torsdag 29. april 2010

Vått vått vått

Frå Siktanuten 24/4. 
Smelværet t.v og Staveneset t.h

Eg var opp igjen på Siktanuten etter arbeid i dag òg. Det var ei vanvittig bløyte! Elvane var enorme. Stien var elv. Og myrane innsjøar. I tillegg regna det vassrett og skodda låg tjukk som graut nesten heilt ned i fjorden. Men dette brydde meg egentleg lite. Det er berre å komme i gang så går resten av seg sjølv same kor mykje det regnar. Største bøygen er egentleg å komme seg over elvane når dei veks opp slik. No er vel ikkje akkurat Siktanuten verste plassen i så måte, men likevel... 

Elles vart det som i går - bra fart opp og jogg ned igjen i bløyta... Ganske tungt det i myr og sugande væte...!  Utrulig nok var føtene einaste plassen eg var tørr då eg kom ned igjen.... Og heim igjen måtte eg køyre i undiken...:-)

onsdag 28. april 2010

Gjørmebad

Mot Askdalen 24/4

Det vart eit skikkeleg gjørmebad på Siktanuten i ettermiddag. Det fløymde vatn og elvar overalt. Og stien var meir myr, gjørme og elv enn fast underlag... Eg heldt igjen litt oppover, men gav blanke og sprang gjennom gjørmehavet ned igjen. Og såg ut deretter. Greitt å ha Prestelva og få vaska av seg det meste, før kleda hamnar i bilen...! Men det er no litt moro med gjørmebad òg, sjølv om temperaturen godt kunne vore tjue grader høgre...:-)

Raskt på Siktanuten

 Utsikt mot Alden frå Siktanuten i går kveld

Eg måtte stå på opp på Siktanuten i går ettermiddag for å nå Peter då han var ferdig på trening. Det er med naud og neppe det går. Så eg langa ut oppover, tok igjen Vigdis, Arny og Leif G oppe i der og peisa på vidare. Eg hadde gløymt stavane i dag, så jammen svei det i låra opp den siste bratte bakken. På toppen kjende eg blodsmaken i kjeften og var begynt å bli kvalm... Eg tok han visst heilt ut. Til mitt forsvar var det første gongen i år...:-) Og eg kom meg no igjen med ein gong...! Vel, vel godt med ei gjennomkøyring, men ein kan jo bruke hovudet òg...:-)

Eg tok nokre bilder, skreiv meg inn i boka, og der kom jammen Vigdis stimande òg... Ho hadde nok stått på ho òg då, etter at eg "sprang" forbi. Jadå, var ikkje berre eg som var sveitt. Vel, eg hadde nokre minuttar på meg såg eg, så vi gjekk raskt ned igjen i lag... I eit tempo det gjekk an å prate i...:-)



søndag 25. april 2010

To fjell og god trening...

Opplett, men vått i lendet på Siktanuten i ettermiddag...
Eg traff på ei blid Vigdis...

Det var lett regn og eit par, tre plussgrader i lufta då eg gjekk opp på Fanafjellet frå Stafsnes i dag tidleg.  Hustrig med andre ord. Eg valde likevel softshell buksa utan noko under, og kun ei tynn ulltrøye under den veldig lette Rab-jakka. Di mindre og lettare utstyrt, di fortare går det å komme seg opp og ned. For det var ikkje vèr til noko anna. Eg vurderte skiutstyr og gå innover fjella, men slo det frå meg.... Det skulle vise seg å vere eit rett val - som i går....

Eg valde som sagt fart i dag. Utan noko meir med meg enn det eg stod og gjekk i. Eg var ikkje komen så langt opp gjennom bakkane før regnet slo over i snø. I tillegg fekk eg vinden rett i mot. Ovanfor bjørkebeltet fungerte dette effektivt som nåler i fjeset. Så vart det meir snø, og djupare snø å trakke i. I dei bratte motabakkane krevde det sin mann. Men det som endå verre var, var at sikta forsvann nesten heilt. Som i påska då eg gjekk meg vill. Men no kom verkeleg vardane, eg sette opp for nokre turar sidan, til sin rett. Eit par av siktvardane var veldig gode i dag tidleg! Og oppe mot toppen er eg usikker på om eg hadde funne fram utan vardane "mine"...! Dette viser berre nok ein gong kor utruleg viktige vardar er i dårleg vèr.... 

Eg knipsa eit par bilder ut i alt det kvite på toppen, og frosen sprang eg alle bakkane ned igjen til bilen på Stafsnes...

Eg var i grunn ikkje heilt nøgd med fjelldagen. Så då det ei stund seinare letta opp, køyrde eg like godt til Askvoll, kjøpte Bergens Tidende, og gjekk på Siktanuten. Eg hadde akkurat parkert bilen, og begynt å gå, då eg høyrde nokon rope bak meg. Det var Vigdis som var ute i same ærend som eg. Så vi slo sjølvsagt følgje på turen både opp og ned.

Det er ganske vått, sleipt og myrlendt opp på nuten no. Ikkje akkurat forhold for joggesko endå. Elles gjekk vi ganske bra på. Trass i ordflaumen frå det kvinnelege innslaget i duoen... Noko vind på toppen, men elles ein flott og grei tur... Siktanuten er ein grei trimtur...

Fra Fanafjellet_Siktanuten 250410

lørdag 24. april 2010

Bra val

Om å sjå verda med nye briller... Frå Fossedalshengenipa i dag tidleg...

Lørdagen vart ikkje heilt som planlagt. Eg hadde store planar om å gå på Blegja, ut Blåegga og til Eitrenipa. Men det skar seg. Det kom jo ned mengder med snø i går, og i tillegg var det overskya og skodde i fjella og kaldt i dag tidleg. Vèrmeldingane var jo veldig fine. Og det ville nok lette. Men eg fann ut at eg droppa denne ganske lange turen til det vart betre forhold.

Eg pakka difor sekken for å gå på Fossedalshengenipa, til Nipebu og vestover fjella til Stongfjorden. Men allereie på veg opp i Skjerlia fekk eg litt bange anelsar. Med sommardekk på bilen, kom eg meg ikkje opp siste brekka, og måtte parkere ovanfor skytebana og pent spasere opp brekka. Det var såpeglatt og snø i vegen. Jaha, dette kunne jo bli ei utfordring vidare.... 

Allereie oppe ved myra tok eg på meg skia. Det var vått, og blaut snø. Og vidare oppover vart snøen berre djupare og djupare. Ganske slitsomt faktisk. Det skulle jo ikkje vere snø her no... Og sjølv om skyene og skodda letta etterkvart, vart eg meir og meir i stuss om å gå vidare utover fjella. Det ville bli ei styrkeprøve av dimmensjonar..... 

Sjølve oppstigninga av ryggen på Fossedalshengenipa gjekk egentleg forbausande greitt. Om snøen hadde lagt seg meir, eller det hadde snøa mindre, veit eg ikkje. Men eg sakk iallefall ikkje gjennom på same måten som lenger nede. Godt mogeleg at det var fordi det låg snø her frå før? 


Det vart utrulig fint når sola dukka fram. Drivande kvit og ny snø. Blikk stille. Perfekt påskestemning. Det var berre det at påska var slutt for lenge sidan... Men når sola forsvann inn i mellom, vart det iskaldt. 

Eg sat nokre minuttar oppe ved varden og skoda vestover. Isen på Langevatnet såg heilt intakt ut. Heilt kvit yte. Ganske tunge skyer og skoddeslør dreiv over fjella der vest. Lenge sidan eg hadde sett landskapet så kvitt. Mest sannsynleg låg det djup snø heile vegen utover. Og eg var allereie gjennomsveitt, og hadde skifta eine ulltrøya. Litt våt i skiskoa og følte meg i stuss. Nei, eg bestemte meg der og då for å renne rett ned igjen til Markavatnet og heim.... 5 timar vestover fjella vart berre ikkje i dag... Det var ikkje dagen...! Lysta var ikkje på plass...


Er du heime igjen, vart eg møtt med då eg kom heim... Jaha, klokka var ikkje 11 endå. Tidleg føremiddag. Så her låg jo heile dagen framleis for føtene... Eg fekk i meg noko mat, kaffi og slappa av ei stund. 

Det tjukna til ute. Ei solid byge kom etterkvart inn fjorden. Og eg vart meir og meir overbevist om at alle fjellvala denne dagen var rette. Etter ei stund lysna det opp igjen, så då sa eg til Olaug at "here I come Siktanuten".... Turen gjekk på direkten til Askvoll. Og med vanlege fjellsko gav eg meg i veg oppover dalen. Nydeleg vårstemning langs elva. Sola skein på grøne fargar. Ei motorsag lydde, og raudstrupa trilla sine vakre tonar. Her var det iallefall vår... 


Vidare oppover vart det vått av snøen som tina. Ja ikkje berre vått, det var sleipt òg. Så traff eg på Vigdis som var på heimveg. Vi vart pratande eit par minuttar. 

Eg følte meg i forbausande god form. Skikkeleg opplagd i berre ei tynn Devoldtrøye. Berre å ause på.... Piece of cake til topps. Nokre fototips ved varden, og til palings ned bakkane med livet som innsats... For det var sleipt ja. Og eg datt så det sang eit par gonger, men ikkje verre enn at eg måtte le av heile greia.... Det er faktisk  moro å springe slik heilt på grensa av kva du har kontroll på... Stram line eller noko slikt...:-) 


Eg såg vel ut som om nokon hadde drege meg gjennom ein gjødselkjellar då eg kom ned igjen til bilen. Heldigvis møtte eg ingen. Og eg fekk av meg det verste der nede før eg køyrde heim igjen. Det var nok fjell i dag...

onsdag 21. april 2010

Flotte Fossedalshengenipa

Strålande på Fossedalshengenipa i ettermiddag...

Sidan meldingane var så bra i dag tok eg med meg litt fjellklede i bilen på jobb til Førde, og gjekk på Fossedalshengenipa før eg reiste heim frå arbeid. Praktfulle forhold. Men jammen var det kome ein del snø oppe på ryggen mot toppen. Så her låg det ein god del meir no enn sist eg var opp for 8 dagar sidan. No bar snøen ganske bra, iallefall det som låg underst, så det gjekk egentleg ganske lett opp likevel. Det er lite som minner om vår over ein 5-600 meter endå. Glimrande tur!


Fra Fossedalshengenipa 210410

tirsdag 20. april 2010

God trening...

Bilete frå Grunnevatnet ved Skjerlia 13/4

Eg var oppom Siktanuten i Askvoll i går kveld. Toppen ligg på omlag 500 moh med lett tilgjenge frå sentrum og gjennom Askdalen. Som tidlegare nemnt er dette ein enkel og rask tur på ganske god sti.  Ruta går gjennom kupert og stadvis myrlendt parti. Og det er ganske blautt der oppe no. Stien kan lett bli litt sleip av væte, då spesielt første delen er trakka veldig ned. Siste delen opp mot toppen er ein ganske lang og heftig motabakke som gjer godt for blodsirkulasjonen. Bakken er dessutan veldig moro å springe ned, då den består mest av mark og jord.  Men heile turen ned igjen er egentleg fin å springe. I går var dette likevel rimeleg tungt. Å springe i væte, myr og motavind med fjellsko, får pulsen i sving. Eg sprang forresten bokstaveleg tala opp i fanget på Svein F nesten nede i bygda igjen...:-)  Han gjekk ilag med Vigdis. Det var visst visse forfall i mandagsgjengen...

Siktanuten er med på fjelltrimmen i år. Truleg tek eg turen dit i kveld òg. Er litt i stuss om eg kjem til å blogge alle turane hit då dei blir veldig like. Det same gjeld med bilda. Tek nok ikkje med kameraet utan det det godvèr. Vi får ta det litt etter kvart. Men planen er å ta Siktanuten i kombinasjon med eitt av dei andre fjella framover... Det skal bli kjekt å gå over til joggesko og minimalt med klede...:-)  Får heller passa på at eg har litt tekstilar intakt då det er lett å springe på meir folk her.....:-)) 

Del 2 tirsdag 20/4


Utsikt mot Alden frå Siktanuten i kveld

Jepp, då vart det ein flott treningstur på Siktanuten i kveld òg. Nydeleg kveld, stilt og fint, men heller kjølig. Det var tørka opp litt i lendet frå i går. Elles var det same procedure som nemnt ovanfor. Herlig...:-)


Fra Siktanuten 200410

søndag 18. april 2010

Mykje på programmet


Utsikt mot Heggøyna og Smelværet frå Siktanuten i ettermiddag

Fredagsettermiddagen var det feiring av toårsdagen til tvillingane til Kristine og Rudi i Førde saman med alle barnebarna mine. Deretter svinga Olaug, Peter og eg nasen sørover til Bergen. Og vi fekk oss ei fin helg der inne. 

Starten var no so som so med kaotiske tilstandar på vegen til Åsane grunna snøføret. Det vart noko venting på somme som stod fast. I tillegg var det ekstra stor trafikk grunna flystoggen. Utrulig med bussar merka Trondheim på som gjekk nordover. Det gjekk difor si tid før vi nådde fram.

Hovudføremålet med turen var å besøke Kirsten og Arnt i Åsane, og gå i teateret og sjå Mascerade av Ludvig Holberg. Det var sett opp ekstraframsyning denne dagen med smekkfullt hus. Framifrå spelarkunstar, spesielt av Helge Jordal og Bjarte Hjelmeland. Eg lo nesten i 2,5 time. Det var direkte vondt av og til:-) Veldig bra!

 Taket på Bergen Teater teke med mobil

Dagen i dag starta med snøbyger i Åsane. Heldigvis letta det ganske fort opp igjen, og køyreforholda heim på føremiddagen var heilt flotte. Vi kom difor ganske tidleg til Førde, der eg plukka opp min eigen bil igjen. 

Vèret var bra då vi kom til Stongfjorden igjen òg. Så eg fekk meg ein fin og rask tur på Siktanuten nede i Askvoll etter at vi kom heim. Det gjorde godt etter fleire dagar med stillesitting, kaker og mat. Eg lurte faktisk på om eg skulle gå på Fanafjellet etterpå, men det kom ei grådig snøbyge som fekk meg på andre tankar. Eg fann heller ut at eg fekk pakke ut, og sjå kva eg hadde handla av sportsutstyr under runda på Åsane Senter i går...:-)

Ei flott og sosial helg var med det omme. Og som eg sa til Olaug i går - det er lenge sidan eg har sett så mykje folk ein lørdag...:-)

Fra Siktanuten 180410



fredag 16. april 2010

Ei anna scene, ei anna framsyning

Dette bildet frå ura på Blegja er ganske nøyaktig eitt år gamalt (18/4).
Snøforholda er omlag dei same om vèret ikkje er det.
Vi ser Synste Stauren/Litlenipa t.v. og Eitrenipa litt.t.h. Rørviknipa opp t.h.

Det høver godt å nytte nokre teaterbillettar vi fekk til jul denne helga, så turen går til Bergen i kveld. Det blir difor truleg lite fjell denne helga. Kanskje søndagskvelden om det høver seg slik. Meldingane er som kjent både vinterlege og dårlege... 

God helg til lesarar av bloggen... Stay tuned!

onsdag 14. april 2010

God trimtur

 Toppen av Alden stikk såvidt opp over skodda.
Foto frå Siktanuten i kveld.

Det er alltid kjekt med litt forandring i kosten. Så etter arbeid i dag køyrde eg ned til Askvoll og gjekk på Siktanuten. Dette er nok den kortaste turen på årets fjelltrim. Men som med dei andre toppane nede i sjølve Askvoll, er denne også veldig fin til å halde god fart opp og springe ned igjen. Den første ganske bratte bakken ned er moro å springe...over stokk og stein... Og det var kjempekjekt etter gamalt. Spesielt å få hive av seg stillongsen og elles lette litt på utstyret. Skal bli herlig å få prøve joggeskoa med det første her nede! Moro...og god trim! 


Fra Siktanuten 140410

tirsdag 13. april 2010

Vårkveld i fjellet

Fossedalshengenipa i ettermiddag

Eg tok like godt med meg fjellkleda i bilen på jobb i dag, og gjekk på Fossedalshengenipa på direkten på veg heim. Dette sparar eg sikkert ein times tid på. Meldingane var jo suverene. Og det vart vèret òg. Fantastisk fint på toppen i ettermiddagssola og nesten vindstille. Det var elles ein flott tur opp på alle måtar, sjølv om det låg ein del snø opp ryggen som var ganske blaut. Snøen hadde minka ganske mykje sidan eg var opp sist 3/4. 

Eg småluffa ned igjen til Grunnevatnet der eg måtte ta nokre bilder i kveldssola. Dette er ein plass eg har sett meir og meir pris på. Det er så stilt og så flott spegling av landskapet i vatnet. 

Nydeleg vårkveld!


Fra Fossedalshengenipa 130410

søndag 11. april 2010

Knalltur på Blegja

Utsikt inn Førdefjorden mot Naustdal frå Blegja i dag

Ja, då var det tid for årets første Blegja-tur. Den gjekk til fots frå Rørvika. Og Agnar og Vigdis vart òg med.

Vi starta der inne i 9-tida. Det var overskya og vindstille. Og kom oss greitt oppover til første snøen nedom Nipebua. Den var rimeleg hard og fin å trakke i. Vi såg her oppe at det hadde vore folk og sigla på ski, truleg i går i finevèret. 

Eit stykke lenger oppe var det tydeleg at nedbøren som var komen tidlegare i veka var gått over til snø her. Og resten av vegen opp gjekk vi gjennom øvste laget med snø, omlag til litt opp på leggen. Agnar hadde vore lur og teke med seg trugane, så han seig ikkje slik ned i som Vigdis og eg. Når det er sagt, gjekk turen opp dei snødekte urane ganske lett. Vi er i bra form. Og fekk verken bruk for stegjern eller isøks i det brattaste partiet mot toppen. 

Den sedvanleg stygge skavlen på nord- og nordvestsida rett før platået, var berre ein skugge av seg sjølv i år. Vi gjekk lett opp og over denne. Og toppa ut utan noko problem overhode, endå med masse krefter intakt. Det var som eg tenkte frå bilda teke frå Kvammen fredagskvelden, der varden viste seg synbar, at det var lite snø oppe. Det stemte heilt, for framme ved varden trur eg neppe det låg meir enn meteren...sikkert endå mindre. Og mesteparten av dette har nok truleg kome no i mars. 

Tid for klesbyte, fotografering og mat. Og dalingane som vi visste skulle kome frå Hjelmeland, med start ein time før oss, såg vi ingen ting til. Så etter ein god pause, tok Agnar og Vigdis på seg stegjern og eg broddane, og gav oss vestover platået att og ned urane. 

Eg hadde vore inne på tanken opp om å segle på rumpa ned igjen. Her låg så mykje fin snø. Det var ingen fare med steinar som stakk opp, slik det var når eg glei her oppe i haust og segla heile vegen ned på isen.... For no var øverste laget med snø djup og mjuk. Så rett nedom skavlen tok eg første prøveturen ned retning Rørviknipa. Det gjekk så det fossa - fantastisk moro. Og heile den lange, bratte skråningen nedom, segla eg på rumpa, nesten heilt ned i enden på dalen (sjekk bilde). Barnefryd...! I siste bakken ned mot Nipevatnet vart Vigdis òg med på leiken... Ho sprudla som ei lerke, og tykte visst det var kjekt ho òg. Det var då uttrykket "Rævoned" vart lansert av underteikna. Eit ord eg no hermed har teke patent på...:-) 

Vi traff to personar på veg opp, på returen vår i dag, Harald Å frå Kvammen og Onar frå Stongfjorden. Vi slo sjølvsagt av ein liten prat med kvar av desse. Førstnemnde traff vi mot toppen, og Onar nede i traversen på Rørviknipa. Dei gjekk på ski. Det var jo fantastiske forhold å renne i her i dag. Så dei hadde nok ein flott tur dei òg. 

Vi tok oss ein siste rast ovanfor Nipebua, der det er flott utsikt mot Førdefjorden, Vevring og mot Florøkanten. Godt å sitte i lyngen og få ut snø frå gamasjane og lette litt på kleda. Agnar og Vigdis som er nokre sjokoladesluk heiv innpå, medan ei Bisquit-kjeks og litt XL-1 fekk halde for min del... 

Så var det tid for å ta til på dei siste bratte bakkane ned til fjorden. Og jammen vart det varmt. Faktisk 11,5 grad då vi køyrde heim igjen. Fantastisk flott og kjekk tur. Ikkje minst med koseleg turfølgje. Takk for turen folkens...!

Fra Blegja 110410



lørdag 10. april 2010

Fine motabakkar


 
Fanafjellet i ettermiddag

Sidan eg vart åleine med katen min i dag, då fruen var med forbundet på tur til Skjerjehamn, vart lengda på tøylane mine noko avkorta... Vi tok oss ein snopetur til Askvoll, men med eitt ærend, ein ny minnepenn til han. Peter var i sjuande himmel då vi kopierte over eit spel han hadde på pcen og inn på minnepennen. Pennen var visst umåteleg svær å ha med seg til Andreas i Grimelida seinare på dagen. Eg fekk meg forøvrig ein god prat med Kjersti og Hallgeir der ute. Og ein tur i fjøsen for å sjå på nokre flotte lam som var komne til verda... (Peter fekk forøvrig vere med på lembing seinare på dagen...). Sauene vil beite oppe i Fanafjellet/Moldura traktene, så då har eg nokre kjenningar å sjå etter i sommar... og gjerne vere med på å få heim att òg...:-)

Eg fekk etter dette ei lita stund for meg sjølv. Ei tid som eg nytta til ein kjapp tur på, ja nettopp, Fanafjellet frå Stafsnes. Fint å kunne gå opp i godvèr etter alle turane i elendig vèr i det siste. Det er fin og fri utsikt frå Fanafjellet. Og minst 12 hjortar stod i synsranda nesten oppe under toppen (sjekk bilde 1). 

Eg nytta dessutan tida til noko varding oppe ved toppen, der eg gjekk meg vill i påska. Det ligg endå ein god del snø, så denne jobben får eg fullføre når det har smelta noko meir. Heim igjen sprang eg heile vegen. Åhh - det gjorde godt!


Ein liten kikkert-tur

 Utsikt inn Førdefjorden og mot Blegja i går kveld

Eg tok ein liten køyretur inn i Kvammen i går kveld og hadde med kikkerten for å sjå litt opp i Blegja. Det såg i høgste grad innbydande ut. Knipsa òg nokre bilder av forholda slik dei ser ut. Diverre er fruen i huset bortreist til i kveld, så nokon tur opp i dag blir det ikkje. Men held vèret seg får vi sjå i morgon. Kva rute som blir vald kjem an på om han der inne på Hornnes i Førde blir med eller ei...


torsdag 8. april 2010

Reminder

Sidan det vart nokre magre fjelldagar etter påske, så legg eg inn att bilda frå første Blegjaturen i fjor 4/4 som ein appetittvekkar for meg sjølv og andre. 

Meldingane for helga ser flotte ut, så her er det berre å "give it a shot" søndag...


mandag 5. april 2010

Litt sånn på sparket...

Så stakk sola gjennom skylaget. 
Har vore lite av det denne påska...

Det var ikkje Peter sin fjelldag i dag. For etter at han, Olaug og eg la i veg opp bratta frå Stafsnes mot Fanafjellet, var det visst vondt både her og der etter 10 minutt. Ein slik start på turar er det berre ein ting å gjere med - snu...! 

Første opplegget til Olaug var likevel å gå med Sissel og Alice på Toreheia. Så då var det no greitt - ho tok Peter med seg heim, og vart med dei på Toreheia, medan eg heldt fram oppover åleine. Og det var heilt fint for meg. Eg er no ein einstøing...:-) For er det ein ting eg mislikar, så er det å kjefte på ungar som ikkje vil gå... Irritabilitet høyrer ikkje heime på fjellet! Men slik er det berre - enkelte gonger fyk ungane opp bakkane, medan andre gonger er det som å skulle skubbe på eit esel som ikkje vil gå! Det siste går som regel dårleg...:-)

Vel då sleppte eg fri, og fekk los opp bakkane. Og det gjekk veldig fint på skorna då eg nådde opp i snøen òg. For den heldt ganske godt! Då såg eg ein person som gjekk føre meg. Det er ikkje så mange å velgje i som går åleine her oppe... Og då eg såg vedkommande halde ei meir vestleg rute, var det ikkje tvil om at det var Ansgar Bjarne som skulle på Moldura. Han var på veg opp kanten der då eg nådde opp på Fanafjellet... Eg trur han såg eg vinka...:-)

Vèret vart praktfullt. Sola skein og vinden var heller ikkje noko problem. Det var altfor gale å skulle gå ned igjen slik på direkten. Så eg sa til meg sjølv at eg går iallefall inn i Mannskaret og ser korleis forholda er. Eg labba i veg innover og snøen heldt ganske bra. Eg kom meg rimeleg fort inn dit ved å halde sørkanten av fjellet over Fagredalen.  Holmedal og Dalsfjorden spegla seg i vårsola i sør...

Eg stod på toppen av skaret og vog på kva veg eg skulle ta. Skal - skal ikkje... Eg skulle sjølvsagt hatt skia, men opplegget var ikkje slik frå starten i dag... Men eg var faktisk lite lysten på å gå ned igjen i skuggelandet og til Gjerdedalen. Så det vart til at eg heldt fram innover den vanlege løypa. Retta på litt raude T-ar og vardar, men seig gjennom snøen... Og det var ikkje berre eit lite parti heller - eg seig gjennom heile vegen innover - forbi Siklabergvatna og opp på heia igjen.... Det vart litt betre over Langevatnet og opp på Smørskornova, men steik det kosta. Eg hadde heldigvis med meg noko XL-1 og litt raske karbohydratar som eg heiv inn på. Det hjelpte. Men eg måtte jammen puste på litt der inne ved varden...

Turen ned igjen gjekk gjennom Svelia og Svedalen til Osland. Nordsida av Smørskornova gjekk greitt. Her låg det ein del nysnø som var fin å luffe ned fjellet på. Skaret gjekk òg greitt. Ned mot botnen sigla eg på rumpa... Moro! Og det same gjorde eg i skaret frå Svelivatnet til Botnastølen. GoreTexen gjekk som eit olja lyn...:-) Og heldigvis fekk eg sendt ei melding heim, der Olaug nett var komen igjen, slik at ho kunne hente meg! Super avslutning på påska....

No har eg vore på fjellet kvar dag denne påska, så i morgon trur eg at det blir sofaen etter jobb...:-)


Fra Fanafjellet_Smørskornova 050410

søndag 4. april 2010

Variasjon over kjendt tema

Foto ved Fanafjellet i dag
Vi ser mot Florø og øyane

Eg vakna til at huset nærast riste i søraustvinden som kom ut fjorden. Men vèret var brukbart. Overskya, men ikkje regn i sikte. Eg sjekka på nettet òg, og det såg ut til å halde seg opplett utover dagen. Så eg tenkte som så at noko Blegjavèr var det ikkje (det er det som står meg høgst i tankane no). Det vart difor til at eg bestemte meg for å ta ein variasjon over eit kjendt tema. Ta deler av turen frå i går, men starte frå Oslandsbotnen. Det ville ikkje ta heile dagen, berre nokre føremiddagstimar.

Så eg var på plass der oppe i 8.30 tida i sterk sørausttleg vind. Denne vindretningen tek grassat der oppe i botnen. Likeins opp Brekka. Og på toppen, nedom Botnastølen, er det som om vinden kjem ut av ei trakt, og i eit par av kasta heldt eg på å misse balansen. 

Frå skaret til Svelia. Botnastølsvatnet t.v.

Ved Botnastølsvatnet tok eg på meg skia. Og vinden gav seg litt på veg opp skaret til Svelia. Eg kom meg forbi til høgre for skavlen på toppen av skaret. Heldigvis var snøen ikkje glasert, så eg kom meg greitt over kanten. Same procedure i skaret opp i søraustre hjørnet av Svelia. Berre at her er det endå brattare og lenger å sigle hvis ein misser taket med stålkantane. Eg hamra dei inn i snøen for kvart tak... 

 Motiv i Svelia ved elva frå Langevatnet

Opp nordvestsida på Smørskornova måtte eg ha av meg skia (dette er litt meir vestleg enn der eg kom opp på turen frå Nipebu i går). Her er det bratt òg. Endå brattare ennlenger nede. Heldigvis var det ikkje is, og heldigvis seig eg ikkje særleg langt gjennom snølaget  på veg opp. På toppen bles det grådig igjen. Sjølve toppen her ligg på eit platå, så vèr og vind får godt tak. Eg knipsa nokre bilder før eg rennde ned same vegen som i går på sørvestsida. 


Utsikt frå Smørskornova mot Dalsfjorden, Flekkefjorden og Straumsnes i dag

Turen vidare vestover vart flott! Ved Langevatnet og ut til Siklabergvatna er det nydelege skiforhold om dagen. Godt med snø og eit par flotte slake renn. Og opp mot Mannskaret, og ut til Fanafjellet, er det òg godt å gå på ski. Berre ein plass må skia av der snøen er vekkblesen. Men bles det i går, så var det berre førbokstaven mot i dag. Vinden fekk veldig tak opp Fagredalen på Holmedalsida. Og oppe på toppen av fjellet mellom fjordane, er det heilt vilt av og til kor vinden tek...! I dag fekk eg han dels frå sida, så det var ein fordel. Og eg kom meg ganske kjapt ut på Fanafjellet. 


Lite snø på toppen av Mannskaret. Fanafjellet heilt i venstre kant

Det var sjølvsagt ikkje verande der ute på grunn av vinden heller, så eg rennde fort ned igjen mot nordvest til Stongfjordensida og Stafsnes. Det er fantastisk fine snøforhold å renne i eit stykke her òg. Heilt prima og veldig moro... Siste partiet til fjorden derimot er framleis berre til å bli våt på føtene av...! Vi får håpe det tørkar opp litt snart...

Jepp, då var endå ein fin tur i boks. Synest i grunn det er litt rart at eg ikkje treff ei sjel, eller ser andre skispor enn mine eigne, her oppe om dagen. Vèret er no ikkje hakkande gale - inn i mellom iallefall...


Osland t.h. i dag tidleg

lørdag 3. april 2010

Gode snøforhold i fjellet

Ved Siklabergvatna i dag. Moldura t.v.

Sidan eg ikkje har hatt dekning på mobilen min i Stongfjorden på mange dagar pga at Netcom nettet ligg nede, fekk eg fleire meldingar på veg til Skjerlia i dag tidleg. M.a. frå Agnar og Margaret som hadde reist på Nipebu. At dei framleis var der, såg eg då bilen var parkert i Skjerlia. 

Eg var på plass der oppe omlag 07.30. Skia tok eg på oppe ved myra som sist, og toppa greitt ut Fossedalshengenipa kl 8.50. Det var steinkald vind, overskya og sola som var meld såg eg ingenting til. Eg rennde fort ned igjen, og fann att sekken nedom ryggen, og gjekk opp dalen på nordsida. Det var god gli i snøen. Og var vel på Nipebu i 09.30 tida. Fin start på dagen...

Eg vart teken vel imot på Nipebu, for i tillegg til Agnar og Margaret var Ivar frå Måren der. Det var veldig hyggelig! Hytta var god og varm, og kaffien nytrekt på kanna. Ypparleg! Vi fekk oss ei kjekk stund ilag. No skulle Agnar og Margaret ned igjen, sidan dei egentleg var barnepassarar, Ivar var tenkt seg på Driveknolten/Heileberget, og eg skulle vestover fjella mot Stongfjorden. Så vi skilde lag etter ei stund der på hytta.

Eg hadde teke sola for gitt i dag. Der bomma eg. Eller rettare sagt meterologane. For når eg var komen vest om Langevatnet på høgste fjellet, såg eg snøbygene gå i fjella sør om Dalsfjorden. Og det var rimeleg tjukt ja. No kom det ikkje meir enn nokre snøflukser til å begynne med, og turen gjekk veldig greitt vestover, så eg kom meg rimeleg fort ut under Røyrbotnholten før det tjukna til for fullt. Men eg såg at himmelen i sør bakom byga måtte vere lys, for Flekkefjorden spegla seg i sølv under snøbyga. Godt! Då var det berre ei byge...

Det var klart lettare å gå i dag enn sist. Mykje mindre snø å lage løype i. Så flott og greitt, og ikkje altfor gåen, stod eg på toppen av Smørskornova. Glimarnde! Og det letna i sør, og sjølv om det var heilt tjukt i vest der eg skulle ut, plaga det meg lite. Det ville lette...

Eg rennde greitt ned på sørvestsida av fjellet og tok til på turen over Langevatnet, over høgda og vest på Siklabergvatna. Her var heldigvis elva mellom vatna open, så eg fekk blanda meg noko væske og teke meg eit par skiver med brunost. Og medan eg sat der midt i elva på ein stein, skein sola skikkeleg gjennom, og det var reint triveleg. Med klukkande vatn under meg og svære snøfonner rundt meg. Påske gitt...! 

Eg laga meg nytt spor frå vatna og opp over høgda til Mannskaret. Eit lett lag med nysnø låg opp igjen på den faste snøen under. Fine forhold! Men som så ofte før tok vinden godt her oppe på høgda mellom Dalsfjorden og Stongfjorden. Her er det veldig eksponert for vèr og vind. Likevel gjekk det flott opp bakkane mot Fanafjellet. Kroppen hadde fått næring. Utruleg kor lett ein merkar når ein går næringstom, og kor lett det går når ein har fått påfyll...

Det hadde vore folk på Fanafjellet før meg i dag. Såg dei hadde gått på føtene opp. Men det var kjempeflott å renne ned igjen første delen av fjellet mot Stafsnes. God fart og lett å svinge. Herlig! Men frå bjørkebeltet var det takk og farvel til skia. Då var det berre vått i vått, og kliss på føtene nådde eg asfalten på Stafsnes. 

Bygda var framleis utan Netcom-dekning. Så eg spaserte inn til sentrum. Og jammen traff eg Jo-Eivind inne i Stong, som svinta meg heim igjen. Kjempeflott gjort. Å gå på asfalt i kilometervis med våte skisko, etter mange timar på fjellet, er pyton! Så slapp eg heldigvis det... Nydeleg palmelørdag...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Nipebu_Smørskornova_Fanafjellet_Stafsnes 030410

fredag 2. april 2010

Ikkje berre berre


Bilde frå Grimelida i kveld

Eg fekk meg ei fin påminning om at ein ikkje skal ta ting for gitt i fjellet i dag tidleg. Eg gjekk som vanleg opp frå Stafsnes i silande regnvèr, som ganske raskt gjekk over i sludd, snø og vind lenger oppe. Og over bjørkebeltet såg eg omlag ingen ting... Alt vart kvitt! Terrenget oppe ved Fanafjellet er i tillegg veldig likt  med koller og haugar overalt utan noko faste haldepunkt. Og eg måtte tilslutt innrømme for meg sjølv at eg var på vidotta. Eg var brått på veg ned igjen, og då skjønte eg at eg var på veg ned i dalsøkket før oppstigninga til Moldura... Eg var langt til høgre for der eg skulle vere. For det var ikkje akkurat Moldura eg skulle opp på i dag. Eg skjønte jo at eg måtte ta til venstre, men det er ikkje alltid like lett når ein ikkje har haldepunkt for kvar venstre er.... Så eg fann ut at det tryggaste var å følgje spora tilbake eit stykke og så ta til venstre.... Vel eg så gjorde, berre at neste forsøk var bom òg, og eg var på veg ned Fagredalen... Så eg snudde endå ein gong. Og fann meg sjølv rett ovanfor Langevatnet. Snakk om å rote..! Eller å gå rundt grauten....Det var berre å gå opp igjen endå ein gong. Tredje gongen...! Det er nesten så eg ikkje torer å skrive dette. For eg har vore på Fanafjellet 4 gonger før berre denne veka her! Og kor mange gonger til saman må no fuglane vite. Så slik er det når alt blir kvitt og alle haldepunkt vantar... Kanskje som elles i livet når anker slitnar - ein kan fort hamne på vidotta...

Det var egentleg veldig greitt å komme seg ned igjen mot nord. Og finne att noko bjørkeskog... For forholda der oppe i dag tidleg var berre for galningar...:-) 

Frå vinter til vår er ikkje avstanden lang om dagen. Bildeserien frå Grimelida i kveld fortel vel sitt tydelege språk. Nærare forklaringar trengst vel ikkje. Langfredagen i år var ei fin påminning om dette - eller om det som var og det som kjem. Eg synest alltid det er kjekkast å sjå framover...:-)

Fra Fanafjellet_Grimelid 020410

torsdag 1. april 2010

Usikre moment

Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg var i stuss korleis eg skulle legge opp dagen i dag då eg keik ut soveromsglaset. Vèret var ikkje så aller verst. Eg fekk i meg havregrynsgrauten, og etter ein tur ut på trappa var eg endå i stuss. Slik mislikar eg... Eg smurde meg likevel nokre blingsar og pakka sekken som for ein dagstur. 
Men det var ikkje berre vèret som var ein usikkerhetsfaktor. Var ikkje heilt sikker på forma og lysta til å slite åleine ein heil dag oppe hjå Kong Vinter i dag òg.  (Alternativet var nemleg å ta heile runda som hin dagen). Eg drog likevel avgarde til Skjerlia og bestemte meg for Fossedalshengenipa først og fremst. Og så fekk eg sjå. 

Eg venta i bilen nokre minuttar der oppe for å få med meg vèrmeldinga kl 08. Regnbyger først i sør sa fyren. Då vart eg endå meir i stuss, og funderte på om eg skulle ta med meg sekken i heile teke, og heller satse på ein kjapp ein på Hengenipa. Vel, det vart til at eg tok med meg sekken og så fekk eg sjå. 

Det var nok minka ein del på snøen sidan sist. Men eg gjekk stort sett med ski frå myra og til topps. Snøen var hard både oppe på ryggen og nede. Eg sette av meg sekken i "vegskiljet" til Nipebu under ryggen på fjellet. Borte var den fine puddersnøen frå hin dagen. No var alt blitt hardt og isete. Men slik snø er fin å ta seg opp på, så turen opp gjekk temmeleg fort. På toppen var det iskald vind, og sola som av og til stakk gjennom, var dekt med eit ganske tjukt skyslør. Ingen varme å finne der i dag. Eg såg dessutan tunge, blåsvarte skyer både i vest og sør, og der og då bestemte eg meg for å renne ned igjen. Det fekk halde med dette så langt i dag. 

Turen ned er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk fort nedover ryggen på det harde underlaget, men eg måtte bruke vit, så eg ikkje vart liggjande igjen der oppe med ein knekt fot eller noko slikt... Men frå omlag ved Krokavatnet måtte eg bere skia. 

Det vart iallefall ein fin tur, og påska er endå ung. Moralen må vere at det sikkert er lurast å ta ein dag i slengen...:-)
 
Fra Fossedalshengenipa 010410