søndag 24. oktober 2010

Det kjem seg...

Foto frå starten på skaret som svingar austover og opp frå Mannsskaret

Eg var ikkje utkøyrd etter kampen mot all nysnøen i går. Faktum var at eg følte meg ganske fin i dag. Den vonde ankelen dunka framleis, men han var mykje betre enn eg hadde trudd etter gårsdagen. Men at eg hadde gangsperr i magemusklane var jo litt morsomt. Det er ikkje akkurat der eg brukar å kjenne det etter fjellturane. Nokon grunn til å stresse var det ikkje. Med så mykje laussnø i fjellet, var det ikkje aktuelt med nokon annan tur enn å gå opp igjen spora frå i går likevel. Eg hadde jo brøytt... Så etter å ha fått i meg grauten, kraup eg like godt opp att i senga. Dei andre sov endå... 

 Morgon ved lavoen i Gjerdedalen

Eg dorma av ei stund. Stod opp, og fekk i meg ein kopp kaffi og eit eple, før eg gjekk i kjellaren og kledde på meg fjellkleda. Same utrustninga, men med litt sterkare odør enn dagen før... Det har sine fordeler å gå åleine i fjellet - ein kjenner ikkje så godt lukta av seg sjølv. Eg har følgt ein serie frå Mount Everest i det siste - der kan det gå vekesvis mellom kvar dusj, og klesvask er eit ukjent fenomen. Så gale er det likevel ikkje med meg... Men til sine tider skulle eg gjerne sett opp varselsskilt på døra til fjellkleda mine i kjellaren - eg kan ikkje akkurat vaske dei kvar dag heller... 

Eg parkerte deretter oppe hjå Øvrebø`en, og starta å gå opp igjen spora frå dagen før. Det var ein fin morgon. Det viste seg snart at det var mykje lettare å ta seg fram enn gårsdagen. Ikkje minst at eg kunne sjå kvar eg kunne trakke eller ei. Unngjekk fellene og gropene eg hadde stege gjennom i dagen før. Og ikkje minst ovanfor svaberga, der eg i går sat fast i snøen mellom digre steinar, var det godt å ta nokre andre steg. 

 Ved toppen av skråberga. I går sat eg fast t.v. for steinen i midten oppe

Utsikt andre vegen frå same staden. Stongfjorden i botnen.

Oppe i skaret til venstre for Mannsskaret såg eg det tjukna til. Skodda dreiv inn frå nord ved Toreheia. Og oppe på sjølve toppen var det nesten ikkje sikt i det heile teke. Slik sett var eg nok litt uheldig med tidspunktet her i dag. Men shit, eg veit no korleis det ser ut. Og brukande bilder hadde eg jo frå i går. Eg knipsa likevel eit par som viste at eg hadde vore der i dag òg. For syns skuld. Bevis for at ein har toppa ut er viktig. Du må ikkje komme her og komme her...! 


Ikkje mykje å sjå på toppen i dag

Det har sine fordeler med snø. Spora er lette å følgje når alt blir kvitt med skodde og snødrev. For jammen vart det kvitt. Og nede ved skråberga igjen kom det ei solid snøbyge. No var det ikkje så lenge den stod på,  men det var nok vèrskifte på gang. 

Mot toppen av skaret opp frå Mannsskaret 
(det er brattare enn fotoet viser)

Eg har fått litt erfaring med denne ruta no. Den er hard og bratt. Trassèen er tildels ulend med stein, urar og berg. Ei av utfordringane er at kroppen ikkje får eit einaste minutt pause. Du får ikkje slappe av i det heile teke. I tillegg må ein vere spesielt obs på underlaget. Slik sett er nok denne turen ganske utfordrande for mange under dei rådande forholda, spesielt hvis du ikkje har forma heilt inne. Samanlikna med tida eg brukte med hovudlykt på Toreheia i fjor, er nok denne turen også lenger. Iallefall no. Det gjekk faktisk to timar opp i dag. Noko som er dobbelt så lang tid som dei første turane mine. Forholda vil nok sikkert variere litt framover. Eg reknar likevel med at snøen som ligg no regnar vekk igjen, og at det er mogeleg å komme seg ned igjen på tidsbruken. Men uansett skal du ganske bratt opp 759 høgdemeter frå fjorden.

Ankelen ser ut til å bli betre for kvar dag no. Så eg ser litt meir optimistisk på utsiktene framover. Og sesongen er lang..... det same blir vinteren hvis dette vèret står ved lag...
 
Fra Svarthamane 241010


Ingen kommentarer: