søndag 23. mai 2010

Skoddetur



Vi ser mot Dalsfjorden og Rivedal frå Smørskornova i dag

Eg gjekk Osland/Botnastølen/Smørskornova/Fanafjellet/Stafsnes i dag. Ein spesiell kosetur vart det ikkje. Det er mogeleg vèret gjorde sitt til at det såg veldig ille ut i Svelia. Med skodde og regn/yr i lufta såg det nedtappa Svelivatnet ut som eit marslandskap. Strandsona erodert og utan liv. Vatnet 10-12 meter under "normalstand", kan eg  tenke meg. Ikkje noko vakkert bilde akkurat. For ein som er glad i natur og fjell, er slike syn nedbrytande.... Likevel, for å dokumentere tilstanden måtte eg ta nokre foto.

Det såg ille ut i Svelia av kraftutbyggjinga i dag

Eg kom meg fort gjennom Svelia og opp skaret til Smørskornova frå nord. Det låg endå ein del snø oppe i skaret. Roten og ganske tung å forsere opp. Men eg var rimeleg heldig med at skodda letta litt då eg toppa ut fjellet. Som du ser av hovudbildet skimta eg faktisk Dalsfjorden på nedturen på sørvestsida. 

På Langevatnet låg det framleis noko is. Men det klukka og sildra overalt. Væte og myrar. Ein heilo sang sin vemodige strofe ute i skoddekanten og heipiplerkene vingla hit og dit framfor meg i gåretningen. Joda, her er vår i fjellet. Det livnar til. Men akk - for mange går det så seint i år...

 Her renn elva ut frå Langevatnet mot Svelia

Eg runda Langevatnet ved utløpet i nord. Elva renn vidare ned gjennom dalen her i frå til Svelivatnet. Osen var gådd opp, men utan teikn til liv. Eg heldt så fram ruta opp under Hekkelfjellet i nordaust. Her braut faktisk sola gjennom, så eg fekk eit par bilder med sol på òg.... Veldig skiftande...! Men det var òg siste rest av eldkula i dag. Eg runda nemleg høgdedraget mot vest, og skodda og regnet slo i mot meg. Som i tjukkaste grauten. Og det sila nedetter softshellbuksa - ingen god kombinasjon. Eg såg nesten ingenting. Men DNT-løypa utover her er det jo eg sjølv som har merka, med vardar og raude T-ar. No vart arbeidet sett på prøve...

Vel, lat meg seie med ein gong. Det er ikkje godt nok! Eg retta på nokre vardar, bygde på nokre andre, men så dårleg som sikta var, var det nærast umogeleg og skulle gått berre etter vardane i dag. Hadde det ikkje vore for at eg er så kjend hadde eg rota meg bort.  Utan GPS. Og det har eg ikkje (har vore med på å rota meg vekk med denne dingsen...) Og i enden av Siklabergvatna, på hi sida av kloppa, tok eg faktisk for langt til venstre og var på veg til Hålandsstølen, før eg fekk korrigert meg inn igjen og kom meg opp bakkane mot Mansskaret. Det renn ei elv ned bakkane her på vestsida av Siklabergvatnet under sørhellinga mot Skålefjellet. Elva er grei som vegvisar når vardane er for langt frå ein annan eller er vanskelege å sjå. 

Vidare opp- og utover var merkinga ganske bra. Den gjekk an å følgje. Vinden er òg eit godt (midlertidig) teikn på at ein er nokolunde i rett retning. Utan å sjå meir enn 5-10 meter framfor meg, kom eg meg likevel greitt ut til Mannsskaret. Her held den merka løypa fram ned skaret til Gjerdedalen og Stongfjorden. Eg var 5 sekund inne på tanken om å gå rett ned igjen dalen til bygda, men fekk skifta nokre klede og ei hue, tok meg ei kjeks og litt drikke, og bestemte meg for å ghalde fram utover til Fanafjellet. 

Vestover er det ikkje merka. Men eg har sikkert gått her hundrevis av gonger. Og etter steinane, søkka og høgdedraga eg hadde i hovudet, gjekk det forholdsvis greitt ut på Fanafjellet. Det tok litt lenger tid, slik at eg var sikkert på at eg ikkje vasa meg vekk. 

Vel ute på Fanafjellet vart det eit ryse vèr igjen... det bles, regna og skodda var grauttjukk. Eg såg ingenting! Som kjent har eg heldigvis varda godt her oppe, og Ansgar Bjarne spesielt godt lenger nede, så det var ingen problem, utanom eitt område, som eg må sjå litt nærare på. Eit par myrar og småsitler gjorde til at eg greidde å korrigere retningen nede i bakkane mot bjørkebeltet... Det må opp eit par, tre vardar til for dårleg vèr... diverre ligg det ikkje stein akkurat her.

 Kjekt å komme seg ut av skoddeheimen og sjå heim igjen...

Nedom skoggrensa letta skodda heilt opp. Eg kunne til og med sjå heim. Så resten av stykket til fjorden sprang eg - som vanleg. Forsåvidt ganske fint å komme seg ned igjen frå blindelandet... På Stafsnes henta Olaug meg, og så var det til Osland etter bilen. Jo, jo pinsedagsturen var over. Det fekk halde i dag...

Ingen kommentarer: