meir sky og vanskeleg å komme inn på. Korleis eg skulle få til eit slikt besøk på blanke dagen, hadde eg lenge lurt på, men Skylefjellsnissen hadde gitt meg nokre uvurderlege tips korleis eg skulle gå fram.

På Skålefjellet er det endå større vanskar med å skape seg eit godt utkome av omgjevnadane enn på Skylefjellet. Difor sa Skylefjellsnissen at Skålefjellsnissen var veldig søtsjuk. Eg skulle ta med ekstra rosiner til grauten. Hadde eg dessutan på eit ekstra godt lag med kanel, ville det gjere underverk, meinte han. Som søtsjuk er det rimeleg å tru at julemarsipan kanskje ville gjere utslaget. Men det som kanskje mest ville lokke Skålefjellsnissen fram på lyse dagen, var hvis eg tok med meg ei flaske med godt heimelaga juleøl! Med det i tillegg til grauten, hadde eg dei beste føresetnader til å lukkast, meinte Skylefjellsnissen. Som sagt, så gjort. Eg pakka rikeleg med nemnde ingrediensar i sekken, i tillegg til litt ekstra søtsaker, og drog i veg i lysninga med friskt mot!

Det viktigaste med alt venskap er som vi veit evna til å skape tillit. Venskap kjem sjeldan flytande på ei fjøl. Det treng næring og omtanke. Og så må ein sjølvsagt ha noko felles interesser her i livet. Eg funderte på dette oppover Gjerdedalen.

Skålefjellsnissen, som sikkert hadde kikka på meg i skjul meir enn ein gong, forstod vel truleg kva person eg var? Ville han tilkjennegje seg no når eg så åpenbert kom med fredelege hensikter? No opp under jul? Han hadde vel høyrt om andre fjellnissar som hadde fått fjella raserte av griske toføttingar på jakt etter ære og kortsiktig rikdom...Men han såg vel at eg ikkje var av den slags?

Forholda for å kome Skålefjellsnissen nære er utfordrande, spesielt om vinteren. I dag gjekk lei og sur vind mot nærområdet hans gjennom marg og bein. Underlaget var særs vanskeleg med skare som var polert til is. Utan broddar under skoa hadde det vore umogeleg å teke juleturen opp isete bakkar frå Gjerdedalen.

Men grauten og søtsakene måtte fram. Og til topps bar det. Barske tilhøve ved toppen eller ei! Eg sette meg ned bak varden og fekk litt ly for den isande kalde vinden. Skylefjellsnissen hadde lært meg nokre lokkerop som var litt lyse. Dei lydde omlag slik: "Nissen, nissen, her er ein ven med søtsaker og graut..." Det var viktig å ikkje vere for høg og grov i målet, men varleg, varleg...Eg gjentok strofa fleire gonger, og jammen, til slutt, såg eg i to lange, spisse øyrer som stakk fram frå varden! Sjefsnissen av Skålefjellet! Eg strekte meg fram og sette fram godsakene på ein liten meters avstand der bak varden. Så sat eg heilt i ro og let eimen av graut og søtsaker virke inn på den svoltne og søtsjuke nissen...

I spaning lurte eg på om han turde å kome fram her midt på lyse dagen. Men den uimotståelege lukta av nylaga graut med rosiner og kanel, vart altfor freistande. Han sneik seg fram frå varden etter steinane og nippa varsamt bort i grauten. Han tok seg eit par munnfullar og pila i skjul innatt i varden. Eg lo litt med meg sjølv og tenkte, no har han fått smaken på det og kjem fort igjen. Berre etter eit minutt eller so, var han der igjen..Ikkje fullt så varsam, men meir bestemt denne gongen, kraup han bort til grautfatet. No vart han verande og åt grådig....

Di meir han åt, di meir avslappa virka han i rørslene. Han heldt ikkje lenger konstant auga med meg, men såg meir direkte ned i matfatet. Men korleis skulle eg få han til å slappe av så eg kom han endå nærare? Sjølvsagt! Eg førde varsamt handa mi ned i sekken og tok opp juleølet...Med eit lett vipp med kniven, og eit fast handtak rundt korken, greidde eg å opne flaska mellom låra utan å lage ein lyd! Med rolege rørsler sette eg flaska fram mot nissen. Truleg var det maten og mitt venlege nærvær som gjorde at nissen slappa av og ikkje vart skremt. Og snart tok han seg ein slurk av juleølet, smatta og sleikte seg rundt munnen med ei lang tunge...

Slik gjekk nokre minuttar. Nissen vart mindre og mindre på vakt. Meir og meir av flaska tømd. Då det berre var ein liten slump igjen på botnen, tok eg varsamt handa mi bort att i sekken og tok fram ei ny ei med heimelaga juleøl, og opna den på same måten. Ja, og nissen sat framleis heilt i ro. Og så tok han til seg av den nye flaska òg...

Slik sat vi ei stund. Skulle eg prøve å prate med han? Eg hadde ikkje eingong fått tenkt tanken før nissen sjølv opna munnen og sa: Eg veit kven du er. Ryktet om grauten din på Skylefjellet i går kveld kom meg for øyre i dag tidleg. Skylefjellsnissen meinte du var ein fredeleg mann som ikkje ville øydeleggje noko for oss. Men vi er varsame mot toføttingar, og torer oss sjeldan fram i dagslys. Eg sa at eg forstod han godt...for så mykje elende som vi toføttingar stelte i stand rundt oss med krangling og øydeleggjing av natur, var det vanskeleg å skape tillit mellom nissar og toføttingar...Du forstår vel det nisse sa eg, at eg vil ta vare på fjellet der du bur...Eg likar fjellet som deg. Her kan eg vere fri som fuglen, og alle dårlege tankar forsvinn ilag med suset av vinden. Eg vil ta vare på heimen din nisse. Ingen skal få øydeleggje den for deg. Heimen din betyr like mykje for meg...

Nissen såg på meg med store auge...Så mykje gale hadde han høyrt frå andre fjellnissar og vassnissar at han hadde vanskeleg for å tru at det var toføttingar som tenkte som meg. Var her verkeleg toføttingar som ikkje ville rasere fjellheimen for lette gullpengar...?

Eg sa til nissen at fjellet hans og andre fjell ikkje kan kjøpast for pengar. Dei er mykje meir verdt enn alle verdas pengar ilag! Fjellet er der for alltid, medan vi berre har lov å låne det når vi er her på jorda...

Då såg eg eit lite smil rundt den søte munnen på nissen! Så sa han at det var akkurat slike tankar han og dei andre nissane òg hadde. Ingen har rett til å øydeleggje noko ein berre har til låns ei lita tid! Eg hadde så rett så rett.

Vi sat der og prata ei heil stund til, Skålefjellsnissen og eg. Han vart meir og meir pratesaleg etter som eg sjølvsagt hadde ei flaske til med godt juleøl. Eg sa at eg ikkje ville ha noko, for eg skulle nedatt dei isete bakkane til bygds, og måtte halde meg klar i hovudet og rett i føtene. Vi fekk skåle ein annan gong! Så då det var på tide å gje seg på heimveg, ynskte eg sjefsnissen av Skålefjellet god jul, og ba han helse alle nissane på sørsida. Og ver no endeleg forsiktige med eldvatnet, sa eg...! Nissen smilte til meg å sa at gode råd frå gode vener tok han i mot med takk. Neste gong eg kom, måtte eg endeleg hugse på å ta med meg meir søtsaker. Så skulle eg berre plystre når eg kom over kanten der eg såg varden... Han ville då gjere seg klar til å ta imot meg, og vise meg nokre løyndommar om fjellet eg heilt sikkert ikkje kjende til...God jul til deg og dine! No må eg heim til gamlemor som sikkert lurer på kvar eg er vorten av! Så pila nissen innatt i varden....

Med desse orda klingande i øyra tok eg på heimveg! Endå ein nisse hadde eg gjort meg til vens med...Og no visste alle nissane i Stongfjordfjella at dei hadde ein ven på to føter som alltid ville vere vennleg mot dei og forsvare deira rettar. Det gav meg ei varm kjensle innvendig. Den var ekstra god å ta med seg til jul....!

Fra Vinter i Stongfjordfjella 221207_4

mandag 13. desember 2010

Magisk på Gjelsvikefjellet

Sola står opp ved Eitrenipa.
Foto frå Gjelsvikefjellet i dag tidleg.

Var eg uheldig med ferievèret på fredag, var eg dessto heldigare i dag. Meterologen melde om snøbyger, men eg såg ikkje eit einaste fnugg. Rett nok var det kome nokre få i løpet av natta, men der eg gjekk, var det berre sol sol og atter sol. Så i dag var vèrgudane på mi side. Siste feriedagen for året, så det passa jo bra. 

Eg valde meg ut Gjelsvikefjellet i dag. Det var eit par veker sidan sist eg hadde vore opp. Innslaget av mildvèr forrige veke, hadde gjort stien opp gjennom Fesselia ganske så isete. Og det galdt nesten heile vegen til Selvikestølen. Her i frå låg det meir rein snø. Og ganske så djup. Men eg hadde teke med meg trugane i dag òg, så frå stølen her og opp forbi Gjelsvikestølen og til toppen, gjekk eg med dei på. Likar betre og betre å gå på trugar no. Er absolutt å anbefale.

I oppstigninga mot toppen stakk morgonsola opp rett aust for Eitrenipa. Fantastisk. Når dei første strålane slær inn i bakkane og fjellet får snøen eit gyllent og rosa skjer. Det er så utrulig flott. Psykologisk er det rein stimuli òg etter å ha vandra berre i skuggen. Det blir som ein dobbel premie i å nå både toppen og sola! Eit adrenalinkick etter litt sveitte...

Det var som i går usedvanleg stilt. Ikkje eit vindpust på toppen. Klårt og fint. Og eg var overhode ikkje sliten etter å ha nådd opp. Eg fekk ei kjensle av at det var for kort dette... Eg såg med lengt inn på Blegja og tenkte mitt... 

 Eg likar betre og betre å gå med trugar. 
Men akkurat her på toppen er snøen for det meste avblesen.

Black Diamond hanskane mine hadde falle ut av lomma mi ein plass mellom Selvikestølen og toppen. Eg valde difor å gå same spora ned igjen. Eg brukar alltid å vere påpasseleg med glidelåsar på lommane, men denne gongen hadde eg visst gløymt meg. Eg fann heldigvis igjen hanskane i eit bjørkekjerr ovanfor stølen. Vottane eg hadde med låg trygt i sekken, så dei brukte eg på toppen. Det var no ikkje så gale som på eit program eg såg frå Mount Everest hin dagen, der dei sa at mista du ein vott, så mista du ei hand...! Å halde orden i sysakene er viktig...:-)

Vel, det gjekk fint ned igjen òg. Ei kollbøtte rett nok, men ikkje verre enn at eg lo av heile seansen. Eg landa nemleg på hovudet ned i ein einerkave nokre meter nedanfor stien. (Kanskje får ein trening i å dette etterkvart òg...?) Slikt skulle ein jo hatt på video. Så hadde ein hatt noko å ledd av i ettertid. Kjempetur igjen...!


Fra Gjelsvikefjellet 131212
Utsikt mot Håsteinen og Førdefjorden.

søndag 12. desember 2010

Desembermorgon på Middagsnipa

 
 Foto frå Middagsnipa i dag tidleg.
Vi ser sørover mot Portafjellet og Vardenova.

Eg skimta såvidt omgjevnadene då eg parkerte på Osland i dag tidleg, gjekk over Vågeskardet, og starta klatringa opp mot Indrevågefjellet og Middagsnipa. Eg hadde soloppgangen i bakhovudet. Soloppgangen frå toppen av fjellet. Desembersol! Det var nemleg ein glitrande flott og kjølig vintermorgon. Med berre nokre få minusgrader og vindstille, var det så perfekt som det kunne bli ein 3. Adventsdag.

Eg var litt i stuss om eg skulle ta trugane med meg. Comme ci comme ca... Regnet hadde teke med seg all snøen i låglandet, men etter kva eg såg dagen før var det komme nysnø i høgda. Eg valde difor å ta trugane med meg. Og det skulle vise seg å vere eit særs fornuftig val. 

 Det startar å lysne i sør ved Smørskornova

Etter at eg starta klatringa såg eg litt meir rundt meg. Og det var berre sprette snøflekker opp heile den lange og ganske bratte fjellsida. Det passa meg perfekt. Men eg fekk eit tidleg førevarsel av at det ikkje var berre berre for det. Væta hadde sjølvsagt blitt til is igjen, og issvullane var ikkje heilt enkle å sjå i grålysninga. Og delvis gøymde i fjorårsgraset og lyngen, gjorde dei endå skumlare. Eit par nesten fall fekk meg på allerten. Eg valde likevel den nye trassèen opp der eg har gått i det siste. Eg kryssar ikkje elva i det heile teke, men går bratt rett opp nord om elva, opp ei bratt steinfylt slukt og over eit par hamrar. Tungt, men effektivt...! Litt greitt var det no at det hadde  lysna såpass at eg såg isen på steinane og kunne klatre utom svullane.... 

Ved toppen av fjellet her vest starta for alvor snødekket. Skarelaget som hadde danna seg på den våte snøen heldt meg ikkje. Perfekt at eg hadde trugane. Så slapp eg å slite for kvar steg. Og med trugane på beina gjekk det som fot i hose vidare opp det stigande og kupperte landskapet mot Indrevågefjellet. 

Det lysna meir og meir i sør. Himmelen morgonrosa i skjeret. Det glimra av gull beint i sør der sola var på veg opp. Stongfjorden låg nesten i mørkna. Ein fantastisk desembermorgon på fjellet. 

 Rosa vinterhimmel i vest

Vidare austover frå Indrevågefjellet mot Middagsnipa låg det meir tørr snø. Igjen var forholda heilt glimrande for å gå på trugar. Så lett så lett. Det kosta ingen verdens ting. Og ikkje så lenge etterpå var eg framme på toppen, akkurat i det sola stod opp over Portafjellet. Det var nesten magisk. Så tima at eg kunne lure på om det var tilfeldig. Dei første solstrålane trall iallefall varden då eg var framme! Eg måtte berre få teke nokre bilder før eg skifta til tørt og varmt på meg... 

Dei første vàre vinterstrålane for dagen på Middagsnipa

Eg tralla med meg sjølv ned igjen. Gjekk litt hit og dit. På kryss og tvers. Kunstnariske snøfonner låg det overalt. Spegla seg i den låge sola. Med lange skuggar og rosa i lèten. Det var som teke ut av eit eventyr. Eit adventseventyr... om Snehvit eller noko slikt. Det mangla berre at det spratt opp ein lattermild dverg bak ei fonn...

Langbein på Indrevågefjellet

Eg tok meg ein liten avstikkar bortom Indrevågefjellet òg for berre å ha vore hittom varden her òg. Fin utsikt her i frå til Ytrevågefjellet, ut Stongfjorden i sør og mot Svanøya, Stavfjorden og Florø i nordvest. Toppen av fjellet der vest låg bada i nysnø og sol, medan lægre nede i lendet var det mørkt og kaldt. Tydeleg kvar den nye snøgrensa gjekk. 

 Den låge desembersola står no vest om Portafjellet

Nok ein gong var eg komen heilt fram att på kanten av fjellet der ein ser ned igjen til fylkesvegen og Vågeskardet. Det var nesten slik at eg ikkje hadde lyst ned igjen. I skuggenes dal... Mørkt av trasig såg det ut der nede i forhold til her oppe i den lyse snøen og sola. Eg sat ei stund framme på kanten av fjellet i noko tørt fjorårsgras før eg bestemte meg for å gå ned igjen. Det var ikkje fleire toppar å stikke oppom akkurat her. Ja, ja, så fekk det vere med dette i dag då.

Eg var særs obs på den bratte nedstigninga. Det er i grunn verre å gli på veg ned enn opp. Så eg såg meg vel føre kvar eg sette føtene. Verste stykket var heilt oppe og nesten nede. Men det gjekk heilt fint. Ingen problem i det heile. Det går alltid greitt trakke utom isen... Iallefall når det er lyst nok til å sjå han. 

Ein kjempeflott morgontur var over, og eg var heime igjen før klokka 12. Eg var minst like sprek som før eg fòr, men eg gav meg på ein tur og eit fjell til. Eg fekk ha litt søndag heime òg i dag....:-)

(Sjå link for fleire foto)


Fra Middagsnipa 121210

fredag 10. desember 2010

Ein motivasjonstest

Svarthamrane 759 moh i dag

Eg har teke meg ut eit par feriedagar, og forlengar difor denne helga i begge endar med fri i dag og mandag.  No kan eg vel ikkje skryte av vèret eg fekk utdelt denne første feriedagen. Ryskje. Etter at det la ned med tung våt snø, begynte det sjølvsagt å regne opp i det òg. Som vanleg. Difor var eg i stuss om eg i det heile teke skulle bevege meg opp i fjellet i dag. Det låg jo i korta at det vart ei utfordring. 

Men etter å ha gjort nokre småtteri heime, vart lysta likevel for stor til å sitte inaktiv. Så eg pakka sekken og festa trugane utattpå, køyrde inn i Gjerda og la i veg opp dalen. 

Ja, det vart tungt. Allereie oppe ved Nipebu-skiltet sveitta eg. Her tok eg likegodt av meg trugane igjen, og gjekk opp bjørkeskogen til første elva utan. Det låg ikkje så mykje snø nede i skogen, og her gjekk det i grunn ganske radig opp. Men lenger oppe vabba eg til knærne. Då var det på med trugane igjen. Og sjølv om snøen låg djup oppover, var det jammen god hjelp i trugane.

Vinden har teke nesten all snøen nede i skaret.
Botnen av fonna t.h. Steinar og hamrar frys no til med is...

Oppe i skaret var det likevel så avblese at eg gjekk opp på skorna. Men i toppen måtte eg regelrett krype på alle fire for å komme opp over fonna som rakk meg til magen. Plussgradene var her oppe gått over i minusgrader. Steinane som stakk opp var polerte med blanke isen. Eg merka det på utstyret og kleda òg. Væta fraus. Det same gjorde den lette jakka i eVent-stoff og hua, reimane på trugane, gamasjane og fotoveska. Ved ein vindstille hammar ovanfor skaret tok eg å skifta på overkroppen med varme og tørre klede.  

Trugane var supre siste stykket opp og bort over platået til toppen.  Eg trudde nesten ikkje det eg såg på klokka på mobilen. 2 timar og 15 minutt opp. Nesten dobbelt så lang tid som vanleg no på vinteren....

Det har fòke bra rundt hamrane heilt nede ved første-elva òg...

Så vanleg prosedyre på toppen. Namnet i boka. Nokre knips med fotoapparatet, og ned igjen same vegen. Det var ingenting å sjå likevel. Alt var kvitt her oppe. Skodde og snø. Vind og drev.

Det gjekk raskare ned igjen. Og trugane brukte eg heile vegen ned til Brekka. Her høyrde eg forresten ei motorsag frå dalen nedunder. Det viste seg å vere Håvard og Torbjørn på vedhogst. Artig møte der oppe...

Det vart ei utfordring dette. Som rekna med. Men ein god prat med seg sjølv heldt oppe lysta til nå toppen i dag òg. Ein må berre ikkje la seg overmanne av negativt-lada impulsar. Same kor tøft det er...

Fra Svarthamrane 101210

Ved skråberga på returen. Alteret t.v.

tirsdag 7. desember 2010

Praktfull stjernehimmel


MMS Svarthamrane i kveld

Klok av skade tok eg med meg broddane på Svarthamrane i kveld. Og nytta dei opp Brekka til den første elva frå Skålefjellet. Her tok eg dei av, og la dei att til returen. Det er fantastisk god hjelp i desse broddane. Hin dagen ramla eg jo på rumpa fleire gonger så det song. I dag null.... Icer`s broddane er gode å ha i sekken, då forholda lett skiftar under forskjellige høgdenivå i fjellet vintradagen. Stegjerna som eg har brukar eg berre under meir spesielle tilhøve. 

Snøen hadde nok ein gong fòka seg skikkeleg til i dei øvre partia. Og øvst i det vestvende skaret har han no lagt seg til i ei skikkeleg fonn eit godt stykke ned gjennom. Hellinga er faktisk blitt bratt. Og bratt er her jo frå før av... I kveld kava eg meg opp på alle fire eit stykke med snø over livet. Andre parti var blitt faste av vinden. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Og to gonger laut eg ta eit minutt telling.

Lenger nede var spora nok ein gong fòkne igjen. Så det vart ein ganske slitsom tur opp i kveld òg.... Men kva gjer vel det når du har sigeren av toppen i handa. Og kan sløkkje hovudlykta, og nyte ein aldeles praktfull stjernehimmel utan eit einaste forstyrrande lys. I gode varme klede. Åleine, stille og fredeleg. Berre dine eigne hjarteslag. Ei kjensle av å vere uendeleg levande der og då....! Natta er mi. Trygg og god!

Turen ned igjen gjekk som den skulle. Sigla på rumpa eit stykke ned skaret med snøføyka rundt ansiktet... Lått i natta. Og sprang heile vegen frå Nipebu-skiltet i enden av skogsvegen og til bilen. Som ein liten finale.... I full mundur. Stjernetur...

søndag 5. desember 2010

Nye formasjonar...

 Foto frå platået ved Svarthamrane i dag

Det var ei stund sidan eg hadde vore opp på Svarthamrane medan det var lyst. Så eg valde å gå opp igjen her i dag. Eg kunne i utgangspunktet tenkt meg og gått på Gjelsvikefjellet, men sidan nordabygene var så kraftige, valde eg vekk dette alternativet. 

Eit poeng var det òg å halde sporet på Svarthamrane ope, sidan det var kome noko snø. Og nok ein gong overraska mengdene meg oppe over Alteret og Mannsskaret. Heime var det vel kome ca 5 cm, men her oppe var det mangedobla. Sikkert 20 cm enkelte plassar. Og vinden hadde rimlegvis plassert fonner som det låg endå meir i. Når i tillegg alle tidlegare spor var effektivt fjerna her i frå og til toppen, vart det ekstra tungt. For den gamle skaren held framleis ikkje, og såleis gjekk eg gjennom både den gamle og den nye snøen. I tillegg var det glatt på beinfrosne steinar og anna inn under. Eg måtte difor puste på litt ekstra oppe i det bratte skaret.

Gjerdedalen og Mannskaret er jammen nokre ekte snøhol. Nord- og vestavèret står rett på inn frå havet her, så difor legg vel snøbygene frå seg det som er oppe i skaret. 

Det er sikkert dei som lurer på kvifor eg ikkje nyttar ski. Vel, området eignar seg ganske dårleg til skigåing. Det er bratt, ulendt og urar mange plassar. Og ingen samanhengande renn. Det blir rett og slett meir styr med å gå på ski her.   

Starten på skaret opp frå Mannsskaret

Rimlegvis tok det difor noko på å kome seg til topps i dag. Men vinsten var heldigvis av det søte slaget. For har eg vore uheldig med snøbygene på toppane før i år, så var det stikk motsett i dag. (Det jamnar seg ut i lengda heiter det visst...) Ei praktfull låg morgonsol møtte meg på toppen av skaret, rett nord for den sørlege toppen. Den tørre nysnøen spegla seg i strålane. Det glitra i snøkrystallar. Flotte snøformasjonar snodde seg i alle retningar. Og den låge sola laga låge, flotte og lange skuggar over ytene. Fantastisk vakkert! 

 Låg desembersol ved Svarthamrane

Eg baksa meg vidare opp og bort på platået. Stadig med utsikt til den flotte sola i sør. Men over Holmedal låg det faktisk eit tjukt lag med skodde. Den såg ut til å halde fram inn Dalsfjorden. Men fjorden vidare innover ligg i skjul bak fjella i Holmedal, Rivedal og Heileberget her i frå. Eg la dessutan raskt merke til ei ny nordabyge som var på veg inn frå Florø-kanten. Her var det berre å få byte nokre klede og teke nokre bilder, medan sola framleis var framme. Eg jubla likevel over flaksen. Byga gjorde meg ingenting, berre eg fekk teke nokre bilder med sol på, og ikkje alt vart like grått som i går...

 Utsikt frå Svarthamrane mot kjende fjell i aust

Eg var nøgd. Hadde fått teke nokre bilder. Og fått på meg varme og gode klede. Då begynte dei første snøfillene å falle. Og snart var sola forsvunne i eit tjukt skylag, og snødrevet stod rundt fleisen på meg. Eg kom meg raskt ned igjen i skaret. Her sette eg meg berre på rumpa og sigla øverste delen ned så snøføyka stod rundt øyra på meg. Jubalong...!! Paramobuksa går som eit olja lyn...! Men eg passa meg vel for å stoppe opp før eg nådde dei kvasse steinane som står opp av snøen lenger nede... 

Det gjekk greitt første stykket ned til Alteret, og vidare eit stykke ned Brekka. Men det som vart verre, starta lenger nede i dalen der det tidlegare ikkje låg snø. Her hadde tørrsnøen gjort underlaget til reine skøytebana. For under nysnøen var alt framleis beinfrose etter kuldeperioden. Eg merka det ikkje noko særleg oppover, men i unnabakkane var dette ikkje noko å spøkje med. Hvis nokon hadde sett rumpa mi i morgon, ville dei vel lurt på kva seanse eg hadde vore ute for i  helga. Det kan sikkert sjå ut som ei løvinne har fått utløp for sin S & M-trang i helga. For eg fòr på ræva 4-5 gonger.... og beinfrose som det var, gjekk dette slag i slag...!  (Broddane låg sjølvsagt trygt plassert i utstyrsrommet heime...) At dette vil vise igjen, er det liten tvil om. Men det viktigaste er at alle lemmer er intakt.

Ei blå rumpe kan eg leve med, eg får heller høyre om eg får låne sjefsstolen i morgon... : =))

Fra Svarthamrane 051210
Tjukk skodde over Holmedal. Blåfjellssåta stikk opp.

lørdag 4. desember 2010

Snødrev og rennefòk

Vestover frå Middagsnipa til Indrevågefjellet og Ytrevågefjellet.
Vågeskardet og FV609 ligg mellom dei to sistnemnde.

"Det var ruskut å leggja ut på", som det heiter i songen, men eg gjekk meg likevel ein morgontur på Middagsnipa i dag tidleg. Med snødrev og vind var det noko rennefòk oppe i høgda, men ikkje verre enn at det var ganske bra sikt. Vèret reiv rett nok i kjakane og i kroppen, men dette kledde eg effektivt ute då eg fekk bytt på toppen. Oppstigning i seg sjølv gjekk raskt og knirkefritt. 

No var det vel ikkje allverda å knipse bilder av i dag. Det var for grått til det. Men eg tok likevel nokre for syns skuld. Fin morgontrim var det iallefall.... 

Fra Middagsnipa 041210