torsdag 30. september 2010

Refleksjonar frå ein flott fjelldag

 Mot Kvammen og Vevring på returen frå Blegja i dag

Som tidlegare nemnt fekk eg meg ein feriedag i dag. Meterologane spår visst tilskyande vèr frå helga av, så det var kjekt å få seg ein dag med skikkeleg flott haustsol får sørvesten er over oss igjen. 

Eg vart spurd hin dagen om å skifte ut fjelltrimboka på Blegja i år som i fjor. Noko eg sjølvsagt takka ja til. Problemet på denne tid av året er kor tid snøen legg seg der oppe. Den kan kome i helga eller om to veker. Boka skulle vel egentleg ikkje ned før den 10., men folk som eventuelt går frå no av og fram til den datoen, kan sikkert berre ta kontakt med fjelltrimgruppa om dei vil ha poenga registrerte. Slær vèret om no som spådd, kan dette umogeleg vere snakk om mange....  Nyeboka som er komen på plass for sesongen 2010/2011 gjeld nok ikkje før neste helg av.

Diverre opplevde eg truleg årets tabbe i dag tidleg. Olaug reiste på jobb, og eg vart heime med Peter til han skulle på skulebussen til Askvoll. Det vart sikkert meir styr enn eg er van med. Eg er jo så heldig at eg hoppar ut dørene først om morgonen. Me myself I, så eg er heldig soleis. Eg fekk likevel pakka med meg det eg skulle, og så var det å få Peter på gang. Men eit visst Playstation 3 som kom i hus hin dagen er vanskeleg for katen å rive seg laus frå. Men til slutt kom vi no oss ut dørene. Alt vel. Eg plystra med meg sjølv til MP3`en på dei frosne vegane inn i Røvika. På med sko, gamasjar, fram med fotoapparat, mobil, stavar og alt i hop og sekken, SEKKEN, i svarte svingande, sekken, den stod igjen i gangen heime...! Eg vart flat som ei pannekake, og tenkte først på å gå opp slik eg stod, men så kom eg plutseleg på at boka låg jo i sekken....! Turn around! No excuses! Smil til verden og verden smiler til deg.... Det var berre ein ting å gjere - køyre til Stongfjorden igjen. 
Dei lurte nok dei som var på veg til Førde kva eg gjorde på veg ut igjen i dag tidleg. Ja, ja no har de forklaringa. Usensurert...! Vel, vel, eg plystra no andre gongen eg køyrde inn òg eg.... Og så endeleg var eg klar til å begynne å gå. Klokka hadde allereie blitt nesten 9.30...

 Dagens første solstrålar

Det var kaldt. Som sagt frose på vegen. Dei som kjenner Rørvika veit at dette er på nordsida av Blegja. Og alt ligg jo då unnasols oppover om morgonen på denne tid. Graset var rima, det var òg steinane, og trass i ganske nye Scarpa-sko var det obs obs.... Likevel heiv eg fort Rab Drillium jakka i sekken og gjekk i Brynje Ski Pulleyen. Denne er ein kombinasjon av netting innerst og fleece ut igjen på. Kjempegod, kanskje den beste førstelags-trøya eg har, men diverre luktar den vondt etter nokre timars bruk...! Eg kom meg etter dette ganske raskt oppover. Forma var upåklageleg og lufta så innmari god å puste i. 

 Glassert berg under Rørviknipa

Førdefjorden låg som ein koboltblå-spegel. Vevring og Kvammen avkrystallisert på yta. Gardane på Vatne og Helle låg som grøne edelsteinar ved fjorden, og leikande i morgonsola. Ikkje ei sky på himmelen. Rett og slett ein fantastisk flott haustdag. Eg kunne ikkje hatt det betre nokon stad på jord. For utsikta til Førdefjorden, Kvammen og Vevring-sida og ut mot øyane til Florø, er noko med den finaste utsikta eg veit. Det er bakkar opp her ja, krevjande for nokon sikkert, men du verda kor godt det gjer å komme seg oppovet og oppleve denne utsikta. Dette er nok ein av grunnane til at eg ser med sorg på kva som kan hende på Engebøfjellet midt i mot...!  

 Kjende fjell i vest. Eitrenipa fremst.

Ein blir tenkjande på så mykje når ein vandrar slik i einsemd. Eg trivst best slik. Eg snakkar best med meg sjølv då. Kanskje difor ser eg så godt verdien av det landskapet eg vandrar i òg då. Mitt landskap. Som eg er ein del av. På ein eller annan forunderleg måte er det som tida står stille av og til. Eg får ei merkeleg oppleving av å vere i eitt med omgjevnadene. Det er ei god kjensle. 

At vi menneske ser ulikt på ting må ein berre akseptere. Kven som har rett, er vel til sjuande og sist kanskje likegyldig? Vår tid er iallefall avgrensa. Og komande generasjonar ser heilt sikkert annleis på ting enn det vi gjer, same korleis vi ser på det i dag. Men ein ting er eg sikker på - naturen overlever oss alle. Det er den som er sjefen, same korleis vi steller oss og øydelegg. Om tusen år er sikkert både kraftverk, kraftleidningar og alt anna skjemmande ei saga blott. Naturen tek det igjen. Anten menneska er her eller ikkje. Nye behov oppstår og andre blir avleggs....

Når eg av og til diskuterer med min fru, er det forunderleg kor ulikt vi ser på ting. For å bruke uttrykket å sjå, i ei konkret tyding, kan eg berre ta kraftleidningar. Ho ser dei ikkje. Ho legg ikkje merke til dei seier ho. Eg har spekulert mykje på dette, for er det noko eg ser, så er det kraftleidningar. Eg ser skjemmande krafleidningar overalt. Eg er av og til redd for at alt det vakre berre skal forsvinne i kraftleidningar, eg meiner, at eg ikkje sansar det vakre på grunn av kraftleidningane. Akkurat den tanken gjer meg litt trist... 

 Utsyn mot Naustdal

At Olaug og eg ser forskjellig på ting, kom no forresten godt til uttrykk i dag tidleg. For det hadde visst vore ein oppheta rovdyrdebatt ein eller annan plass som var referert på lokalen. Og i kjølevatnet at dette innslaget seier fruen at ho iallefall ikkje hadde tort å gå opp i marka hvis her var ulv og bjørn. Ja, så ulikt kan ein sjå på det, for eg hadde tykt det hadde vore mykje meir interessant å gått i fjellet hvis eg kunne vere så heldig å få oppleve eit rovdyr på nært hald. Ja, for ikkje å snakke om at eg hadde greidd å fotografere det. Himmel og hav - eg hadde vore ein lukkeleg mann! Ja, ja slik er det. Men sau og bjørn går vel ikkje heilt i hop. Eg får passe meg slik at det ikkje blir liknande tilstandar mellom meg og fruen òg... det åpenbare er no at vi òg har rett til ein eksistens... som bjørn og sau. Det kan umogeleg vere rett å skyte ned noko fordi ein ikkje likar det? Eg lærte en gong i tida at når du først starta å slost, så hadde du tapt diskusjonen. Eg trur det er slik med andre ting òg.  Som å utrydde rovdyra....
 
Men i kveld er eg visst hamna heilt ut på vidotta. Kor eg var? Jau, eg var visst komen opp under Rørviknipa før eg visste ordet av det, var eg tenkt å seie. Dei som har gått litt her oppe, veit at det er ein heilt annan temperatur enn nede ved fjorden. Det er mange grader kaldare. Og når du i tillegg nesten alltid får meir trekk i kroppen, seier det seg sjølv at det blir kaldt. Eg klarte likevel å komme meg sørover i traversen med berre ei hue og hanskar i tillegg til det eg gjekk i. Og framme med Nipevatnet, kikke sola òg fram på sørsida av Nipa. Herlig! Det var berre å gje på vidare oppover urane, så slapp eg å ta på meg meir klede...


Vestover frå kanten på topplatået


Heldigvis var det akkurat så mykje liv i elva som kjem ned på sørsida av Nipa at eg fekk fylt opp ei flaske med XL1. Dagens første slurk. Iskald. For elvesitla var frosa både her og der. Vatnet svei ned halsen, og to tre slurkar var nok. Vidare opp og opp, i stein og endå meir stein. Alpint landskap. Jammen er dei nøgne plantane som veks oppe i ura 1200-1300 moh. Dei har ikkje lange vekstsesongen. På ein måte beundrar eg livet som karrar seg fast her oppe. For ei utrulig klode vi lever på...!

Eg nådde toppen utan noko møye i det heile teke. Enkelt og greitt. Du verda kor fint det var. Klår og kald luft. Blått i blått, stein i stein, fjell og dalar, Naustdal og alle bygdelage ved Førdefjorden. Heilevongstaurane, Storehesten, havet det blå med alle øyane, og alle dei kjære kjende fjella i vest. Ei høgtidsstund for ein heldig mann. Som er førd og frisk nok til å komme seg opp ved eiga hjelp. Ofte tenkjer eg på at det var større sjanse for at eg var fødd i Mogadishu, på Haiti eller som eit flaumoffer i Pakistan enn her på denne gyldne flekk. Slik sett føler eg ei veldig stor takksemd til livet. Til tida eg får lov å vere til. Fødd med sølvskei i munnen!


Eg tok nokre bilder, fekk skifta ut boka og måtte fiske fram Rab-jakka igjen. Tok meg ein snur fram på kantane og fekk studere Blåfonna. Hadde ho minka i år? Var veldig mange nye sprekker no tykte eg.... Om Blåfonna forsvinn blir Blegja aldri det same meir. Steinen derimot er eg mindre bekymra for. 

Hauststemning mot Førdefjorden

Eg tok meg eit par munnar drikke, og gjekk bort nordvest-kanten og nedatt same vegen. 


Det var på ein måte eit heilt anna klima då eg kom ned igjen under Rørviknipa. Trekken var vekke, og sola formeleg steikte inn i ryggen. Av med jakka igjen. Aldeles praktfullt. Eg hadde god tida, og eg gav meg god tida. Fotograferte litt, retta på nokre vardar, og skremde opp ei forskrekka ringtrast som endå ikkje hadde starta trekket.  Ho likte seg vel ho òg her oppe i denne kjempehausten.

Nede i bjørkebeltet igjen var fargane på lauva heilt eineståande. Med den låge sola i sør i ryggen og med god solinnstrøyming mot trea, var gulfargen på lauva blendande. Og med den knallblå fjorden som bakteppe, var det eineståande vakkert. Eg fekk knipsa nokre bilder, men slike fortel berre ein brøkdel av sanninga. Det er slike dagar ein berre sjølv må ut og nyte..... Så eg takkar gildt for denne dagen. Den har gjort meg glad, audmjuk og vemodig. Alt på ein gong. For alt har si tid her på jord. Og det er ingenting vi kan gjere noko med ...


Fra Blegja 300910
Midt i steinura trassar desse blåklokkene klimaet...

tirsdag 28. september 2010

Nest siste...

Askrova, Tansøy, Kinn, Reksta, Skorpa, Storebatalden og Hovden.
Foto frå skaret mellom Fanafjellet og Moldura forrige lørdag.

Medan Peter var på fotballtrening stakk eg ein kjapp tur oppom Siktanuten i ettermiddag òg. Repetisjon frå i går kan eg vel seie. Alt likt. Eller det vil seie eg traff Svein F nede på flata, og fekk slege av ein hyggeleg prat med han. 

Det har vore nokre fantastiske dagar no. Ein skulle så gjerne hatt desse dagane fri. Men heldigvis fekk eg meg ein feriedag på torsdag. Så då ligg ein lenger fjelltur fremst i frontallappen...:-) Det flotte vèret held visst ikkje lenger enn til fredag er det sagt. Så no må det nytast i lange drag. Lufta er så utrulig klår og god å puste i no. Ei sælebot å sleppe intens varme, fluger, flått og mygg. Ja, hausten er ei praktfull tid...!

mandag 27. september 2010

I skuggeland

Utsikt frå den vestlege toppen på Moldura 25/9

Det var ei berusande kjensle å knyte på seg joggesko, tights og ei tynn trøye og ta opp på Siktanuten i stad. Gje litt gass på den tørre og gode stien. Nå att sola oppe på toppen. Den spegla Alden og havet i vest i sølv. For no er det skugge heile vegen opp etter arbeidstid. Det var såvidt eg heldt varmen der i skuggelandet. Sjølv om eg gav på. Men det går alltid mykje lettare med minimalt med klede på.

Det nærmar seg slutten på Siktanuten òg no. To turar igjen så er målet nådd. Då får vi finne på noko anna til dei nye postane blir lagt ut.

søndag 26. september 2010

På solsida

Hauststemning i Stongfjorden i føremiddag på veg til fjells

Eg var som dau i kroppen då eg vakna i dag tidleg. Bakke opp og bakke ned i timesvis i går sat igjen. Eg bestemte med difor ganske kjapt at Blegja fekk vere Blegja. Så sjølv om hovudet ville, måtte eg "høyre" på kroppen... Eg åt difor ein god frukost, og gjekk rett og la meg igjen....! 

Eg vakna ein god time seinare og følte meg betre både her og der. Kva no? Eg fann nesten ut med det same at eg fekk ta siste turen på Smørskornova. Måloppnåing og greier. Ferdig med dette fjellet for denne gong. Så det vart standardruta frå Rivedal og opp i eit aldeles praktfullt haustvèr. Sola brann inn i ryggen på veg opp dalen. Og det var faktisk så fint opp her på sørsida at eg like godt heiv av meg på overkroppen. Gjekk slik heile vegen til topps. Ikkje verst når det no snart er oktober!

Med mange fargar i eit fantastisk haustlandskap, vart det ein minneverdig avslutningstur. Ein for minneboka. Om det blir fleire turar frå Rivedal i 2010 får tida vise.

Det er forresten godt å bu på solsida i Stongfjorden òg. For seinare på dag, vart søndagen så nydeleg at det meste føregjekk seg på altanen. I shortsen. Ja, det var ein flott helgedag i slutten av september!

Fra Smørskornova 260910
Heitt og godt i graset under Smørskornova i dag...

lørdag 25. september 2010

Fantastisk haustdag i fjellet

Morgonstemning i bakkane på Stafsnes.
Vi ser Stavenesodden i første solstrålane for dagen.

Eg hadde lovd Halgeir T å vere med å sjå etter nokre sauer han mangla i dag. Men sidan han hadde fellesfjøsen denne helga, starta eg ei stund før frå Stafsnes. Han og broren, Asgeir, gjekk frå Holmedal noko seinare. 

Det var ein veldig flott morgon. Klår himmel, men kjøleg trekk frå nordaust, og berre 4 grader i Stongfjorden i 7-tida. Men sola var på veg. Eg hadde smurt meg niste for ein heil dag, og laga meg kaffi. I tillegg til litt flybensin - eit par ublanda flasker XL1 og ei diger banan. Sjølvsagt måtte det til litt byteklede og ekstra hue og hanskar. Så litt oppakning vart det. Eg starta vel frå Stafsnes litt før kl 8.

Eg følgde så ruta direkte på Fanafjellet. Fekk første sola for dagen omlag halvveges, der bjørkebeltet sluttar. Men ikkje berre sola, ein skikkeleg sur vind frå nordaust var med på kjøpet. Vindkasta gjekk gjennom marg og bein. Kanskje ikkje så rart heller for småpyttane med vatn var frosne...! Ein buff på hovudet og hetta på RAB`en fekk halde til eg kom meg opp på toppen. 

 Sola bikkar fjellkammen sør av Skålefjellet i dag.

Då eg nesten var komen opp, ser eg sauer med kikkerten ute mot Størdalsstauren. Ein heil flokk. Eg bestemte meg likevel for å ta med meg toppen på Fanafjellet først som sist, før eg gjekk vestover. 

Etter at eg hadde skrive meg inn i boka, gjekk eg utatt på vestsida av fjellet og fekk skifta den tynne Devold`en med ny, tjukk, og ei tynn vindtett jakke/kappe under ytterjakka. Det hjelpte mykje. Eg tok så ein telefon til Ole Andrè i Holmedal, då eg antok at sauene her ute var hans, og sa at eg tok dei med opp igjen i Fagredalen mellom Moldura og Fanafjellet. Så gjekk turen ut på Størdalsstauren.   

 Egentleg var eg på Fanafjellet 3 gonger i dag...:-)

Det virka som om dei 13 sauene her ute var lite lystne på å dra ned frå fjellet. Glad er eg iallefall for at forma er bra. For dei skar ute til Stongfjordsida og så til Moldura, og sameleis om igjen fleire gonger. Sidan eg var åleine om dette prosjektet tok det på.... Til slutt fekk eg dei likevel opp igjen til Fanafjellet frå langt nede på nordsida mot Stongfjorden, men då skar dei inn i retning Mannsskaret og ikkje ned dalen. Og eg etter nord om dei, og klarte å stoppe dei halvveges innover, og fekk dei ned i dalen. Og der vart dei ståande. Eg tok meg så ein kaffikopp i sørhellinga her i ly av vinden, og ringde Ole Andrè igjen og gav beskjed kvar han og Jostein kunne hente dei sprelske sauene. Eller det vil seie -  no var dei spakna ein heil del frå i stad...:-) 

Flokken frå Størdalsstauren på veg mot Fagredalen. Moldura t.h.

Eg heldt så vidare fram opp igjen til toppen av dalen og gjekk opp nord- og austsida av Moldura og opp til Nipa, høgste punktet i aust. Her var det ingen sauer å sjå. Men eg gledde meg over eit par snøsporvar eg fekk på kloss hald. Det bles kraftig her oppe. Kaldt som tykjen. Så eg gjekk vestover til høgste punktet og kom meg i lè av varden. Her fekk eg ringt Halgeir og fortalt kvar eg var. Han var nedunder på vestsida, så då traff vi kvarandre på den vestlege toppen ei stund seinare. 

Utsikt frå Nipa på Moldura.
Siklabergvatna t.v. ein bit av Langevatnet t.h.
(Fjella i aust kjenner vel blogg-lesarane...:-))

Eg måtte innrømme at eg ikkje hadde sett nokon av sauene til Halgeir då eg traff han. Men han viste meg 4 der frå toppen som gjekk lenger vest ved Nyksvatna. 4 som eg hadde oversett med kikkerten då eg venta på han. Det var gledeleg. Så etter å ha fått kontakt med Asgeir som gjekk lenger vest, gjekk Halgeir etter desse 4, medan eg tok føre meg alle søkka på nordvestsida av Moldura, før eg gjekk vestover høgdedraget på sørsida av Størdalen. På motsett side av dalen frå kvar eg hadde henta Ole Andrè sine tidlegar. Dette tok si tid. Men til slutt traff eg igjen Asgeir her ute som kom frå sør. Det var ingenting å rapportere for nokon av oss.

Halgeir ringde så og sa at sauene var på veg nordatt over, og ikkje ned Stølsdalen som eg antok. Her oppsto det ein misforståelse mellom oss med av Asgeir og eg trudde sauene kom i vår retning, medan dei runde Moldura på søraustsida og kom nordover den vegen. Altså rundt urane heilt oppe under fjellet i Fagredalen, på motsett kurs av det dei skulle. Så vi vart ventande på sauene frå feil retning. Og for Halgeir sin del tok det jo ei tid å komme seg rundt Moldura. I ulendt lende. Problemet var manglande mobildekning då vi var på kvar vår side av fjellet. For etterkvart skjønte vi at noko ikkje hadde gått som planlagt.... 

Utsikt frå vestsida av Moldura. Nyksvatna t.h.
Dei 4 sauene gjekk i venstre bildekant sør om vatna.

Halgeir på Moldura i dag.
Mjåset i Stongfjorden t.v.

Til slutt fekk vi auge på sauene som kom i mot oss frå feil retning. Eg trudde først det var andre sauer, men sidan det var 4 stykker, skjønte eg raskt at eg måtte gå til møtes. Så eg pile meg over toppen på dalen, opp under urane, og fekk snudd sauene på rett kurs. Aberet var berre at desse tok akkurat same retningen som den første flokken eg prøvde å få ned dalen. Sauene ville rett og slett ikkje ned frå fjellet i godvèret. Og på sett og vis skjønte eg dei godt.... Så eg måtte for tredje gong inn på Fanafjellet, og desse 4 stoppa ikkje før i dalsøkket rett sør av Mannsskaret. Då fekk eg dei endeleg ned dalen. 

Nede i Fagredalen hadde Jostein samla dei eg kom med frå Størdalsstauren tidlegare, og i tillegg kom Ole Andrè med ein flokk frå aust om Mannsskaret. Så tilslutt greidde vi å samle alle beista her nede. 28 stk var det endelege talet. Og etter nokre utras her og der nedover, fekk vi dei forbi Hålandstølen og ned til vassverket. Her delte vi i frå sauene, og Halgeir fekk skyssa sine 4 heimatt til Grimelia med bil.  Og eg følgde med til Stafsnes igjen etter bilen min.

Nokre av sauene i Fagredalen på veg mot Hålandstølen.

Eg kjende det i føtene etterpå. Mest at det brann i Scarpa-skoa. Dei hadde eg ikkje hadde hatt av meg på 8-9 timar. Men du verden - brannen var av det gode slaget. Ein fantastisk fjelldag var omme.... og eg hadde sprunge meg tom...:-)

Fra Fanafjellet_Moldura_Sauesanking 250910

Sola har kome heime på Yndestad...

torsdag 23. september 2010

Herlige Smørskornova

 MMS Smørskornova i kveld. Skoddedottar i Moldura.

Etter å ha jobba ein del med ei fråsegn til Regional plan for vindkraft i går kveld, følte eg eit akutt behov for å røre på meg igjen. Turen gjekk nok ein gong til Rivedal og standardruta på Smørskornova. No manglar eg berre ein tur på målet mitt, så det går heilt fint til fristen er ute.

Det var ein fantastisk fin kveld. Overskya og faktisk litt sol på toppen. Ein frisk vind beit litt i kroppen, men den var ikkje av det kaldaste slaget. Så mykje meir er det vel kanskje ikkje å seie. Eg måtte skunde på litt for å nå heim til Olaug skulle på øving i hornmusikken. Kjempeflott tur iallefall. Og meldingane framover er suverene. Det blir knallbra i mange dagar...!


Fra Smørskornova 230910
OBS! MMS-bilder

tirsdag 21. september 2010

Nærmar meg målet...

MMS frå Siktanuten i kveld

Eg nådde ein kjapp tur oppom Siktanuten medan Peter var på fotballtrening på kunstgrasbana i Askvoll i ettermiddag. Det var vått og gjørmete etter sturtebygene i helga. Men likevel var det ein flott tur i det gode haustvèret. 

Det nærmar seg slutten på denne fjelltrimsesongen no. Og eg har snart greidd målet eg sette meg i oktober i fjor. Litt godt å tenke på at eg snart er der...:-)

mandag 20. september 2010

Nydeleg haustkveld

 På Smørskornova i kveld

Eg tok turen til Rivedal igjen i ettermiddag og gjekk meg ein praktfull tur på Smørskornova. No er rett nok sola komen så lågt på himmelen rundt klokka 18 at den er vekke heile vegen til topps her frå søraust-sida. Men dessto kjekkare er det å nå opp på toppen, og nå att sola før ho går ned. Praktfullt var det der oppe i kveld. Landskapet og fjella låg gyllent i den låge kveldssola. 

Det skymest jammen fort om kveldane no. Snart er det vel tryggast å ta med seg hovudlykta. Men det er utrulig fint oppe på fjellet når sola står så lågt som no.

Fra Smørskornova 200910

søndag 19. september 2010

Miniputturnering og barnepass

Publiserer eit par bilder av meir privat art i dag. Som eit lite unntak frå regelen. Vi var nemleg barnevakt for Nikolai og Amalie i natt. Dei var òg med oss på miniputturnering i fotball med Peter i dag. Her er eit par bilder frå kunstgrasbana i Dale....

Her er dessutan eit bilde frå Eikenes i dag tidleg. 
Dalsfjorden ligg spegelblank austover mot Dale...
Ei utsikt ein i framtida gjerne køyrer forbi t.v. i Heileberget...

lørdag 18. september 2010

For spesielt interesserte...

MMS: Det kom ned enorme mengder regn i dag tidleg. 
Litt lettare nokre minuttar midtveges då fine fargar skein meg i møte...

Eg hadde tydlegvis ikkje fått nok væte frå Smørskornova i går, så eg gjekk ein tidleg tur på Fanafjellet i dag. Det bøtta ned medan eg var på veg oppover første stykket. Og det krevde sin mann å komme seg opp i det sugande underlaget.... Midtveges slutta det å regne, og ein fem-minuttars periode såg eg faktisk blå himmel. Men kor lenge var Adam i paradis.... Når eg nærma meg toppen såg eg ei ny byge kome inn frå Staveneset i nordvest, og ikkje mange minuttane etterpå såg eg ingenting. Tjukk skodde, kraftig vind og nye titals millimeter med regn ausa ned. Og ikkje nok med det - det hagla så det skvatt frå hamrane...! Fantastisk fascinerande. Gjerne endå meir så hvis eg hadde hatt meir klede med meg. For eg vart kald på ein-to-tre.  Nevane nesten utan kjensler... 

På toppen var det eit reint inferno. Eg kom meg i skjul bakom ein stor stein på austsida av varden i håp om at det gav seg. Den gong ei. Og snart var eg iskald att. Det var berre å hoppe ut i det som i går . Men no fekk eg sjølvsagt alt vèret meir eller mindre midt i mot, og i motavinden var det ikkje så lett å springe heller. Likevel kom eg meg så fort det gjekk an ned igjen bakkane. Heldigvis sprang eg noko varme i kroppen igjen, samtidig som vèret tok litt mindre lenger nede. 

Kvielva var litt tricky å kome over på veg opp, men du verden kor den såg ut då eg kom ned igjen. Den fossa utfor. Men eg måtte over (stien over elva på bildet). Inga bønn. Det var ingen annan veg. Eg fann meg ein stein å sette foten på, der det strie vatnet reiv i meg til opp på leggen, og så let eg det berre stå til. Gudskjelov heldt fotfestet. Hadde eg falle då, ja, Gud vete kva som hadde hendt. Til og med Fremsteelva som til vanleg er enkel å kome seg over, gjekk skikkeleg stri. Her er det rett nok ikkje stup utfor som ved hi elva, så eg følte meg ikkje så skjelven i føtene som der. 

Ja, dette vart litt av ei rotbløyte. Men eg vel det no sjølv som Olaug seier...:-) (Litt action må ein no ha....) Det er iallefall ganske tøft oppe på fjellet her ute ved kysten når skodda, vinden og regnet slær til. Og snart kjem vel snøen òg. Som i går var dette ei god påminning om at det trengst ekstra utstyr snart...  

fredag 17. september 2010

Akklimatisering

MMS Smørskornova i kveld

Det er ei kjend sak at ein må akklimatisere seg for å nå dei høgste toppane i verda. Vel, det var ei slags utvida tyding av dette på Smørskornova i kveld. Ein tur for å vende seg til endra årstid og klima. For fy flate kor det bles og regna. Himmelens sluser var vid opne, det plaska ned. Det var overflatevatn over alt. Det rann i strie straumar og elvar kor eg snudde meg. Og myra var blytung å komme seg over. Men her var det ikkje noko kjære mor. Bånn speed. Opp, opp, opp.... Vèret baud ikkje opp til nokon pust i bakken akkurat...

På topplatået tok vinden noko vanvittig. Gòvet stod etter hamrane. Eg kom med tildels i skjul bak varden. Men den er så liten her at det knapt er noko å gøyme seg bak i det heile teke. Likevel greidde eg å knipse av eit par bilder med mobilen før eg måtte ut i infernoet igjen. For i klesvegen var eg som vanleg minimalt utrusta for å komme meg fort opp og ned.... 

Som hin dagen vil eg nesten kalle det for ein sensasjon at eg var tørr på føtene då eg kom meg ned igjen. Men det er vel ikkje akkurat noko å leggje skjul på at eg var kald då eg kom heim. Ein glovarm dusj gjorde underverk. Og no er det jammen steikje godt likevel...:-)

Fra Smørskornova 170910

torsdag 16. september 2010

Våt trim

MMS Siktanuten i ettermiddag

Det fløymde vatn over alt på turen opp på Siktanuten i stad. Og elvane var med naud og neppe eg kom meg over. Likevel var det ein grei, men gjørmete tur. Eit par styrtebyger var nærast for morosame å rekne. Det var egentleg reint fantastisk at eg var like tørr i fjellskorna då eg kom ned igjen. Vedlikehald og smørning er viktig...! Oppsummeringa må vel vere - vått og godt!

onsdag 15. september 2010

Einsam konkurranse

MMS Smørskornova i kveld

Etter å ha vore heime og bladd i instruksjonsboka til nyebilen i går kveld, gjekk turen til Rivedal igjen i dag etter arbeid. Den vanlege ruta på Smørskornova. Litt konkurranse med seg sjølv.....

Det kom vel med at skorna var nysmurde, for du verden kor vått det var oppover. Men det er fin trening å springe i våte myra. Likeeins å gå i myr i motabakkane.  Du blir fort varm av det...

Elles var det ein fin kveld sjølv om det var ganske kjøleg. Såg forresten at det låg snø på nordsida av Storehesten då eg køyrde heim frå arbeid i ettermiddag. Eg traff Petter Jonny då eg passerte svingen nedom demma på veg ned igjen. Vi fekk oss ein god prat der i vegen. Men den sveitte kroppen fekk fort kjenne kulden, og i tillegg kom det ei regnbyge, så då sa vi ha det og eg sprang  til bilen igjen.

mandag 13. september 2010

Dagane som forsvann

MMS Siktanuten i ettermiddag

"En sommer er over" tralla eg med meg sjølv på Siktanuten i stad, medan gjørma skvatt rundt føtene og sørvesten sang i øyra. Vår Indian Summer var brått slutt. Hausten kom som eit skot. Ilag med hjortejakta. Og for rypa sin del håpar eg det bles og regnar til nyttår. Men takk skal du ha for besøket, for litt etterlengta seinsommarsol og varme. Og velkommen igjen til neste år. 

Eg gler meg til nye fjelltrimpostar, uvèr, vind, snø og ein glitrande stjernehimmel. Velkommen du nye årstid. Eg helsar deg nye dag. Eg er klar...!

søndag 12. september 2010

Tunge føter

 MMS frå Smørskornova i dag tidleg

Meldingane for dagen i dag var så dårlege at eg la kameraet igjen heime. Det var litt dumt. For då eg kom til Rivedal kikka sola fram og det skein retteleg flott opp. Eg hadde nesten sola med meg heile vegen opp på Smørskornova. Med skiftande lys, fiolett himmel i sør og skoddedottar i fjella var det fine motiv rundt omkring. Eg hadde med meg mobilen og knipsa nokre bilder frå toppen. Men det blir ikkje heilt same kvaliteten som med kameraet.

Når det gjeld mobil har eg gått tilbake til ein Sony Ericsson som tåler vatn og støt. Eg ødela så mange dyre touchtelefonar at det har eg kutta ut. Bildemessig er den likevel ikkje noko å skryte av...

Elles gjekk det tungt i dag. Det var søkkvått over myra og oppover. Eg var dessutan blytung i føtene. Den vanlege gutsen og responsen mangla. Kanskje like greitt å ta det med ro resten av dagen....:-)

Fra Smørskornova 120910

lørdag 11. september 2010

Frisk væte 2

 Atløynipa og Alden frå Dokka i fjor haust

Seinare på dagen i dag hadde eg eit ærend til Askvoll. Eg tok sjølvsagt med meg Siktanuten i same rennet når eg var der nede. Det var minst like vått som på morgonen. Det er sjølvsagt på langt nær like lett å springe i væte med fjellsko som på tørt underlag med joggesko. Så etter å ha gått fort opp, kjende eg det då eg sprang ned igjen. Men det gjer no berre ekstra godt etterpå...:-) 

Frisk væte

MMS Fanafjellet i dag tidleg

Det klødde i føtene igjen i dag tidleg, og sjølv om det silregna, tok eg likevel ein kjapp tur på Fanafjellet 722 moh frå Stafsnes. Det vart brått litt andre forhold enn i det siste. Regnet dreiv etter lendet i vindkulene ovanfor tregrensa. Og midt i mot. Det var litt uvant for å seie det slik. Ikkje at det betydde all verda, for vèret var faktisk forfriskande. Endå var det ikkje heilt gjennomvått i myrar og lyng heller. Skodde gjorde heller ingen ting her oppe som det er så godt merkt. For å få varmen i skrotten igjen, sprang eg på direkten til fjorden. Forfriskande morgonstund...:-)

fredag 10. september 2010

Ekstranummer på Smørskornova

 Mot vest frå Smørskornova i kveld. Moldura t.h.

Det vart eit lite ekstranummer på siste sommardagen i kveld på Smørskornova. Men i morgon er det visst slutt for godt i år. Det er berre å finne fram eVent og goretex klede. Og joggesko og shorts er vel berre å pakke vekk. Synd. Men slik er det no ein gong på våre kantar. Og glade skal vi vel vere for det. 

Det er begynt å bli bra sti etter meg no. Både over myra og opp skara. Det hjelper på. Men no blir vel myra dyvåt igjen. Og graset og lyngen sleip oppe i skara. Vel, vel vi får ta det litt etterkvart. Eg har nemleg nokre gonger igjen opp der.

Traff forresten Asbjørn T ved grinda nedom demma då eg var på veg ned igjen. Vi slo av ein liten prat der i bakken. Hyggeleg. Men sveitt og tynnkledd som eg var, tok det ikkje lang tid for kuldegysningane sette inn, så då var det berre å springe vidare til bilen. Og det var den turen....


Fra Smørskornova 100910

torsdag 9. september 2010

Den siste sommardansen

 Foto frå Dokka 13/9 i fjor.
Vi ser inn Dalsfjorden mot Rivedal, Dale og Øyna. Bakkevatnet fremst.

Nok ein herleg og rask tur på Siktanuten i kveld i shorts og joggesko. Så tørt og fint at eg berre måtte springe. Det er sjeldan eg tek tida, men i kveld berre måtte eg. Klokka viste godt under den tida eg har brukt tur/retur denne toppen før. Litt artig er det jo å konkurrere med seg sjølv. Eg sprang forresten nesten opp i fanget på Leif og Arny som var på veg opp.... Og i dag vart det ikkje tid til å stoppe, farten framover var for stor....:-) Eg skal gje meg tida til ein prat neste gong, det lovar eg...:-)

onsdag 8. september 2010

Frisk bris

MMS Smørskornova i kveld

Eg tok turen til Rivedal og Smørskornova i ettermiddag. Sauesankinga hadde tydlegvis vore i helga, for sauene oppe ved grinda var fordufta. Eg såg dessutan Sonja kome på hi sida av elva med 3 stykker. Sikkert henta ovanfrå Hundeheia kan eg tenke meg. Men det gjekk endå fleire sauer oppe i bakkane ved Smørskornova. Eller det vil seie ganske langt nede mot myrane. Ein bræka fælt etter meg, og ville truleg heim...

Elles bles det ganske bra. Spesielt oppe ved toppen. Retningen var søraust og det var nesten ein føneffekt av den. Ganske så mild. Så mild at eg ikkje nytta fleecen eg hadde rundt livet ein gong. Relativt tørt over myrane til ein forandring. Likevel var det greitt å ha fjellsko. Fin trimtur igjen. Og eg avslutta heime med å hive nok eit halvt mål ved i vedakjellaren. No er all veden i hus heldigvis....:-) Det melder visst kraftig regn til helga...!

tirsdag 7. september 2010

Med joggis

Ved Leknesvatna 15/8.
Utsikt mot Blegja og Eitrenipa.

Det vart tid til ein kjapp tur på Siktanuten medan Peter var på trening. 3/4 tempo opp og jogg ned igjen. Så mykje er det vel ikkje å skrive heim om. Ein nydeleg kveld, praktfull utsikt mot Alden, Heggøyna, Smelværet og Tvibyrgje i den klåre haustlufta. Havet skimra i sølv. Det har tørka bra opp i det siste og for første gong i år var eg tørr i joggeskorna då eg kom ned igjen. God trim...!

søndag 5. september 2010

Urnes 3 & 4 september

 Motiv frå Urnes i Sogn

Eg har teke ut nokre naturbilder frå turen avdelinga vår i banken hadde til Urnes i helga, og laga eit album med bilder frå m.a. stavkyrkja her. Her er òg nokre bilder frå Solvorn. Diverre er det ikkje høve til å fotografere inne i kyrkja, då den er i privat eige. 

Urnes er ei perle i Sogn, og stavkyrkja står på Unesco si verdsarvliste. .


Fra Urnes 3&4 september 2010

Peter sin store dag

 Peter ved Nipevatnet. 
På heimveg frå Blegja i dag.

Det vart ein ny Blegja-tur i dag på "Kom deg ut" dagen. Men i dag vart Anne S med i lag med Olaug og Peter. 

På veg oppover tok damene kommandoen. Peter og eg danna baktroppen. Eg hadde lese litt om Playstation 3 siste dagane, samanlikna med Xbox, og det var visst som å trykke på ein "la det gå" knapp for Peter. Han la i veg oppetter bakkane, og om spelekonsollen, og snart hadde eg halvveges lovt han ein. 

Frå bakkane under Nipebua

Det tok ikkje så mange minuttane før vi var oppe ved elva i bakkane. Det første målet til Olaug, som ho brukar å seie. Og Peter gjekk endå på Playstation. Eg veit ikkje kva damene gjekk på, men jamnt og trutt putla dei på der framme. I starten på bakken opp til Nipebua følgde likevel Peter ilag med dei på stien, medan eg tok bakken rett opp og kom fram til hytta litt før. Der var det Leknes folk som eg fekk ein liten prat med. 

Sola stikk fram aust ved Rørviknipa

Frå hytta og oppover under Rørviknipa tok Peter og eg teten. Eg har teke ei litt anna rute dei siste gongene, der eg kryssar elva som kjem ned frå nordsida av Nipa, og går opp under det første fjellet på høgre sida av elva. Det er litt raskare å komme opp i traversen under Nipa og til Nipevatnet på denne måten. Og damene følgde på, stødig og godt. 

 Mamma sjekkar at alt er ok

Eg var ganske spent på korleis Peter ville takle å gå opp urane. Men steinen meistra han ganske godt. Rett nok vart han sliten i beina, som han sa, men litt XL-1 hjelpte godt på. Likeeins nokre kjeks som Olaug hadde på lur. 

Oppe i siste urane mot toppen låg det skodde. Som kom og gjekk. Peter og eg tok leiinga igjen. Og då siste ura oppe ved toppen viste i skodda, virka det som om guten fekk ei ny vitamininnsprøyting, for det tok jammen ikkje mange minuttane før vi stod på topplatået. Damene kom eit stykke bak. Likevel hadde vi synskontakt det meste av tida. 

 Peter ser litt bekymra etter mamma i barske omgjevnader...

Katen vart veldig glad då vi stod ved varden.  Og nokre minuttar seinare var vi alle samla i steinringen, der ein får litt skjul for trekken. 

 Samla i steinringen på toppen

Eg var fram på kantane og tok bilder i den flagrande skodda. Og etter nokre minuttar ser eg to personar komme inne i frå med god oppakning. Nokre minuttar seinare kjem det to ungdommar med ryggsekk, telt og fiskestenger. Dei hadde gått opp Breiskora i går og lege i telt inne ved Seltuftvatnet eller der om kring. Dei følgde like godt med oss ned att mot Rørvika den vegen. Dei to ungdommane høyrde til inne på Fauske og i Naustdal. 

 Vi traff to kjekke ungdommar 
frå Fauske i Førdefjorden og Naustdal...

Det låg vel gjerne i korta at turen ned igjen vart vel så hard som opp. Løye med det. Ein er berre halvveges når ein er på toppen. Så nedatt urane gjekk det tregare med både guten og damene. Eg likar egentleg å "danse" litt på steinen ned igjen, men i dag gjekk akkurat det for fort for resten. Peter hamna etter og damene endå meir. Så difor gjekk det ein periode i rykk og napp. 

 Fin utsikt mot Eitrenipa og Leknesvatna (bak) frå traversen under Rørviknipa.
Tobbedalsvatnet og Blåvatnet fremst i bildet.

Ungdommane vi møtte tok seg ein rast ved Nipevatnet. Vi andre gjekk ned til aust om hytta og tok oss ein pause her. Peter var no begynt å bli prega av at det var ein lang tur for hans del. Han fekk vondt i eine låret, truleg av ei lårhøne han fekk på forballtrening for litt sia. Så sa han i alle fall. Damene gjekk difor først ned igjen frå der ein kryssar den små elva, midt mellom Nipebua og Rørvika, og eg tok meg av katen siste biten. Det var tydeleg at guten var plaga av låret resten av vegen. Likevel vil eg seie at turen gjekk over all forventing. Ein fin første tur på Blegja for hans del. 


Fra Blegja 050910
Peter har funne slipt sand i ei hole i svaberget



(bomma visst litt på datoen under introen - det skal sjølvsagt vere søndag 5/9)