lørdag 9. oktober 2010

Sesongavslutning

 Fossedalshengenipa kl 18 i går

Frå Toreheiai dag tidleg

Grunna dårleg tid i går kveld fekk eg ikkje blogga turen på Fossedalshengenipa. Vedlagt ligg difor bilder frå avslutningasturen her i går, og frå Ytrevågefjellet/Toreheia i dag. Sidan eg no skal stad og feire søster mi sin 50-års dag i Dale, blir det heller ikkje tid til noko særleg skriveri. Dette lyt eg difor sjå å kome tilbake til hvis ikkje turane hopar seg opp....:-)

Det eg kan seie med få setningar, er at turen på Fossedalshengenipa i går kveld før det vart mørkt, var ein av dei finaste eg har hatt. Som avslutningstur på årets sesong kunne det ikkje blitt vakrare. I det minkande lyset, sola og haustfargane, vart det nesten i meste laget. Eg gjekk heim med ein klump i halsen... Eit år var omme...!

I dag valde eg å gå frå gruvene på Osland og på Ytrevågefjellet og vidare vest til Toreheia og ned igjen heime på Yndestad. I morgonsola var det ein perfekt morgon. Fantastisk stilt og fint ved Krikavatnet. Nydelege haustfargar. Som det finaste måleri. 

Så får vi sjå kva vi finn på i morgon. Dagen må iallefall nyttast i fjellet, 50-årsdagar i dag eller ei... 


Fra Fossedalshengenipa 081010
Fra Ytrevågefjellet_Toreheia 091010

2 kommentarer:

Hannesol sa...

Åh så vakkert og for en fin sesongavslutning! Godt å høre at det er flere som blir litt andektige og får klump i halsen av naturopplevelser. På torsdag ble jeg sittende på en krakk ved en vinterstengt hytte i havgapet. Og jeg satt, og satt. Doggen ble utålmodig, men jeg satt. Det var så vakkert og fredfyllt :) Fortsatt god helg!

Unknown sa...

Så flott kommentar Hannesol... Veldig kjekt at du legg inn ein kommentar. I går fekk eg kjensla av det same på Eitrenipa. Kjensla av å gå i eitt med alt rundt meg. Fantastisk fredfullt!