lørdag 23. oktober 2010

Kjensla av påske

 Kjensle av påske på Svarthamrane i dag

Svarthamrane ligg rett sørvest for Skålefjellet. Fjellet er 759 moh, og frå sentrum ved fjorden og opp Gjerdedalen er det god stigning heile vegen. Ruta har eit litt ulendt midtparti, og noko ur og stein undervegs. Spesielt under skoggrensa.     

Eg starta ganske friskt heilt frå sentrum i dag. Olaug køyrde meg inn, då bilen min var vinterdekk på, og ho trong den. Allereie oppover skogsvegen, forbi bana og opp til skiltet til Nipebu, var det tyngre enn vanleg. Her rakk snøen meg likevel berre til anklane. Og hadde det ikkje vore for at eg er så kjend oppover, ville eg aldri kunne ha heldt meg nokolunde til stien. For ganske fort nådde snøen meg til midt på leggen. 

 Kvar er stien?
 
Det er greitt at ankelen verkte. Spesielt i bevegelsen opp og ned. Men det gløymde eg likevel ganske fort,  for maken til fysisk test dette vart, er det lenge sidan eg har opplevd. Eg måtte ta telling fleire gonger. Eg hadde ikkje innbilt meg at det låg så mykje snø opp dalen. 

Det som elles var litt skummelt, var alle steinane og hola mellom dei, groper og anna som ikkje var råd å sjå. Sjølvsagt var det null underlag i snøen. Eg baksa på oppover dei bratte bakkane, og opp over den verste av dei, så sveitten rann i strie straumar. Dette var ingen kosetur! Det var eit blodslit frå ende til annan. 

Eg greidde å kare meg opp til Alteret, opp den bratte bakken ovanfor, og til første elva som kjem ned frå Skålefjellet. Eg fekk i meg nokre kalde slurkar fjellvatn så det svei ned etter brystet, og lurte på om eg skulle snu. Eg var komen 2/3 deler av vegen, men hadde allereie brukt same tida som eg har brukt til topps tidlegare. Men no var eg så innbitt, hadde brukt så mykje krefter, at opp skulle eg. No turning back! Det var eit nederlag å snu.... 



Utsikt mot vest ved første elva frå Skålefjellet

Oppe i skråberga, der eg kvesta foten forrige lørdag, gjekk eg på spora av ein mår. Eg følgde det fornuftige vegvalet han hadde nytta heilt framme på kanten av stupa på vestsida. Her var nemleg snøen blesen av ytterst ute, og det var lettare å gå. Desse omlag hundre meterane vart i dag faktisk dei lettaste, her som det til vanleg er ganske tungt. Og dette trengde eg.... for nett ovanfor, i det steinete partiet der eg no har lagt ruta heilt oppe under fjellet, stod eg fleire gonger til brystet i snø. Eg botna ikkje i det heile teke. To gonger stod eg bom fast, truleg mellom digre steinar, kavande i snø i brysthøgde, utan å komme meg verken opp, til sides eller ned. No fekk eg sjølvsagt ikkje panikk, mest bekymra var eg for fotoapparatet som fekk seg stadig nye bad i nysnøen... Men heldigvis heldt veska den finpudra snøen ute...

Vel, eg kom meg laus igjen. Vel vitande om at ramnen stadig vekk skreik borte i fjellsida. Han var usedvanleg nærgåande i dag, av ein eller annan grunn. Mulig han frykta ein lang og kald vinter, som ein følgje av det store og tidlege snøfallet, og trong litt ekstra næring for å halde seg i live til våren. Ramnen har eit lag for å plukke ut auger og edlare deler først når dei kjem over skrottar. Mulig proteininnhaldet i desse kroppsdelene er av det betre slaget... Men slikt hadde no vorte eit kjøle endelikt, tenkte eg... Nesten som han Ole Johan som Jakob`en skreiv om. Eg måtte nesten fline litt med meg sjølv i all galskapen...:-)

Det bratte skaret ovanfor vart ikkje mindre av eit blodslit. Eg prøvde å halde meg heilt i kanten på fjellhammaren på nordsida opp. Men det var ikkje så mykje hjelp i. Snøen rakk meg over knea nesten heile vegen opp dei omlag hundre bratte meterane. Og i toppen der det smalnar av, låg det endå meir. Her brukte eg teknikken eg av og til nyttar, ved å krype opp på snøen på alle fire, og nytte leggene som trugar. Det går visst snøen ikkje er aldeles laus, og der det er bratt nok. Eg kom meg såleis opp på toppen der den små tjørna ligg. 


Mot Holmedal og Dalsfjorden frå siste stigninga ved toppen

Eg var pumpa. Pusten gjekk som ein blåsebelg. Og eg klarte ikkje anna enn å etterlikne eit avmålt ramneskrik. I glede. For  no var det verste gjort. Eg var i tillegg komen meg opp i sola. Eg kunne skode ned att i Stongfjorden, til havs og bort i Moldura. Kvite og solrike hamrar. Blått hav og blå himmel. Fantastisk. Du verden kor eg hadde slite for dette synet i dag. Kanskje blir slike opplevingar spesielt mektige når du har slite ekstra for å få dei? Ja, nesten som med kvinnfolk og pengar? Det motsette kan vel oppsummerast i det engelske uttrykket  "easy come easy go"..... 

Svarthamrane er egentleg to toppar. På denne ruta her kjem du opp midt mellom toppen i sør på 720 moh og hovudtoppen på 759 litt lenger mot nordaust. Det siste steinete og kupperte partiet bort på toppen er vel 400-500 meter. Her ligg det nokre vasspyttar og dammar. Men isen som låg her i dag heldt meg ikkje. Snøen skjulte stadig nye feller. Eg var ikkje interessert i nokon ny smell i ankelen - eller nokon annan plass for den del. Det er heller ikkje vanskeleg å knekke ein legg når forholda er slik. Det blir fort vondt når foten sit igjen mellom steinar og resten av kroppen er på veg framover... 

 Dokka og Moldura frå Svarthamrane

Det var kaldt på toppen. Ein sur vind frå nord reiv godt i andletet. Men eg må nesten få skryte litt over den nye Paramo buksa eg kjøpte for ei stund sidan, og som eg ikkje hadde brukt før. Den var knallgod. For det første prella snøen av som vatnet på gåsa, for det andre var den luftig og varm. Vinden hadde ikkje ein sjanse. Buksa var i tillegg veldig god å ha på seg. Godt å bevege seg i ho. No gjenstår det å sjå om buksa òg er vasstett, som lova. Det ville nesten vere for godt til å vere sant.  Men dette var uansett ei veldig god vinterbukse. I tillegg kjøpte eg nyleg ei Rab Primaloft bukse som eg ikkje har fått testa ut endå. Så eg skal nok vere bra utrusta til ein kald vinter...

Det var fantastisk fint på toppen. Og då eg fekk bytt hua, var det heller ikkje kaldt. Eg tok meg tid til å fotografere litt og nyte omgjevnadane. Flott utsikt til Dalsfjord-sida og Stongfjorden, havet, øyane, Dokka og Moldura. Og Skålefjellet rett i nord. Så totalt annleis her i frå enn frå nord, der fjellet stuper bratt rett ned mot Stongfjorden. Her på sørsida er det steinete og kuppert og ikkje særleg bratt. 

 Sjølvportrett i widescreen...:-)

Etter ein 10-15 minutt tok eg ned igjen same vegen. Følgde spora nesten til punkt og prikke for ikkje å få nokon kroppsleg overraskelse. Sveitten sila - igjen... Eg måtte difor finne drikke frå den iskalde elva nok ein gong. Utan noko form for uhell kom eg meg fint ned igjen. Ein god del raskare enn opp ja. Og det var godt, for eg hadde nesten brukt det doble av tida frå dei andre turane hit. Og dette var iallefall nok tur for meg i dag...

Fra Svarthamrane 231010

 Svarthamrane i midten oppe. Skålefjellet t.v. Foto heim i kveld.

Solnedgang frå altanen heime i kveld

Ingen kommentarer: