lørdag 6. november 2010

Eit par, tre fjell

Soloppgang ved Markahengenipa i dag tidleg

Eg tok ein ny vri i dag, og gjekk årets første tur på Middagsnipa. For å gjere vrien ekstra ny, valde eg å gå frå Skjerlia. Då kunne eg ta med meg Kvamsnipa i same slengen. Vegen frå Kvamsnipa og vestover til Middagsnipa har eg ikkje gått før. Eit lite grått hol. 

Så eg køyrde opp i Skjerlia i 08 tida. Eg måtte likevel gjere eit stopp ved Øyravatnet og få med meg dagens første foto av Eitrenipa i morgonskodde. Eg synest alltid dette motivet er fint om morgonen. I dag var det òg regndråpar på trea som kunne bli fint på bilde.

Morgon ved Øyravatnet

Det var kome opp eit parkering forbudt skilt inst i Skjerlia. Det er vel her bussen og plogen snur. Utanom denne plassen er det dårleg med parkerng her inne, så eg sette bilen så langt utom på marka eg kunne, og satsa på at eg kom meg opp og ned før eg vart hekta. Bussen går vel ikkje lørdagen, og snøplogen skulle eg alltid klare å slå. Det kom vel ikkje mykje snø på ein gong. 

Eg hadde nesten litt moro med denne tanken, for på veg oppover til Kvamsnipa starta det å snøe ja... Den første byga var ikkje rare greiene, men det var tydeleg bygevèr i lufta. Det var nok meir i emning. 

Utsikt mot ytst i Førdefjorden. Flokeneset nett ned under.

Snødrevet gjekk fort over, og i aust opna det seg eit flott lysspel i morgonsola rundt Markahengenipa (hovudbildet). Også ute i havet var skyene flotte.

Turen opp på Kvamsnipa gjekk heilt fint. Greitt og enkelt. Så mykje snø låg det heller ikkje. Litt obs på islagde steinar og berg måtte eg sjølvsagt vere.

Morgonstemning på Kvamsnipa

Som sagt hadde eg aldri gått vestover frå Kvamsnipa til Middagsnipa før. Og etter berre nokre minuttar skjønte eg at det kunne bli ei stund til neste gong. For terrenget var langt frå enkelt. Iallefall ikkje i dag. Her låg dammar overalt der isen ikkje heldt. Sterkt kuppert, steinete og forrive landskap. Opp og ned. Og som ikkje dette var nok, var det lenger enn eg trudde. Når dette er sagt, er det mogeleg at det er lettare å gå på ski dette stykket under gode snøforhold. Så eg skal aldri seie aldri.....

Landskapet austover frå Middagsnipa til Kvamsnipa (inst t.h.)
er fint på bilde, men ganske tungt å ta seg fram i...

Det oppsto eit lite problem med å finne trimposten. Her var mange småtoppar med vardar. Og på toppen, der eg meinte Middagsnipa var, låg det ingen post. Men på den tredje varden endå litt lenger nordvest, fann eg boka. Godt gøymd og utan boks. Så då var det tid for å få namnet i boka og sedvanleg fotografering.

Eg var ein augneblink inne på tanken om å gå utatt til Indrevågefjellet og ned igjen på Osland. Få fruen til å hente meg, men aberet var jo at bilen stod i Skjerlia. Eg fann ut at det vart no mykje køyring for så lite. Så eg snudde innatt same vegen. 

 Regnboge over Førdefjorden med ny snøbyge frå nordvest

Og så starta det å snøe. Intenst. Og eg såg nesten ingen ting. Eg bestemte meg for å følgje spora tilbake til Kvamsnipa. For her oppe fanst det ikkje haldepunkt i steinlandskapet. Ukjend som eg var i tillegg. Og det gjekk greitt sjølv om det tok si tid. 

Stien ned igjen frå Kvamsnipa til Skjerlia sa jo seg sjølv. Sjølv om det var glatt enkelte stadar gjekk det heilt fint.


Mellom Kvamsnipa og Skjerlia ligg denne flotte myra

På heimveg følte eg at eg ikkje hadde fått røynt meg skikkeleg. Og det var endå ganske tidleg på dag. Så eg bestemte med like godt for å ta turen opp igjen på Svarthamrane òg. Etter at eg kom heim skifta eg berre til ei ny trøye og jakke, og tok turen dit òg. 

Håvard var ute og trilla Tora og Tiril då eg var heimom...

På veg oppover på Svarthamrane tenkte eg med meg sjølv at jau kan stien opp her vere litt krevjande, men den var likevel enkel i forhold til stykket frå Kvamsnipa til Middagsnipa. Så eg gav på oppover. Betre dette å få køyrt seg litt, og få sveitte skikkeleg ut. 

Det var kome noko meir snø sidan i går ettermiddag då eg òg var opp.... Og spesielt på toppen hadde det fokka seg. Eg var uheldig med ei ny solid snøbyge og sterk vind akkurat då eg toppa ut. Men hit til Svarthamrane har eg jo merka så godt at det var ingen problem. Noko tungt var det i all snøen bort til varden, så eg måtte skru ned på farten. Og ned igjen gjekk det same vegen.


To flotte turar i dag  med veldig skiftande vèrforhold. Herlig!

Svarthamrane i middagstida
(Det skulle vel ha vore Middagsnipa i middagstida, men det får vi ta neste gong)


Fra Kvamsnipa_Middagsnipa_Svarthamrane 061110
Ny snøbyge på gong frå nordvest i Førdefjorden

Ingen kommentarer: