mandag 5. april 2010

Litt sånn på sparket...

Så stakk sola gjennom skylaget. 
Har vore lite av det denne påska...

Det var ikkje Peter sin fjelldag i dag. For etter at han, Olaug og eg la i veg opp bratta frå Stafsnes mot Fanafjellet, var det visst vondt både her og der etter 10 minutt. Ein slik start på turar er det berre ein ting å gjere med - snu...! 

Første opplegget til Olaug var likevel å gå med Sissel og Alice på Toreheia. Så då var det no greitt - ho tok Peter med seg heim, og vart med dei på Toreheia, medan eg heldt fram oppover åleine. Og det var heilt fint for meg. Eg er no ein einstøing...:-) For er det ein ting eg mislikar, så er det å kjefte på ungar som ikkje vil gå... Irritabilitet høyrer ikkje heime på fjellet! Men slik er det berre - enkelte gonger fyk ungane opp bakkane, medan andre gonger er det som å skulle skubbe på eit esel som ikkje vil gå! Det siste går som regel dårleg...:-)

Vel då sleppte eg fri, og fekk los opp bakkane. Og det gjekk veldig fint på skorna då eg nådde opp i snøen òg. For den heldt ganske godt! Då såg eg ein person som gjekk føre meg. Det er ikkje så mange å velgje i som går åleine her oppe... Og då eg såg vedkommande halde ei meir vestleg rute, var det ikkje tvil om at det var Ansgar Bjarne som skulle på Moldura. Han var på veg opp kanten der då eg nådde opp på Fanafjellet... Eg trur han såg eg vinka...:-)

Vèret vart praktfullt. Sola skein og vinden var heller ikkje noko problem. Det var altfor gale å skulle gå ned igjen slik på direkten. Så eg sa til meg sjølv at eg går iallefall inn i Mannskaret og ser korleis forholda er. Eg labba i veg innover og snøen heldt ganske bra. Eg kom meg rimeleg fort inn dit ved å halde sørkanten av fjellet over Fagredalen.  Holmedal og Dalsfjorden spegla seg i vårsola i sør...

Eg stod på toppen av skaret og vog på kva veg eg skulle ta. Skal - skal ikkje... Eg skulle sjølvsagt hatt skia, men opplegget var ikkje slik frå starten i dag... Men eg var faktisk lite lysten på å gå ned igjen i skuggelandet og til Gjerdedalen. Så det vart til at eg heldt fram innover den vanlege løypa. Retta på litt raude T-ar og vardar, men seig gjennom snøen... Og det var ikkje berre eit lite parti heller - eg seig gjennom heile vegen innover - forbi Siklabergvatna og opp på heia igjen.... Det vart litt betre over Langevatnet og opp på Smørskornova, men steik det kosta. Eg hadde heldigvis med meg noko XL-1 og litt raske karbohydratar som eg heiv inn på. Det hjelpte. Men eg måtte jammen puste på litt der inne ved varden...

Turen ned igjen gjekk gjennom Svelia og Svedalen til Osland. Nordsida av Smørskornova gjekk greitt. Her låg det ein del nysnø som var fin å luffe ned fjellet på. Skaret gjekk òg greitt. Ned mot botnen sigla eg på rumpa... Moro! Og det same gjorde eg i skaret frå Svelivatnet til Botnastølen. GoreTexen gjekk som eit olja lyn...:-) Og heldigvis fekk eg sendt ei melding heim, der Olaug nett var komen igjen, slik at ho kunne hente meg! Super avslutning på påska....

No har eg vore på fjellet kvar dag denne påska, så i morgon trur eg at det blir sofaen etter jobb...:-)


Fra Fanafjellet_Smørskornova 050410

Ingen kommentarer: