mandag 11. oktober 2010

Svarthamrane

Svarthamrane før det mørkna i går kveld

Eg har bestemt meg for å gå på Svarthamrane med hovudlykt i vinter. Ruta startar i Stongfjorden og går opp Gjerdedalen, nesten til toppen av Mannskaret, der ein tek av til venstre og svingar opp ei bratt skår mot toppartiet. Denne trassèen føl den merka ruta som går til Nipebu, så langt som opp til den nemnde skåra. Eg tok difor med meg ei bør med refleksstenger i dag til å merke oppe ved toppen over tregrensa. For å ha noko å gå etter i mørket i dårleg vèr og sikt. Det vart ikkje tid til å starte utplasseringa no i kveld på grunn av lyset, så det får eg ta litt etter kvart.

Den største utfordringa blir nok likevel snø/skareforholda nedanfor toppen av Mannsskaret, og ikkje minst den bratte skåra opp, då dette ligg nordvendt utan solinnstrøyming. Snøen ligg til vanleg lenge her oppe, samtidig som det er sjeldan den regnar vekk under mildvèrsperiodar. Den positive sida er at omlag halvparten av stien går nedanfor skoggrensa. Og her er ikkje vèret så hardt som t.d. på dei lange trefrie partia mot Toreheia i fjor. Det er meir rett opp og ned på Svarthamrane. Så det skal bli spanande å sjå korleis det vil fungere. Eg må ha med meg ei bør til  ein dag.  

Det er flott at Svarthamrane vart ein av fjelltrimpostane denne sesongen. Då får vi helde DNT-ruta opp dalen vedlike. Og til våren får eg ta med malarkosten og fiffe opp igjen dei raude T-ane.

Olaug vart med meg i ettermiddag. Peter er på besøk hjå Marie i Bergen, så det var kjekt å kunne ta ein tur i lag. Vi kom oss fint opp og ned før mørket seig på. Nok ein flott kveld her hjå oss. Fantastisk flotte dagar dette. 

Ruta til Svarthamrane skal eg går meir i detalj på seinare. Det blir nok anledning til det...:-)

Fra Svarthamrane 111010

Kartet syner den stipla ruta frå Stongfjorden til Nipebu.
Svarthamrane 759 moh ligg der ruta svingar beint austover.
(Du kan zoome inn i kartet og flytte rundt med musepeikaren).


2 kommentarer:

Lene Gjelsvik sa...

Kjekt å sjå at de er i gong med årets runde allereie - og merkinga nyt vi no godt av fleire! ;o)

Unknown sa...

Yess, skal bli bra dette. Eg er glad for at vi får gått denne stien meir, og ikkje minst få fiksa på den litt etter kvart. Det er eit lite parti i bratta oppe i skogen som aldri har vore heilt godt... Har hatt forskjellige stunt her, og ein god kakk midt på kneskåla i går gjorde langt frå godt...:-) Olaug meinte eg høyrdest ut som bukkane i brunst oppe i lia...:-)