søndag 3. oktober 2010

Målet er nådd!

Utsikt mot sør frå kanten på Blegja 30/9 
Vi ser Gulen i midten og Lihesten til høgre. 

I går var det namnedag for Tiril, andre barnebarnet til Olaug. Først var det seremoni i regi av Human Etisk Forbund på Rica Sunnfjord i Førde, for deretter å ha koldtbord med kaffi og kaker i grendahuset i Stongfjorden. Det var ein hyggeleg dag. Nokon fjelltur vart det ikkje tid til...

I dag fekk eg gjere meg ferdig med fjelltrimmen for denne sesongen. Målet eg sette meg i oktober i fjor er nådd. Jippi! Men endå er det ei veke igjen, og som i fotball blir det vel alltid nokre ekstraminuttar. Eg får sjå det an... Frå neste helg er det iallefall nye fjell som gjeld. Eg får legge opp ein slagplan når eg ser kva fjell det er. Noko slaraffenliv på sofaen blir det berre tid til unntaksvis... Slitasjen på knær og skuldrar får stå si prøve...! 

Meldingane for dagen i dag var slett ikkje gode, så eg stod opp med same det lysna og køyrde deretter til Askvoll for å ta turen, medan det endå var opplett inn i mellom. Det gjekk heilt fint. Rett nok bles det godt oppe ved toppen, men regnet heldt seg stort sett unna. Eg traff forresten Ingvar på toppen av bakken der vinden tok som mest. Vi fekk utveksla nokre ord i dei friske omgjevnadene. Men tid og stad var ikkje akkurat dei rette for nokon lenger passiar. Så eg sprang heile vegen ned igjen til bilen før det begynte å regne endå meir. 

Frisk start på søndagen dette. Resten av søndagen får eg sjå til å få lese nokre av blada som ventar på meg: Vår Fuglefauna, National Geographic og Illustrert Vitenskap Historie. Det høyrest egentleg forlokkande ut, og passar bra ilag med lukta av svinesteika som surrar i ovnen....:-)
 

3 kommentarer:

Hannesol sa...

Hei igjen Gustav, og gratulerer med å ha nådd målet ditt! Det har vært en sann fryd å følge turene dine og jeg kan ikke få skrytt nok av bildene dine :) (Jeg syns slettes ikke det går inflasjon i dem slik du nevnte tidligere). Gleder meg til å følge turene dine videre. Ha en flott høst! Hilsen Hanne

Forfatter sa...

Da må eg få lov til å gratulere med vèl oppfylt mål!

Unknown sa...

Takk Hannesol og Vincent. Veldig kjekt med så fine tilbakemeldingar - ikkje minst det du seier om bilda mine Hannesol. Utrulig kjekt!

Har tatt det litt kulig i det siste, men reknar med å stå på utover hausten og vinteren med hovudlykt. Har eit nytt prosjekt på gang frå helga av...:-))

Dessverre minkar lyset og dermed anledningen til å ta bilder (håpar på fint vèr og måneskinn!). Men vi får plukke litt i det gamle ved behov...