søndag 2. mai 2010

Nydeleg fjelldag

Utsikt innover Førdefjorden mot Naustdal frå Blegja i dag

Dagen starta perfekt. Eg var raskt på føtene kl 06 og sjekka vèret. Så havregrynsgraut med kanel og banan med litt melk. Kaffi. Fast morgonrutine er greitt for folk i min alder....:-) Sekken var pakka i går kveld. Det var berre å putte oppi 4 skiver. Ute var glasa på bilen frosne. Og ikkje ei sky var det på himmelen. Blegja next....

Eg var på plass i Rørvika i 7.30 tida. Dvs. eg var bortom i Løvika og tok nokre bilder av Blegja i morgonsola. Drivande kvit, jomfrueleg. Rørviknipa låg som ein uslipen diamant der oppe. Fantastisk vakker! Det var berre å gå i gang med klatringa opp i eventyret....

Eg hadde teke på meg janus ull under softshell buksa i dag. Og det vart fort varmt oppover. Heilt vindstille som det var. Forholda ved fjorden er sjølvsagt totalt forskjellig for det du møter lenger oppe. Så den ekstra sveitten frå stillongsen er berre noko ein må ta med seg. Ein kan ikkje ta av og på slikt.... Elles gjekk eg i vanlege fjellsko, den ultralette Rab jakka og kombi netting/fleece under.

Flott utsikt over Førdefjorden og Rørvika frå lia oppover

Det er veldig flott utsikt over Rørvika, mot Vevring og Førdefjorden frå bakkane oppover. Fjorden låg nesten blikkstill og glinsande i fantastisk blått. Bøane grøne. Og sola i aust spegla hus og gardar. Vårprakt. Idyllisk er rette ordet. 

Eg kom meg flott opp på austsida av Nipebua. Litt lenger oppe forsvann sola bak Nipa, og ein nordaust trekk gjorde det så pass kaldt at hua og hanskane måtte fram. I tillegg låg det snø her i frå og vidare oppover. Hard skare. Perfekt å ta seg fram på på sko. Men broddane måtte fram. Og eg tok dei på med det same eg kledde meg om. 

Oppe mot Rørviknipa gjekk vår mot vinter i dag

Eg heldt så fram opp under Rørviknipa, tok den vanlege traversen sørom fjellet. Her oppe er det nydeleg utsikt vestover mot Blåegga, Eitrenipa, Leknesvatna, havet og øyane mot Florø. Synste Stauren (Litlenipa) møter deg rett i sør. Spegla i kvitt og morgonsol. Likevel kaldt. Og skare.

Fin utsikt vestover under Rørviknipa

Ved Nipevatnet tek ruta mot toppen beint og bratt oppover mot aust. Stadvis låg her noko fòksnø, men for det meste var det knallande hard skare. Men broddane sat godt på oppover. Og etter eit kvarters klatring, var eg komen opp i det bratte skaret mot toppen. Eg vart ganske overraska over all laussnøen som låg her. No problem tenkte eg, og traverserte på skrå oppover. Og kom meg rimeleg greitt opp i "salen" mellom Rørviknipa og topplatået på Blegja.

Det låg litt laussnø opp mot "salen" mellom Nipa og toppen i dag.
Synste Stauren t.v og Blåegga. Bak ligg Heileberget, Kringla og Eitrenipa

Men brått var all laussnø vekke. Oppe i salen er det veldig eksponert for vind. Og nordavinden hadde effektivt blåst all snøen ned på sørsida av fjellet og polert resten til beinhard skare! Og den siste bratte biten opp mot den skumle skavlen på nord- og vestsida, var nesten berre gråe isen. Svarte svingande. Midt oppe i hellinga skrapa berre broddane det harde underlaget. Men heldigvis hadde eg teke med stegjerna. Det var det siste eg tenkte på før eg sovna i går kveld. Så eg måtte av med broddane og på med stegjerna. Med desse under føtene gjekk det greitt å komme seg over skavlkanten, og eg var på platået. Herlig!

På toppen i dag

No er det alltid verre å komme seg ned eller opp. Det har eg erfart mange gonger. Skårfast er vel eit kjent uttrykk...:-) Eg gjekk bort igjen kanten på skavlen på nordvest-sida til dit eg var komen opp. Og la det vere sagt med ein gong - utan stegjern hadde eg aldri tort å bikke kanten. Eg snudde meg med ræva ut og planta stegjerna inn i skaren, heldt stavane heilt nede ved festet og planta broddane av desse ned i underlaget òg. Steg for steg, bakover og nedover. Det gjekk heilt greitt. Eg sat pinnande fast med fronttaggane for kvart steg.   

Her eg eg komen ned igjen i snølaget frå skaren og isen under skavlen ved toppen

Eg gjekk så vidare ned skaret og heldt fram mot sørvest og opp igjen på Synste Stauren (Litlenipa). Eg hadde ei god kjensle etter å ha fått den flotte toppen under beltet. Det var praktfullt her nede òg. Nydelege kvite kurvar, blendande sol. 

Synste Stauren (Litlenipa)

Frå Litlenipa er det veldig flott utsikt mot Dalsfjorden og Dale. (Frå sjølve toppen på Blegja ser vi faktisk ikkje Dale, men må fram mot sørsida av fjellet). 

Nydeleg utsikt mot Dalsfjorden og Dale frå Synste Stauren.
Heileberget og Kringla t.h.

Det var litt tricky å kome seg ned vestsida av Stauren. Tidleg på dag endå, og sola hadde ikkje fått tak i snøen. Skare og isete her òg.  Stegjerna hadde eg teke av, så no gjekk eg i broddane. Ved hjelp av nokre steinar som stakk opp kom eg meg likevel ned utan å sigle. Sigle gjorde eg derimot litt lenger nede og vest, då eg sette meg på ræva i ein bratt bakke og sigle heile vegen ned. Det gjekk faktisk varmgang der bak av skaren. Men buksa heldt... Morsomt,  eg måtte le høgt.... 

Det gjekk varmgang der bak av denne frivillige sigleturen ca 100 meter:-)

Så bar det vidare vestover heile Blåegga mot Eitrenipa. Dette er eit drygt stykke. Eg såg det var begynt å skye til. Og ikkje lenge etterpå forsvann sola. Det gjekk snøbyger ute i havet og i nord. Men det var berre spreidde byger. Så dette var ikkje noko å bry seg med.

På veg vestover Blåegga med Eitrenipa t.v, Leknesvatna i midten. 
Det nedtappa Bjørnastigvatnet, Florø i øvre kant mot høgre 

Det var fint å komme seg ut på Eitrenipa, for no var kroppen begynt å gå tom. Eg trengde næring. Så eg tok meg ein pause her ute og fekk i meg mine 4 skiver og meir drikke. Sola dukka fram igjen no og då, og det vart retteleg fint i lyngen. Eg fekk dessutan kontakt med Olaug, og snill som ho er, ville ho kome å hente meg i Skjerlia. Toppers. Så fekk eg henta bilen i Rørvika òg.

Ein liten pause i den varme lyngen på Eitrenipa i dag

Eg gjekk ned igjen den vanleg skåra på nordsida av Eitrenipa og ned til Leknesvatna. Det vart meir vårleg etterkvart. Og isen på vatna var det lite igjen av. Eg tok nokre bilder her nede òg, men det gode lyset var vekke. Det var i grunn berre å komme seg ned igjen til Markavatnet til fruen.

 Det gråna til i vèret ved Leknesvatna. 
Tilbakeblikk mot f.v. Rørviknipa, Blegja, Synste Stauren og Eitrenipa

Ein kjempeflott tur var over. Praktfull. Eg var nok litt gåen. 7 timar opp og ned med berre ein liten pause.... Like greitt å sløyfe Fossedalshengenipa som eg hadde tenkt på i same rennet. Det er skummelt å gape for høgt òg...



Ingen kommentarer: