onsdag 28. juli 2010

Fin kveld i Rivedal

Bilder frå Smørskornova i går ettermiddag
Bilde 3 viser Lisetstølen, Stølsfjellet og Hundeheia

Nettet mitt forsvann i går kveld. Alt såg tilsynelatande greitt ut med modem, router og den bærbare, så eg brukte ikkje meir energi på det, slo av heile sulamitten og såg EM i friidrett i staden. Kva medisin som var sendt frå oven i løpet av natta brukar eg heller ikkje kaloriar på, men faktum er at alt var i skjønnaste orden då eg slo på igjen utstyret i dag tidleg. Ja, det er ei forunderleg verd - "du tror det ikke før du får se det" - og mykje går over min forstand.... men det er i grunn greitt å bruke delete knappen oppe i den store harddisken før det blir for fullt òg!

Eg var ein tur til Rivedal i går ettermiddag. Smørskornova (682 moh) er i grunn eit passeleg mål her i frå etter ein lang dag på jobb. Inkludert pendling til Førde. Fint å kjenne at fjellivet gir meir energi enn eit teppe på sofaen. I berre shortsen gjekk eg opp vegen til demma på kraftverket, inn myrane nord i dalen og til oppstigninga frå sør litt utom Røyrbotnholten. Den greie, men bratte skåra opp. Som sug i føtene. Men der du brått har utsyn i alle himmelretningar. Til Skålefjellet, Førdefjorden og Indrevågefjellet mot nord, Portafjellet, Vardenova, Eitrenipa, Fossedalshengenipa, Blegja, Storehesten, Kringla m.m i aust, til Dalsfjorden, Flekkefjorden, Leite og Straumsnes i sør og Bakkefjellet, Dokka og Moldura i vest. Eit fantastisk panorama! Har du anledning kan du godt sitte her ein heil dag og late tankane gå....

Sauene beita fredeleg i sørhellingane ovanfor Rivedalsstølane og vestover mot Bakkefjellet. Dei er vane med meg, løftar såvidt hovudet når eg fær forbi. På lørdag gjekk det sauer heilt i skaret på Blegja, på over 1000 meter i reine steinura. Artig at dette er same rasen som trykkjer på grinda lenger nede og vil heimatt og ha mjøl. Eller kanskje det ikkje er same rasen? Sauer er vel gjerne forskjellige dei òg...  Nokre søkjer fjellet, andre heimebøen...

Ein liten trekk beit i den nakne kroppen då sola forsvann. I grenseland til at kulden beit seg fast. Det var langt frå dei 60 gradene i sola i Tyrkia forrige veke. Men gjorde det faktisk ikkje vèl så godt? Eg trur livskunsten må vere å ha det godt der ein er..

Ein springmarsj over den kilometerlange myra fekk sveitten av tyrkiske kaloriar til å sile igjen. Eg gav nokre mjølsøkjande sauer ved grinda eit venleg ord, og var fort ved bilen igjen. Eg vinka tilbake til Asbjørn som tok inn turrhøy til hestane for kvelden. På lasset vinka ei jente òg....

Livet er fint og fredeleg i Rivedal. Det er sjeldan grønare nokon annan stad...

Ingen kommentarer: