onsdag 9. juni 2010

Sommar i lufta...

Fint på Fanafjellet i kveld

Olaug fòr på Fossedalshengenipa med Anne då eg kom heim frå arbeid. Peter var på fjellet med klassen. På hytta til Lasse, rektoren, ved Krikavatnet og vart seine heim igjen. Eg sjølv fekk i meg noko mat og skulle blunde litt på sofaen - dette vart fort til ein time før eg temmeleg omtåke prøvde å komme til meg sjølv igjen. Eit par nevar med rosiner og pepsi gjorde susen, og ikkje lenge etterpå fòr eg opp bakkane på Stafsnes til Fanafjellet. I bar overkropp og tights. Du verden kor herlig. Og fleecen eg hadde rundt livet trong eg ikkje i det heile teke. Det var sommar i lufta....

Dette hadde antakeleg flugene merka òg. Dei hersens flugene. Ei evig forbanning om sommaren. Lik flåtten. Dei følgde meg heile vegen frå fjorden og til topps. Det er greitt ned igjen - då spring eg i frå dei, men opp blir sjølvsagt det for tøfft. 

Nett nedom toppen på veg heim, ringde Lasse. Peter hadde igjen forstuva foten. For ørtende gong. Eg kunne jo ikkje komme der og då, ned opp eit anna fjell, men eg sprang heile vegen frå Fanafjellet og køyrde heim, fekk sjekka av kor dei var, og gjekk Grete, den kvinnlege læraren og Peter i møte. Nett nedom Rindelva treftest vi, og eg bar Peter på ryggen heim. Dei andre elevane og Lasse var komne ned att. Slik vart det ein ekstra god trimtur på meg i kveld.

Peter kjem seg sjølvsagt til igjen, men dei leddbanda på høgrefoten treng iallefall ro. Dette har skjedd for mange gonger på kort tid no. Og guten er berre 10 år...! Fotballturneringa i helga er difor  avlyst - for hans vedkommande...

Fra Fanafjellet 090610

Ingen kommentarer: