søndag 22. august 2010

Himmelens sluser

Agnar på veg til Nipebu i dag

Bilen til Agnar stod i Skjerlia i dag tidleg då eg kom opp for å gå på Fossedalshengenipa. Og fyren hadde ikkje gitt beskjed. Men etter nokre meter såg eg at spora var ferske og frå i dag. For i det regnvèret som var i natt og i dag tidleg, ville alle spor frå tidlegare vore utviska. Så eg gjekk på han oppe på myra, der han gjorde ferdig siste finpussen på plankestien. Det passa visst bra med tidspunktet eg kom, slik at eg fekk hjelpt til med å flytte på eit par av plankesetta. For dei trykkimpregnerte plankane er frykteleg tunge, og iallefall når to og to på fleirfoldige meter er spikra i lag.... (Prøv den som vil). Det er eit kjempearbeid som er utført over myra ved Grunnevatnet. Og dette er først og fremst Agnar si forteneste...!

Agnar skulle vidare til Nipebu for tilsyn av hytta. Mellom anna var nøkkelen til hytta broten av inne i sjølv låsen på døra. For meg høyrest det ut som låsbytte. Vi får høyre seinare korleis det gjekk. 

Eg tråva så vidare opp den vanlege ruta til Fossedalshengenipa, medan han heldt fram med finpussen. 

Det var veldig vått. Det fossa vatn overalt. Og berga var sleipe. Men det gjekk radig oppover for det. Då eg så kom over kanten mot vest oppe under sjølve toppen, kom vinden kraftig inn frå vest. Skodda segla forbi i vanvittig fart. Eg hadde lite klede på meg, så eg kom meg i skjul bak varden, fekk knipsa nokre bilder ut i skoddehavet, og sprang så ned igjen same vegen og over kanten mot aust. Her var det mykje stillare. Eg heldt likevel godt fart ned svaberga, og gjekk på Agnar nett nedanfor ura, då han hadde gjort seg ferdig med snikkeringa og skulle vidare. Det begynte å regne noko grådig då vi stod der, så vi skilde lag etter nokre minuttar og gjekk i kvar vår retning. 

Stor var overraskinga mi etter nokre minuttar då eg gjekk på Olaug og Sissel òg nede i bakkane. Eg hadde lagt igjen mobilen heime, så eg visste ikkje at dei ville gå denne turen. Men det vart berre hei og hada nesten, slik at dei fekk halde fram opp, og eg komme meg heim igjen i dusjen.

Skikkeleg vått vart dette i dag, men det gjer no ingenting - det viktigaste er å komme seg ut og i aktivitet....


Fra Fossedalshengenipa 220810
Sterk vind på Fossedalshenenipa i dag

Ingen kommentarer: