lørdag 27. november 2010

Grytidleg

Ved Gjelsvikefjellet i dag tidleg

Eg var grytidleg avgarde på Gjelsvikefjellet i dag. Både for å få med meg soloppgangen og gjere ein jobb heime til jul. Så eg gjekk likegodt heilt til Selvikestølen med hovudlykt. 

Snøen spraka under skorna av kulden. Og tusenvis av iskrystallar skein meg i møte som diamantar. Alt var frose til is. Men sjølv om mykje av stien var islagd, gjekk eg berre utom. Isen er heller ikkje så glatt når det er så kaldt. Det vart likevel ein liten skuffelse då himmelen i aust og søraust var dekka av skyer, slik at eg fekk sett lite til sola. Eller sagt på ein annan måte - eg fekk ikkje sett ho i det heile teke... 

Det var steinkaldt. For å bruke det uttrykket. Frå Selvikestølen fekk austavinden skikkeleg tak. Og med ein 8-10 minus i lufta frå før, reiv kulden og vinden skikkeleg i ansiktet. Det vart sjølvsagt endå friskare frå Gjelsvikestølen og opp på toppen. Eg vrengde av meg det sveittvåte tyet på overkroppen, og skifta det ut med tørt og varmt. Nevane vart valne så det gjorde vondt med det same. Og anorakken eg brukte opp vart stiv som eit flatbrød på ein augneblink. Sveitten innvendig på jakka vart til eit knall islag. Eg måtte bruke krefter på å brekke jakka saman så eg fekk den ned i sekken. 

 Ein del minusgrader og austavind på Gjelsvikefjellet i dag klokka 09

På beina gjekk eg med Devold stillongs, og ei Rab dunbukse som eg brukte for første gong. Buksa var knallgod. Varm, og vinden kjende eg ingenting til der nede. Men det rare var at fukten frå stillongsen fraus til bitte små isklumpar når det trekte ut i duna på buksa. Desse smelta ikkje før i bilen heim igjen... Utan å bli våt! Artig...!

Då eg hadde fått skifta klede, var det ingen problem i det heile teke. Skreiv meg inn i boka nøyaktig klokka 09. Og varm og god tok eg nokre bilder - med vottane på!

Så bar det ned igjen same vegen. Men allereie nede på stølen måtte eg til å lette på utstyret igjen. Deretter gjekk eg på direkten til bilen att. Ei kald og fin morgonavriving.  

P.S. Minus 10 grader med frisk bris utgjer 20 grader minus følt kulde... Eller 15 grader utgjer 27 grader minus. Omrekningskalkulator ligg på storm.no .
 
Fra Gjelsvikefjellet 271110
Eitrenipa ein kald november-morgon


Ingen kommentarer: