lørdag 3. juli 2010

Ei fin runde...

Med utsyn mot nord under toppen på Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg var på plass ved Markavatnet i dag tidleg i 7.30 tida, og starta laurdags-turen med å gå opp på Fossedalshengenipa. Det var delvis skya og bra temperatur. Men det var tydeleg at det hadde regna ganske mykje om natta. Stien var gjennomblaut. Plankane som vi hadde lagt ut oppe på myra kom til sin fulle rett. Sjølv om ikkje heile jobben er unnagjort, er det veldig god hjelp i desse borda når det er så vått som i dag. 

På den vanlege plassen ovanfor ura nedom Krokavatnet merkar ein ofte vinden godt. Så òg i dag. Og det var godt å vere iført langbukse og ikkje shorts. Eg hadde kortbuksa i sekken, men den kom aldri på. Lenger oppover tiltok vinden berre endå meir, og på toppen bles det skikkeleg hardt frå sør. Eg plukka like godt fram hua òg. Knipsa nokre bilder og gjekk ned igjen same vegen. 

Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg svinga så opp nordsida av fjellet, og opp den vanlege ruta til Nipebu. På toppen av skaret kom vinden kraftig igjen frå sør. Her gjekk det ein del sauer og beita fredeleg i morgonstunda. I lia mot Markehengenipa gjekk det òg ein flokk. Kjekt å sjå sauer til fjells. Det blir nok gode lammelår og ribber av desse...

Under Fossedalshengenipa

Sidan det stod ei bil ved Markavatnet, rekna eg med det var folk på Nipebu. Og det stemde. For då eg svinga mot vest utom Fossedalshengenipa, og fekk utsikt vestover, var båten allereie komen på vatnet med to mann ombord. Eg såg dessutan folk utanfor hytta. Då eg sjølv kom ut var det fleire stykker der. Eg gav meg ikkje til, men var innom og skreiv meg inn som besøkande i protokollen. Agnar har lært meg opp til det...:-) Eg får høyre det hvis eg berre fær forbi utan å skrive meg inn...

 Nipebu og Fossedalshengenipa t.h. i dag

Eg heldt så fram vestover, gjekk ned til Atlevatnet og gjennom Vagstaddalen mot Rivedal. Det er flott jobb som er gjort med brua langs hammaren i vestre hjørnet av Atlevatnet. Agnar har jo vore med og jobba her òg... Hammaren er blitt veldig grei å passere no. Eg stogga litt i enden av vatnet, her elva renn så idyllisk ut og ned dalen, og fekk meg noko XL1 i skrotten og nokre rosiner. 

Utløpet av Atlevatnet i vest

Turen gjennom dalen gjekk raskt og greitt. Sjølv om her ligg ein del stein, som var noko sleipe av væta frå natta før. Ved vestkanten av Stølsfjellet tok eg over Rivedalselva og gjekk opp på Nigardsstølen. Det var litt kjaks å finne ein brukande veg gjennom skogen her, både før stølen og etterpå, for eg tok sikte på å gå opp skaret på Smørskornova. At det vart litt kamp med einerkavar og småbjørk var no so, mykje verre var det at ein sverm av fluger gjekk til angrep på sveitten min. Her nede var det lite vind, sola steikte og då var flugene der med ein gong. I hordar!


Motiv frå Vagstaddalen

I tillegg til flugene gjekk det seint opp det bratte skaret. Skaret kan no vere ei utfordring i seg sjølv, men no kjende eg at kroppen var begynt å gå tom. Eg kom meg likevel greitt opp på toppen. Men her tok vinden skikkeleg igjen, så eg fann ut at eg måtte gå nedom fjellet og finne meg ein lunsj-plass. Stor var undringa mi då eg opna boka på posten og såg at Vigdis hadde vore der for 10 minutt sidan. Eg måtte nesten le høgt, og såg meg rundt om eg såg nokon skapning som likna. Men den gong ei. Ho tok sikkert peiling på Boge-jota tenkte eg, det var ikkje min plan, så eg gjekk ned sørvest sida av fjellet. Her fann eg meg ein stille plass for vinden, og fekk i meg nokre skiver, drikke og ein kvikk-lunsj. 

 Ved Langevatnet i Holmedal følgde to forvitne lam meg nøye

Det gjorde godt med ein matpause. Eg følte meg raskt i betre slag. Og heldt fram vidare vestover mot Siklabergvatna ved å gå ned vanlege DNT-ruta forbi utløpet av Langevatnet og opp lia. Eg stogga ikkje på no før eg nådde ut på Fanafjellet ein liten time seinare. Også her bles det kraftig frå sør. No er eg van med at det bles godt her oppe i fjella, men likevel var det uvanleg kraftig til å vere midtsommars. Eg tok såleis ikkje rare stoggen her heller før eg tok ned den vanlege ruta til Stafsnes. Eg følte meg ikkje verre i beina enn at eg sprang det meste av vegen til fjorden, trass i ganske tunge fjellsko etter turen. Eg var ved vegen igjen presis kl 14, og hadde såleis brukt 6,5 timar på turen. 

 Ved toppen av Mannsskaret med utsikt mot Holmedal og Straumsnes

Flott og grei tur dette sjølv om det fine sommarvèret uteblei. Eg har nesten tilgode å hatt på meg shortsen i år. Det blir nokre likbleike føter som landar i Antalya neste torsdag.... (Det er berre å kjøpe seg solkrem med faktor 30 eller noko slikt...:-)) I Kemer blir det fjellfri med symjing i staden i 14 dagar. Og kanskje eit godt karbolager til hausten. Med lyst og guts for nye toppar...:-)
Motiv mot vest i Vagstaddalen

1 kommentar:

Randi sa...

Veldig gøy å lese turberetningene dine, Gustav! :-)