søndag 7. november 2010

Nydelege Gjelsvikefjellet

Olaug på Gjelsvikefjellet i dag. 
Blegja og Eitrenipa i bakgrunnen.

Eg tok turen på Gjelsvikefjellet i dag i lag med Olaug og veninna Anne. Vi fekk på oss ei god snøbyge då vi starta i 09 tida frå Stongfjorden. Men pytt, den visste vi var over ganske raskt. Og det stemde for då vi parkerte oppe i bakken før Skjerlia, var byga over og det klårna fint opp. 

Det var reint idyllisk opp skogen mot Selvikstølen. Tørr fin nysnø på furugreinene skapte ei perfekt ramme rundt stien. Eit eventyrlandskap. Og damene tykte eg passa godt inn.... 

Flott nysnø på furutrea i dag

Stadig meir av fjella i sør kom til syne. Eitrenipa dukka opp og så Fossedalshengenipa. Nydelege syn no frå nordvest sida. 

Det var likevel ikkje like lett å sjå stien alle stadar på grunn av nysnøen. Men vi fann likevel utan større problem opp på Selvikstølen. Og då var jo mykje gjort.

Selvikstølen i dag

Turen vidare gjekk opp i skaret nordaust for stølen (høgre på bildet ovanfor). Opp ei lita slukt og så var vi framme på Gjelsvikstølen. Perfekt ramma inn av Blegja og Eitrenipa med Førdefjorden innover i nordaust. 

I stigninga ovanfor Gjelsvikstølen ser vi Førdefjorden i skodde og Blegja.

Det låg meir snø her oppe. Og frå stølen og opp på toppen, fann eg ein brukande trassè, og trakka spor for damene. Det var vel ikkje meir enn forventa vil eg tru.

I motsetnad til i går var vi heldige med vèret på toppen. Nordabygene med snø var færre enn i går. Og det var reine påskestemninga rundt varden. Damene var nøgde over å ha komme seg opp. Men diverre gjekk det skeis med dei fleste bilda frå toppen. Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje alle bilda med når eg importerte dei til pc`en, og sjølvsagt hadde eg formatert minnebrikka før eg oppdaga dette. Ganske irriterande. Men gjort var gjort. Og ingenting meir å bruke energi på. Av erfaring lærer ein heiter det vel....  Beklagar likevel Anne og Olaug for at vi manglar fellesbildet. Av meg sjølv har eg nok bilder frå før....:-)

Utsikt mot vest frå toppen. Svanøy t.v.

Turen ned igjen gjekk same ruta. Men frå Gjelsvikstølen lèt eg damene få litt fred, så eg sprang i førevegen ned igjen for å få brynt meg litt. Det gjekk heilt fint for meg, men Olaug hadde visst stupna og slege seg akkurat på same plassen to gonger. Men ikkje verre enn at damene måtte dra på smilebanda av komikken, då alt gjekk vèl andre gongen òg....


Gjelsvikefjellet er eit flott fjell med nydeleg utsikt. Ikkje minst ligg stølane veldig flott til. Supert turområde. Kjempeflott tur i dag. Ikkje minst var damene særs nøgde med dagen...! 

Fra Gjelsvikefjellet 071110

Olaug og Anne ser mot Blegja ved Selvikstølen. Fossedalshengenipa i bakgrunnen.

Ingen kommentarer: