lørdag 26. juni 2010

Skoddefull affære

Ved Nipebu i dag

Sjølv om skodda låg så tjukk som graut i dag tidleg, bestemte eg meg likevel for å få utført oppdraget eg fekk av Agnar, nemleg å få ein bunke innbetalingsblankettar opp på Nipebu. Det var omlag tomt for dette på hytta. Sjølvsagt ville eg ta med meg Fossedalshengenipa i same snuren. 

Eg stod inne ved Markavatnet og fotograferte då eg såg eit menneske på hi sida av vatnet. Det tok ikkje så lange tida før eg registrerte at det var Vigdis som var på poengjakt på Hengenipa. Så vi slo følgje oppover. 

Ved Markavatnet i dag tidleg

Det var dammande stilt. Ikkje eit vindpust. Og heldigvis opplett. Men oppe i skoddehavet vart det utrulig klamt i lufta, og sveitten rann. Ingen problem med å ta seg opp på toppen etter vardane eg har sett opp på nordsida. No er heller ikkje Fossedalshengenipa særleg vanskeleg frå før. Ryggen går no ganske bratt oppover før du svingar ned i søkket mellom dei to toppane og opp. Slik sett trur eg kven som helst finn opp same kva skodde som ligg der.... 

Eit par bilder frå toppen var alt vi tok oss tid til. Det var ingenting å sjå. Så ned igjen same vegen.

 Fellesbilde på toppen av Hengenipa i dag

Eg sa ha det til Vigdis i søkket under ryggen, og gjekk vidare til Nipebu. Skodda låg minst like tjukk nord om fjellet. Og ut av skoddeheimen rett framfor meg flaksar det opp to ryper og eit kull med kyllingar spring i alle retningar. Heilt utrulig å få oppleve dette no igjen!  
 
Skodda letna brått på sørsida av skaret. Og der ligg Nipebu, Langevatnet og "dei tusen sjøars land" i all si prakt.  Dette skuet er like praktfullt kvar gong når du rundar rota på Fossedalshengenipa frå nord. 

Det tok ikkje så mange minuttane før eg var framme på hytta. Den var tom. Så eg var som snarast innom, skreiv meg inn i protokollen, la giroane i kassen, tok meg eit par kjeks og litt drikke på altanen, før eg stima tilbake same vegen.

Eg var eit par minuttar inne på tanken om å gå Vagstaddalen vestover og stikke oppom Smørskornova òg. Men eg fann ut at eg var litt seint ute. Og skodda låg tjukk vestover fjella òg, så eg slo det frå meg. Det får vere til ein gong seinare i sommar. 

Ein liten rast på Nipebu i dag

Turen ned gjennom skoddehavet på nordsida gjekk heilt fint. Temmeleg blautt var det. Og klamt. Sidan eg gav på litt rann sveitten i strie straumar. Nesten nede ved Markavatnet igjen kom det ein flokk sauer som skulle til sæters å gjere seg feite. Fint på geledd. Men eg såg ingen personar før eg kom ned til brua. Der var det fleire stykker som kjempa med ein sau som slett ikkje ville til sæters å gjere seg feit, men heller ha mjøl heime.... Så der var det litt action ved den strie elva. Sauen vart tjora og kom visst på rett kjøl igjen, så eg sprang siste stykket til bilen og køyrde heim. 

Stille - stille ved Grunnevatnet på veg heim

Sjølv om det vart klamt og sveitt i dag, er det berre ei sælebot å komme seg ut. Vèret kan vi ikkje gjere noko med, og pytt, kva betyr vel litt regn og skodde sommarsdagen! Det er berre å hive seg ut i det....:-)

Fra Fossedalshengenipa_Nipebu 260610

Ingen kommentarer: