mandag 30. august 2010

Minnerik søndag

Motiv frå Fossedalsvatnet søndag.
Vi ser Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla

Olaug lurte visst på meg då eg ville gå over fjella til Dalsfjorden frå Skjerlia i Førdefjorden i dag. Ikkje så veldig lange turen. Poenget hennar var vel at det pøsa ned, og fjella var dekte av skodde. Egentleg bryr eg meg ikkje så mykje om vèret. Eg går uansett på desse 3-4 timars turane. Men eg sjekkar alltid vèret på førehand likevel, og i dag var det meldt betre ut på dagen. Eg hadde nemleg tenkte å ta to fluger i eit smekk. Mor mi hadde gebursdag. Og så kunne eg ta med meg Fossedalshengenipa òg på turen til Dale, og gå gjennom Fossedalen. Og slik gjere meg ferdig med målsettinga mi på dette fjellet... Sette ein ekstra spiss på denne siste turen for årets sesong...

Eg pakka fjellklede og byte klede i sekken. (Kunne dusje i Dale). Smurde meg nokre skiver, og fekk Olaug til å køyre meg i Skjerlia. Ho sjølv skulle på miniputturnering i Hyllestad (hennar tur) med Peter, og så kunne vi møtast i Dale. På den måten slapp eg å hente bilen der oppe om kvelden. Broderen stilte sporty opp og ville hente meg i Fossevika, og skysse meg over fjorden. Nydeleg organisert om eg så skulle driste meg til å seie det sjølv...:-)

Det regna trollungar oppe i Skjerlia. Olaug sende meg eit langt blikk før eg la av garde. Fri som fuglen. Min eigen herre. Mine eigne vegar. Me myself I. Og ingen andre å stole på.... 

Ganske fort forstod eg at det vart ein flott dag. Smålomen helste meg velkomen over Markavatnet. Han tok seg fleire runder, og vidare inn over Leknesvatna, før han kom tilbake over Grunnevatnet eit par snurar, og flaug så mot Nipebu. Skrattande. Hadde nok hatt seg eit tidleg næringssøk og måtte ha litt morgongymnastikk. Eg var så oppteken med lomen at eg allereie var komen opp til Grunnevatnet før eg fekk sukk for meg. Det hadde slutta å regne utan at eg la merke til det, og ein regnboge ute i vest gav beskjed om vèrskifte. Eg fekk av meg den lette Rab-jakka og tok til på ura.

Det skin opp over Kringla og Krokavatnet

Det var vått og glatt oppover. Sleipe steinar og svaberg. Godt med nye Scarpa sko på føtene. Oppe ved Krokavatnet skein sola gjennom sky- og skoddelaget i aust ved Eitrenipa. Fantastisk skue og nydeleg lys. Det dampa frå det våte landskapet som frå ein trykkokar. Forma var upåklageleg, sjølv om eg i dag hadde bestemt meg for å ta det litt piano. Nyte dagen og ta ein del bilder. 

Eg tok nokre foto på veg oppover dei bratte berga mot toppen. Nydeleg konglomorat. Så eg tok likegodt å laga eit eige album av bilder av stein i dag. Her er utrulig mykje interessant å sjå hvis ein gjer seg litt tida.
    
Hjarte av stein...

Det var flott morgonlys på toppen av Fossedalshengenipa. Skyer, skodde og sol i spelande leik. Begynnande haustlege fargar. "Å for ein strålande morgon"... Måtte jo sjølvsagt fotografere litt. Bilder gjev jo eit lite inntrykk, men å oppleve strålande naturopplevingar som dette, må jo sjølvsagt gjerast, ja, in natura for å få fullt utbytte...!

Lysspel på toppen av Fossedalshengenipa

Eg gjekk ned igjen på sørsida av fjellet. Svaberga på denne sida er faktisk ein del brattare enn midt på og i nord. Berga var heller ikkje tørka opp, så her var det obs obs. Med litt varsemd kom eg meg ned til botnen av svaberga, klauv ned eit par hamrar, og kom meg ned på marka under fjellet og vidare ned i Grøndalen rett vest av Krokavatnet.

Sør av dalen passerer den gamle ferdselsåra nord/sør nokre gedigne hellarar. Det er sagt at ein oppbevarte gras frå utmarksslåtten i Fossedalen i gamle dagar under slike. Dei brukte hest og slede for å hente høyet om vinteren. Det var jo praktisk for den tid å rekne. Utrulig å førestille seg slikt i dag. Men på den tid levde ein vel meir i pakt med naturen enn no til dags. Etter mi oppfatning har vi mist ein del gode verdiar frå gamle dagar på vegen mot dagens samfunn....! Det er synd... 

Etter å ha studert hellaren her ei stund, kjendt eimen av gamle dagar, gjekk turen vidare sør til Svartetjerna. Her ligg det ein liknande hellar som lenger nord. Perfekt som skjul for sauene i området. Veldig kjekt at det framleis går ein del sauer her. Tjerna spegla seg i sola med Fossedalshengenipa i bakgrunnen i nordvest. Idyllisk! 

Svartetjerne sør av Fossedalshengenipa

Ved utløpet av Svartetjerna med Fossedalshengenipa bak

Ruta vidare sørover går over kloppa i sørenden av Krokavatnet. Her kryssar den gamle ferdselsåra dagens DNT-løype mellom Nipebu og Massbu.


Kloppa over sørdenden på Krokavatnet

Ved elva ned mot Fossedalsvatnet var det utruleg med blåbær. Eg vart nesten overraska, for det har vore mindre blåbær i år enn kva eg kan hugse frå tidlegare. (Iallefall frå i fjor...:-)) Bæra var gedigne. Nesten som småplommer å rekne! Eg la meg sjølvsagt på hovudet ned i lyngen og glefste i meg...

Nokre meter lenger framme dukka sela i Øvre Fossedalen opp. Perfekt innramma av Kringla, nord og sør. Kringla har ei heilt anna form her i frå enn dei fleste er vane med. Som eit spir står den søndre Kringla stolt mot sky, med Fossedalsvatnet liggande nord/sør i vest ned under.

Øvre Fossedalen med N&S Kringla bak

Tilbakesyn mot Øvre Fossedalen med Eitrenipa bak
(Fast fotoplass...:-))

Øvre Fossedalen er ei perle. Og har høg kulturhistorisk verdi... Det er viktig at sela blir tekne vare på for framtida...

Ein ting som eg alltid har tenkt på når eg vandrar langs Fossedalsvatnet, er at eg aldri får lyst til å springe. Det er som om omgjevnaden gir bod om å ta livet med ro. Her ligg ei kjensle av å vandre i gamle slekters spor. Det er som om du kjenner at dei ser på deg bak steinar og i tre, og føl med at du steller fint med det dei gav frå seg. Så spørst det om vi kan gjere det same... 

Det er som om trea snakkar ved Fossedalsvatnet...

Eg lukta brått saueskit. Og jammen fann eg fara etter dei òg. Ein liten flokk. Og litt lenger framme ved vatnet fekk eg auge på dei. 7 stk med rake peiling på Nedre Fossedalen. Eg hadde dei føre meg resten av vegen til vassenden der dei stakk vidare ned. Eg sjølv hadde bestemt meg for lenge sidan for ein pause her. Eg brukar alltid å ta ein reflekssjons-halvtime her ved elva, som renn så fint over svaberga og fossar utfor stupet og ned i Nedre Fossedalen. Fantastisk fint her. 

Elva frå Fossedalsvatnet

Frå stien ned i Nedre ser eg det er folk på den gamle fjellgarden. Og dreg fort kjensel på bakhovudet til Odd F. Kjend frå tida mi i Fossedalens Vener og Fossedalens Dag. "Kjem du denna vegen", blir eg møtt med. Kjekt gjensyn. Så får eg òg helse på Alma som kjem ut. I finvèret får vi oss ein god prat. Det endar opp med at eg og broderen skal hjelpe Odd med å få båten i Fossevika inn i naustet. Så Odd pilar til fjords, medan eg tek nokre bilder. Stikk nedom lonane, og som snarast bortom ved Elraki. 

Hyggeleg gjensyn med familein Odd F. i Nedre Fossedalen

Kjekt å sjå sauer i Nedre Fossedalen

Broderen kom som avtalt, og båten til Odd fekk vi i hus for vinteren. For sommaren er over for deira del. Det er føreståande Bergens-tur igjen til helga. Så gjekk turen over fjorden til Dale. Dusj, middag og kakeselskap og hyggeleg samvere med familien min der. Og på ferja heim traff vi Gunhild og Roy med ungane.... Men alt det er ei anna historie...  

Broderen skyssar meg over Dalsfjorden

Gunhild med ungane på ferja Dale - Eikenes

Pause ved Fossedalsfossen

4 kommentarer:

Barwitzki sa...

...god tur i dag hilsen Viola og Ben

Hannesol sa...

Hei Gustav, bare meg fra ytre Oslofjord igjen :0) Jeg følger jo med her både jevnt og trutt og syns jeg "kjenner" fjella dine litt nå :-) Men dette var da en spesielt flott tur, skjønner godt du kaller den minnerik! Flotte bilder (som alltid!) og vakkert beskrevet. Artig å lese forresten, at det regner trollunger hos dere, her pleier det å regne skiftenøklær..hehe Neste uke skal vi i turfarta i Kongsbergområet. Doggen, gemalen og jeg tilbringer ei uke på hytta og har både bær og turgåing på planen. Ingen direkte høye fjell der, men Jonsknuten er alltid både svett og morsom å gå opp, så vi har lagt opp til "topptur" en av dagene :0)) Ha ei fin turuke videre! Hilsen Hanne

Randi sa...

Veldig gøy å få "følge" deg på fjellturene dine her på bloggen!
Mange fine bilder og flotte naturbeskrivelser.

Unknown sa...

Tusen takk Hannesol, Randi, Viola og Ben for fine kommentarar. Veldig kjekt å høyre frå dykk igjen. Og ikkje minst at de framleis føl turbloggen. Håpar at den kan virke som inspirasjon også i framtida. Eg skal prøve å gjere mitt.

Hannesol: Det blir nok nye toppar i oktober. Og sikkert nye bilder frå litt andre vinklar. Det er jo litt lett at det går "inflasjon" i bilda. Iallefall så mykje som eg tek frå same stadane, sjølv om det er forskjellig årstid og lys på dei.

Ønsker deg oa andre fine turar dei neste vekene. Det ligg ei flott årstid framfor oss no. Snakkast!

Gustav