søndag 28. november 2010

Kald austavind

 Smoke from the morning sun
Sunrise at Portafjellet. 
A shot at Indrevågefjellet early this morning...

Eg var tidleg avgarde i dag òg. Gjekk opp same ruta på Middagsnipa som forrige søndag. Og spora frå då var gode å ha. Det kom nemleg for lite fukt i snøen her tidlegare til at skarelaget held. 

Det var ein perfekt morgon med minus 7 grader heime. Diverre tek austavinden godt her ute i fjordstroka no. Og på fjellet er det isande kaldt.  Med gode klede går det likevel fint å nyte fjellivet på denne tid òg. Aberet er sjølvsagt at ein ikkje kan kle på seg for mykje oppover i stigningane. Frå Osland og opp på Indrevågefjellet er det ei knallhard og bratt stigning til å begynne med. Valet blir difor å gå så seint og ha på seg så mykje klede at ein ikkje sveittar. Eller gå så fort med lite klede, at ein held varmen og kan byte på toppen. Eg vel alltid det siste på slike relativt korte turar.

Det var ei stor oppleving å få dei første solstrålane for dagen oppe ved Indrevågefjellet. Soloppgangar er alltid fine. Men no når sola står så lågt, så synest eg nesten dette er finaste tida på året og nyte soloppgangane. Spesielt åleine på fjellet... Det gir ei god kjensle innvendig. Og snart går det nok ein gong mot lysare tider.

Eg fann meg ein hammar oppe ved toppen som låg litt i skjul for austavinden, og fekk av meg Rab Drillium jakka og Brynje trøya. Innvendig på jakka låg det eit tjukt lag is. Ein nytelse å få på seg ei ny Brynje Artic, vindtett skjørt, og Rab Endurance dunjakka. Og ikkje minst få på seg eit par, tre lag på hovudet. Og sjølvsagt vottar. Hanskar duger ikkje når det blir ekstra kaldt... No kunne det komme kva vèr som helst... 

5 minutt seinare sat eg på toppen og knipsa i veg på fotoapparatet. Med vottane på. Om det blir for mykje bilder, så er det no berre til å oversjå... Så godt var det nemleg der og då at bilda berre fortel ein brøkdel av sanninga...:-) 

A low sun at Middagsnipa.
We can see Blegja, Eitrenipa, S & N Kringla 
and Fossedalshengenipa in the east.

Eg snura meg no ned igjen etter eit bèl. God og varm. Fint til tusen der i den låge sola i sør. Rosafarga hamrar og stein. Kunstnariske snøformasjonar på ein fantastisk vinterdag. I eitt med dagen og tida... Eg var komen heilt ned igjen til kanten av fjellet mot Osland før eg ante det. Hunden der nede merka meg med ein gong. Gneldringa følgde meg halve bakken ned, før bikkja sikkert endeleg forstod at eg ikkje var noko blått udyr likevel.... Nydeleg morgontur igjen.....!

Fra Middagsnipa 281110
A bitter cold wind at Middagsnipa. 
The outfit from  Rab and Outdoor Research do their job...

lørdag 27. november 2010

Grytidleg

Ved Gjelsvikefjellet i dag tidleg

Eg var grytidleg avgarde på Gjelsvikefjellet i dag. Både for å få med meg soloppgangen og gjere ein jobb heime til jul. Så eg gjekk likegodt heilt til Selvikestølen med hovudlykt. 

Snøen spraka under skorna av kulden. Og tusenvis av iskrystallar skein meg i møte som diamantar. Alt var frose til is. Men sjølv om mykje av stien var islagd, gjekk eg berre utom. Isen er heller ikkje så glatt når det er så kaldt. Det vart likevel ein liten skuffelse då himmelen i aust og søraust var dekka av skyer, slik at eg fekk sett lite til sola. Eller sagt på ein annan måte - eg fekk ikkje sett ho i det heile teke... 

Det var steinkaldt. For å bruke det uttrykket. Frå Selvikestølen fekk austavinden skikkeleg tak. Og med ein 8-10 minus i lufta frå før, reiv kulden og vinden skikkeleg i ansiktet. Det vart sjølvsagt endå friskare frå Gjelsvikestølen og opp på toppen. Eg vrengde av meg det sveittvåte tyet på overkroppen, og skifta det ut med tørt og varmt. Nevane vart valne så det gjorde vondt med det same. Og anorakken eg brukte opp vart stiv som eit flatbrød på ein augneblink. Sveitten innvendig på jakka vart til eit knall islag. Eg måtte bruke krefter på å brekke jakka saman så eg fekk den ned i sekken. 

 Ein del minusgrader og austavind på Gjelsvikefjellet i dag klokka 09

På beina gjekk eg med Devold stillongs, og ei Rab dunbukse som eg brukte for første gong. Buksa var knallgod. Varm, og vinden kjende eg ingenting til der nede. Men det rare var at fukten frå stillongsen fraus til bitte små isklumpar når det trekte ut i duna på buksa. Desse smelta ikkje før i bilen heim igjen... Utan å bli våt! Artig...!

Då eg hadde fått skifta klede, var det ingen problem i det heile teke. Skreiv meg inn i boka nøyaktig klokka 09. Og varm og god tok eg nokre bilder - med vottane på!

Så bar det ned igjen same vegen. Men allereie nede på stølen måtte eg til å lette på utstyret igjen. Deretter gjekk eg på direkten til bilen att. Ei kald og fin morgonavriving.  

P.S. Minus 10 grader med frisk bris utgjer 20 grader minus følt kulde... Eller 15 grader utgjer 27 grader minus. Omrekningskalkulator ligg på storm.no .
 
Fra Gjelsvikefjellet 271110
Eitrenipa ein kald november-morgon


tirsdag 23. november 2010

Praktfull fjelltur på Svarthamrane

 Malerisk mot Blåfjellsåta i månelyset...

Eg tok meg ein tur opp igjen på Svarthamrane etter arbeid i ettermiddag. Utrulig flott då månen kom fram over Skålefjellet då eg runda opp skaret frå Mannskaret. Spora frå hin dagen var gode å ha, då det har kome såpass lite regn i snøen at skaren ikkje held. Og oppe ved toppen er det fonner og tørr snø. Litt isete er det heilt nede i Gjerdedalen der det regna her tidlegare. 

I dag gav eg meg tid til å byte alle kleda på overkroppen på toppen. I ein lett isande austavind var jo det ei kald avrivning. Men dessto betre var det etterpå med tørre og varme klede. Med Devold Expedition-ull, Rab Generator pull on, Outdoor Research vindtett trøye og hue og ekspedisjonsvottar, kledde eg raskt kulden og vinden ute. Med Paramo-bukse, Smartwool-sokkar og Scarpa Ladakh var eg godt utstyrt. Det verste er i grunn ikkje kulden, men vinden... Eg fekk såleis teke nokre bilder utan at eg fraus forderva. Det var nemleg ein praktfull kveld på toppen. 10-12 minus grader, nydeleg måneskinn og stjernehimmel. Og lys frå bygdelaga i Holmedal, Stongfjorden, Florø og alle øyane.  Skikkeleg kjekke kveld...!


Fra Svarthamrane 231110
Stongfjorden frå Svarthamrane

søndag 21. november 2010

Forfriskande på Middagsnipa


 Utsikt mot Florø frå oppstigninga til Skoraholten.
 
Eg var litt spent på korleis kroppen var i dag etter turen i går. Ingen problem. Kjende ingen ting. Så etter frukost, tok eg meg ein tur på Middagsnipa (639). I motsetnad til forrige gong, då eg gjekk den ulikkelege ruta frå Kvamsnipa, tok eg i dag opp frå Osland, over Vågeskardet og Skoraholten (619) og til Indrevågefjellet (683). Ei kortare ruta og med mindre køyring. Eg sa i frå heime at eg gjekk på Svarthamrane, men heldigvis ombestemte eg meg på veg inn i fjorden. Egentleg burde eg ha gitt meg tida til å reist heim igjen etter trugane. Det såg eg likevel på som tidsspille der og då. 

Eg gjekk kjapt rett på Skoraholten. Du ser toppen frå fylkesvegen på høgre sida mellom Osland og Vågane. Her var det lite snø til eg nesten var komen opp. Men som rimeleg var, låg det ein god del meir her i frå opp på Indrevågefjellet. Eg valde så godt det let set gjere å gå over fjellrabbar som det låg mindre snø på. Det gjekk jo ikkje heile vegen, og mange gonger laut eg vasse til knea. Temmeleg tungt. Spesielt i motabakkar.... Men sjølv om sveitten sila då eg toppa ut Indrevågefjellet, var eg slett ikkje trøytt. 

 Svanøy fremst og bak f.v. Kinn, Reksta Skorpa, Storebatalden og Hovden. Florø t.h.

Eg gav meg tida til litt drikke her ved varden, og litt fotografering. Ei markert lette i skyene ute i havet gav ein spesiell oransje himmel. Som ein strek over horisonten. Fint!  Elles var det så grått at nokre blinkskot kunne det ikkje bli....

Det var fleire av dei snøfrie rabbane frå Indrevågefjellet og til Middagsnipa. Det gjorde seg. Og sjølv om det er ein bete i avstand mellom fjella, var det ikkje så lenge eg brukte inn. Heilt greitt. Eg fekk skifta på meg nokre tørre klede, fekk i meg drikke og tokr nokre fleire bilder, før eg snudde ned igjen same vegen. Og nytta for det meste spora eg hadde sett av opp. Heilt flott og grei tur. og heime igjen til ferdiglaga svinesteik. Kan det bli betre...?


Fra Middagsnipa 211110

Stongfjorden frå Skoraholten på ruta til Indrevågefjellet

lørdag 20. november 2010

Krevjande vintertur

Dalsfjorden frå Heileberget i dag

Eg avtalte med Agnar i går at vi tok ein tur i lag på Heileberget på nordsida av Dalsfjorden. Så han kom frå Førde og henta meg heime i Stongfjorden klokka 08, og saman køyrde vi til Rivedal. 

Vi gjekk opp vegen til demma, hoppa over elva, og forserte opp bakkane på Hundeheia. Laussnøen kom fort på oss. Og vi sakk gjennom eit tynt lag med skare. Heldigvis tok vi med oss trugane. Vi gjekk likevel opp heile heia her vest, og opp det bratte skaret, utan. Ei spak novembersol stod opp i sør ved Guddalsfjella då vi kom opp under skaret. Fin velkomst for dagen. 

 Agnar på Hundeheia i dag tidleg

Vi klatra opp skaret heilt oppe under fjellet, sidan det ikkje låg snø her, og kom oss greitt opp på toppen. Praktfull utsikt til Rivedal og Straumsnes. Og Agnar kunne kry stadfeste at han såg gamlehuset til foreldra på hi sida av fjorden.  

Så bar det vidare innover fjellet mot Driveknolten. Det er langt inn hit. Spesielt med stadvis djup snø å ta seg fram i. Men her var trugane til god hjelp. Vi kom oss såleis greitt inn under Driveknolten. Her fann vi oss litt næring og drikke frå sekken. Energidrikken min var allereie ei halvfrosa issørpe. Temmeleg kald å svelgje sjølvsagt... Deretter klauv vi opp på den synste toppen på Driveknolten. Utsøkt utsikt til mellom anna Dalsfjorden, Øyna, Dale og Eikenes. 

 Nesten framme på Fløien. Dale t.h.

Det baud på litt problem å kome seg ned på austsida her. Bratt utfor. Men vi fann ei skår som vi glei ned med trugane på. Det neste stykket innover var fjellet meir blese av, så her sette vi frå oss trugane og heldt fram til fots. 

Agnar hadde lufta tanken om å gje seg ved Driveknolten. Og her litt lenger aust hadde han bestemt seg for at det var nok. Han skulle heim igjen òg sa han. Fornuftig tanke. Vi hadde allereie gått i tre timar. Tre stive timar for å seie det på den måten. Så brått var han ikkje å rikke meir. Han ville ta ein pause og ete, så kunne eg halde fram og ta han igjen ut igjen. Vel, som sagt så gjort. Eg ville inn på trimposten. 


Eg merka fort at det var ein aldri så liten tabbe at eg sette igjen trugane lenger vest på fjellet. For no var det blitt ganske djup snø igjen. For dei som er litt kjende her oppe, så er det eit ganske langt stykke frå Driveknolten og inn på Fløien. Når det i tillegg låg så mykje snø, vart det tungt ja... Men eg beit det i meg. Opp hammar og ned hammar, så det same igjen, og igjen. Heldigvis er eg i bra form, for elles hadde eg ikkje kome meg inn der i dag. Men det gjekk ganske greitt likevel. Eg toppa ut ganske nøyaktig klokka 12. 3,5 tøffe timar etter at vi starta frå Rivedal. Litt sedvanleg fotografering måtte sjølvsagt til. 

Vel framme på Fløien i dag. Dalsfjorden mot Bygstad t.h.

Eg tok meg ikkje så mange minuttane pause før eg gjekk ut att same vegen. Vi hadde avtalt at Agnar skulle bie på til eg tok han igjen. Men ganske kjapt fekk eg ein telefon om at han var begynt å gå ned ved Driveknolten mot Atlevatnet der vi ville ta returen. Det var sjølvsagt kaldt å sitte lenge i ro i desse barske omgjevnadene. Eg sjølv gjekk i bra fart utover igjen, fann att trugane etterkvart, og følgde spora til Agnar nedover. Og tok han att vest i bakkane mot Atlevatnet.  

Det låg ein god del meir snø her på nordsida av Heileberget enn opp på og lenger vest. Glad var vi iallefall for trugane. Noko anna hadde rett og slett ikkje gått. For det var null underlag for laussnøen. Det vart difor eit tøft løp ut igjen til vestenden av Atlevatnet. Vi skifta litt på å gå først då det var litt lettare å gå bak. Og etter litt om og men kom vi oss ned til fossen under utløpet av vatnet. Her følgde vi eit hjortetrakk eit stykke, før vi tok av oss trugane og heldt fram til fots ned Vagstaddalen.  

 To lett slitne karar i Rivedal igjen

Det krevde sin mann turen i dag. For å bruke det uttrykket. 6,5 tøffe timar. Så dagen gjekk med. Rart å tenke på kor årstidene skiftar. Mange av turane på Driveknolten hitt året gjekk i joggesko og shorts. Beinflaug Heileberget. Men det er jo sjølvsagt dette som er sjarmen med fjellivet. Hadde vore kjedeleg hvis vèr, vind og årstider ikkje skifta litt...!

Takk for turen Agnar! Som vanleg var det ei flott stund...!

Fra Heileberget 201110

onsdag 17. november 2010

Blytungt på Svarthamrane

 Ved varden
 Mot Holmedal og Dokka
 Mot Blegja i aust
Mot Stongfjorden og Florø
Foto frå Svarthamrane i kveld ca 18.45

Endeleg klaffa det med ein fjelltur igjen. Fleire dagar sidan sist. Dårleg vèr og familiære ting har heldt meg i ro. Men no var livet på rompa begynt å gå ut over humøret. Og rastløysa etterkvart merkbar. Eg prioriterte difor høgt ein tur på Svarthamrane etter arbeid i dag. 

I hadde nok i bakhovudet at det kunne bli hardt. Men at det vart reine manndomsprøve hadde eg ikkje tenkt. For du verda kor snø det låg opp i høgda. Eg stod til låra mange gonger. Det verste var likevel at skaren ikkje heldt. Den tanken streifa meg nok på førehand, men i tillegg til all snøen, vart det beintøft. Å gje opp er likevel sjeldan eit alternativ. Så òg i dag. Men eg måtte ta telling fleire gonger oppe i brattaste skaret. 

Kvelden var likevel fantastisk. Og i toppen på skaret kvapp eg regelrett til då eg såg opp frå lyskjegla på hovudlykta, og rett inn i ein fantastisk lysande måne midt imot. Han kom så brått til syne for meg at eg nesten vart blenda. Månen hadde vore skjult heile vegen opp frå Gjerdedalen. Godt i skjul bak Skålefjellet. Det var ei merkeleg oppleving, det tiendedels sekundet eg ikkje skjønte kva det var....

På toppen knipsa eg nokre bilder med sein lukketid. Månen gav nok lys. Men ein sur austavind fekk meg der i frå etter nokre få minuttar. Og eg måtte gje på ned igjen for å finne varme igjen. 

Olaug lurte forståeleg nok på om det måtte til ein redningsaksjon i kveld. Eg brukte mykje lenger tid enn vanleg. Om ikkje det fullt var ein time, så var det ikkje langt i frå. Tøff og flott tur...

lørdag 13. november 2010

Kvitt i kvitt



MMS-bilder frå Svarthamrane i ettermiddag

Sidan Olaug er i Bergen hjå Marie i helga, og eg er åleine med Peter, vart det ingen morgontur i dag. Men Peter er med på eit Jiu-Jitsu kurs, så eg tok meg ein tur på Svarthamrane igjen i ettermiddag òg, då han var der. Eg var egentleg meint på Gjelsvikefjellet, men det tjukna slik til at eg valde å gå opp her heime i staden. 

No ligg Svarthamrane (759)  nesten 100 meter høgre enn Gjelsvikefjellet (663), så reint vèrmessig er det nok hardare på førstnemnde. Men her er eg likevel så kjend, og har merkt så godt, at det aldri vil bli noko problem. Det verste er i grunn snøen som det blir meir av di høgre du kjem. 

Spora frå i går kveld var nesten viska heilt vekk på topplatået. Elles var det ein heilt grei tur, sjølv om det snøa og bles på toppen. Friskt såleis. Og nokon kosetur kan eg vel knapt kalle det. Vinsten får du jo etterpå når du har dusja og kjenner velvèret i kroppen. Det er iallefall ei god kjensle....

fredag 12. november 2010

Mørketur

Soloppgang ved Blegja. Foto frå Gjelsvikefjellet  9/11.

Eg må innrømme at eg har vore lat nokre dagar. Sofaen har nærast skrike etter meg. Og med middagsfull mage og nokre slitsomme dagar innabords, har han vore uimotståeleg. Men i dag fekk det vere nok. For er det noko du blir lat av, så er det å la seg freiste for mykje av sofaen.

I 17 tida var det difor full gass på Svarthamrane. Og sjølv om det nærast var mørkt då eg gjekk, kom eg meg likevel heilt opp til Alteret før lykta måtte tennast. Snøen gjorde nok sitt til at eg skimta stien så langt opp. Likevel undrar det meg, nattsynet, og kor langt du kan gå berre på det. 

Når du går med hovudlykt seier det seg nærast sjølv at du ikkje legg merke til så mykje anna enn det som er i lyskjegla. Difor er det naturleg nok ikkje så mykje å seie om desse turane. Nokre snøfjoner var i lufta, og mot toppen låg det noko fokksnø. Og turen gjekk heilt etter notane. Kanskje hadde nokre dagar i ro gjort foten min godt, for no er han betre. I tillegg gjekk det forbausande lett opp. Kanskje freistinga av godteppet, fyr i omnen og ja, sofaen, ikkje var så dumt eit par, tre dagar likevel...:-) For mykje av det gode er som kjendt ikkje av det gode, same kva ein snakkar om...!

Dette var forresten innlegg nr 1000 på bloggen min. Som eg starta i 2006. Så ei aldri så lita fanfare for det i kveld.....!


tirsdag 9. november 2010

Kald fjellmorgon

Klokka har nett passert 08 i dag tidleg på Gjelsvikefjellet

Eg hadde fri i dag for å gå i gravferd til tanta til Olaug. Ho vart gravlagd i Holmedal med minnestund på Eldresenteret etterpå. Men eg stod opp til vanleg tid i 06-tida, og fekk tid til ein rask tur på Gjelsvikefjellet igjen først. 

Eg var framme i Skjerlia før klokka 07, og gjekk med hovudlykt første stykket opp Fesselia. Det var ein kald morgon. Og det var frose godt på i stien oppover. Eg trakka utanfor i lyng og snø på dei verste partia for å halde farten oppe. Det tok ikkje så veldig mange minuttane før eg skimta spora frå søndag utan lykta, så den gøymde eg. 

Det lysna meir og meir av dag i aust. Eit fantastisk skue åpenbara seg etter kvart på austahimmelen. Og då eg nærma meg Gjelsvikestølen stod himmelen i brann. 

Himmelen står i brann ved Gjelsvikestølen. Blegja t.h.

Eg heldt fram opp bakkane til toppen av fjellet ved å følgje spora vi trakka på søndag, og kom meg raskt opp på toppen. Her folda heile himmelen seg ut i all si prakt trill rundt 360 grader. Eit fantastisk skue. Rosa himmel i syd/vest/nord og gull og rosa i aust. Det var ein perfekt morgon. 

Jammen var eg glad for at eg hadde putta ekstra klede i ryggsekken. Kulden reiv i kroppen. Eg heiv av meg alt det sveittevåte på overkroppen og fekk på meg Brynjetrøye, lett Rab dunsmock og vindtett ut att på. Og fram med godvottane og ny hue. I mellomtida, medan eg kledde meg om, var den sveittevåte Rab Drillium jakka blitt til "flattbrød" - steinfrosa! Eg var glad eg slapp å ta den på meg igjen...:-) Eg bretta jakka forsiktig i hop og putta ho i sekken

 Fossedalshengenipa frå Gjelsvikefjellet i dag tidleg

Det vart ein heil del bildetaking i dag tidleg. Eg berre måtte. Mulig eg har overdrive litt, sjølv om eg har sletta halvparten...:-) Det var berre så utrulig vakkert. Og med gode klede var det heller ikkje kaldt (når eg i tillegg klarte å klikka av kameraet med vottane på...) ! No hadde eg likevel ikkje allverda med tid på meg, og fann så ut at eg berre måtte springe ned igjen. Så eg halvsprang frå Gjelsvikestølane til bilen igjen ved Skjerlia. Eit par nesten kollbøttar på isen er no slikt ein må rekne med, men stavar er til veldig god hjelp under slike forhold. Forresten brukar eg alltid stavar. Det er godt for rygg og knær. Å vere lett på foten likeeins.... Så eg var faktisk heime igjen på Yndestad rett før klokka 10. Perfekt tima på ein fantastisk morgon og ein kjempetur...! 

Og gravferda gjekk som planlagt. Nydeleg sol i Holmedal, og bra med folk. Ei god betasuppe og eit par solide blautkakestykke etterpå gjorde seg....!
Foto Gjelsvikefjellet 091110

Fra Gjelsvikefjellet 091110
Frå starten på siste stigninga til toppen ser vi m.a
Førdefjorden, Ruggevatnet, Keisarlivatnet og Blegja

søndag 7. november 2010

Nydelege Gjelsvikefjellet

Olaug på Gjelsvikefjellet i dag. 
Blegja og Eitrenipa i bakgrunnen.

Eg tok turen på Gjelsvikefjellet i dag i lag med Olaug og veninna Anne. Vi fekk på oss ei god snøbyge då vi starta i 09 tida frå Stongfjorden. Men pytt, den visste vi var over ganske raskt. Og det stemde for då vi parkerte oppe i bakken før Skjerlia, var byga over og det klårna fint opp. 

Det var reint idyllisk opp skogen mot Selvikstølen. Tørr fin nysnø på furugreinene skapte ei perfekt ramme rundt stien. Eit eventyrlandskap. Og damene tykte eg passa godt inn.... 

Flott nysnø på furutrea i dag

Stadig meir av fjella i sør kom til syne. Eitrenipa dukka opp og så Fossedalshengenipa. Nydelege syn no frå nordvest sida. 

Det var likevel ikkje like lett å sjå stien alle stadar på grunn av nysnøen. Men vi fann likevel utan større problem opp på Selvikstølen. Og då var jo mykje gjort.

Selvikstølen i dag

Turen vidare gjekk opp i skaret nordaust for stølen (høgre på bildet ovanfor). Opp ei lita slukt og så var vi framme på Gjelsvikstølen. Perfekt ramma inn av Blegja og Eitrenipa med Førdefjorden innover i nordaust. 

I stigninga ovanfor Gjelsvikstølen ser vi Førdefjorden i skodde og Blegja.

Det låg meir snø her oppe. Og frå stølen og opp på toppen, fann eg ein brukande trassè, og trakka spor for damene. Det var vel ikkje meir enn forventa vil eg tru.

I motsetnad til i går var vi heldige med vèret på toppen. Nordabygene med snø var færre enn i går. Og det var reine påskestemninga rundt varden. Damene var nøgde over å ha komme seg opp. Men diverre gjekk det skeis med dei fleste bilda frå toppen. Av ein eller annan grunn fekk eg ikkje alle bilda med når eg importerte dei til pc`en, og sjølvsagt hadde eg formatert minnebrikka før eg oppdaga dette. Ganske irriterande. Men gjort var gjort. Og ingenting meir å bruke energi på. Av erfaring lærer ein heiter det vel....  Beklagar likevel Anne og Olaug for at vi manglar fellesbildet. Av meg sjølv har eg nok bilder frå før....:-)

Utsikt mot vest frå toppen. Svanøy t.v.

Turen ned igjen gjekk same ruta. Men frå Gjelsvikstølen lèt eg damene få litt fred, så eg sprang i førevegen ned igjen for å få brynt meg litt. Det gjekk heilt fint for meg, men Olaug hadde visst stupna og slege seg akkurat på same plassen to gonger. Men ikkje verre enn at damene måtte dra på smilebanda av komikken, då alt gjekk vèl andre gongen òg....


Gjelsvikefjellet er eit flott fjell med nydeleg utsikt. Ikkje minst ligg stølane veldig flott til. Supert turområde. Kjempeflott tur i dag. Ikkje minst var damene særs nøgde med dagen...! 

Fra Gjelsvikefjellet 071110

Olaug og Anne ser mot Blegja ved Selvikstølen. Fossedalshengenipa i bakgrunnen.

lørdag 6. november 2010

Eit par, tre fjell

Soloppgang ved Markahengenipa i dag tidleg

Eg tok ein ny vri i dag, og gjekk årets første tur på Middagsnipa. For å gjere vrien ekstra ny, valde eg å gå frå Skjerlia. Då kunne eg ta med meg Kvamsnipa i same slengen. Vegen frå Kvamsnipa og vestover til Middagsnipa har eg ikkje gått før. Eit lite grått hol. 

Så eg køyrde opp i Skjerlia i 08 tida. Eg måtte likevel gjere eit stopp ved Øyravatnet og få med meg dagens første foto av Eitrenipa i morgonskodde. Eg synest alltid dette motivet er fint om morgonen. I dag var det òg regndråpar på trea som kunne bli fint på bilde.

Morgon ved Øyravatnet

Det var kome opp eit parkering forbudt skilt inst i Skjerlia. Det er vel her bussen og plogen snur. Utanom denne plassen er det dårleg med parkerng her inne, så eg sette bilen så langt utom på marka eg kunne, og satsa på at eg kom meg opp og ned før eg vart hekta. Bussen går vel ikkje lørdagen, og snøplogen skulle eg alltid klare å slå. Det kom vel ikkje mykje snø på ein gong. 

Eg hadde nesten litt moro med denne tanken, for på veg oppover til Kvamsnipa starta det å snøe ja... Den første byga var ikkje rare greiene, men det var tydeleg bygevèr i lufta. Det var nok meir i emning. 

Utsikt mot ytst i Førdefjorden. Flokeneset nett ned under.

Snødrevet gjekk fort over, og i aust opna det seg eit flott lysspel i morgonsola rundt Markahengenipa (hovudbildet). Også ute i havet var skyene flotte.

Turen opp på Kvamsnipa gjekk heilt fint. Greitt og enkelt. Så mykje snø låg det heller ikkje. Litt obs på islagde steinar og berg måtte eg sjølvsagt vere.

Morgonstemning på Kvamsnipa

Som sagt hadde eg aldri gått vestover frå Kvamsnipa til Middagsnipa før. Og etter berre nokre minuttar skjønte eg at det kunne bli ei stund til neste gong. For terrenget var langt frå enkelt. Iallefall ikkje i dag. Her låg dammar overalt der isen ikkje heldt. Sterkt kuppert, steinete og forrive landskap. Opp og ned. Og som ikkje dette var nok, var det lenger enn eg trudde. Når dette er sagt, er det mogeleg at det er lettare å gå på ski dette stykket under gode snøforhold. Så eg skal aldri seie aldri.....

Landskapet austover frå Middagsnipa til Kvamsnipa (inst t.h.)
er fint på bilde, men ganske tungt å ta seg fram i...

Det oppsto eit lite problem med å finne trimposten. Her var mange småtoppar med vardar. Og på toppen, der eg meinte Middagsnipa var, låg det ingen post. Men på den tredje varden endå litt lenger nordvest, fann eg boka. Godt gøymd og utan boks. Så då var det tid for å få namnet i boka og sedvanleg fotografering.

Eg var ein augneblink inne på tanken om å gå utatt til Indrevågefjellet og ned igjen på Osland. Få fruen til å hente meg, men aberet var jo at bilen stod i Skjerlia. Eg fann ut at det vart no mykje køyring for så lite. Så eg snudde innatt same vegen. 

 Regnboge over Førdefjorden med ny snøbyge frå nordvest

Og så starta det å snøe. Intenst. Og eg såg nesten ingen ting. Eg bestemte meg for å følgje spora tilbake til Kvamsnipa. For her oppe fanst det ikkje haldepunkt i steinlandskapet. Ukjend som eg var i tillegg. Og det gjekk greitt sjølv om det tok si tid. 

Stien ned igjen frå Kvamsnipa til Skjerlia sa jo seg sjølv. Sjølv om det var glatt enkelte stadar gjekk det heilt fint.


Mellom Kvamsnipa og Skjerlia ligg denne flotte myra

På heimveg følte eg at eg ikkje hadde fått røynt meg skikkeleg. Og det var endå ganske tidleg på dag. Så eg bestemte med like godt for å ta turen opp igjen på Svarthamrane òg. Etter at eg kom heim skifta eg berre til ei ny trøye og jakke, og tok turen dit òg. 

Håvard var ute og trilla Tora og Tiril då eg var heimom...

På veg oppover på Svarthamrane tenkte eg med meg sjølv at jau kan stien opp her vere litt krevjande, men den var likevel enkel i forhold til stykket frå Kvamsnipa til Middagsnipa. Så eg gav på oppover. Betre dette å få køyrt seg litt, og få sveitte skikkeleg ut. 

Det var kome noko meir snø sidan i går ettermiddag då eg òg var opp.... Og spesielt på toppen hadde det fokka seg. Eg var uheldig med ei ny solid snøbyge og sterk vind akkurat då eg toppa ut. Men hit til Svarthamrane har eg jo merka så godt at det var ingen problem. Noko tungt var det i all snøen bort til varden, så eg måtte skru ned på farten. Og ned igjen gjekk det same vegen.


To flotte turar i dag  med veldig skiftande vèrforhold. Herlig!

Svarthamrane i middagstida
(Det skulle vel ha vore Middagsnipa i middagstida, men det får vi ta neste gong)


Fra Kvamsnipa_Middagsnipa_Svarthamrane 061110
Ny snøbyge på gong frå nordvest i Førdefjorden

fredag 5. november 2010

Svarthamrane igjen

Svarthamrane i kveld

Eg avspasserte ein time på jobb i dag slik at eg kom meg opp på Svarthamrane igjen utan hovudlykt. Det heldt ganske greitt. Det var komme ein del snø siste døgnet. Og siste bildet her er teke med blitz gjennom eit snøhol på varden. For moro skuld for å sjå korleis det vart. Ikkje særleg vellukka då...:-) Elles var det ein heilt grei og fin tur....  


Moldura t.h.

onsdag 3. november 2010

mandag 1. november 2010

Stjernetur

 1: Mot nord til Stongfjorden, øyane og Florø
2: Mot sør til Holmedal og Dalsfjorden
Bilda er tekne med forlenga lukketid på Svarthamrane i kveld ca klokka 18.15

Eg hadde meg ein fantastisk tur på Svarthamrane igjen i kveld med hovudlykt. Du verden kor fint det var. Nesten heilt stille og stjerneklårt. Det overraskar meg like mykje kvar haust, når lyset forsvinn, kor lenge du kan gå på nattsynet. Tenner du hovudlykta blir det straks forstyrra. Eg kom meg faktisk nesten heilt til topps utan å tenne hovudlykta i det heile teke. Men bortover topplatået tok eg ikkje sjansen lenger. Der er det så ulendt og steinete at eg fort kunne trakka over. Dessutan låg det litt snø og det var begynt å fryse på. 

Det var eit fantastisk skue på toppen. Nydeleg utsikt til Dalsfjorden og Stongfjorden. og bygdene på kvar side av fjellet. På sørsida hadde himmelen rosa skjer av eit kvart i Sogn, eller kanskje frå Mongstad? Mot Florø skein lysa som ein glorie på himmelen. Og på øyane ute i havet lyste det av liv òg. Lysa ser alltid ut til å vere så nær frå fjellet etter det er mørkt....

Det same kan eg vel seie om den enorme stjernehimmelen. Ein stjernehvelving verkeleg i panoramaformat. Utrulig vakkert! Ingen lys som forstyrra det funklande praktfulle skuet. Det er noko veldig spesielt å gå i fjellet med hovudlykt. På mange måtar. Du kjem så nær deg sjølv og omgjevnadane. Eg skal heller gje meg tid til å brodere dette ut litt meir ved ein seinare anledning.

Kjempetur! Ingen problem i det heile teke!