søndag 5. september 2010

Peter sin store dag

 Peter ved Nipevatnet. 
På heimveg frå Blegja i dag.

Det vart ein ny Blegja-tur i dag på "Kom deg ut" dagen. Men i dag vart Anne S med i lag med Olaug og Peter. 

På veg oppover tok damene kommandoen. Peter og eg danna baktroppen. Eg hadde lese litt om Playstation 3 siste dagane, samanlikna med Xbox, og det var visst som å trykke på ein "la det gå" knapp for Peter. Han la i veg oppetter bakkane, og om spelekonsollen, og snart hadde eg halvveges lovt han ein. 

Frå bakkane under Nipebua

Det tok ikkje så mange minuttane før vi var oppe ved elva i bakkane. Det første målet til Olaug, som ho brukar å seie. Og Peter gjekk endå på Playstation. Eg veit ikkje kva damene gjekk på, men jamnt og trutt putla dei på der framme. I starten på bakken opp til Nipebua følgde likevel Peter ilag med dei på stien, medan eg tok bakken rett opp og kom fram til hytta litt før. Der var det Leknes folk som eg fekk ein liten prat med. 

Sola stikk fram aust ved Rørviknipa

Frå hytta og oppover under Rørviknipa tok Peter og eg teten. Eg har teke ei litt anna rute dei siste gongene, der eg kryssar elva som kjem ned frå nordsida av Nipa, og går opp under det første fjellet på høgre sida av elva. Det er litt raskare å komme opp i traversen under Nipa og til Nipevatnet på denne måten. Og damene følgde på, stødig og godt. 

 Mamma sjekkar at alt er ok

Eg var ganske spent på korleis Peter ville takle å gå opp urane. Men steinen meistra han ganske godt. Rett nok vart han sliten i beina, som han sa, men litt XL-1 hjelpte godt på. Likeeins nokre kjeks som Olaug hadde på lur. 

Oppe i siste urane mot toppen låg det skodde. Som kom og gjekk. Peter og eg tok leiinga igjen. Og då siste ura oppe ved toppen viste i skodda, virka det som om guten fekk ei ny vitamininnsprøyting, for det tok jammen ikkje mange minuttane før vi stod på topplatået. Damene kom eit stykke bak. Likevel hadde vi synskontakt det meste av tida. 

 Peter ser litt bekymra etter mamma i barske omgjevnader...

Katen vart veldig glad då vi stod ved varden.  Og nokre minuttar seinare var vi alle samla i steinringen, der ein får litt skjul for trekken. 

 Samla i steinringen på toppen

Eg var fram på kantane og tok bilder i den flagrande skodda. Og etter nokre minuttar ser eg to personar komme inne i frå med god oppakning. Nokre minuttar seinare kjem det to ungdommar med ryggsekk, telt og fiskestenger. Dei hadde gått opp Breiskora i går og lege i telt inne ved Seltuftvatnet eller der om kring. Dei følgde like godt med oss ned att mot Rørvika den vegen. Dei to ungdommane høyrde til inne på Fauske og i Naustdal. 

 Vi traff to kjekke ungdommar 
frå Fauske i Førdefjorden og Naustdal...

Det låg vel gjerne i korta at turen ned igjen vart vel så hard som opp. Løye med det. Ein er berre halvveges når ein er på toppen. Så nedatt urane gjekk det tregare med både guten og damene. Eg likar egentleg å "danse" litt på steinen ned igjen, men i dag gjekk akkurat det for fort for resten. Peter hamna etter og damene endå meir. Så difor gjekk det ein periode i rykk og napp. 

 Fin utsikt mot Eitrenipa og Leknesvatna (bak) frå traversen under Rørviknipa.
Tobbedalsvatnet og Blåvatnet fremst i bildet.

Ungdommane vi møtte tok seg ein rast ved Nipevatnet. Vi andre gjekk ned til aust om hytta og tok oss ein pause her. Peter var no begynt å bli prega av at det var ein lang tur for hans del. Han fekk vondt i eine låret, truleg av ei lårhøne han fekk på forballtrening for litt sia. Så sa han i alle fall. Damene gjekk difor først ned igjen frå der ein kryssar den små elva, midt mellom Nipebua og Rørvika, og eg tok meg av katen siste biten. Det var tydeleg at guten var plaga av låret resten av vegen. Likevel vil eg seie at turen gjekk over all forventing. Ein fin første tur på Blegja for hans del. 


Fra Blegja 050910
Peter har funne slipt sand i ei hole i svaberget



(bomma visst litt på datoen under introen - det skal sjølvsagt vere søndag 5/9)

3 kommentarer:

Forfatter sa...

Sykla fra Førde til Rørvika, gikk på Blegja og sykla attende til Førde i går. En fin tur, dog litt sleipt på steinane ned igjen til Rørvika. ( Var nede i 18-tida )

Det virka som redningshelikopteret hadde øving i går rett under toppen.

Unknown sa...

Var på nettet og søkte på kart over fiskevatnet du anbefalte oss, så vi kom over bloggen din. Flott blogg side du har deg! Helsing ungdomane med opppakning.

Unknown sa...

Vincent: Såg namnet ditt i boka ja. Bra tur du hadde der. Når det gjeld helikopter er det gitt løyve ved Nipebu fram til 31.10 for prøvefiske i Nipevatnet (Rådgivende Biologer), men det var gjerne ikkje dette så langt aust. Det føregår også geotekniske undersøkingar i området.

Endre: Takk for skryt! Veldig artig at du fann bloggen min, og så same dagen eg publiserte bilder av dykk. Eg tok sjansen på at det var ok sidan bildet var til dei grader sporty:-)) Kikkar du litt finn du mykje bilder frå Nipebu og Langevatnet/Nipevatnet. Også fisk. Treng du fleire opplysningar er det berre å sende meg ein mail, så skal du få det du treng...