onsdag 30. juni 2010

Greitt i Rivedal

Smørskornova (i skugge), Skålefjellet, Røyrbotnholten og Ytrevågefjellet
frå Stølsfjellet i Rivedal 21/5-09.
Skaret på Smørskornova opp t.v. ved bjørkeskogen

Turen eg var tenkt å ta i går tok eg i dag i staden. Fin og grei tur opp den vanlege vegen frå Rivedal og på Smørskornova. Synest no at skaret i aust er greiaste vegen opp. Det er brattast, men kortast. Har funne meg ein grei trassè opp her. 

Sidan det er såpass bratt oppe i skaret, og terrenget er lyng og gras, blir det fort glatt når det er vått. Eg sklei på graset og segla ein tre-fire meter nedover i kveld. Godt det ikkje stakk stein opp så eg fekk meg ein kilevink der bak...:-) Men eg vart ikkje meir skremd enn at eg sprang resten av vegen til bilen for det. 

Det var forresten eit par som vinka til meg frå hi sida av elva nedanfor demma. Dei hadde oppakning og truleg på veg til Nipebu. Trur det var Arny og Leif, men det var litt for lang avstand til at eg kan seie det sikkert. Dei visste nok kven eg var iallefall sidan dei vinka... Det er alltid kjekt å bli vinka til, spesielt på fjellet...:-)

MMS frå Smørskornova i kveld

tirsdag 29. juni 2010

Vått, glatt og gjørme

Skaret mellom Fossedalshengenipa og Høgeholten på ruta til Nipebu

Eg var opprinneleg tenkt meg ein tur på Smørskornova frå Rivedal etter arbeid i dag. Men etter å ha vore heim om og skifta klede, forandra eg meining nede i Eidsfjorden. Det starta å regna og skodda låg tjukk i fjella. Så eg tok ein kjapp ein på Siktanuten i staden. Ville spele på lag med motivasjonen for dagen. Eg går aldri hvis eg ikkje har lyst...

Så mykje er det vel ikkje å seie om turen. Det var vått, gjørme og sleipt med skodde og regn. Det er vel det vanlege juli-vèret som er på gang. Ja, ja det nærmar seg ferie for min del, og tur til varmare strok...:-)

søndag 27. juni 2010

Ein-to-tre

Ved Siklabergvatnet i dag. Moldura i bakgrunnen.

Tanken var å ta seg ein snartur på Fanafjellet i dag tidleg. Men etter som det gjekk veldig lett opp dit, og veret var bra, så gjekk eg austover til Smørskornova òg.  

Å sjå hurtigruta passère ved Askrova, er visst blitt ei regelmessig hending på søndagsturane. Så òg i dag. Båten skin så ekstra flott der ute i vest av morgonlyset og sola frå aust. 

 Hurtigruta passerer ved Askrova i dag tidleg

Eg hadde ingenting med meg. Berre det eg stod og gjekk i. Men det gjorde ingenting. Vatn er det alltid å finne. Og med ein solid porsjon havregrynsgraut til frukost innabords, kan eg gå det meste av dagen utan mat. 

Eg var så morgonyr at eg sprang det meste av vegen til Smørskornova frå Fanafjellet. Lett og godt terreng her. Utan så mykje myr. Aldeles herleg når ein første er i stimen. Men eg måtte stoppe nokre vender å ta eitt bilde eller to. Spesielt inne ved Siklabergvatna er det veldig fint. Ein av favorittplassane mine. Her vaka kjøa i det dammande stille vatnet. 

Morgon ved Siklabergvatnet. Kjøa vakar varsamt  i den stille yta...

Eg nådde lett inn på Smørskornova. Og gjekk opp på sørsida. Undervegs fann eg ut at eg skulle gå ned igjen nordsida, og ta nord att same vegen forbi Langevatnet, og gå nord igjen på Skålefjellet i Stongfjorden. Då vart det litt meir tur ut av det. Samstundes kunne eg gå ned igjen der i frå gjennom Gjerdedalen. Bilen stod nemleg på Stafsnes. Mobilen låg òg der. Og anna transport hadde eg ikkje ordna meg med. 

 Søndagsmorgon på Smørskornova

Så det vart ein knallflott ekstratur på Skålefjellet. Eg hadde ikkje vore der sidan desember! Her måtte det sjølvsagt til ekstra med bilder. 

Sauene låg så bedageleg i graset i sørhellingane og kosa seg denne flotte søndagsføremiddagen. Heiloen varsla med sin melankolske fløytelåt at her høyrde han til. Og steinskvetten flaug hit og dit med sitt tekk-tekk. Heipiplerka, fjellets vanlegaste fugl, skvatt opp både her og der. Ja, det er kjekt å sjå litt liv i fjellet. Det var ikkje mykje av det i vinter. Berre ei og anna rype som trasse snø og kulde. 

Stongfjorden frå Skålefjellet i dag. Toreheia t.h.

Returen frå Skålefjellet gjekk ned vestsida mot Skålefjellsvatnet. Deretter ned hamrane ved elva til den merka DNT-ruta (som går til Nipebu frå Stongfjorden) og så dalen ned til bygda. Den verste biten på turen var å traske asfalten ut igjen til Stafsnes etter bilen.

Olaug lurte sjølvsagt på kvar eg var blitt av. Eg var jo vekke dobbelt så lenge som planen. Men 4 timar går rasande fort i fjellet ein flott sommarsdag...! Ja, det er nesten som ingenting å rekne...
Fra Fanafjellet_Smørskornova_Skålefjellet 270610


lørdag 26. juni 2010

Skoddefull affære

Ved Nipebu i dag

Sjølv om skodda låg så tjukk som graut i dag tidleg, bestemte eg meg likevel for å få utført oppdraget eg fekk av Agnar, nemleg å få ein bunke innbetalingsblankettar opp på Nipebu. Det var omlag tomt for dette på hytta. Sjølvsagt ville eg ta med meg Fossedalshengenipa i same snuren. 

Eg stod inne ved Markavatnet og fotograferte då eg såg eit menneske på hi sida av vatnet. Det tok ikkje så lange tida før eg registrerte at det var Vigdis som var på poengjakt på Hengenipa. Så vi slo følgje oppover. 

Ved Markavatnet i dag tidleg

Det var dammande stilt. Ikkje eit vindpust. Og heldigvis opplett. Men oppe i skoddehavet vart det utrulig klamt i lufta, og sveitten rann. Ingen problem med å ta seg opp på toppen etter vardane eg har sett opp på nordsida. No er heller ikkje Fossedalshengenipa særleg vanskeleg frå før. Ryggen går no ganske bratt oppover før du svingar ned i søkket mellom dei to toppane og opp. Slik sett trur eg kven som helst finn opp same kva skodde som ligg der.... 

Eit par bilder frå toppen var alt vi tok oss tid til. Det var ingenting å sjå. Så ned igjen same vegen.

 Fellesbilde på toppen av Hengenipa i dag

Eg sa ha det til Vigdis i søkket under ryggen, og gjekk vidare til Nipebu. Skodda låg minst like tjukk nord om fjellet. Og ut av skoddeheimen rett framfor meg flaksar det opp to ryper og eit kull med kyllingar spring i alle retningar. Heilt utrulig å få oppleve dette no igjen!  
 
Skodda letna brått på sørsida av skaret. Og der ligg Nipebu, Langevatnet og "dei tusen sjøars land" i all si prakt.  Dette skuet er like praktfullt kvar gong når du rundar rota på Fossedalshengenipa frå nord. 

Det tok ikkje så mange minuttane før eg var framme på hytta. Den var tom. Så eg var som snarast innom, skreiv meg inn i protokollen, la giroane i kassen, tok meg eit par kjeks og litt drikke på altanen, før eg stima tilbake same vegen.

Eg var eit par minuttar inne på tanken om å gå Vagstaddalen vestover og stikke oppom Smørskornova òg. Men eg fann ut at eg var litt seint ute. Og skodda låg tjukk vestover fjella òg, så eg slo det frå meg. Det får vere til ein gong seinare i sommar. 

Ein liten rast på Nipebu i dag

Turen ned gjennom skoddehavet på nordsida gjekk heilt fint. Temmeleg blautt var det. Og klamt. Sidan eg gav på litt rann sveitten i strie straumar. Nesten nede ved Markavatnet igjen kom det ein flokk sauer som skulle til sæters å gjere seg feite. Fint på geledd. Men eg såg ingen personar før eg kom ned til brua. Der var det fleire stykker som kjempa med ein sau som slett ikkje ville til sæters å gjere seg feit, men heller ha mjøl heime.... Så der var det litt action ved den strie elva. Sauen vart tjora og kom visst på rett kjøl igjen, så eg sprang siste stykket til bilen og køyrde heim. 

Stille - stille ved Grunnevatnet på veg heim

Sjølv om det vart klamt og sveitt i dag, er det berre ei sælebot å komme seg ut. Vèret kan vi ikkje gjere noko med, og pytt, kva betyr vel litt regn og skodde sommarsdagen! Det er berre å hive seg ut i det....:-)

Fra Fossedalshengenipa_Nipebu 260610

fredag 25. juni 2010

Våt seglas

 Foto frå Fossedalshengenipa 20/6. Langevatnet ved Nipebu i bakgrunnen.

Eg hadde ein dag ferie i dag. Ei veke før eg skal ha sommarferie. Og jess you guess eg var på fjellet. To fjell. Men vèret var mildt sagt elendig. Så eg lèt mobil vere mobil og kamera vere kamera. Det silregna, så eg tok ikkje sjansen på å øydeleggje utstyret. Det var likevel heilt vekkasta å ta det med seg òg, for det var ingenting å sjå. 

På Smørskornova frå Rivedal gjekk eg inn ein grå, kompakt skoddevegg allereie nedom demma på krafterket Myra nordover var blytung. Og opp skaret på sørsida rann og sitla det vatn overalt. Det må ha komme ned bra mengder siste døgnet. Elles var det ingen problem med å gå opp ved å følgje vardane eg har sett opp. Men jammen var det sleipt ned igjen. 

Den lette RAB jakka helt regnet ute på overkroppen, men eg vart noko klam av sveitte. Men GoreTex buksa frå Arcteryx greidde ikkje den jobben. Søkk våt. Vi får prøve med ein omgang impregnering igjen. 

Eg køyrde difor heim igjen og fekk bytta. Fekk i meg noko mat og tok turen til Askvoll på Siktanuten noko seinare. Her var det akkurat som i går kveld. Vått, skodde og sleipt. Berre endå verre. Dette resulterte at eg tryne skikkeleg nede i sleipe moldbakken på slutten, sklei ut av stien og landa under greinene på ei lita gran, med ein god og kald dusj vatn ned nakken, før eg stoppa... Godt var det å kjenne at alle kroppsdeler var like heile etter den seglasen. Kanskje var farten litt for stor og skoa litt for slitne. Omlag som i trafikken....Men, men det gjekk fint denne gongen òg, det har eit merkeleg lag til å gjere det...

Og så er det helg igjen. Har eit oppdrag på Nipebu som skulle vore utført. Vi får bruke kvelden til å sjekke av vèr og vind. Men den flotte sommaren ser visst ikkje ut til å vere i kjømda endå...

torsdag 24. juni 2010

På autopilot

Ovanfor Rivedal 19/6

Det vart ei skoddefull, blautt og sleip affære på Siktanuten i kveld. Sjeldan det er så tjukk skodde heilt ned i låglandet. Men stien opp er som ein autostrada. Det er nærast umogeleg å gå seg vekk om du held deg til denne. Terrenget sug ein heil del meir når det blir så vått. Og stien, som nesten er reine moldbakken somme plassar, blir naturleg nok særs sleip av all væta. Spesielt der det er bratt! Så farten nedover igjen må ned - ellers ligg du der... og det kan jo vere ubehageleg nok.
Temperaturen var heldigvis fin i kveld, og det var nærast vindstille. 

Så det er no egentleg berre å komme seg ut sjølv om det ser litt rufsete ut. Ingen tek skade av ein fjelltur i litt dårleg vèr - det gjer berre ekstra godt etterpå...:-)

onsdag 23. juni 2010

Jonsok-tur

Mot Stongfjorden jonsokaftan

Eg var oppom Fanafjellet etter arbeid i dag òg. Det gjer så godt å få bevega seg litt etter å ha site ein heil dag på kontorstolen. 

I dag hadde svermar av småfluger igjen gjort sitt inntog. Eg sleit med hordar rundt hovudet, i håret og på kroppen på veg oppover. Sveitt som eg vart, var dette sikkert reine eleksiren for dei. Salt og mineralar i fleng. Kanskje ikkje så rart at dei såg på meg som eit godt måltid.... Flugene gjer vel kva som er naturleg for dei, sjølv om dei er ein pest og ei plage for vår del...

Elles var mine vener heilo-paret på plass og varsla effektivt kvar dei høyrde til. Og sauene beita fredeleg oppe ved Langevatnet. Stille og fin kveld, der eg sprang både opp og ned i bar overkropp. Det smakar iallefall litt av sommar no...

tirsdag 22. juni 2010

Stille kveld

Frå Fossdalshengenipa 20/6
Vi ser Markahengenipa og mot Florø t.v.

Etter x-antal fiskekaker til middag sa kroppen stopp - på sofaen... Og eg kom knapt gjennom dagens Firda før Ole Lukkeøye kom på besøk. Det var ei herleg vitjing!

Men i 18-tida livna eg til igjen. Fit for fight. Og klar for ein kjapp fjelltur på Siktanuten. Så eg køyrde ned til Askvoll, gjekk raskt opp på toppen og sprang ned igjen. I den overskya og stille kvelden var det ein nytelse. Ikkje eit vindpust var det, og ikkje ein lyd oppe i dalen og på fjellet. Rein luksus...:-)

mandag 21. juni 2010

Havskodda

Fanafjellet i ettermiddag

Det vart til ein rask tur opp igjen på Fanafjellet etter arbeid i dag. Den vanlege ruta frå Stafsnes. 

Sauene beita fredeleg vest om Langevatnet. Men heiloen var meir bekymra. Eg trødde han vel for nære der oppe. Den melankolske fløytetonen, karakteristisk for fjellet, vart avløyst av ein meir frenetisk takt og tone i klangen, samtidig som han flaksa fram og tilbake.  Hofuglen låg nok på egg like ved. Trykkande og redd. Men hannen var litt for kjapp å få festa på minnebrikka i dag. 

Elles seig havskodda utruleg fort på der oppe i ettermiddag. Når den først kjem inn frå havet er det som eit skot. Så godt som det er merka, er det likevel ikkje noko problem. Noko anna var det at temperaturen fall med fleire grader. Som så mange gonger før vart det difor berre rett opp og springmarsj ned igjen. Men som trim fungerer det heilt utmerka...

Fra Fanafjellet 210610

søndag 20. juni 2010

Meir ryper og meir fjell

Fin morgon ved Øyravatnet i dag
Eitrenipa speglar seg i morgonsola

Eg slit med ein liten forkjølese om dagen, og var rimeleg tett både her og der då eg vakna i dag tidleg. Eg slo difor frå meg nokon lenger tur og valde å gå på Fossedalshengenipa. Otrivin og ein solid porsjon havregrynsgraut, gjorde at morgonen letna. Ute var det praktfullt, men kaldt. Det tek alltid ei stund ut på morgonen før nordavinden frisknar på, så desse tidlege timane må nyttast. 

Det var stilt og fint i Skjerlia òg. Agnar sin bil stod der. Dei var på Nipebu hadde eg fått melding om. Men eg tok ikkje turen utom der i dag. Det fekk halde med bilder. Eg gjekk friskt på oppover og løyste sveitten ganske raskt. Gjekk plankane over kanten på myra. Og jammen trur eg ikkje det gjekk raskare over der no. Slapp bløyta. Flotte greier. 

Opp gjennom ura og bakkane under Krokavatnet var sola endå ikkje komen. Så nordatrekken kjendest ekstra godt her. Rett ovanfor vatnet var solinnstrøyminga frå aust herlig. Veldig fint. Her er det òg så praktfull utsikt mot Krokavatnet, Eitrenipa og Kringla. Litt lenger oppe dukkar òg Blegja og Storehesten opp i aust. 

Eg trudde nesten ikkje det var sant då to ryper skvatt opp framfor føtene mine i dag òg. Svært så dårlege som dei spelte. Og trur du ikkje, av alle ting, at det skvatt kjuklingar rundt meg i alle retningar i dag òg. Aldeles rart at eg skulle oppleve slikt to dagar på rad, når det går årevis mellom ei slik hending til vanleg. No var ikkje rypeforeldra fullt så nærgåande som i går, dei svirra rundt eit stykke unna, men eg fekk inn eit bilda av to av nøsta der i lyngen...

Rypekjuklingar i lyngen i dag òg...

Eg kom meg likevel raskt der i frå. Ville ikkje forstyrre unødig. Får berre håpe kullet får leve opp... Vi treng jo ikkje akkurat skyte ned desse flotte fuglane. Så lite som det er blitt av dei...

På toppen var det friskt. Nordavinden var i gang allereie. Skikkeleg kald i kantane. Klokka var akkurat passert 9. Lufta var fantastisk klår. Og Langevatnet og resten av eldoradoet av tjern, pyttar og vatn vestover låg krystallklåre og blå i morgonlufta. Eg sette meg i skjul for vinden nedom varden mot sør og speida mot Dalsfjorden, Fossedalsvatnet og dei kjende fjella i aust. Ikkje ein lyd, blått og klårt. Berre hjartet dunka. Alt dette ville ligge på same måten når det var slutta å slå òg. Var eg ein del av alt saman då...?

Utsikt mot sør frå Fossedalshengenipa
Øvre Fossedalen i nedste venstre kant med Kringla og Laukelandshesten.
Fossedalsvatnet, Dalsfjorden og Sætenes t.h.

Filosoferinga vart avløyst av nordavinden. Eg hadde fått sett heim, både i bokstaveleg forstand og i ei endeleg tyding, og sprang ned igjen den tørre konglomorat-ryggen på fjellet. Forbi skråberga og ned bakkane mot Krokavatnet. Vidare ned urane og over brua i ura. Over myra har det ikkje lete seg gjort å springe før - iallefall ikkje for meg, men no var denne heilt perfekt å springa over ved hjelp av plankane vi har lagt ut... Det gjekk som eit skudd forbi, og vidare til Markavatnet og bilen. 

No følte eg vel ikkje akkurat at eg hadde døden i helane ned igjen, ikkje så å forstå, men jammen gjekk det fort i dag. Og klokka var ikkje meir enn 9.45 då eg køyrde der i frå...

Heime igjen lurte Olaug på kor tid eg hadde gått. Dei søv somregel når eg fær på morgonutflukter. Eg fekk så i meg litt mat og kaffi, og slappa av litt på altanen, før eg køyrde til Askvoll og tok med meg Siktanuten òg. Like greitt når eg var i gang ein tidleg søndag. 

Det som er flott opp på fjellet her, er å berre gje på oppover og springe ned igjen. Med joggesko og lette klede. Her er god sti, sjølv om enkelte plassar er litt våte. Men det er rett og slett for kaldt til å gå i shorts endå. Litt småforkjøla, er det sikkert greitt å late vere av den grunn òg. Eg snakka såvidt med Svein F med det same der nede. Han hadde vore opp. Han var einig at vi etterkvart burde fått litt farge på stankelbeina...:-) 

Turen på Siktanuten er vel egentleg ikkje så mykje å seie om. Det var akkurat som i går. Klår luft og god sikt til havs. Blått i blått. Der hav og himmel møtest. Der augene finn ro. Der du flyt inn i eitt med horisonten. Der draumar og liv vert laga...

Eg sprang så like til bilen igjen så sveitten sila... Dagens trim var over...


Fra Fossedalshengenipa_Siktanuten 200610
Eitrenipa i motsol ved Krokavatnet

lørdag 19. juni 2010

Ei rørande stund...

På bilde 1 ser vi rypemor vernar ein rypekylling (oppe til høgre)...
På bilde 2 er steggen komen til unnsetning...

Etter eit par rolege dagar på grunn av litt halsevonde og småforkjøling, var det tid for ein fjelltur igjen i dag. Vèret var bra, og eg lurte på Blegja, men meldingane sa stiv nord kuling ut på dagen, så då slo eg det i frå meg ganske fort. Nordavinden er nemleg bitande kald om dagen... Og på Blegja ligg det endå godt med snø...!

Eg køyrde difor til Rivedal og gjekk opp på Smørskornova. Sør om fjella løya vinden litt. Dei sørvende bakkane nedom Smørskornova og Røyrbotnholten var faktisk ganske varme. Inntil det kom ei vindròs, som fekk tak, og gjekk gjennom marg og bein. Eg gjekk difor med hue nesten heile vegen til topps. Og på toppen var det sjølvsagt endå meir vind. Og sjølv om sola delvis skein, var det bitande kaldt... Så eg gav meg ikkje til der på den eksponerte toppen, men kom meg ned att om på sørsida. 

Eit stykke lenger nede låg sauene sedat i graset med panoramautsikt til Rivedalsstølane og Dalsfjorden. Ikkje vart dei skremde av meg heller, berre løfta litt på hovudet. Smådovne i sørhellinga. Eg kosa meg og tok det med ro. Sette opp nokre vardar.  Her som nordavinden ikkje fekk tak... Brått fær det ei opp ein skugge framfor føtene mine, ei rype som spelar alvorleg sjuk. Aha - så nær tenkte eg, og begynte å sjå meg om. Så kom rypefar fram frå sida på meg, og var minst like dårleg. Dei pistra og drog på vengjene opp over ein liten skrent. Eg vart berre ståande og fiska fram kameraet. Dette måtte forevigast. Så busa det fram små nøster frå alle kantar, til og med mellom beina på meg. Eg torde ikkje flytte på meg i fare for å trakka på dei små ungane. Pipa frå ungane var visst reine alarmklokka, for brått kom rypemor flygande, og sette seg ned rett framfor føtene mine med eit sværa leven. Breia ut velet og vengjene, pistra og skreik. Dette var visst signalet til far himself, for brått var han på plass nokre centimeter framfor meg òg. Eg vart heilt forfjamsa. Hadde aldri vore med på liknande. Og brått høyrer eg meg sjølv seie høgt. "Slapp av då, eg skal ikkje gjere deg noko", nett som ei vill rype forstod slikt...! Eg såg nøye framfor meg og gjekk sakte vekk der i frå...

På veg ned igjen til Rivedal vart eg nesten rørt av heile seansen. At morsinstinktet til rypa var så sterkt at ho kom flygande igjen når ungane peip, og nærast skulle "ta" meg, var eit så sterkt teikn på omsorg og vern om livet, at det det nesten gjorde vondt. Kanskje ikkje tilfeldig at det var rypemor som viste motet først når ungane skreik om hjelp? Det var iallefall ein tanke som slo meg der og då.... At jegerar kanskje skyt dette kullet seinare i haust, gjer meg både trist og oppgitt.... Her er så lite ryper i fjellet no at desse burde få fred - iallefall frå tobeinte som finn spenning i å plaffe dei ned...! Det er nesten som eg føler skam på vegner av rypemor og rypefar for at livet dei kjempar for skal vere slik...!

Etter at eg kom meg ned igjen til Rivedal, fekk prata litt med Asbjørn som lèt opp grinda for meg, køyrde eg til Askvoll og tok turen på Siktanuten òg. Fin tur opp. Og lysande klår nordaluft i vest og nord. Azurblått hav og himmel, men så kald så kald ein vind! Dønningane slo kvite mot land ute på øyane i havet. Nokre obligatoriske foto måtte til, og så sprang eg ned igjen gjennom Askdalen, og til bilen. Det fekk vere nok for i dag. Og sterke opplevingar var på minnebrikka både her og der...!

Frå Smørskornova har vi flott utsikt til
Rivedalskletten, Flekke, Flekkefjorden og Leite 


Fra Smørskornova_Siktanuten 190610

tirsdag 15. juni 2010

Klår nordaluft

Mot Osland og Skålefjellet på bilde 1
og Yndestad på bilde 2.
Foto frå bakkane nedom Fanafjellet i ettermiddag

Det vart ein rask ein på Fanafjellet igjen i ettermiddag i den klåre og kalde nordavinden. Akkurat ruta opp frå Stafsnes ligg midt i bana for vind frå denne retningen, så oppom bjørkebeltet blir det fort kaldt slike dagar. Og framleis er det i grunn greitt å ha med seg hue sjølv om sola skin frå skyfri himmel. 

Eg tenkte på det i dag då eg høyrde om rim på bakken rundt om i fylket at molteblomstrane sikkert ikkje hadde hatt det godt i natt. Men dei eg veit om stod like fint i dag som før. Så kanskje det ikkje har vore frost her ute ved kysten, iallefall nedom høgste fjellet. 

Elles går sauene fint oppe i området. Eg synest sauebjøller kling ekstra fint når eg kjem over skoggrensa og på fjellet. Eg heldt forresten på å trakke på ei rype der oppe i ettermiddag.  Merkeleg at ein skal kveppe like mykje kvar gong dette skjer. Eg såg ikkje nærare etter reiret i denne omgang, men let plassen få fred.

mandag 14. juni 2010

God stim no

Fossedalshengenipa i ettermiddag

Etter ein relativt stressa dag på jobb i dag, var det godt å ha med litt klede for ein tur på Fossedalshengenipa før eg køyrde heim. Få blåse ut litt kontorstøv og mas. Tømme dei grå og få dei på rett spor... Finne den gode dialogen med seg sjølv. Den positive eigenkjensla. 

Oppe på myra bar eg på plass nokre trykkimpregnerte plankar. Ei bør opp og ei bør ned. Desse fjølene er berre vanvittig tunge. Prøv å ber desse i terrenget og i myra den som vil...

Elles var det ein heilt vanleg tur. Fint vèr med sol, men ein isande kald nordavind som gjekk gjennom marg og bein. Og det vart springmarsj ned igjen. Traff forresten Dag Tore, Anita og Line ved Markavatnet på veg oppover då eg kom ned igjen her. Vi slo av ein liten prat før kulden kom sigande og vi heldt fram i kvar vår retning. Fin tur!

Fra Fossedalshengenipa 140610

søndag 13. juni 2010

Miniputturnering og eit fjell


Fanafjellet i ettermiddag. Toreheia t.h.

Eg hadde avtalt med fruen i huset om å reise på miniputturneringa i fotball på Sande med Peter, medan ho fekk gå "Lihestklyvet" i Hyllestad. Så på ei stappfull ferje på Eikenes var vi ei vøle med ungar og vaksne. 

Eg tok på meg å sjå etter 2000 årgangen på bana. Peter er av denne årsklassen. Vi mangla ein gut som vi lånte frå 2001 laget, sidan dei var for mange. 4 kampar vart spelte og gutane gjorde så godt dei kunne. No vart det vel meir baklengs enn framlengs...:-) Men det er no ikkje så nøye på dette stadiet. Det viktigaste er at dei har det kjekt i lag. Alvoret i livet kjem alltid tidsnok... anten det er fotball eller andre ting! 

No vart det til at Peter køyrde heim igjen med Andreas og Hallgeir, og vart med dei på Grimelia ein tur. Så fekk eg meg eit race på Fanafjellet. Det låg ei solid sky og dekka for sola både opp og ned. Berre nokre få solglimt stakk gjennom. Medan sola skein alle andre plassar. Ja, ja i morgon er det vel omvendt. Det jamnar seg ut her i livet seiest det... No gjorde dette til at den friske nordavinden vart isande kald i kantane. Så som i går vart det full fart både opp og ned for å halde varmen. Ikkje det, sveitten sila òg.... Ekstra godt gjorde det etter den rolege dagen på Sande... Flott søndag... og fruen var visst stornøgd òg...:-)


Fra Miniputturnering_Sande 130610

Fra Fanafjellet 130610

lørdag 12. juni 2010

To fjell i ruskut junivèr

Utsikt mot Håsteinen i skodde frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Turen eg skulle leie for turlaget i dag avlyste eg. Null respons. Truleg var det vel dei elendige vèrmeldingane som var årsaka til det. Men morgonen var ikkje så verst den. Iallefall for oss som er vane med at det går ei kule varmt for seg, eller kanskje rettare sagt kaldt...

Eg gjekk starta iallefall oppover same vegen som turlagsturen skulle gått frå Markavatnet i 8-tida. Det bles litt kaldt, men var opplett. Tydeleg det hadde regna ein del om natta, for det var ganske vått i lendet. Oppe på myra der vi har lagt plank for at ein skal komme seg tørrare og betre fram, var det no søkkande vått dei fleste plassane. Sjølv om alt ikkje er ferdig, merka eg meg at det var stor hjelp i det arbeidet som har vore gjort. Eg slapp bløyta langt opp på skoa og leggene somme stader...

Radig nådde eg opp til steinryggen på Fossedalshengenipa. Men her oppe tok vinden skikkeleg frå nord nordvest. Til å vere midt i juni var det litt spesielt. For etter å ha sprunge i berre shortsen på fjellet onsdag, var det no nesten som ein haustdag å rekne. Kaldt og hustrig. Ikkje det at eg hadde noko naud akkurat, men med berre ei tynn trøye under den lette vindjakka, var det i minste laget. Så eg kom meg raskt opp ryggen òg, til topps, og sprang ned igjen same vegen.

Etter å ha fått varmen i meg igjen, og litt mat heime, reiste eg ned til Askvoll og tok med meg Siktanuten òg. Her vart det på langt nær så vått i landskapet som oppe i Skorva. Men jammen bles det godt oppe i dalen og på toppen her òg. Så det vart i grunn same opplegget som i stad. Eg sprang ned igjen til bilen. To fjell i boks, men no var det tid for VM-fotball og Messi...!

Fra Fossedalshengenipa_Siktanuten 120610

torsdag 10. juni 2010

Toppen på fridom?

Frå Fanafjellet 31/5

Det vart Fanafjellet i kveld òg gitt. Same procedure... Berre at i kveld fòr eg opp bakkane i berre shorts og joggesko, og hadde ingenting anna med meg. 23 grader i lufta og herlig sol. Fantastisk sommarkveld.

Fekk på meg eit slags heilagt inntrykk der oppe i kveld. Lett springande med vind som nappa i den nakne huda, passe kjølig, nesten gåsehud, kveldssol, stille sølv-hav og øyane i kveldsdisen.... Toppen på fridom? Iallefall ei lukkekjensle... Ein intens augneblink av å vere heldig, å leve i augneblinken, vere i eitt med miljøet rundt meg... Det er ei god kjensle å vere frisk og i god form, og springe naken på fjellet sommarsdagen...

onsdag 9. juni 2010

Sommar i lufta...

Fint på Fanafjellet i kveld

Olaug fòr på Fossedalshengenipa med Anne då eg kom heim frå arbeid. Peter var på fjellet med klassen. På hytta til Lasse, rektoren, ved Krikavatnet og vart seine heim igjen. Eg sjølv fekk i meg noko mat og skulle blunde litt på sofaen - dette vart fort til ein time før eg temmeleg omtåke prøvde å komme til meg sjølv igjen. Eit par nevar med rosiner og pepsi gjorde susen, og ikkje lenge etterpå fòr eg opp bakkane på Stafsnes til Fanafjellet. I bar overkropp og tights. Du verden kor herlig. Og fleecen eg hadde rundt livet trong eg ikkje i det heile teke. Det var sommar i lufta....

Dette hadde antakeleg flugene merka òg. Dei hersens flugene. Ei evig forbanning om sommaren. Lik flåtten. Dei følgde meg heile vegen frå fjorden og til topps. Det er greitt ned igjen - då spring eg i frå dei, men opp blir sjølvsagt det for tøfft. 

Nett nedom toppen på veg heim, ringde Lasse. Peter hadde igjen forstuva foten. For ørtende gong. Eg kunne jo ikkje komme der og då, ned opp eit anna fjell, men eg sprang heile vegen frå Fanafjellet og køyrde heim, fekk sjekka av kor dei var, og gjekk Grete, den kvinnlege læraren og Peter i møte. Nett nedom Rindelva treftest vi, og eg bar Peter på ryggen heim. Dei andre elevane og Lasse var komne ned att. Slik vart det ein ekstra god trimtur på meg i kveld.

Peter kjem seg sjølvsagt til igjen, men dei leddbanda på høgrefoten treng iallefall ro. Dette har skjedd for mange gonger på kort tid no. Og guten er berre 10 år...! Fotballturneringa i helga er difor  avlyst - for hans vedkommande...

Fra Fanafjellet 090610

tirsdag 8. juni 2010

Dugnad på DNT-stien til Nipebu

 Over nordvestkanten på Blegja 5/6 skin sola...

Vi var 4 mann som bar 5 toms impregnerte plankar, saga og spikra og la dei ut i kanten på myrane ved Grunnevatnet i kveld. Totalt ca 200 meter. Dette er ein del av DNT-stien til Nipebu. No skal det bli mykje betre både å ta seg fram og halde seg tørr på føtene forbi denne våte plassen. Lendet er slik her at det ikkje let seg gjere å gå utanom myrane heller. Difor denne jobben. Paradoksalt har det vel knapt vore så tørt her før, men det passa jo bra for oss i kveld då...


Eg rakk likevel oppom Fossedalshengenipa først. Men det gjekk visst litt på halv åtte i dag tidleg då eg heiv utstyr inn i bilen, for då eg kom opp i Skjerlia etter arbeid mangla eg treningsbukse. Og kameraet var eg smerteleg klar over låg att heime frå før. Heldigvis hadde eg no skoa. Småsko passar iallefall dårleg her oppe. Så eg rende av garde i jeansen eg stod i og fjellsko, og trøsta meg med at det var vel cowboyane i uniten som først introduserte olabuksa som arbeidsantrekk, så då måtte eg no klare å komme meg på Fossedalshengenipa i same utstyret...:-) Og det gjekk sjølvsagt fint, sjølv om steglengda av og til vart litt redusert, og det vart temmeleg varmt inn under der. No trur eg neppe det var noko som tok skade av dette, sjølv om det var noko uvant...:-)


Det som eg måtte fline endå meir av med meg sjølv, var at eg på toppen kunne konstatere at nøkkelkortet til banken og GO3 brikka til nettbanken, hang og slang bak frå buksa... Då kan eg nok heilt sikkert gå ut i frå at slikt utstyr iallefall aldri har vore på Fossedalshengenipa før. Og truleg aldri vil komme der heller. Det er no måte på å ta jobben med seg kvar ein går...:-) 


Som de sikkert forstår av alt dette gjekk turen fint både opp og ned. Utan noko særleg anna å bemerke enn at det blir buksebyte på arbeid i morgon...

søndag 6. juni 2010

Fjell og fjord

Det øvste bildet er teke ved Teigane,
der det store settefiskanlegget er tenkt bygt.
Bildet nedunder er på veg ut mot Yndestad.

Agnar lurte på kva topp eg var på i dag. Eg sa eg var barnevakt og utsliten av å passe to bleieungar. Eg måtte innrømme at Blegja-turen i går tok langt mindre på. Han lo godt då - han visste vel kva eg snakka om, han som er bestefar til små trillingar inne i Bergen, der han sjølv var...:-) 

Jo, jo, men sidan Torbjørn var heime, og skulle til Førde igjen, slapp eg iallefall turen inn og ut igjen med Nikolai og Amalie. Så då opna det seg nokre fine kveldstimar likevel. Eg var ikkje sein om å dra nytte av dei, og parkerte bilen på Stafsnes, og fekk fruen i huset til å køyre meg i Oslandsbotnen. Og då er her vel enkelte som ser teikninga på veggen. 

Eg kom meg raskt opp Brekka, forbi Botnastølen og opp i Svelia. Tok meg nokre munnfullar vatn av elva inne i botnen av dalen, og gjekk opp skaret og nordsida på Smørskornova. Som så mange gonger før. Eg såg det var ferske spor i snøen opp over kanten. Og det kunne ikkje vore lenge sidan heller, tenkte eg. Og forsyne meg sat det to karar oppe ved varden då eg fekk den i augesyn. Det var Audun E. og Alf Ø. som sat der i ettermiddagssola og kosa seg. Vi vart sjølvsagt preikande litt, før dei gjekk vidare mot Bogejota og Holmedal, medan eg heldt fram forbi Langevatnet, og den vanlege ruta til Fanafjellet. 

Sjølv om det var fantastisk fint vèr og sola skein, gjorde ein sur nordavind det ganske kjølig. Det var ikkje akkurat shorts-temperatur. Og eg var glad eg hadde med meg ei tynn vindtett jakke  i sekken. Og buffen var god å dra over hovudet.

Då eg nærma meg Fanafjellet, såg eg det var to personar ved varden der òg. Men desse to jentene drog like før eg kom ut og opp. Frå boka viste det seg at det hadde vore ganske folksomt på denne fjelltrimposten i dag. Kjempeflott!  

Etter nokre fotoshots på toppen, sprang eg ned igjen den vanleg ruta til Stafsnes og bilen.

Så vart det tur i dag òg. Eg likar best å komme meg tidleg av garde i helgane. Men når det ikkje gjekk så vart dette ein kjempeflott tur likevel. Og så fekk eg jo teke meg litt av familien.... Og litt bilder av bygda denne flotte dagen...


Fra Smørskornova_Fanafjellet 060610
Fra Søndagsklipp 060610

lørdag 5. juni 2010

Rikeleg med snø på Blegja

Flott ved Førdefjorden, Kvammen og Vevring i dag tidleg

Meldingane for dagen var pefekte. Morgonen gav heller ikkje bod om noko anna. Men sidan eg hadde teke på meg oppdrag som barnevakt for dei to yngste barnebarna mine i helga, vart det ikkje langtur. Eg bestemte meg likevel for ein tur på Blegja i det flotte vèret og med retur same vegen. 

Eg begynte å gå i eit fantastisk solskinn i Rørvika i halv 8 tida. Fjorden låg blikkstille. Dei snøkledde toppane der oppe spegla seg i morgonsola mot ein knallblå himmel. Rørvikelva fossa nedover den grønkledde dalsida. Perfekt førsommar ved fjorden. Det var berre å starte klatringa opp dei bratte bakkane. 

Som vanleg gjekk det fint og greitt oppover. Fin indre dialog. Positivt fokus. Ja, eg lo litt med meg sjølv, då sveitten sila etter ein halvtimes tid, og eg kjende eg var komen godt i gang...  Motoren funka.

Oppe under Rørviknipa låg første snøen. Ikkje så hard som eg hadde tenkt. Eg seig litt gjennom. Men i traversen mot sør var ranane frie for snø, så eg skifta litt på kvar eg gjekk. Nipevatnet var framleis delvis islagt. Eg runda heilt nede ved vatnet og tok opp ura der i staden for å klatre over. Og så var det dei snødekte urane oppover. I den brattaste delen mot toppen, fann eg det tryggast å ta på stegjerna. Her var det hardt, sidan sola ikkje hadde fått tak endå. Og opp og over sjølve skavlen, låg det endå så mykje snø at steinane i ura ikkje stakk fram. Og unnasols som dette er, så var det sjølvsagt hardt her og. Men etter at stegjerna kom på, gjekk det lett opp og over kanten til toppen. 

Kjempeutsikt i alle himmelretningar. Nesten heilt blikkstille og sol frå skyfri himmel. Gjekk det an å ha det flottare? Og klokka var ikkje meir enn 10...! Snøen hadde minka ganske mykje sidan sist. Eller det vil seie rundt varden iallefall. For no var det berre stein igjen av den og ikkje is og snø. Så boka eg la ut i oktober i fjor gjekk an å fiske fram. Litt rekneskapsføring måtte til frå turane tidlegare i vår...:-)

Etter litt fotografering og opptak av ein snutt, gjekk eg ned igjen same vegen. Returen er vel ikkje så mykje å seie om anna enn at den gjekk flott. Kjekt å sigle litt på føtene i øverste delen der snøen var hard. Og så traff eg på eit snøsporvpar nede i ura (sjå foto). Veldig kjekt å sjå denne ganske sjeldne fuglen, og registrere at dei har reir her på våre kantar òg. Elles gjekk det radig til fjorden igjen... Fantastisk flott tur!

Fra Blegja 050610

fredag 4. juni 2010

Besøk hjå stølsjentene igjen

Rivedalskletten, Dals- og Flekkefjorden frå Smørskornova i kveld

Jau traff eg på dei to kollene ved Smørskornova i kveld òg. Nesten på same plassen som sist, berre på hi sida av åsen. Og dei gjekk faktisk ilag med ca 25 spelsauer (sjå bilde). Dei sprang jo til med ein gong, men ikkje fort. Og stoppa på fleire gonger då eg kalla på sauene. Artige greier at hjorten reagerar på sæææs - sæææs, og står som fjetra...:-) 

Elles var det ein veldig flott og stille kveld der oppe. Og eg trong ikkje jakka ein gong. Fantastisk flott å komme seg opp i fjellet og få brukt kroppen etter ein dag på kontorstolen.

Fra Smørskornova 040610


torsdag 3. juni 2010

Det letna og tjukna

Fanafjellet i kveld

Det såg ikkje akkurat så lysteleg ut i vèret då eg kom heim frå arbeid i dag, men ein god time seinare, og etter ei stund på sofaen under godpleddet, var det mykje lettare ute... Eg tok difor turen på Fanafjellet for å få ut litt kontorstøv av systemet. 

Det såg ut til å skulle letne heilt opp på veg oppover. Eg såg til og med blå himmel og sola. Men medan eg sat oppe på toppen seig skodda på noko grassat. Og det gjekk ikkje mange minuttane før det var heilt tett. Så eg sprang rett ned igjen etter vardane. Gode å ha er dei når sikta blir fullstendig radert vekk. Haldepunkta i tilveret er få då...