onsdag 4. august 2010

Flott augustikveld

Utsikt mot vest frå Blegja 24/7

Vi fekk besøk av eldste dotter mi Margunn, Tor Ivar og to av barebarna mine, Hanna og Sander i ettermiddag. Dei hadde vore på hyttetur på Staveneset. Olaug steikte sveler og vi kosa oss på altanen i sola. Når dei så skulle til Førde igjen, rakk eg ein liten svipptur på Siktanuten. 

Det var ein fantastisk flott kveld, klårt og med sol på toppen. Oppe i dalen var sola gått ned for kvelden, men det var likevel så pass bra temperatur at eg sprang opp og ned i berre shortsen. Herlig. Går lettare utan klede og med joggesko.... Nett slik eg tenkte i vinter at eg skulle ta denne toppen no til sommaren. Nesten litt rart å tenke tilbake på turane eg hadde då m.a. på Toreheia og Fossedalshengenipa, og kva utstyr og klede som måtte til! Det er eit fantastisk land vi bur i. (Oj, litt av ein klisjè det...:-))

Om kvelden var flott, såg eg ikkje heilt flott ut sjølv då eg kom ned igjen. Tryna skikkeleg to gonger oppe i dei bratte moldbakkane. Kolbøtte og greier. Nesten naken som eg var såg eg ut som eg hadde gjørmebada. Er ikkje sikker på om Turid V la merke til det då eg traff ho på veg opp. Så det var rett i dusjen då eg kom heim. Slo forresten av nokre ord med Ingvar òg til å begynne med nede i dalen. Han hadde vore opp. Vi er jo ein gjeng her ute som går mykje, så vi treffest på toppane og rundt omkring. Kjekt det. Blir litt sosialt òg då.

Så var det kor lenge vèret held no då. Skulle så gjerne hatt ein lenger tur etterkvart. Vi får krysse fingrane for helga som kjem.

Ingen kommentarer: