lørdag 12. juni 2010

To fjell i ruskut junivèr

Utsikt mot Håsteinen i skodde frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Turen eg skulle leie for turlaget i dag avlyste eg. Null respons. Truleg var det vel dei elendige vèrmeldingane som var årsaka til det. Men morgonen var ikkje så verst den. Iallefall for oss som er vane med at det går ei kule varmt for seg, eller kanskje rettare sagt kaldt...

Eg gjekk starta iallefall oppover same vegen som turlagsturen skulle gått frå Markavatnet i 8-tida. Det bles litt kaldt, men var opplett. Tydeleg det hadde regna ein del om natta, for det var ganske vått i lendet. Oppe på myra der vi har lagt plank for at ein skal komme seg tørrare og betre fram, var det no søkkande vått dei fleste plassane. Sjølv om alt ikkje er ferdig, merka eg meg at det var stor hjelp i det arbeidet som har vore gjort. Eg slapp bløyta langt opp på skoa og leggene somme stader...

Radig nådde eg opp til steinryggen på Fossedalshengenipa. Men her oppe tok vinden skikkeleg frå nord nordvest. Til å vere midt i juni var det litt spesielt. For etter å ha sprunge i berre shortsen på fjellet onsdag, var det no nesten som ein haustdag å rekne. Kaldt og hustrig. Ikkje det at eg hadde noko naud akkurat, men med berre ei tynn trøye under den lette vindjakka, var det i minste laget. Så eg kom meg raskt opp ryggen òg, til topps, og sprang ned igjen same vegen.

Etter å ha fått varmen i meg igjen, og litt mat heime, reiste eg ned til Askvoll og tok med meg Siktanuten òg. Her vart det på langt nær så vått i landskapet som oppe i Skorva. Men jammen bles det godt oppe i dalen og på toppen her òg. Så det vart i grunn same opplegget som i stad. Eg sprang ned igjen til bilen. To fjell i boks, men no var det tid for VM-fotball og Messi...!

Fra Fossedalshengenipa_Siktanuten 120610

Ingen kommentarer: