søndag 6. juni 2010

Fjell og fjord

Det øvste bildet er teke ved Teigane,
der det store settefiskanlegget er tenkt bygt.
Bildet nedunder er på veg ut mot Yndestad.

Agnar lurte på kva topp eg var på i dag. Eg sa eg var barnevakt og utsliten av å passe to bleieungar. Eg måtte innrømme at Blegja-turen i går tok langt mindre på. Han lo godt då - han visste vel kva eg snakka om, han som er bestefar til små trillingar inne i Bergen, der han sjølv var...:-) 

Jo, jo, men sidan Torbjørn var heime, og skulle til Førde igjen, slapp eg iallefall turen inn og ut igjen med Nikolai og Amalie. Så då opna det seg nokre fine kveldstimar likevel. Eg var ikkje sein om å dra nytte av dei, og parkerte bilen på Stafsnes, og fekk fruen i huset til å køyre meg i Oslandsbotnen. Og då er her vel enkelte som ser teikninga på veggen. 

Eg kom meg raskt opp Brekka, forbi Botnastølen og opp i Svelia. Tok meg nokre munnfullar vatn av elva inne i botnen av dalen, og gjekk opp skaret og nordsida på Smørskornova. Som så mange gonger før. Eg såg det var ferske spor i snøen opp over kanten. Og det kunne ikkje vore lenge sidan heller, tenkte eg. Og forsyne meg sat det to karar oppe ved varden då eg fekk den i augesyn. Det var Audun E. og Alf Ø. som sat der i ettermiddagssola og kosa seg. Vi vart sjølvsagt preikande litt, før dei gjekk vidare mot Bogejota og Holmedal, medan eg heldt fram forbi Langevatnet, og den vanlege ruta til Fanafjellet. 

Sjølv om det var fantastisk fint vèr og sola skein, gjorde ein sur nordavind det ganske kjølig. Det var ikkje akkurat shorts-temperatur. Og eg var glad eg hadde med meg ei tynn vindtett jakke  i sekken. Og buffen var god å dra over hovudet.

Då eg nærma meg Fanafjellet, såg eg det var to personar ved varden der òg. Men desse to jentene drog like før eg kom ut og opp. Frå boka viste det seg at det hadde vore ganske folksomt på denne fjelltrimposten i dag. Kjempeflott!  

Etter nokre fotoshots på toppen, sprang eg ned igjen den vanleg ruta til Stafsnes og bilen.

Så vart det tur i dag òg. Eg likar best å komme meg tidleg av garde i helgane. Men når det ikkje gjekk så vart dette ein kjempeflott tur likevel. Og så fekk eg jo teke meg litt av familien.... Og litt bilder av bygda denne flotte dagen...


Fra Smørskornova_Fanafjellet 060610
Fra Søndagsklipp 060610

Ingen kommentarer: