tirsdag 1. juni 2010

Gratistur

Smørskornova i ettermiddag

Sidan Peter skulle til Rivedal i gebursdag i ettermiddag kl 17, låg det i korta med ein fjelltur på Smørskornova i same slengen. Mest som ein invitt frå fruen sin del for å gå opp og ned eit par nye ruter eg har gått i det siste. 

Og turen gjekk fint den. Smørblid frue på Smørskornova... :-) Litt kald trekk var det, så det var greitt og ha ei tynn vindjakke å ty til. Finvèret har visst tenkt å ta seg ein liten pause no før det kjem att til helga. Skoddedottane dreiv inn frå havet med skoddevinden som eit første varsel. Kanskje ein dags pause hadde gjort seg kroppsleg òg...? Får kjenne etter i morgon...
 
Fra Smørskornova 010610

Kalderasnipene t.v og Moldura t.h.

Ingen kommentarer: