lørdag 21. august 2010

No kjem hausten

Sola stikk gjennom skylaget over Kringla og Heileberget i aust.
Foto frå Smørskornova i dag 21/8

Hausten sig fort på oppe i fjellet no. Dag for dag. Og berre på nokre få dagar denne veka, er det blitt klårt gulare og meir raudlèten vegetasjon å sjå. Når i tillegg skodda heng ned i fjella og elvane fløymer over som i dag tidleg, forsterkar det berre kjensla av haustleg melankoli. Ei årstid er over, naturen går til ro... Frå liv til daude og skal atter gjenoppstå...

Eg var såleis i Rivedal før klokka 8 i dag tidleg, og gjekk opp grusvegen til demma av kraftverket. Som vanleg. Det strøymde friskt vatn ned elva frå dalen ovanfor. Tydeleg det hadde regna godt i natt. Dei same sauene som har gått ovanfor grinda og ved demningen, gjekk der i dag òg. Heilt tamme. Og tydeleg at dei mest har lyst heim... 

Nordover myra var det søkk vått. Likeeins opp dei første bakkane til skaret. Det krev sin mann å gå myrar i motabakke. Men vèret det letta faktisk. Skodda forsvann, og det vart litt blått å sjå der oppe. Vinden derimot friskna stadig til, og i siste skaret opp og på toppen bles det faktisk ganske godt. Sola skein fint gjennom skylaget mot fjella i aust. Eg fekk namnet i boka og knipsa nokre foto, før eg tok ned same vegen. 

Turen ned vart faktisk litt texas. Lenge sidan eg har falle så grundig. Og det to gonger. Typisk når ein blir litt fråverande og ikkje føl terrenget godt nok, så snublar ein. Eine gongen datt eg opp i ein einerkave i eit rundkast, og lenger nede snòva eg i eigne bein og fauk eit par tre meter gjennom lufta og landa med fjeset først ned i våte mosen.... Ikkje verste plassen ein kunne stikke nasa bort i då, så eg måtte no berre fline av heile seansen...etterpå...når alle lemmer var intakt...! Men hadde det lege stein der, hadde eg nok sett ille ut...

Asbjørn D var på plass ved eine grinda nedom parkeringsplassen  og fungerte som grindagut. Så vi slo av ein prat. Hyggjeleg det. 

Så gjekk turen til Askvoll og på Siktanuten. Framleis ganske så flott vèr, men ikkje same termeraturen som tidlegare i veka. Og sjølvsagt var det veldig vått her òg. Eg traff ingen på mi vandring her. Og kom meg raskt opp og ned utan så mykje å skrive heim om. Fin tur iallefall....og no var eg nøgd for dagen...

Fra Smørskornova_Siktanuten 210810

Ingen kommentarer: