lørdag 31. juli 2010

Tung-lett-lett...

 Soloppgang på Calisfjellet i Kemer 19/7 klokka 04.47...

Det kjendest ut som eg hadde bly i fjellskorna opp til demninga i Rivedal i dag tidleg. Fatta det ikkje. Så seigt, så seigt. Rett nok hadde eg både GoreTex bukse, trøye og jakke på meg, men likevel... Reservane var visst ikkje på plass. Så eg gjekk som ein gamal mann oppover. 

Vèret var visst omlag som forma. Elendig! Det yra, og skodda fauk som slør over landskapet allereie før eg var komen opp til demninga. Stølsfjellet såg eg ingenting av. Det stod ein traktor i enden av vegen, men folk såg eg ikkje. Kven det var sin veit eg heller ikkje... Kanskje det var folk på Lisetstølen, eller nokon som var gådde til Nipebu...

Myrane nordover var søkk våte. Graset det same. Egentleg greitt å ha kledd seg skikkeleg slik forholda var. I starten på dei bratte bakkane og skaret opp skjønte eg at dette vart ei prøve. Skodda kom og gjekk som dansande spøkelser over nakkane. Eg beit tennene i hop og fekk tankane over på noko positvt. Tyrkia-Tyrkia der var det flott. Men var det ikkje flott her òg? Aqua Velva - livets vann. Så grønt, så grøderikt, som skapt for liv. Rivedal, flotte fjell, store lam, den beste og friaste luft ein kunne puste i... Hjartet slo, pulsen hamra, raske andedrag, neste steg, opp, opp.... 

Det gjekk lettare no. Komen opp i starten på det siste, bratte skaret. Bris med eit lett regndrev frå sør. Rivedalsstølane og Dalsfjorden kom til syne.  Dette gjekk jo egentleg veldig bra. Rart kor humøret stig når du nærmar deg toppen. Litt ekstra steglengde dei siste meterane og eg var oppe... Her låg skodda tjukk. Utsikta som er så flott til vanleg var det lite av. Det var berre å få namnet i boks og sjå seg tilbake same vegen. 

Det er glatt denne vegen ned når det er vått. Sleip lyng og gras i dei bratte hellingane. Med fjellsko som har passert 11 i livssyklusen, var det berre å ta livet med ro. Trass i dette langt framme i frontallappen, havna eg på rumpa og sklei nedover to gonger. 

Undervegetasjonen er i tillegg på sitt høgaste og tjukkaste no. Ormeblad, lyng og gras gjer det ikkje heilt enkelt å sjå kvar ein trakkar når det ikkje er sti. Våte, sleipe, kvasse steinar... Men med vit går det alltid greitt. 

Eg prøvde å springe over myra. Gav meg på det. For tungt. Tydeleg var råsa i det gjennomvåte graset der eg kom opp, så eg følgde denne til demninga. Og sprang her i frå til bilen.

Puh. Vått var det, men var eg sliten? Nei, ikkje i det heile teke. Nett komen i gang egentleg. Så eg fekk i meg ei banan og litt drikke, og køyrde til Askvoll for Siktanuten. 

Traff Turid V på parkeringsplassen. Ei god fjellgeit det. Kvinnfolk med tæl. Åleine på tur i d (en) væta og skodda. Ho hadde vore opp, og det var sjølvsagt vått her òg. Vi diskuterte litt sko, sidan eg bestemte meg for å gje blaffen og springe opp i Inov8 fjell-joggeskorna. Eg hadde røska av meg alt anna vått og klamt òg, og teke på meg shortsen. Litt regn og væte tåler ein då sommarsdagen.

Eg gjekk på oppover. Både for å halde varmen, og for at det var heilt annleis å springe slik naken... Så forfriskande. Så naturleg. Det var som eit ekstra cruisegir var kome på plass... Den positive kjensla av at det går fort, men har meir å gå på. Piece of cake opp den bratte siste bakken òg. På hovudet inn i tjukke skodda på toppen. Toppers! Namnet i boka og "så fort som eg torde" ned att dei sleipe bakkane. Herleg med Inov skorna. Sit (nesten) som støpt, men nokre av dei våte polerte steinane ned dalen er obs, obs. 

Det gjekk så lett som ingenting. Eg sprang ned heile dalen og langs elva til bilen. Ojj, det er godt å leve... Give me a banana...

Ingen kommentarer: