søndag 11. april 2010

Knalltur på Blegja

Utsikt inn Førdefjorden mot Naustdal frå Blegja i dag

Ja, då var det tid for årets første Blegja-tur. Den gjekk til fots frå Rørvika. Og Agnar og Vigdis vart òg med.

Vi starta der inne i 9-tida. Det var overskya og vindstille. Og kom oss greitt oppover til første snøen nedom Nipebua. Den var rimeleg hard og fin å trakke i. Vi såg her oppe at det hadde vore folk og sigla på ski, truleg i går i finevèret. 

Eit stykke lenger oppe var det tydeleg at nedbøren som var komen tidlegare i veka var gått over til snø her. Og resten av vegen opp gjekk vi gjennom øvste laget med snø, omlag til litt opp på leggen. Agnar hadde vore lur og teke med seg trugane, så han seig ikkje slik ned i som Vigdis og eg. Når det er sagt, gjekk turen opp dei snødekte urane ganske lett. Vi er i bra form. Og fekk verken bruk for stegjern eller isøks i det brattaste partiet mot toppen. 

Den sedvanleg stygge skavlen på nord- og nordvestsida rett før platået, var berre ein skugge av seg sjølv i år. Vi gjekk lett opp og over denne. Og toppa ut utan noko problem overhode, endå med masse krefter intakt. Det var som eg tenkte frå bilda teke frå Kvammen fredagskvelden, der varden viste seg synbar, at det var lite snø oppe. Det stemte heilt, for framme ved varden trur eg neppe det låg meir enn meteren...sikkert endå mindre. Og mesteparten av dette har nok truleg kome no i mars. 

Tid for klesbyte, fotografering og mat. Og dalingane som vi visste skulle kome frå Hjelmeland, med start ein time før oss, såg vi ingen ting til. Så etter ein god pause, tok Agnar og Vigdis på seg stegjern og eg broddane, og gav oss vestover platået att og ned urane. 

Eg hadde vore inne på tanken opp om å segle på rumpa ned igjen. Her låg så mykje fin snø. Det var ingen fare med steinar som stakk opp, slik det var når eg glei her oppe i haust og segla heile vegen ned på isen.... For no var øverste laget med snø djup og mjuk. Så rett nedom skavlen tok eg første prøveturen ned retning Rørviknipa. Det gjekk så det fossa - fantastisk moro. Og heile den lange, bratte skråningen nedom, segla eg på rumpa, nesten heilt ned i enden på dalen (sjekk bilde). Barnefryd...! I siste bakken ned mot Nipevatnet vart Vigdis òg med på leiken... Ho sprudla som ei lerke, og tykte visst det var kjekt ho òg. Det var då uttrykket "Rævoned" vart lansert av underteikna. Eit ord eg no hermed har teke patent på...:-) 

Vi traff to personar på veg opp, på returen vår i dag, Harald Å frå Kvammen og Onar frå Stongfjorden. Vi slo sjølvsagt av ein liten prat med kvar av desse. Førstnemnde traff vi mot toppen, og Onar nede i traversen på Rørviknipa. Dei gjekk på ski. Det var jo fantastiske forhold å renne i her i dag. Så dei hadde nok ein flott tur dei òg. 

Vi tok oss ein siste rast ovanfor Nipebua, der det er flott utsikt mot Førdefjorden, Vevring og mot Florøkanten. Godt å sitte i lyngen og få ut snø frå gamasjane og lette litt på kleda. Agnar og Vigdis som er nokre sjokoladesluk heiv innpå, medan ei Bisquit-kjeks og litt XL-1 fekk halde for min del... 

Så var det tid for å ta til på dei siste bratte bakkane ned til fjorden. Og jammen vart det varmt. Faktisk 11,5 grad då vi køyrde heim igjen. Fantastisk flott og kjekk tur. Ikkje minst med koseleg turfølgje. Takk for turen folkens...!

Fra Blegja 110410



Ingen kommentarer: