søndag 27. juni 2010

Ein-to-tre

Ved Siklabergvatnet i dag. Moldura i bakgrunnen.

Tanken var å ta seg ein snartur på Fanafjellet i dag tidleg. Men etter som det gjekk veldig lett opp dit, og veret var bra, så gjekk eg austover til Smørskornova òg.  

Å sjå hurtigruta passère ved Askrova, er visst blitt ei regelmessig hending på søndagsturane. Så òg i dag. Båten skin så ekstra flott der ute i vest av morgonlyset og sola frå aust. 

 Hurtigruta passerer ved Askrova i dag tidleg

Eg hadde ingenting med meg. Berre det eg stod og gjekk i. Men det gjorde ingenting. Vatn er det alltid å finne. Og med ein solid porsjon havregrynsgraut til frukost innabords, kan eg gå det meste av dagen utan mat. 

Eg var så morgonyr at eg sprang det meste av vegen til Smørskornova frå Fanafjellet. Lett og godt terreng her. Utan så mykje myr. Aldeles herleg når ein første er i stimen. Men eg måtte stoppe nokre vender å ta eitt bilde eller to. Spesielt inne ved Siklabergvatna er det veldig fint. Ein av favorittplassane mine. Her vaka kjøa i det dammande stille vatnet. 

Morgon ved Siklabergvatnet. Kjøa vakar varsamt  i den stille yta...

Eg nådde lett inn på Smørskornova. Og gjekk opp på sørsida. Undervegs fann eg ut at eg skulle gå ned igjen nordsida, og ta nord att same vegen forbi Langevatnet, og gå nord igjen på Skålefjellet i Stongfjorden. Då vart det litt meir tur ut av det. Samstundes kunne eg gå ned igjen der i frå gjennom Gjerdedalen. Bilen stod nemleg på Stafsnes. Mobilen låg òg der. Og anna transport hadde eg ikkje ordna meg med. 

 Søndagsmorgon på Smørskornova

Så det vart ein knallflott ekstratur på Skålefjellet. Eg hadde ikkje vore der sidan desember! Her måtte det sjølvsagt til ekstra med bilder. 

Sauene låg så bedageleg i graset i sørhellingane og kosa seg denne flotte søndagsføremiddagen. Heiloen varsla med sin melankolske fløytelåt at her høyrde han til. Og steinskvetten flaug hit og dit med sitt tekk-tekk. Heipiplerka, fjellets vanlegaste fugl, skvatt opp både her og der. Ja, det er kjekt å sjå litt liv i fjellet. Det var ikkje mykje av det i vinter. Berre ei og anna rype som trasse snø og kulde. 

Stongfjorden frå Skålefjellet i dag. Toreheia t.h.

Returen frå Skålefjellet gjekk ned vestsida mot Skålefjellsvatnet. Deretter ned hamrane ved elva til den merka DNT-ruta (som går til Nipebu frå Stongfjorden) og så dalen ned til bygda. Den verste biten på turen var å traske asfalten ut igjen til Stafsnes etter bilen.

Olaug lurte sjølvsagt på kvar eg var blitt av. Eg var jo vekke dobbelt så lenge som planen. Men 4 timar går rasande fort i fjellet ein flott sommarsdag...! Ja, det er nesten som ingenting å rekne...
Fra Fanafjellet_Smørskornova_Skålefjellet 270610


Ingen kommentarer: